Clay Shirky på godt og vondt

Internettguruen Clay Shirky passar perfekt inn i si tid. Men har han noko å fara med?

Den glo­ba­le riks­syn­sa­ren Clay Shir­ky kom til Ber­gen tors­dag 27. okto­ber. New­york­e­ren er eks­pert på inter­nett, og 300 medie­men­nes­ke lyt­ta nys­gjer­rig til han i Grieg­hal­len. Job­ba­ne dei­ra avheng av kva som skjer, og difor vil dei så gjer­ne for­stå det.

Den­ne artik­ke­len er delt i fire, og dei enkel­te opp­sla­ga kan langt på veg lesast uav­hen­gig av kvar­and­re. Fyrst for­mu­le­rer eg eit pro­blem med Clay Shir­ky sitt tru­ver­de som sam­funns­ana­ly­ti­kar. Der­et­ter går eg kri­tisk gjen­nom tre opti­mis­tis­ke inn­sik­ter frå Shir­ky: sosia­le medi­er ska­par slag­kraf­ti­ge poli­tis­ke offent­leg­hei­ter, ein ny type kol­lek­tivt tol­kings­ar­beid, og eit stort kog­ni­tivt over­skot. Shir­ky har gode poeng, men dei vert svek­ka av pub­li­kum sin tendens til å tol­ka dei i kom­mer­si­ell ret­ning.

Yrke: Medieguru

Eg skjø­nar kvi­for Shir­ky har fått sta­tus som medie­guru. Han snak­kar med ein kom­bi­na­sjon av empi­ris­ke anek­do­tar og teo­re­tis­ke afo­ris­mar som er gans­ke enga­sje­ran­de. Det var man­ge som len­te seg fram då han sa «The design of the invi­ta­tion mat­ters as much as the natu­re of the task». Det­te er ei moder­ni­se­ring av Mar­shall McLu­hans ”the medi­um is the mes­sa­ge” som er mes­te­ren ver­dig.

I 1965 skreiv Tom Wol­fe eit inter­vju med McLu­han som heit­te ”What if he is right?” Paral­lel­len til Shir­ky er klar. Det har kome eit nytt medi­um som alle bru­kar, enten det er fjern­syn eller sosia­le medi­er, og det er stor for­vir­ring om kor­leis det bør bru­kast. Alle treng rett­lei­ing, og medie­gu­ru­en gjev oss det.

Det størs­te pro­ble­met for Shir­ky er at hans sta­tus som medie­guru vir­kar mot at han vert tatt på alvor i fors­kings­mil­jøa, og even­tu­elt av his­to­rie­skri­va­rar. På 1960-talet var dei ’ekte’ fors­ka­ra­ne svært skep­tis­ke til McLu­han, og avskreiv han som ein tab­lo­id tek­no­lo­gisk deter­mi­nist, i lom­ma på Cor­po­rate Ame­rica.

Fore­drags­verk­sem­da føre­går på ein ame­ri­kansk kapi­ta­lis­tisk måte der guru­en for­sø­ker å mak­si­me­ra inn­tek­te­ne sine mens han er ’hot’. Han tek difor gjer­ne over 200.000 kr for å hal­da eit fore­drag. Det er ikkje slik at orda hans difor auto­ma­tisk blir til salgs for høgst­by­dan­de, men det kan hen­da at han vel­jer ut dei poen­ga som fell i best jord hjå pub­li­kum og bok­le­sa­rar.

Shir­ky-show i Grieg­hal­len (foto: Jon Hoem, CC:by-sa)


Her lurer det ein sjølv­for­ster­kan­de kom­mer­si­ell logikk. For arran­gø­ra­ne blir det vik­tig å gje­ra ei stor­hen­ding ut av Shir­kys fore­drag for å få selt dei dyre bil­let­ta­ne, og for Shir­ky blir det vik­tig å seia noko som blir tatt vel imot. I det mins­te vil ein kun­na mis­ten­ka at han opp­trer slik.

På grunn av pris­ni­vå­et snak­kar Shir­ky mest til nærings­li­vet, og for­di ingen i den bran­sjen for­tel gode idé­ar til sine kon­kur­ren­tar drei­er det seg mest om å bli inspi­rert. Det­te vart bekref­ta i Ber­gen: På Twit­ter skriv @emodal: «Er inspi­rert etter møte med Clay Shir­ky og and­re digi­tal­folk på #nmds­hir­ky i Ber­gen i går». Ei anna for­mu­le­ring av inspi­ra­sjon kjem frå @herdis: «Noko av det bes­te med #nmds­hir­ky var å få stad­fes­ta at det vi job­bar med til dag­leg, er rett. Samt få puste­pro­blem for­di end­ring has­tar». Shir­kys jobb er lik­som å få oss alle til å føla at me no for­står inter­nett betre på godt og vondt, og dra heim med ny ener­gi.

Men McLu­han had­de gode poeng på tross av sin cor­po­rate guru-pro­fil, og kan hen­de er det meir enn ein grunn til at dusin­vis av nors­ke bran­sje­folk flyr eins ærend frå Oslo til Ber­gen for å høyra på Shir­ky. What if he is right?

Lause politiske offentlegheiter

Den ara­bis­ke vår­en og Occupy Wall Stre­et er to feno­men som er ver­ke­leg impo­ne­ran­de å føl­gja med på, for dei har så sterk poli­tisk kraft i seg. Sosia­le medi­er vert gje­ve mykje av æra for dei­ra gjen­nom­slags­kraft, og Clay Shir­ky er i front inter­na­sjo­nalt når det gjeld ana­ly­sen. ”Do digi­tal tools enhan­ce democracy?”, spør han. Blir det meir kol­lek­tiv hand­ling, og blir det poli­tis­ke livet betre enn før des­se verke­mid­la var opp­fun­ne?

Han for­mu­le­rer ei fin lov­mes­sig­heit:

As the com­mu­ni­ca­tions lands­cape gets den­ser, more com­plex, and more par­ti­ci­pa­tory, the networ­ked popu­la­tion is gai­ning grea­ter access to infor­ma­tion, more opport­u­nities to enga­ge in pub­lic speech, and an enhan­ced abi­li­ty to under­ta­ke col­lecti­ve action. These increased free­doms can help loo­se­ly coor­di­nated pub­lics demand chan­ge.

Og hen­din­ga­ne det sis­te året ber preg av å vera laust koor­di­ner­te offent­leg­hei­ter. Både Face­bo­ok-mobi­li­se­rin­ga på Tahrir-plas­sen og Occupy Wall Stre­et fram­står som glim­ran­de eksem­pel på kva som kan skje iføl­gje Shir­kys ana­ly­se, og han for­mu­ler­te ana­ly­sen før nokon av des­se hen­din­ga­ne skjed­de. Her synest eg Shir­ky er god.

Shir­ky sei­er at sosia­le medi­er ska­par ”ridi­cu­lous­ly easy group-for­ming”. Eit enga­sje­ran­de tema kan mobi­li­se­ra hundre­tu­sen­vis av men­nes­ke sjølv om dei ikkje er på same stad, og dei kan utføra ei kol­lek­tiv hand­ling på kort var­sel, gjer­ne i løpet av minut­tar og timar etter den fyrs­te mel­din­ga. Det­te er flash­mob i stor ska­la. Orga­ni­sa­sjons­ap­pa­ra­tet ligg klart frå før, og hei­ter Face­bo­ok eller Twit­ter.

Det er inter­es­sant å saman­lik­na Tahrir i Egypt med 22. juli i Nor­ge. Er det noko i Shir­kys ana­ly­se som gjeld for beg­ge to? Des­se hen­din­ga­ne føre­gjekk jo i to svært for­skjel­li­ge poli­tis­ke kul­tu­rar, og var også svært for­skjel­li­ge i sine poli­tis­ke impli­ka­sjo­nar. I Egypt drei­de det seg om eit under­trykt rase­ri over urett­fer­dig­heit og kor­rup­sjon, og det vart mobi­li­sert til pro­test gjen­nom sosia­le medi­er. I Noreg drei­de det seg om ei plut­se­leg over­vel­dan­de ter­ror­hand­ling som skap­te sjokk, avsky, sorg og hat, og alle nyan­sar vert dis­ku­tert gjen­nom sosia­le medi­er. I Noreg fekk den lau­se poli­tis­ke offent­leg­hei­ta ein reint tera­peu­tisk funk­sjon, og det­te gjer den reak­tiv i mot­set­ning til Egypts akti­ve mobi­li­se­ring. Eg synest ikkje Shir­ky sin ana­ly­se er nyan­sert nok til å fan­ga opp den­ne typen nasjo­na­le og kul­tu­rel­le for­skjel­lar.

Episodiske fellesskap

På fram­sida av Here Comes Eve­rybody (2008) står det føl­gjan­de: ”Revo­lu­tion doesn’t hap­pen when socie­ty adopts new tech­no­lo­gy, it hap­pens when socie­ty adopts new beha­viors”. Her posi­sjo­ne­rer Shir­ky seg som sosio­log, og ikkje som tek­no-geek slik man­ge and­re guru­ar gjer. Under fore­dra­get i Grieg­hal­len sa han: «We over­es­ti­mated the impor­tan­ce of access to infor­ma­tion, and under­es­ti­mated the impor­tan­ce of access to each other» (sitert frå @benteka).

Shir­ky ser­ver­te man­ge teo­re­tis­ke afo­ris­mar, og ein av dei føl­test som ei god opp­sum­me­ring av hans sosia­le teori. «Lar­ge crowds don’t self-mode­ra­te well». Jo stør­re antal men­nes­ke som skal utføra kol­lek­ti­ve hand­lin­gar, jo vans­ke­le­ga­re er det å orga­ni­se­ra dei. Slag­kraf­tig kol­lek­tiv hand­ling vert nes­ten all­tid utført av regje­ring, stat­le­ge insti­tu­sjo­nar og tun­ge nærings­livs­ak­tø­r­ar. Men på grunn av dei sosia­le medie­ne er det ikkje len­ger noko pro­blem for nye aktø­r­ar å koor­di­ne­ra hand­lin­ga­ne til man­ge men­nes­ke.

I sosia­le medi­er vert det hei­le tida skapt nye tol­kings­fel­les­skap. Der­som du føl­gjer ein viss hasj­tag eller ein venne­krets på Face­bo­ok, så har du eit ram­me­verk for å for­stå og tol­ka ver­ke­leg­hei­ta. Det er ei epi­so­disk offent­leg­heit som gjev deg ein ny trygg­leik.

Lat meg ta twit­rin­ga på hasj­ta­gen #nmds­hir­ky som eksem­pel. Den føre­gjekk hovud­sak­leg på smart­te­le­fon mens folk var i Grieg­hal­len, og på byens ute­sta­der. Eg var sjølv aktiv på Twit­ter under fore­dra­get. Fro­de Bjerke­strand i BT skriv: «En stund var det nes­ten ufri­vil­lig komisk i Peer Gynt-salen. Man­ge del­ta­ke­re så ut som om de var mer opp­tatt av å tvit­re om fore­dra­get, enn fak­tisk å absor­be­re alt som ble sagt. Tref­fen­de nok er den­ne multi­ta­s­kin­gen et pre­sist eksem­pel på Clay Shir­kys argu­men­ter om medie­bruk og sam­hand­ling».

Eg trur det ligg noko her som er meir sub­stan­si­elt enn årets fer­dig­hei­ter i multi­ta­s­king. Då eg sat der og tryk­te på touch­scre­en­en min var eg med på å laga ei lita offent­leg­heit som var­te i ca. to dagar, men som gav del­ta­ka­ra­ne ei svært pre­sis nyt­te og inn­sikt (og snikk­snakk). Sli­ke epi­so­dis­ke offent­leg­hei­ter har utford­ra sen­tra­le insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net sidan 1990-talet, og det er ingen­ting som tyder på at dei er kome under kon­troll. På fore­dra­get sa Shir­ky: «It is less mana­ge­ment and more cul­tu­re that now deter­mi­nes what hap­pens in the media». Det­te er ein høf­leg måte å seia at alt er kom­plett kaos.

Kven får overskotet?

Tol­kings­ar­bei­det i sosia­le medi­er ska­par eit kog­ni­tivt over­skot. For kva er det folk gjer når dei twit­rar og skriv og foto­gra­fe­rer? Dei akku­mu­le­rer ein enorm kul­tu­rell time­inn­sats som i prin­sip­pet kan bru­kast til alt moge­leg. Shir­ky bru­kar eksem­pe­let med Wiki­pe­dia ver­sus fjern­syn (sjå Øvre­bø 2008, Hoem 2011, Wie­se 2011). Det trengst ber­re ein brøk­del av tida ame­ri­ka­na­ra­ne bru­kar på TV for å få skri­ve hei­le Wiki­pe­dia, og jo meir av folks inter­es­ser som går i ret­ning av tol­king og skri­ving, jo stør­re vil over­sko­tet bli. Shir­ky snak­kar om folks tol­kings­ar­beid; ein res­surs som har uen­de­leg stort poten­sia­le der­som folk er vil­ju­ge til å end­ra måten dei bru­kar tida si på.

Og her har Shir­ky eit sne­dig poeng. Eit slikt over­skot finst ber­re ei kort stund etter at eit nytt medi­um er opp­fun­ne: «If peop­le knew what to do with a sur­plus with refe­ren­ce to the exis­ting soci­al insti­tu­tions, then it wouldn’t be a sur­plus, would it?” I den­ne fasen er det eigent­leg ingen som har anel­se om kor­leis over­sko­tet skal utnyt­tast, og folk byr­jar å eks­pe­ri­men­te­ra med kor­leis dei kan inte­gre­ra det i kvar­dags­li­vet. I den pro­ses­sen kan sam­fun­net ver­ta end­ra, sær­leg der­som det finst radi­ka­le kon­struk­tø­r­ar som pres­sar mulig­hei­ta­ne til det ytters­te.

Her i Noreg følest det ikkje som dei sosia­le medie­ne er i ferd med å ska­pa revo­lu­sjon. Arbei­det med å pro­fi­te­ra på det nye kol­lek­ti­ve tol­kings­ar­bei­det er for­ut­sig­bart, ikkje minst i medie­bran­sjen. Folks fri­vil­li­ge arbeids­kraft må bru­kast til å spa­ra løns­mid­lar i bedrif­te­ne. @vampus: «VG had­de god utnyt­tel­se av kog­ni­tivt over­skudd da de lot leser­ne fyl­le ut info om lokal­po­li­ti­ke­re etter kom­mune­val­get 2007». Kudos til VG, lik­som.

Inna­for det indi­vi­dua­lis­tis­ke moral­sy­net som rår i bran­sjen er natur­leg å pro­mo­te­ra seg sjølv og and­re, gjer­ne i ei litt uskul­dig og kame­rats­leg form. Under fore­dra­get twitra @bergenmediarena at «Om noen på #NMDS­hir­ky-arran­ge­men­tet vil rekrut­te­re unge smar­te medie­ho­der bør de føl­ge @KommVolda. Bra med enga­sjer­te stu­den­ter!» Her hand­lar det om suk­sess og atter suk­sess.

Både i Ame­ri­ka og Noreg er det utan tvil mark­na­den som kjem til å stik­ka av med over­sko­tet. Men er det bra at ver­ke­leg­hei­ta er slik? Ten­kjer Shir­ky på dét spørs­må­let? Hjå Shir­ky drei­er det seg om effek­ti­vi­tet og rasjo­na­li­tet, for han snak­kar til medie­bran­sjen. Goog­le og Face­bo­ok har blitt gigan­tis­ke kom­mer­si­el­le fore­tak utan genuin sosi­al omtan­ke for befolk­nin­ga, og når Shir­ky ana­ly­se­rer befolk­nin­ga så ten­kjer han i same stem­nings­leie som dei sto­re bedrif­te­ne.

Shir­ky pas­sar per­fekt inn i si tid. Ikkje ber­re spinn han medie­ne slik at han tener mest moge­leg pen­gar, han for­tel folk noko som gjer at dei bøy­er nak­ken og går ut att i ver­ke­leg­hei­ta med for­nya styr­ke til å dri­va busi­nes­sen vida­re. Det drei­er seg ikkje om å dyr­ka eit best moge­leg sosi­alt liv mel­lom men­nes­ke, men om å skjø­na meka­nis­ma­ne for det sosia­le livet best moge­leg.

Lit­te­ra­tur og len­ker
Grøn­dahl, Carl Chris­ti­an (2011): ”Clay Shir­ky #NMDS­hir­ky”, 27. okto­ber 2011.
Kals­nes, Ben­te (2011): «10 ting du bør vite om Clay Shir­ky», 26. okto­ber 2011.
Nyre, Lars (2011): «Nei, det er ikkje ein Face­bo­ok­re­vo­lu­sjon», 4. mars 2011.
Nyre, Lars (2011): ”Poli­tisk kri­tikk av sosia­le medi­er”, 8. april 2011.
Shir­ky, Clay (2008): Here Comes Eve­rybody. The Power of Orga­ni­zing Wit­hout Orga­niza­tions. New York: Pen­guin.
Shir­ky, Clay (2010): Cog­ni­ti­ve Sur­plus. Crea­ti­vity and Geno­ri­sity in a Con­nected Age. New York: Pen­guin.
Shir­ky, Clay (2011): ”The poli­ti­cal power of soci­al media. Tech­no­lo­gy, the pub­lic sphe­re, and poli­ti­cal chan­ge”, i For­eign Affairs 90(1).

TEMA

S

osiale
medier

50 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. […] Lars Nyre, UiB sitt Clay Shir­ky på godt og vondt. […]

til toppen