Det er Nasibova sin kamp for ytringsfridom som ligg til grunn for årets utdeling av Raftoprisen.
“Nasibova får prisen for sin modige og urokkelege innsats for ei fri og uavhengig presse,” lyder pressemeldinga (pdf) frå Raftostiftinga torsdag 24. september.
Til trass for vanskelege arbeidstilhøve og fare for eiga sikkerheit har Nasibova rapportert om korrupsjon og brot på menneskerettigheiter i republikken Nakhitsjevan. Som ein del av Aserbajdsjan er Nakhitsjevan ein isolert og autonom republikk. Ifølgje Raftostiftinga har journalisten Nasibova sjølv opplevd maktmisbruk, korrupsjon og vald på eigen kropp. I si grunngjeving vektla Raftostiftinga sin priskomité viktigheita av Nasibova si kritiske røyst mot myndigheitene i ei årrekkje.
“Nasibova har vore ei kritisk røyst mot myndigheitene i 10 år, og ho nektar å gi opp kampen for ytringsfridom,” lyder pressemeldinga frå Raftostiftinga. Vidare legg grunngjevinga vekt på Nasibova si viktige rolle som talerøyr for ei undertrykt lokalbefolkning som lever i frykt: “Nasibova rapporterar om overgrep frå politiet mot vanlege borgarar, kidnappingar av opposisjonelle og angrep på journalistar.”
Korrupsjon og vald
Prisvinnaren har fleire gonger blitt utsatt for vald, og tidlegare i år for drapstruslar. Det var med stor glede Nasibova mottok nyhenda per telefon måndag. Det var Martin Paulsen som overrakte beskjeden på vegner av priskomiteen i Raftostiftinga.
— Det var utan tvil stor glede i heimen då eg ringde, fortel Paulsen og held fram: — Nasibova hadde høyrt om Raftoprisen på førehand då ho kjente til tidlegare prisvinnar Shirin Ebadi frå Iran. Ebadi fekk prisen i 2001 og Nasibova håpar prisen vil ha positive ringverknader.
— Ho håpar at prisen vil fungere som vern mot overgrep frå lokale myndigheiter, seier Paulsen. Vidare tykkjer Nasibova at det er fint å kunne syne hennar tre born at arbeidet ho gjer er verdt internasjonal anerkjenning. Fram til no har borna vore vitne til vald og trakassering.
Journalisten Malahat Nasibova er også menneskerettigheitsaktivist og er leiar for menneskerettigheitsorganisasjonen Democracy and NGO´s (Non Governmental Organisation) Development Resource Center i Nakhitsjevan. Vidare er Nasibova korrespondent for Radio Free Europe/Radio Liberty (RFE/RL) og det uavhengige informasjonsbyrået Turan. Nasibova bur saman med ektefelle og journalistkollega Ilgar Nasibov og deira tre born i Nakhitsjevan.
— Fortjent pris
Informasjonsleiar i Helsingforskomiteen Berit Lindeman har sjølv møtt Nasibova i Nakhitsjevan og var rørt til tårer under pressekonferansen.
— Styresettet i Aserbajdsjan er prega av eit familiedynasti og det ein kan kalle for ei familiebedrift, seier Lindeman.
Den autonome republikken Nakhitsjevan blir styrt med jernhand av Vasif Talibov, og Talibov har nære familierelasjonar til presidenten Ilham Alijev i Aserbajdsjan. Her blir all opposisjon undertrykt og all kritikk av myndigheitene møtt med vald og arrestasjonar. Store delar av folket lever i fattigdom til trass for ressursar innanfor gass og olje. I denne samband kjem Lindeman med ei oppmoding om internasjonalt press mot store selskap som opererar i landet. Vidare understrekar Lindeman at prisen kan fungere som vern mot Nasibova sjølv, men også andre journalistar og kritiske røyster i området.
— Prisen er så fortjent, seier Lindeman.
Sjølve utdelinga av professor Thorolf Rafto sin minnepris vil finne stad på Den Nasjonale Scene i Bergen sundag 1. november klokka 18.00–19.30.
Om artikkelen
Denne artikkelen ble først publisert i nettavisen Brostein (red.anm).