Raftoprisen 2009 til Malahat Nasibova

Raftoprisen 2009 går til Malahat Nasibova (40) frå Aserbajdsjan og hennar kamp for det frie ord og ei fri presse.

Det er Nasi­bo­va sin kamp for ytrings­fridom som ligg til grunn for årets utdel­ing av Raftoprisen.

“Nasi­bo­va får prisen for sin modi­ge og urokkelege innsats for ei fri og uavhengig presse,” lyder pressemeldin­ga (pdf) frå Raftos­tiftin­ga tors­dag 24. september.

Til trass for vanskelege arbei­d­stil­høve og fare for eiga sikker­heit har Nasi­bo­va rap­portert om kor­rup­sjon og brot på men­neskerettigheit­er i repub­likken Nakhit­sje­van. Som ein del av Aser­ba­jd­s­jan er Nakhit­sje­van ein isol­ert og autonom repub­likk. Iføl­gje Raftos­tiftin­ga har jour­nal­is­ten Nasi­bo­va sjølv opplevd mak­t­mis­bruk, kor­rup­sjon og vald på eigen kropp. I si grun­ng­jev­ing vek­t­la Raftos­tiftin­ga sin priskomité vik­tighei­ta av Nasi­bo­va si kri­tiske røyst mot myn­digheit­ene i ei årrekkje.

Malahat Nasibova (foto: rafto.no)

Mala­hat Nasi­bo­va (foto: rafto.no)

“Nasi­bo­va har vore ei kri­tisk røyst mot myn­digheit­ene i 10 år, og ho nek­tar å gi opp kam­p­en for ytrings­fridom,” lyder pressemeldin­ga frå Raftos­tiftin­ga. Vidare legg grun­ng­jevin­ga vekt på Nasi­bo­va si vik­tige rolle som talerøyr for ei under­trykt lokalbe­folkn­ing som lever i frykt: “Nasi­bo­va rap­porter­ar om over­grep frå poli­ti­et mot van­lege bor­garar, kid­nap­pin­gar av oppo­sisjonelle og angrep på journalistar.”

Korrupsjon og vald

Prisvinnaren har fleire gonger blitt utsatt for vald, og tidle­gare i år for drap­struslar. Det var med stor glede Nasi­bo­va mot­tok nyhen­da per tele­fon måndag. Det var Mar­tin Paulsen som over­rak­te beskje­den på veg­n­er av priskomi­teen i Raftostiftinga.

— Det var utan tvil stor glede i heimen då eg ringde, for­tel Paulsen og held fram: — Nasi­bo­va hadde høyrt om Rafto­prisen på føre­hand då ho kjente til tidle­gare prisvin­nar Shirin Eba­di frå Iran. Eba­di fekk prisen i 2001 og Nasi­bo­va håpar prisen vil ha pos­i­tive ringverknader. 

— Ho håpar at prisen vil fun­gere som vern mot over­grep frå lokale myn­digheit­er, seier Paulsen. Vidare tykkjer Nasi­bo­va at det er fint å kunne syne hen­nar tre born at arbei­det ho gjer er verdt inter­nasjon­al anerk­jen­ning. Fram til no har bor­na vore vitne til vald og trakassering.

Jour­nal­is­ten Mala­hat Nasi­bo­va er også men­neskerettigheit­sak­tivist og er leiar for men­neskerettigheit­sor­gan­isas­jo­nen Democ­ra­cy and NGO´s (Non Gov­ern­men­tal Organ­i­sa­tion) Devel­op­ment Resource Cen­ter i Nakhit­sje­van. Vidare er Nasi­bo­va kor­re­spon­dent for Radio Free Europe/Radio Lib­er­ty (RFE/RL) og det uavhengige infor­masjons­byrået Turan. Nasi­bo­va bur saman med ekte­felle og jour­nal­istkol­le­ga Ilgar Nasi­bov og deira tre born i Nakhitsjevan.

— Fortjent pris

Infor­masjon­sleiar i Hels­ing­forskomi­teen Berit Lin­de­man har sjølv møtt Nasi­bo­va i Nakhit­sje­van og var rørt til tår­er under pressekonferansen.

— Styre­set­tet i Aser­ba­jd­s­jan er pre­ga av eit fam­i­lie­dy­nas­ti og det ein kan kalle for ei fam­i­liebedrift, seier Lindeman.

Den autonome repub­likken Nakhit­sje­van blir styrt med jern­hand av Vasif Tal­i­bov, og Tal­i­bov har nære fam­i­liere­lasjonar til pres­i­den­ten Ilham Ali­jev i Aser­ba­jd­s­jan. Her blir all oppo­sisjon under­trykt og all kri­tikk av myn­digheit­ene møtt med vald og arrestasjonar. Store delar av folket lever i fat­tig­dom til trass for ressur­sar innan­for gass og olje. I denne sam­band kjem Lin­de­man med ei opp­mod­ing om inter­nasjon­alt press mot store sel­skap som oper­erar i lan­det. Vidare under­strekar Lin­de­man at prisen kan fun­gere som vern mot Nasi­bo­va sjølv, men også andre jour­nal­is­tar og kri­tiske røys­ter i området.

— Prisen er så fort­jent, seier Lindeman.

Sjølve utdelin­ga av pro­fes­sor Thorolf Rafto sin min­nepris vil finne stad på Den Nasjonale Scene i Bergen sundag 1. novem­ber klok­ka 18.00–19.30.

Om artikke­len
Denne artikke­len ble først pub­lis­ert i net­tavisen Brostein (red.anm).

TEMA

R

aftopri
sen

17 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen