– En slimete og uspiselig snylter på kunstens tre!

Vi er alle kritikarar no. Velkomen til Kritikkbloggen Peiling.

Det ofte anta­go­nis­tis­ke for­hol­det mel­lom kri­ti­ka­rar og kunst­na­rar, mel­lom kri­ti­ka­rar og kul­tur­in­sti­tu­sjo­nar, har avfødd man­ge beis­ke og bit­re ord opp gjen­nom his­to­ria. Irs­ke for­fat­ta­rar har tra­di­sjo­nelt vore ivri­ge her, frå Bren­dan Behan som saman­lik­nar kri­ti­ka­ren med «ein evnukk i eit harem», til Samu­el Beck­ett som lar hoved­per­sona­ne i Mens vi ven­tar på Godot bolt­ra seg i ned­set­jan­de omta­le av kvar­and­re – ein «dis­ku­sjon» Estra­gon vinn då han kal­lar Vla­di­mir for kri­ti­kar – Crri­tic! Vla­di­mir vert mål­laus og skjø­nar at han har tapt.

Ein av dei ster­kas­te karak­te­ris­tik­ka­ne av kri­ti­ka­ren og kri­ti­kar­rol­la er like­vel levert av ita­lie­na­ren Giorgio Man­ga­nel­li, i ei bok frå 1986. Her hei­ter det at «kri­ti­ke­ren er en jæv­la para­sitt, en gif­tig sopp, en sli­me­te og uspi­se­lig snyl­ter på kuns­tens tre! Et snylte­dyr som suger seg feit på mag­re skri­ben­ters sild­ren­de skrif­ter! En slib­rig ål, en nar­re­nes narr, tra­ge­di­ens bak­side, en gro­tesk gri­ma­se av skur­ren­de lyder, lån­te tan­ker og fan­te­ri!»

Det­te er rime­leg­vis ikkje eit syn vi deler her i Kri­tikk­blog­gen Pei­ling, men vi note­rer at ein hel­ler ikkje skal beve­ga seg langt ut i blog­go­sfæ­ren før ein stø­ter på lik­nan­de har­de ord om det pro­fe­sjo­nel­le, betal­te kri­ti­kar­korp­set – des­se betre­vi­tan­de, ned­la­tan­de og elitis­tis­ke smaks­dom­ma­ra­ne som trur dei veit betre enn «folk flest». Hardt opp­ar­beidd inn­sikt og vur­de­rings­kom­pe­tan­se innan dei uli­ke kunst­ar­ta­ne vert lite påakta der ute, blant blog­gan­de mei­nings­at­le­tar og skrå­sik­re smaks­dom­ma­rar.

Det inter­es­san­te her er sjølv­sagt ikkje den even­tu­el­le krea­ti­vi­te­ten som er i sving når ein skal ord­leg­gja seg om kri­ti­ka­rens all­men­ne og sær­skil­te kunn­skaps- og dug­løy­se. Det inter­es­san­te er grunn­la­get for og grunn­to­nen i den nye kri­tik­ken som vert ret­ta mot den pro­fe­sjo­nel­le kri­ti­ka­ren, nem­leg at kri­ti­ka­ren som eks­pert er blitt his­to­risk irre­le­vant og at «doms­tale frå oven» basert på kunn­skap og åre­lang opp­øvd este­tisk sen­si­ti­vi­tet er grunn­leg­gan­de «ude­mo­kra­tisk», ei slags for­ulem­ping av «vår» kul­tu­rel­le smak.

Vi er alt­så alle kri­ti­ka­rar no: Ei sak er at vi som pub­li­kum rek­nar oss fullt ut i stand til å eva­lue­ra eige kul­tur­kon­sum. Akti­ve blog­gar-kri­ti­ka­rar hev­dar òg gjer­ne at folk hel­ler vil ha råd frå nokon dei kjen­ner, nokon med same livs­kjens­le og smak som dei sjølv, hel­ler enn frå folk som trur dei veit betre enn and­re. Sli­ke for­søk på å svek­ka auto­ri­te­ten til kri­ti­kar­in­sti­tut­tet kan ein gjer­ne kal­la anti-eli­tis­me, popu­lis­me eller beint fram for ei demo­kra­ti­se­ring av kul­tu­rell smaks­døm­ming.

Kri­ti­ka­ren er ber­re kri­ti­kar så len­ge han eller ho vert aksep­tert som smaks­dom­mar

Det sen­tra­le poen­get her er at kri­ti­ka­ren ber­re er kri­ti­kar så len­ge han eller ho vert aksep­tert som smaks­dom­mar av pub­li­kum. Kunst­dom­ma­ren har sjølv ein dom­mar, nem­leg det pub­li­kum av opp­lys­te lek­menn og –kvin­ner som han eller ho (i prin­sip­pet) repre­sen­te­rer. Det har sjølv­sagt all­tid vore slik at kri­tik­ken og kul­tur­jour­na­lis­tik­ken må fin­na pub­li­kum hei­me med sine for­mat og hen­ven­del­ses­for­mer. Det­te er meir krev­jan­de no enn før: Den nasjo­na­le og glo­ba­le pro­duk­sjon og for­mid­ling av kul­tur­pro­dukt (bøker, film, musikk, TV-pro­gram, data­spel, pro­gram­vare og så vida­re) er utan his­to­risk side­styk­ke, både med omsyn til volum, mang­fald og dis­tri­bu­sjons­has­tig­het. Inter­ak­ti­ve medi­er og digi­ta­le nett­verk gjev til­gang til kul­tur­pro­dukt og kunn­skaps­ba­sar i hit­til ukjent ska­la, dei ska­per nye sam­hand­lings­for­mer og kan spe­la ei vesent­leg rol­le i meir omfat­tan­de sosia­le, poli­tis­ke og kul­tu­rel­le utvik­lings­pro­ses­sar.

Det pub­li­kum kri­tik­ken og kul­tur­jour­na­lis­tik­ken skal fin­na gehør hos med sine for­mat og til­tale­for­mer er òg i end­ring: End­rin­gar i og mang­fal­dig­gje­ring av pub­li­kum sine kul­tu­rel­le smaks­pre­fe­ran­sar, som føl­gje av høga­re utdan­nings­nivå, nye gene­ra­sjo­nar med and­re typar medie­kom­pe­tan­se og erfa­rin­gar med and­re kul­tu­rar og nye kul­tur­ut­trykk, har gje­ve eit langt meir «dyna­misk» og saman­sett kul­tur­felt enn tid­le­ga­re. Dei for­mid­lings­mes­si­ge utford­rin­ga­ne som føl­gjer av det­te, er bety­de­le­ge.

Utvi­da rom for dia­log og dis­ku­sjon mel­lom inter­es­ser­te ama­tø­rar og pro­fe­sjo­nel­le kri­ti­ka­rar

Her i Pei­ling vil vi utfors­ka des­se end­ra vil­kå­ra for ein oppe­gå­an­de kul­tur­jour­na­lis­tikk, som òg i stor grad defi­ne­rer det land­ska­pet og dei kli­ma­tis­ke for­hol­da kri­tik­ken lyt beve­ga seg i, der den lyt for­sva­ra sin plass, der den, som all­tid opp gjen­nom his­to­ria, lyt end­ra og for­nya seg, inn­ta nye posi­tu­rar og rol­ler, bry­ta sjan­ger­krav og fin­na opp nye. Vi invi­te­rer til bidrag om kri­tik­kens his­to­rie og insti­tu­sjo­na­li­se­ring, og til ana­ly­sar av kri­tik­kens vil­kår og situa­sjon i dag, innan dei uli­ke kunst­ar­ta­ne. Ikkje minst ønskjer vi kul­tur­jour­na­lis­tis­ke bidrag – repor­ta­sjar, kom­men­ta­rar og kri­tik­kar, gjer­ne der ein prø­ver ut bestem­te kri­ti­kar­rol­ler og eks­pe­ri­men­te­rer med etab­ler­te sjan­ger­krav.

Med Inter­net­tet sine pre­sen­ta­sjons- og kop­lings­mu­lig­he­ter, med utvi­da rom for kon­teks­tua­li­se­ring og sjan­ger­mang­fold, utvi­da rom for dia­log og dis­ku­sjon mel­lom inter­es­ser­te ama­tø­rar og pro­fe­sjo­nel­le kri­ti­ka­rar – innan Aka­de­mia og utan­for, så bur­de det vera lyse tider for kri­tik­ken, den jour­na­lis­tis­ke, den essay­is­tis­ke og den aka­de­mis­ke, og alle dei blan­dings­for­me­ne som vil kun­na opp­stå når des­se møtest i eit fel­les digi­talt rom. Vi ønskjer oss òg bidrag om kul­tur­pro­duk­sjo­nens poli­tis­ke øko­no­mi, om kul­tur­po­li­tikk og kul­tur­mar­ked.

Bidrags­yta­rar til Kri­tikk­blog­gen Pei­ling vil i førs­te omgang vera stu­den­tar på mas­ter­kur­set Kul­tur­jour­na­lis­tikk og kunst­kri­tikk ved Insti­tutt for infor­ma­sjons- og medie­vit­skap. Men alle — stu­den­tar, til­set­te og and­re — som er opp­tek­ne av kor­leis vur­de­rings­kri­te­ri­er og verd­set­jing i den kul­tu­rel­le offent­lig­he­ten inn­går i iden­ti­tets- og opi­nions­ska­pan­de pro­ses­sar med betyd­ning for poli­tisk og sam­funns­mes­sig for­stå­ing og enga­sje­ment, dei er vel­kom­ne med bidrag.

Alt­så, føre­ta ei pei­ling, og gje oss – lesa­ra­ne – pei­ling. Vel­ko­men med bidrag.

TEMA

O

ffentli
ghet

86 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen