Clay Shirky på godt og vondt

Internettguruen Clay Shirky passar perfekt inn i si tid. Men har han noko å fara med?

Den glob­ale rikssyn­saren Clay Shirky kom til Bergen tors­dag 27. okto­ber. Newyork­eren er ekspert på inter­nett, og 300 mediemen­neske lyt­ta nys­g­jer­rig til han i Grieghallen. Job­bane deira avheng av kva som skjer, og difor vil dei så gjerne forstå det.

Denne artikke­len er delt i fire, og dei enkelte opp­sla­ga kan langt på veg lesast uavhengig av kvaran­dre. Fyrst for­mulerer eg eit prob­lem med Clay Shirky sitt tru­verde som sam­funns­an­a­lytikar. Deretter går eg kri­tisk gjen­nom tre opti­mistiske innsik­ter frå Shirky: sosiale medi­er ska­par slagkraftige poli­tiske offentlegheit­er, ein ny type kollek­tivt tolk­ingsar­beid, og eit stort kog­ni­tivt over­skot. Shirky har gode poeng, men dei vert svek­ka av pub­likum sin ten­dens til å tol­ka dei i kom­mer­siell retning.

Yrke: Medieguru

Eg skjø­nar kvi­for Shirky har fått sta­tus som medie­gu­ru. Han snakkar med ein kom­bi­nasjon av empiriske anek­do­tar og teo­retiske aforis­mar som er ganske engas­jerande. Det var mange som lente seg fram då han sa “The design of the invi­ta­tion mat­ters as much as the nature of the task”. Dette er ei mod­erniser­ing av Mar­shall McLuhans ”the medi­um is the mes­sage” som er mesteren verdig.

I 1965 skreiv Tom Wolfe eit inter­vju med McLuhan som heitte ”What if he is right?” Par­al­lellen til Shirky er klar. Det har kome eit nytt medi­um som alle brukar, enten det er fjern­syn eller sosiale medi­er, og det er stor forvir­ring om kor­leis det bør brukast. Alle treng ret­tlei­ing, og medie­gu­ru­en gjev oss det.

Det største prob­lemet for Shirky er at hans sta­tus som medie­gu­ru virkar mot at han vert tatt på alvor i forsk­ingsmiljøa, og eventuelt av his­to­rieskri­varar. På 1960-talet var dei ’ekte’ forskarane svært skep­tiske til McLuhan, og avskreiv han som ein tabloid tek­nol­o­gisk deter­min­ist, i lom­ma på Cor­po­rate America.

Fore­dragsverk­sem­da føregår på ein amerikan­sk kap­i­tal­is­tisk måte der guru­en forsøk­er å mak­simera inntek­tene sine mens han er ’hot’. Han tek difor gjerne over 200.000 kr for å hal­da eit fore­drag. Det er ikkje slik at orda hans difor automa­tisk blir til sal­gs for høgst­by­dande, men det kan hen­da at han vel­jer ut dei poen­ga som fell i best jord hjå pub­likum og boklesarar.

Shirky-show i Grieghallen (foto: Jon Hoem, CC:by-sa)


Her lur­er det ein sjølv­forsterkande kom­mer­siell logikk. For arrangørane blir det vik­tig å gjera ei storhend­ing ut av Shirkys fore­drag for å få selt dei dyre bil­let­tane, og for Shirky blir det vik­tig å seia noko som blir tatt vel imot. I det min­ste vil ein kun­na mis­ten­ka at han opp­tr­er slik.

På grunn av pris­nivået snakkar Shirky mest til næringslivet, og for­di ingen i den bran­sjen for­tel gode idéar til sine konkur­rentar dreier det seg mest om å bli inspir­ert. Dette vart bekref­ta i Bergen: På Twit­ter skriv @emodal: “Er inspir­ert etter møte med Clay Shirky og andre dig­i­tal­folk på #nmd­shirky i Bergen i går”. Ei anna for­mu­ler­ing av inspi­rasjon kjem frå @herdis: “Noko av det beste med #nmd­shirky var å få stad­fes­ta at det vi job­bar med til dag­leg, er rett. Samt få pusteprob­lem for­di endring has­tar”. Shirkys jobb er lik­som å få oss alle til å føla at me no forstår inter­nett betre på godt og vondt, og dra heim med ny energi.

Men McLuhan hadde gode poeng på tross av sin cor­po­rate guru-pro­fil, og kan hende er det meir enn ein grunn til at dus­in­vis av norske bran­sje­folk flyr eins ærend frå Oslo til Bergen for å høyra på Shirky. What if he is right?

Lause politiske offentlegheiter

Den ara­biske våren og Occu­py Wall Street er to fenomen som er verke­leg imponerande å føl­g­ja med på, for dei har så sterk poli­tisk kraft i seg. Sosiale medi­er vert gjeve myk­je av æra for deira gjen­nom­slagskraft, og Clay Shirky er i front inter­nasjon­alt når det gjeld analy­sen. ”Do dig­i­tal tools enhance democ­ra­cy?”, spør han. Blir det meir kollek­tiv han­dling, og blir det poli­tiske livet betre enn før desse verkemid­la var oppfunne?

Han for­mulerer ei fin lovmessigheit: 

As the com­mu­ni­ca­tions land­scape gets denser, more com­plex, and more par­tic­i­pa­to­ry, the net­worked pop­u­la­tion is gain­ing greater access to infor­ma­tion, more oppor­tu­ni­ties to engage in pub­lic speech, and an enhanced abil­i­ty to under­take col­lec­tive action. These increased free­doms can help loose­ly coor­di­nat­ed publics demand change.

Og hendin­gane det siste året ber preg av å vera laust koordinerte offentlegheit­er. Både Face­book-mobilis­eringa på Tahrir-plassen og Occu­py Wall Street fram­står som glim­rande eksem­pel på kva som kan skje iføl­gje Shirkys analyse, og han for­mulerte analy­sen før nokon av desse hendin­gane skjed­de. Her synest eg Shirky er god.

Shirky seier at sosiale medi­er ska­par ”ridicu­lous­ly easy group-form­ing”. Eit engas­jerande tema kan mobilis­era hun­dretusen­vis av men­neske sjølv om dei ikkje er på same stad, og dei kan utføra ei kollek­tiv han­dling på kort varsel, gjerne i løpet av min­ut­tar og timar etter den fyrste meldin­ga. Dette er flash­mob i stor skala. Organ­isas­jon­sap­pa­ratet ligg klart frå før, og heit­er Face­book eller Twitter.

Det er inter­es­sant å saman­lik­na Tahrir i Egypt med 22. juli i Norge. Er det noko i Shirkys analyse som gjeld for begge to? Desse hendin­gane føreg­jekk jo i to svært forskjel­lige poli­tiske kul­tur­ar, og var også svært forskjel­lige i sine poli­tiske imp­likasjonar. I Egypt drei­de det seg om eit under­trykt raseri over uret­tfer­digheit og kor­rup­sjon, og det vart mobilis­ert til protest gjen­nom sosiale medi­er. I Noreg drei­de det seg om ei plut­se­leg overvel­dande ter­rorhan­dling som skapte sjokk, avsky, sorg og hat, og alle nyansar vert diskutert gjen­nom sosiale medi­er. I Noreg fekk den lause poli­tiske offentleghei­ta ein reint ter­apeutisk funksjon, og dette gjer den reak­tiv i mot­set­ning til Egypts aktive mobilis­er­ing. Eg synest ikkje Shirky sin analyse er nyansert nok til å fan­ga opp denne typen nasjonale og kul­turelle forskjellar.

Episodiske fellesskap

På fram­si­da av Here Comes Every­body (2008) står det føl­g­jande: ”Rev­o­lu­tion doesn’t hap­pen when soci­ety adopts new tech­nol­o­gy, it hap­pens when soci­ety adopts new behav­iors”. Her posisjoner­er Shirky seg som sosi­olog, og ikkje som tekno-geek slik mange andre guru­ar gjer. Under fore­draget i Grieghallen sa han: “We over­es­ti­mat­ed the impor­tance of access to infor­ma­tion, and under­es­ti­mat­ed the impor­tance of access to each oth­er” (sitert frå @benteka).

Shirky serverte mange teo­retiske aforis­mar, og ein av dei føl­test som ei god opp­sum­mer­ing av hans sosiale teori. “Large crowds don’t self-mod­er­ate well”. Jo større antal men­neske som skal utføra kollek­tive han­dlin­gar, jo vanskel­e­gare er det å organ­is­era dei. Slagkraftig kollek­tiv han­dling vert nesten alltid utført av reg­jer­ing, statlege insti­tusjonar og tunge næringslivsak­tørar. Men på grunn av dei sosiale medi­ene er det ikkje lenger noko prob­lem for nye aktørar å koordinera han­dlin­gane til mange menneske.

I sosiale medi­er vert det heile tida skapt nye tolk­ings­fel­lesskap. Der­som du føl­gjer ein viss hasj­tag eller ein ven­nekrets på Face­book, så har du eit ram­mev­erk for å forstå og tol­ka verkeleghei­ta. Det er ei episodisk offentlegheit som gjev deg ein ny tryggleik.

Lat meg ta twitringa på hasj­ta­gen #nmd­shirky som eksem­pel. Den føreg­jekk hov­ud­sak­leg på smart­tele­fon mens folk var i Grieghallen, og på byens utes­tad­er. Eg var sjølv aktiv på Twit­ter under fore­draget. Frode Bjerkestrand i BT skriv: “En stund var det nesten ufriv­il­lig komisk i Peer Gynt-salen. Mange deltakere så ut som om de var mer opp­tatt av å tvit­re om fore­draget, enn fak­tisk å absorbere alt som ble sagt. Tre­f­fende nok er denne mul­ti­task­in­gen et pre­sist eksem­pel på Clay Shirkys argu­menter om mediebruk og samhandling”.

Eg trur det ligg noko her som er meir sub­stan­sielt enn årets fer­digheit­er i mul­ti­task­ing. Då eg sat der og tryk­te på touch­scree­nen min var eg med på å laga ei lita offentlegheit som varte i ca. to dagar, men som gav deltakarane ei svært pre­sis nytte og innsikt (og snikksnakk). Slike episodiske offentlegheit­er har utfor­dra sen­trale insti­tusjonar i sam­fun­net sidan 1990-talet, og det er ingent­ing som tyder på at dei er kome under kon­troll. På fore­draget sa Shirky: “It is less man­age­ment and more cul­ture that now deter­mines what hap­pens in the media”. Dette er ein høf­leg måte å seia at alt er kom­plett kaos.

Kven får overskotet?

Tolk­ingsar­bei­det i sosiale medi­er ska­par eit kog­ni­tivt over­skot. For kva er det folk gjer når dei twitrar og skriv og fotografer­er? Dei akku­mulerer ein enorm kul­turell timeinnsats som i prin­sip­pet kan brukast til alt moge­leg. Shirky brukar eksem­pelet med Wikipedia ver­sus fjern­syn (sjå Øvre­bø 2008, Hoem 2011, Wiese 2011). Det trengst berre ein brøkdel av tida amerika­narane brukar på TV for å få skrive heile Wikipedia, og jo meir av folks inter­ess­er som går i ret­ning av tolk­ing og skriv­ing, jo større vil over­skotet bli. Shirky snakkar om folks tolk­ingsar­beid; ein ressurs som har uen­de­leg stort poten­siale der­som folk er viljuge til å endra måten dei brukar tida si på.

Og her har Shirky eit snedig poeng. Eit slikt over­skot finst berre ei kort stund etter at eit nytt medi­um er opp­funne: “If peo­ple knew what to do with a sur­plus with ref­er­ence to the exist­ing social insti­tu­tions, then it wouldn’t be a sur­plus, would it?” I denne fasen er det eigent­leg ingen som har anelse om kor­leis over­skotet skal utnyt­tast, og folk byr­jar å eksper­i­mentera med kor­leis dei kan inte­gr­era det i kvardagslivet. I den pros­essen kan sam­fun­net ver­ta endra, sær­leg der­som det finst radikale kon­struk­tørar som pres­sar mulighei­tane til det ytterste.

Her i Noreg følest det ikkje som dei sosiale medi­ene er i ferd med å ska­pa rev­o­lusjon. Arbei­det med å prof­it­era på det nye kollek­tive tolk­ingsar­bei­det er forut­sig­bart, ikkje minst i mediebran­sjen. Folks friv­il­lige arbei­d­skraft må brukast til å spara løns­mid­lar i bedriftene. @vampus: “VG hadde god utnyt­telse av kog­ni­tivt over­skudd da de lot leserne fylle ut info om lokalpoli­tikere etter kom­muneval­get 2007”. Kudos til VG, liksom.

Innafor det indi­vid­u­al­is­tiske moral­synet som rår i bran­sjen er natur­leg å pro­motera seg sjølv og andre, gjerne i ei litt uskuldig og kam­er­at­s­leg form. Under fore­draget twitra @bergenmediarena at “Om noen på #NMD­Shirky-arrange­mentet vil rekrut­tere unge smarte mediehoder bør de følge @KommVolda. Bra med engas­jerte stu­den­ter!” Her hand­lar det om suk­sess og atter suksess.

Både i Ameri­ka og Noreg er det utan tvil mark­naden som kjem til å stik­ka av med over­skotet. Men er det bra at verkeleghei­ta er slik? Tenkjer Shirky på dét spørsmålet? Hjå Shirky dreier det seg om effek­tivitet og rasjon­alitet, for han snakkar til mediebran­sjen. Google og Face­book har blitt gigan­tiske kom­mer­sielle fore­tak utan gen­uin sosial omtanke for befolkninga, og når Shirky analy­ser­er befolkninga så tenkjer han i same stemn­ingsleie som dei store bedriftene.

Shirky pas­sar per­fekt inn i si tid. Ikkje berre spinn han medi­ene slik at han ten­er mest moge­leg pen­gar, han for­tel folk noko som gjer at dei bøy­er nakken og går ut att i verkeleghei­ta med fornya styrke til å dri­va busi­nessen vidare. Det dreier seg ikkje om å dyr­ka eit best moge­leg sosialt liv mel­lom men­neske, men om å skjø­na mekanis­mane for det sosiale livet best mogeleg.

Lit­ter­atur og lenker
Grøn­dahl, Carl Chris­t­ian (2011): ”Clay Shirky #NMD­Shirky”, 27. okto­ber 2011.
Kalsnes, Bente (2011): “10 ting du bør vite om Clay Shirky”, 26. okto­ber 2011.
Nyre, Lars (2011): “Nei, det er ikkje ein Face­bookrev­o­lusjon”, 4. mars 2011.
Nyre, Lars (2011): ”Poli­tisk kri­tikk av sosiale medi­er”, 8. april 2011.
Shirky, Clay (2008): Here Comes Every­body. The Pow­er of Orga­niz­ing With­out Orga­ni­za­tions. New York: Penguin.
Shirky, Clay (2010): Cog­ni­tive Sur­plus. Cre­ativ­i­ty and Genorisi­ty in a Con­nect­ed Age. New York: Penguin.
Shirky, Clay (2011): ”The polit­i­cal pow­er of social media. Tech­nol­o­gy, the pub­lic sphere, and polit­i­cal change”, i For­eign Affairs 90(1).

TEMA

S

osiale
medier

67 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. […] Lars Nyre, UiB sitt Clay Shirky på godt og vondt. […]

til toppen