Raftostiftinga — kastar lys over dei gløymde sakene

Med sin årlege pris til arbeid for undertrykte og forfølgde vil Raftostiftinga rette verdas merksemd mot ukjente og gløymde konfliktar.

— Vi vil vere ein lyskas­tar for gløymde sak­er i ver­da, seier pros­jek­tko­or­di­na­tor Gun­ta Venge i Raftos­tiftin­ga.

Med stor entu­si­asme og eit bren­nande ønske om å gjere sitt for ret­tfer­da i ver­da, tek ho seg av diverse og vari­erte oppgåver i stiftin­ga. Organ­isas­jo­nen sitt arbeid er i Thorolf Rafto sin ande. Då pro­fes­sor ved Noregs Han­delshøgskule og men­neskeretts­fork­jem­par Rafto døy­dde i 1986, vart stiftin­ga oppret­ta. Ho består av eit styre på 7 per­son­ar, ei stu­dent­gruppe på 12 og ein pros­jek­tko­or­di­na­tor. Stiftin­ga mot­tek ingen fast stat­leg støtte og er avhengig av pen­gar frå organ­isas­jonar og enkeltpersonar.

Rafto­hel­ga: prisut­del­ing og festframsyning
— Det er vik­tig for Bergen å ha eit stort arrange­ment som set fokus på menneskerettane.

Venge verkar stolt over å få ver­da sine auge ret­ta mot arbei­det til den litle, men anerk­jente bergenske organ­isas­jo­nen. Raftos­tiftin­ga er ei sterk merke­vare innan­for norsk og inter­nasjon­alt menneskerettsarbeid.

Årets mot­takar av Rafto­prisen er Nation­al Cam­paign on Dalit Human Rights. Organ­isas­jo­nen job­bar for ret­tane til dei indiske dal­i­tane, som blir stem­pla som ure­ine og kastelause.

Rafto­hel­ga går føre seg i den første hel­ga i novem­ber. Her skjer mel­lom anna Rafto­pris-utdelin­ga og ei fes­t­fram­syn­ing med kjente artis­tar. Det er stu­dent­grup­pa som står for den prak­tiske gjen­nom­føringa av denne hel­ga. Med Rafto­prisen får vinnaren og saka ver­da si merk­semd. Pengegå­va på 10.000 amerikanske dol­lar er sym­bol­sk. Ved hjelp av stiftin­ga tek vi ans­var for ver­da, seier pros­jek­tko­or­di­na­tor Venge.

Fra Bur­ma-demon­strasjon i Lon­don okto­ber 2007 (foto: lewisham­dream­er, CC: by-nc)

Dei siste åra har det blitt meir og meir prestis­je i å få prisen. Venge mein­er dette har saman­heng med dei vala som er tekne og påverk­ingskrafta dei ulike prisane har hatt. Mel­lom anna José Ramos-Hor­ta og Aung San Suu Kyi har fått Nobels Fred­spris etter å ha blitt tildelte Raftoprisen.

Raftos­tiftin­ga sine prosjekt 
— Vi gløymer ikkje dei som får prisen, under­strekar Venge.

Raftos­tiftin­ga er svært opptekne av å føl­gje opp dei ulike sak­ene. Mel­lom anna utviklin­ga i Bur­ma og Vest-Sahara blir nøye over­va­ka. Sidi Mohammed Dad­dach fekk prisen i 2002 for sitt arbeid med sjølvs­tende og laus­riv­ing av Vest-Sahara frå Marokko. I 2005 vart ein norsk del­e­gasjon frå Raftos­tiftin­ga og Støt­tekomi­teen for Vest-Sahara sendte til net­topp dette området nor­daust i Afri­ka. Del­e­gasjo­nen skulle over­vake ein rettssak, men vart raskt kas­ta ut.

Stiftin­ga held seg opp­datert ved å ha nær kon­takt med ymse organ­isas­jonar som har innsid­e­in­for­masjon om forhol­da i dei ulike områ­da som i sym­bol­sk for­stand har blitt tildelt prisen. Øns­ket om at Vest-Sahara skal få gjen­nom­føre ei folkeavstem­ming er ei sak som står sterkt hos stiftin­ga. Dette er berre eitt eksem­pel på at sak­ene som har vunne prisen blir føl­gde opp i lang tid.

Venge seier at dei lan­da som opplever ein sta­bil situ­asjon og betring etter å ha fått ver­da sine auge ret­ta mot seg, ikkje vil bli føl­gde opp like tett som andre kon­flik­tom­råde. Dette har òg å gjere med kap­a­sitet­sprob­lem hos stiftin­ga. Men ho under­strekar at vik­tige sak­er ikkje på nokon måte blir gløymde.

I sam­band med Raftos­tiftin­ga sitt 20-års jubileum i fjor vart det satt i gong eit fotodoku­men­tasjon­spros­jekt. Fotografen Hans Jør­gen Brun har teke på seg oppgå­va med å fotografere alle tidle­gare Rafto­pris-vin­narar. Målet er å gje ut ei bok.

Den vik­ti­gaste hendin­ga for stiftin­ga er den årlege prisut­delin­ga. Alle kan kome med nom­i­nasjonar. Dei aktuelle kan­di­datane skal vere aktive deltakarar i kam­p­en for men­neskerettane; enten dei har kjem­pa for ide­al og prin­sipp som ligg til grunn for men­neskerettane eller del­tek på meir sym­bol­sk vis. Det er eit vik­tig prin­sipp at all form for kamp skal ha skjedd utan bruk av vald og våpen. Som pros­jek­tko­or­di­na­tor mot­tek Venge alle nom­i­nasjo­nane og vidare­sender desse til styret, som tek den endelege avg­jer­sla. Styret job­bar òg med å finne aktuelle kan­di­datar; dei som fell utan­for media sitt søkelys og er blant dei gløymde og ukjende konfliktane.

Med men­neskerettane som dri­vk­jelde fort­set Raftos­tiftin­ga sitt vik­tige arbeid med å få men­neske sin kamp for eigen og andres fridom høgare opp på ver­das agenda.

Artikkelfor­fattaren stud­er­er jour­nal­is­tikk ved Uni­ver­sitetet i Bergen.

TEMA

B

urma

23 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen