Protestane i Burma 2007

Kronologisk oversikt over opprøret i Burma hausten 2007.

Sidan 1962, då eit mili­tær­kupp leia av Ne Win gjor­de ende på demo­kra­ti­et i Bur­ma, har lan­det stag­nert under lei­ing av den under­tryk­kjan­de mili­tær­jun­ta­en. Eit over­ras­kan­de fritt val i 1990 gav The Natio­nal League for Democracy (NLD), med den sei­na­re vin­na­ren av Nobels freds­pris Aung San Suu Kyi i spis­sen, ein over­vel­dan­de siger. Men i sta­den for å respek­te­re resul­ta­tet, annul­ler­te mili­tæ­ret valet, og til­hen­gja­rar av demo­kra­ti­et har vore bann­lyst sidan. Opp­rø­ret i 2007, med bud­dhist­mun­kar i spis­sen, byr­ja som ein pro­test mot den eks­tre­me auken i ben­sin­pri­sar som mili­tær­re­gi­met inn­før­te i august i år, men gikk etter kvart over til å bli ein kamp for demo­kra­ti.

Sidan Bur­ma vert styrt med jern­hand av mili­tæ­ret, er infor­ma­sjons­strau­men ut av lan­det svært avgren­sa, noko som har ført til stor usik­ker­heit rundt tru­ver­det til kjel­der som opp­da­te­rar oss om pro­tes­ta­ne. Det tek lang tid å få bekref­ta infor­ma­sjon, og når media fyrst får saker bekref­ta, kan ein spe­ku­le­re i kor mykje som er styrt av mili­tær­jun­ta­en. Difor kan ein ikkje med hund­re pro­sent nøy­ak­tig­heit seie at det har gått føre seg som beskri­ve under, men det­te er nokre av dei vik­ti­gas­te hen­din­ga­ne i Bur­ma slik res­ten av ver­da har fått dei stad­fes­ta.


15. august:

Mili­tær­jun­ta­en auka pri­sen på driv­stoff med 500 pro­sent for å finan­siere byg­gin­ga av den nye hovud­sta­den Naypyi­daw.

19. august:

Ran­goon blei åsta­den for den fyrs­te pro­tes­ten mot mili­tær­jun­ta­en. 400 men­nes­ke del­tok og bud­dhist­mun­kar tok etter kvart på seg ei lei­an­de rol­le.

5. sep­tem­ber:

Tre mun­kar blei ska­da då mili­tæ­ret bruk­te makt mot ein demon­stra­sjon i Pak­okku.

6. sep­tem­ber:

Mun­kar tok med­lem av mili­tær­jun­ta­en til fan­ge og krav­de ei offent­leg unn­skyl­ding innan 17. sep­tem­ber. Gis­la­ne blei set­te fri etter nokre timar.

17. sep­tem­ber:

Mili­tæ­ret nek­ta å føl­gje mun­ka­ne si opp­ford­ring, noko som før­te til at mun­ka­ne nek­ta å gjen­nom­føre reli­giø­se sere­mo­ni­ar for det mili­tæ­re. I til­legg heldt tusen­vis av mun­kar fre­de­le­ge demon­stra­sjo­nar i Pak­okku, Man­da­lay, Sittwe og den gam­le hovud­sta­den Ran­goon.

21. sep­tem­ber:

Mun­kar som demon­strer­te i Ran­goon mar­sjer­te for­bi huset kor Aung San Suu Kyi sit i hus­ar­rest. Ho vis­te seg i por­ten og mot­tok vel­sig­ning frå mun­ka­ne. Sam­ti­dig erklær­te dei at mili­tæ­ret er ”fien­de av fol­ket”.

22. sep­tem­ber:
10.000 mun­kar demon­strer­te i Man­da­lay og 2.000 i Ran­goon.

23. sep­tem­ber:
Alli­an­sen av bur­me­sis­ke mun­kar erklær­te at dei skul­le fort­set­te opp­rø­ret heilt til jun­ta­en gav frå seg mak­ta. 150 bud­dhist­non­ner slut­ta seg til demon­stra­sjo­na­ne i Ran­goon, kor 15.000 mun­kar alle­reie del­tok.

24. sep­tem­ber:
Mun­kar for­søk­te å ta seg inn til Aung San Suu Kyi, men trakk seg då poli­ti­et hind­ra dei ved hjelp av sper­rin­gar.
Det blei gjen­nom­ført pro­tes­tar i 25 bur­me­sis­ke byar. Vit­ne for­tel at det del­tok mel­lom 30.000 og 100.000 i demon­stra­sjo­nen i Ran­goon.
Thu­ra Myint Maung, som er mili­tær­jun­ta­en sin reli­gions­mi­nis­ter, gjekk ut og åtva­ra mun­ka­ne mot å gå ut over sine ”reg­lar og ret­nings­li­ner”.
Dei inter­na­sjo­na­le reak­sjo­na­ne mot jun­ta­en eska­ler­te då Geor­ge W. Bush bad alle land om å inn­føre stren­ge øko­no­mis­ke sank­sjo­nar over­for Bur­ma.
Den 14. Dalai Lama, Ten­zin Gya­tso, gav sin ful­le støt­te til det bur­me­sis­ke opp­rø­ret.

25. sep­tem­ber:
Mili­tæ­re styr­kar sam­la seg ved Shwe­da­gon-pago­den, som er eit vik­tig knute­punkt for bud­dhist­mun­ka­ne. Jun­ta­en trua med makt­bruk mot dei som opp­ford­ra til eller del­tok i pro­tes­tar. 2.000–5.000 mun­kar og van­le­ge bor­ga­rar tros­sa åtva­rin­ga­ne, og demon­strer­te i gate­ne i Ran­goon.

26. sep­tem­ber:
Mili­tær­jun­ta­en inn­før­te port­for­bod frå skum­ring til dag­gry i Man­da­lay og Ran­goon, samt eit for­bod mot sam­lin­gar av meir enn fem men­nes­ke på dag­tid.
Opp­rørs­po­li­ti og mili­tæ­re styr­ker blei demon­stra­tivt kjørt inn i Ran­goon.
Etter å ha delt ut vatn og mat til mun­kar, blei demo­krati­for­kjem­pa­ren Win Naing arres­tert. Han blei sett fri etter ei natt i arres­ten.
700 demon­stran­tar blei angrip­ne med tåre­gass og baton­gar utan­for Shwe­da­gon-pago­den, og poli­ti­et bar­ri­ka­der­te byg­nin­gen og sper­ra av områ­det rundt.
5.000 mun­kar pro­te­ster­te i gate­ne i Ran­goon. Minst fem mun­kar blei sko­te ned og drep­ne av sik­ker­heits­styr­kar. 300 per­son­ar blei arres­ter­te.

27. sep­tem­ber:
To høgt­stå­an­de med­le­mer av Aung San Suu Kyi sitt oppo­si­sjons­par­ti, NLD, blei arres­tert i Bur­ma. Mili­tær­jun­ta­en aksjo­ner­te mot flei­re klos­ter og arres­ter­te 850 mun­kar.

28. sep­tem­ber:
USA fraus kon­to­ane til Bur­ma-top­par og bad Kina om å leg­ge press på Bur­ma.
Mili­tæ­ret steng­te inter­nettil­gan­gen i lan­det og alle infor­ma­sjons­ka­na­lar blei kon­trol­ler­te av jun­ta­en.
Ein omfat­tan­de raud-skjor­te-aksjon, sett i gong av tys­ke stu­den­tar, blei gjen­nom­ført i man­ge land for å vise den inter­na­sjo­na­le støt­ta til demo­krati­for­kjem­pa­ra­ne. Den rau­de far­gen sym­bo­li­ser­te dei rau­de kut­te­ne til bud­dhist­mun­ka­ne.

29 sep­tem­ber:
Ibra­him Gamba­ri, vise­ge­ne­ral­sek­re­tær i FN, reis­te til Naypyi­daw for å sam­ta­le med dei mili­tæ­re leia­ra­ne.
Nokre hund­re men­nes­ke demon­strer­te i Ran­goon. Des­se blei angri­pe av mili­tær­styrt bor­gar­vern utstyrt med kni­var.
Mili­tær­jun­ta­en hind­ra 500.000 men­nes­ke å ta imot den dag­le­ge FN-leve­ran­sen av mat.

30. sep­tem­ber:
Ibra­him Gamba­ri sam­ta­la med Aung San Suu Kyi, etter å ha snak­ka med mili­tær­jun­ta­en.

1. okto­ber:
4.000 mun­kar blei fengs­la nord i Bur­ma og man­ge mein­te at opp­rø­ret var over. Opp­fat­tin­ga var på det­te tids­punk­tet at mili­tær­jun­ta­en had­de luk­kast i å igjen ta total kon­troll over lan­det.

4. okto­ber:
Juntaleia­ren, Than Shwe, sa seg vil­jug til å møte Aung San Suu Kyi, mot at ho måt­te ta avstand frå sine kon­fron­te­ran­de hald­nin­gar. Oppo­si­sjo­nen avvis­te føre­set­na­den.

7. okto­ber:
Kjel­der hev­da at bur­me­sis­ke under­grunns­ak­ti­vis­tar plan­la nye pro­tes­tar saman med bud­dhist­mun­kar.

17. okto­ber:
Mili­tær­jun­ta­en hev­da at dei had­de pågri­pe 3.000 akti­vis­tar og at ein måt­te under­skri­ve eit løf­te for å slep­pe ut. Dei sa og at dei fram­leis jak­ta på opp­rø­ra­rar som er på fri­fot.

20. okto­ber:
Port­for­bo­det i Ran­goon blei opp­he­va, men diplo­ma­tar hev­da at flei­re tusen demon­stran­tar fram­leis er bak lås og slå.

25. okto­ber:
Aung San Suu Kyi fekk for­la­te arres­ten for å sam­ta­le med ein tid­le­ga­re gene­ral i mili­tær­jun­ta­en som har blitt opp­nemnt av sin tid­le­ga­re arbeids­gje­var for å opp­ret­te kon­takt med oppo­si­sjo­nen.

26. okto­ber:
100 bud­dhist­mun­kar pro­te­ster­te i Pak­okku nord i Bur­ma. Ti per­son­ar blei skot­ne og drep­ne under demon­stra­sjo­nen.

19. novem­ber:
Aung San Suu Kyi møt­te ein juntalei­ar, men det vart ikke opp­lyst kva som vart dis­ku­tert.

Kjel­der:
Aften­pos­ten, Nett­avi­sen, Eco­nomist, BBC, Times Online, Democra­tic Voi­ce of Bur­ma, CNN.

Artik­kel­for­fat­te­ren stu­de­rer jour­na­lis­tikk ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen.

TEMA

B

urma

23 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen