Dei hevdar å representere noko nytt, ein “fjerde veg” vekk frå gamle politiske kategoriar. Dei står for eit nytt verdssyn, ein ny kultur og ei politisk rørsle som både avviser den gamle ordenen med globalisering og røverkapitalisme, samstundes som dei tek vare på dei beste ideane og verdiane den vestlege sivilisasjonen har skapt. Dei meiner å vere Europa si redning.
Identitarismen starta i Frankrike under namnet Bloc Identitaire, og seinare i den langt meir aktive ungdomsorganisasjonen Génération Identitaire. Dei har erklært krig mot 68-arane, noko som vert uttrykt i klartekst i det austerrikske manifestet Génération Identitaire av Markus Willinger og den populære franske videoen Génération Identitaire – A Declaration of War From the Youth of France. Og det er lett å forstå kvifor. Manifestet og videoen rekkjer ein fordømmande peikefinger mot styresmaktene og kultureliten i Europa for å ha oversett behova til folket, og anklager dei for å ha forrådt europeiske og nasjonale verdiar for å leggje til rette for storkapitalen og masseinnvandring. Det er litt som å henge i kommentarfeltet til Facebook-sida til enkelte Frp-politikarar, berre meir velformulert og reflektert retorikk, og antikapitalistisk.
Den førnemnte krigserklæringsvideoen etterlet liten tvil [forf. omsetjing]:
Vi er Generasjon identitær (den identitære generasjon)
Vi er generasjonen som vert drepen for å sjå på feil person, for å nekte nokon ein sigarett eller ha ei “haldning” som irriterer nokon.
Vi er generasjonen av etnisk splintring, av sameksistensens fullstendige kollaps og tvungen raseblanding.
Vi er generasjonen som er dobbelt straffa:
Dømd til å betale for eit sosialt system som er så generøst mot framande at det ikkje lenger kan bere vårt folk.
Vår generasjon er ofra til 68-arane som ville frigjere seg frå tradisjon, kunnskap og autoritet i utdanning.
Vi forkastar dykkar historiebøker for å forme våre minner på ny.
Vi trur ikkje lenger at “Khader” nokon gong kunne bli vår broder, vi har stogga å tru på den “globale landsbyen” og “menneskefamilien”.
Vi har oppdaga at vi har røter, ei arv og difor ei framtid.
Vår arv er vårt land, vårt blod, vår identitet.
Vi er arvingane av vår eiga framtid.
Vi skrudde av fjernsynet for å marsjere i gatene.
Vi malte slagord på veggane, og ropte gjennom høgtalarane etter “ungdom i makt” og lòt våre Lambda-faner fly høgt.
Lambdaen, malt på stolte Spartanarars skjold, er vårt symbol.
Forstår du ikkje kva dette tyder?
Vi vil ikkje rykkje attende, vi vil ikkje gje etter.
Vi er lei og trøytt på dykkar feigheit.
Dykk kjem frå åra av etterkrigsoppgang, pensjonsfordelar, SOS rasisme, “mangfald”, seksuell frigjering og ein sekk med ris frå Bernard Kouchner.
Vi er 25 prosent arbeidsløyse, sosial gjeld, multikulturelt kollaps og ein eksplosjon av anti-kvit rasisme.
Vi er knuste familiar, og unge franske soldatar som døyr i Afghanistan.
Du kjøper oss ikkje med eit nedlatande blikk, ein elendig jobb i det offentlege og ein klapp på skuldra.
Vi treng ikkje dykkar ungdomspolitikk.
Ungdom ER vår politikk.
Tru ikkje at dette er eit ringe manifest.
Dette er ei krigserklæring.
De er av gårsdagen, vi er av morgondagen.
Vi er Génération Identitaire.
I Markus Willinger si krigserklæring kan vi høyre ekkoet av klagesongen frå ytre høgre; “Dei har forderva flagga våre, knust våre grenser, og vridd på sjølve namnet åt ting. Med dei [68-arane. Forf. merknad] er heimlandet ikkje lenger landet av eins fedre! Det er ein tåkete idé, ein abstraksjon, ein konstruksjon.” Vidare skriv han at eit folks identitet er biologisk, og at det er denne som gjer alle folk uerstattelege: “Eit folks identitet, minne og “prosjektar” kjem frå eit særskilt nedarva utgangspunkt.” Willinger sin påstand er at 68-arane (det andre vil kalle kulturmarxistar) har opna dørene for masseinnvandring av framande folk, og at Europa etter tusenar av år med stolt historie no står for fall. Ikkje fordi dei framande er sterkare, men fordi vi er for redde for å frykte. Vi er indoktrinert og kua av 68-arane, og frykter å verte omtala som rasistar, og gjev etter for anti-europeisk rasisme i staden. “68-arane sin ideologi har infisert Europa. Det er ein sjukdom som vil drepe oss, om vi ikkje finn ein kur.”
Desse utdraga illustrerer kva desse identitære ønskjer. Det vanlege omkvedet om at dei er “etnopluralistar” og berre opptatt av å verne om kulturell eigenart let falskt. Deira kamp er ikkje ein for å utjamne sosiale eller økonomiske ulikskaper, eller for å styrke rettvisa i samfunnet, men for å reinske landet, nasjonen, kulturen og rasen for framand påverknad, anten det no er “kulturmarxistar” eller innvandrarar frå andre delar av verda. Dei opplev desse kreftene som ein trugsel mot sin etniske eigenart. Mot blod og jord.
Om det er noko som skil dei frå klassisk fascisme, så er det nett fokuset på etnisitet og biologisk opphav. Fascismen i sin opphavelege italienske form var ikkje rasistisk på same vis som nasjonalsosialismen. Men medan fleire av medlemmane av det identitære miljøet har bakgrunn frå nynazistiske miljø, er det lettare å spore tankegodset via tenkjarar ein vanlegvis omtalar som fascistiske.
Den fascistiske arva
Fascismen er ikkje ein enkel ideologi å oppsummere, det er difor heller ikkje openbert korleis identitarismen passar inn. Ein gøymer seg gjerne bak idear som etnopluralisme og før-fascistiske filosofar. Det er likevel framleis mogleg å spore identitarismen til fire hovudinspirasjonar, ifølgje det identitære oppslagsverket Metapedia:
1. Det nye høgre, eller Nouvelle Droite, ei nytenking av høgreradikalismen ført an av Alain de Benoist og hans forskingsgruppe Groupement de recherche et d’études pour la civilisation européenne eller GRECE.
2. Tradisjonalismen, ein filosofi inspirert av franske René Guénon og hans tilhengjarar, som søkte den opphavelege religion, filosofi og tradisjon. Tradisjonalismen har fleire variantar, inkludert ein mystisk-religiøs, vitskapleg (samanliknande religionsvitskap) og ein politisk, òg kjend som radikal tradisjonalisme. Den politiske tradisjonalismen er nær knytt til fascismen gjennom sin opphavsmann Julius Evola som ikkje berre tenestegjorde for Mussolini, men og for SS under krigen, og som var inspirasjonskjelda til mykje av den fascistiske terroren i Italia i etterkrigstida.
3. Arkeofuturismen til Guillaume Faye, som er ein kombinasjon av tradisjonalismens arkaisme og fortidsnostalgi med futurisme og omfamning av moderne teknologi. Futurismen er som kjend fascismens føretrekte kunstform.
4. Metapolitikk, etter kommunisten Antonio Gramsci sine idear om korleis ein vinn hegemonisk og politisk makt ved først og fremst å endre kulturen. Ein vinn ikkje i politikken ved å kjempe politisk, men å endre den kulturelle premissen for politikken. Metapolitikk inneber å jobbe gjennom kulturinstitusjonar og dra dei i ei retning som ein finn ønskjeleg.
Dette er med andre ord eit medvite prosjekt for å omdanne fascismen. Bloc Identitaire og seinare Génération Identitaire springer direkte utifrå Nouvelle Droite og GRECE i Frankrike. Andre miljø på ytre høgre har latt seg inspirere ikkje berre av retorikken, men av hamskiftet.
Den fjerde veg
Ved sida av Alain de Benoist og Julius Evola er det få namn som vert nemnt så ofte som Alexandr Dugin, russisk fascist og akademikar som nyleg vart sagt opp frå universitetet i Moskva. Han har lang fartstid på ytre høgre, og var medlem av fascistiske miljø allereie før Sovjet fall. Gjennom nittitalet og 2000-talet var han aktiv i fleire ulike miljø, og sentral for nasjonalbolsjevikane og seinare det nyeurasiatiske miljøet. Kor stor påverknad han har hatt på Kreml er uvisst, men han har bygd seg eit rykte som ideolog og geopolitisk analytikar. Mykje av russisk politikk i seinare år har spegla Dugin sine forslag om å vende attende til Russlands autoritære og religiøse arv, samt å ekspandere mot Ukraina.
I The Fourth Political Theory legg han fram sin nyaste versjon av sin ideologi. Boka er utgjeven på engelsk av det identitære forlaget Arktos, og prøver å forklare kvifor desse nye tankane ikkje berre står i kontrast til liberalisme, kapitalisme og sosialisme, men òg fascisme. Noko den ikkje gjer så overtydande. Dugin hevdar at ideen om den fjerde politiske teorien vart fødd i eit møte mellom han og Alain de Benoist i Russland, men så langt har ikkje omgrepet slått an utanfor identitære kretsar. Og Dugin ser ut til å slå betre an i utlandet enn heime i Russland – hjå dei identitære.
Lik klassisk fascisme har identitarismen fleire møtepunkt med ytre venstre
I sitt forfattarskap utviklar Dugin sine eurasiatiske idear, der Austen skal fungere som motpol mot den atlantiske sivilisasjonen – det vil seie dei liberale demokratia i Vest-Europa og Amerika. Den føreslåtte eurasiatiske alliansen vil bestå av land som omfamnar tradisjonelle styresett, og avfeiar liberalismen, som Iran, Kina og Syria. Gjerne ispedd litt ortodokse og tradisjonalistiske religiøse forestillinger. Russiske anti-homo-lover passer veldig godt inn i sistnemnte.
Allierte på venstresida
Via Dugin og Russland har identitarismen opna dørene til å rekruttere fråfalne venstreradikalarar som har anti-amerikanisme og anti-israelisme som leietrådar. Fascismen vart definert av kommunisten Georgi Dimitrov som eit uttrykk for den reaksjonære kapitalismen og imperialismen. Marxismen ser fascismen for å vere kapitalismen, imperialismen og borgarskapen som synar sitt sanne andlet når dei vert pressa. Ei revolusjonær anti-kapitalistisk rørsle, med appell til arbeidarklasse, som det fascismen eigentleg er og alltid har vore, vert difor ikkje kjend att som fascistisk av dei gamle dogmatikarane på venstresida. Og slik verkar sjølv identitarismen som eit mogleg svar på spørsmåla som har plaga den radikale venstresida etter kommunismens fall, ein motpol til liberalisme og kapitalisme, og ein plattform for ein slags identitet i nasjonen og folket.
Om artikkelen
Denne artikkelen er ein nedkorta versjon av “Fascismens unge andlet”, publisert i Samtiden 4/15. Material er òg henta frå bokessayet “Identitærane kjem!” i Humanist 3/14. For å lese om eit beslekta italiensk alternativ tilrådast “The New Fascists” publisert via Hate Speech International om italienske nyfascistar i CasaPound Italia som har inspirert fleire identitære.
Denne type lefling med det identitære og fascisme finn vi blant ein del kjende tidlegare AKP/Raudt-medlemmar som samlar seg på Facebook (desse er gjerne ekskluderte eller utmelde over “jødespørsmålet”, m.a.o antisemittisme). Dei har funne seg ein alliert i kampen mot vestleg imperialisme og «jødemakta» representert av Israel. I Facebook-gruppa “Vi som bryr oss om avisa Klassekampen”, er referansar til Dugin og støtte til Putins Russland ikkje sjeldan kost. Steget til å støtte opp om det identitære prosjekt er heller ikkje langt, om ein ikkje kjenner att fascismen som eit revolusjonært anti-kapitalistisk fenomen.
Men lik klassisk fascisme har identitarismen fleire møtepunkt med ytre venstre, ikkje berre i kraft av å vere revolusjonær og anti-kapitalistisk, men òg i sin valte strategi og fokus på identitet. Gramsciansk metapolitikk overlappar med evoliansk apoliteia — ein trekk seg unna normalpolitikken, til fordel for å jobbe kulturelt. I staden for å endre politikken, endrar ein premissen politikken vert drøfta på. Ein jobbar seg sakte, men sikkert, gjennom institusjonane og ervervar påverkingskraft på dette viset. Dei identitære vender 68-arane sin strategi imot dei. Anklager om fascistiske sympatiar kan snøgt avfeiast med at ein er ikkje politisk, ein har berre interesse for europeisk kultur.
Ytre venstreside har lenge hegna om identitetspolitikk. Politikk driven fram av særinteressene til undertrykte grupper som homofile, kvinner, ikkje-europearar og liknande. Motivet er å styrke desse gruppene og jamstelle dei med resten av samfunnet, og ein gjer det gjennom å krevje særskilte retter som skal bidra til dette. Her ligg det diverre eit problem. Det er lett å sympatisere med minoritetar som kjemper for like rettar, men kva om desse rettane dei vil ha utelukker andre sine rettar?
Og korleis skal ein skilje mellom denne identitetspolitikken og den politikken som vert ført av Ku Klux Klan og andre “white pride” og rasistiske, høgreekstreme organisasjonar? Intuisjonen fortel oss jo at dette er noko heilt anna fordi vi veit kvar denne type politikk ender opp, men korleis skal ein forklare det intellektuelt?
I Skandinavia har identitarismen hovudsakleg slått rot på ytste høgrefløy i Sverige
Det er dette problemet dei identitære utnyttar i dag når dei presenterer sin etnosjåvinisme og nasjonalisme som identitetspolitikk. Deira identitet er den (kultur)kristne europear, nominelt kvit (frå papirfarga til oliven). Dei er ikkje rasistar, seier dei, men dei vil kjempe for sin kultur og identitet, heller enn andre sin. Med andre meinast her jødar, muslimar og folk med fleire pigmenter i huden enn det som ein reknar som europeisk. Som med alle nasjonalistar, så er det sjølvsagt eit fokus på den identitære sin eigen kultur og etnisitet som står sentralt. Dei har oppdaga sine røter, seier dei, og dei er europeiske, dei er franske, tyske, russiske, nederlandske og så bortetter. Dei føler at foreldregenerasjonen har frårøva dei deira rettmessige band til fortida og forfedrane deira, og slik til deira identitet. Dei søkjer difor å opprette gamle band til blod og jord.
Dei identitære er ikkje minst opptatt av å opplyse om den urett som vert gjort mot europearar, såkalla anti-kvit rasisme som dei meiner råkar dei. Dei meiner at deira interesser vert satt til side til fordel for andre ikkje-europeiske interesser, og at dette ikkje berre er diskriminering, men rasisme og at det er eit resultat av ein hovudlaus kulturrelativisme satt ut i liv av 68-arane og tilhengjarane av Frankfurterskulen.
Nordisk identitet
I Skandinavia har identitarismen hovudsakleg slått rot på ytste høgrefløy i Sverige, der mellom anna Nordiska förbundet og seinare SDU har vore påverka av tankegodset. Nordiska förbundet var ein rein naziorganisasjon som prøvde å finne legitimitet i ein rebranding som identitær organisasjon. Dei hadde mange avleggjarar som Nordiska festivalen, Nordiska förlaget (vart starta nokre år før i 2001, og gjekk inn i forbundet) og, ikkje minst, den tradisjonalistiske bloggportalen, og no identitær tenkjetank, Motpol. Då organisasjonen vart nedlagt i 2010, hadde dei klart å etablere tradisjonalismen og identitarismen som relevante omgrep for nordiske nyfascistar. Nordiska festivalen, som hadde gitt scene til David Duke og andre kjende nazistar, vart avløyst av Identitär ide, der mellom anna Alexandr Dugin har talt. Nordiska förlaget gjekk inn i det danske tradisjonalistiske forlaget Integral Tradition Publishing og heiter no Arktos, som har gjeve ut fleire identitære tekstar, deriblant Génération Identitaire av Markus Willinger. Nyleg vart ungdomsfylkinga til Sverigedemokraterna, SDU, skilt frå moderpartiet på grunn av identitære sympatiar. Dei har tidlegare produsert ein eigen svensk versjon, Salute to the European Youth, av Génération Identitaire si krigserklæring.
Når dei identitære erklærer krig mot 68-arane, er det fordi det finnes ei grobotn for det
I Noreg har miljøet vore lite. Eit forsøk på å etablere sida Identitær Bergen på Facebook klarte aldri å vekke noko særleg engasjement. Mest aktivitet finn ein rundt tidsskriftet KultOrg og organisasjonen med same namn — eller Kulturorgan Skadinaujo. Organisasjonen spring ut frå miljøet i den nedlagte nazistiske organisasjonen Allgermanische Heidnische Front eller Hedensk front grunnlagd av “Greven” Varg Vikernes. KultOrg har alltid hatt ein klar tradisjonalistisk profil, med vektlegging av skandinavisk kultur, natur og historie. Dei tradisjonalistiske og seinare identitære elementa er krydra inn her og der. Tidsskriftet får selskap av høgnorsktidsskriftet Målmannen som i tillegg til språk- og kulturstoff, har lagt seg på det dei vil kalle ei “nasjonalsinna” linje. Nettmagasinet Kulturverk har ein vid profil, som i tillegg til lange artiklar om kultur, motkultur, historie og djupøkologi serverar omsetjingar av Dugin og anna tradisjonalistisk og identitært stoff. Desse sistnemnte reagerer ofte kraftig på å verte satt i samband med identitarismen.
Avvising av demokratiet
Der identitarismen har hatt høve til å vekse seg langt større enn her heime, har vi sett korleis dei identitære kan gjennomføre store aksjonar som presser innvandrarar ut av det offentlege rom. Identitære etablerer ein nasjonalsjåvinistisk identitet som knytt herkomst til stad, blod til jord. Dei fornektar kanskje å vere rasistiske, men etterlet ingen tvil om kven som høyrer heime “her” på “vår jord og vårt land”. Det er ditt blod og din etnisitet som avgjer kven du er og kvar du høyrer heime. Dei som skil seg ut i ein slik samanheng er framandelement som må skiljast ut og i beste fall deporterast.
Det speler ingen rolle i ei slik samanheng om du snakkar om kultur, etnisitet eller rase. Rasismen var kanskje ikkje ein sentral bestanddel i klassisk italiensk fascisme, men har med tida blitt ein sentral del av nasjonstanken som dominerer i ulike nyfascistiske retningar. Slik òg i identitarismen, trass protestar mot dette. Gjennom Putins politikk ser vi denne nasjonalsjåvinismen, og søken etter fortida og eit historisk Stor-Russland har ført til ei avvising av det liberale demokratiet og aggressiv ekspansjon inn i nabolanda. Her speler ein sterkt på identitetspolitikk, og på russiske minoritetars kjensle av å vere i ein utanforskap eller forfølgd av majoriteten av Ukraina og andre land som med tida er tenkt innlemma i Stor-Russland.
Dagens ungdom fryktar dei ikkje vil kunne nyte dei same godane som foreldregenerasjonen nyter godt av. Når dei identitære erklærer krig mot 68-arane, er det fordi det finnes ei grobotn for det. Dei avviser demokratiske prosessar til fordel for aksjonisme og metapolitikk. Dette appellerer til ein desillusjonert generasjon som ser aukande arbeidsløyse, innvandring, gjeldskriser og forfall av sosiale tenester i ein samanheng, og som ser at dei demokratisk valte leiarane er lamma og ute av stand til å gjere noko. For dei er identitarismen eit alternativ til oppsmuldrande kulturell identitet og impotent demokrati:
“Vi hevdar at folket kan gjere tusen gonger betre vurderingar i avgjerande saker enn dine valte representantar som lever i ideologiske bobler.” (Markus Willinger)
Omtalt litteratur
Willinger, Markus (2014): Génération Identitaire. Arktos.
Dugin, Alexandr (2012): The Fourth Political Theory. Arktos.
Hildyard, Nicholas (1999): “Blood” and “Culture” — Ethnic Conflict and the Autoritarian Right”. CornerHouse Briefing 11.
***
Moterett meiningskontroll
Under titelen “Moteriktig fascisme” kjem Kristian Bjørkelo med eit innlegg i UiB-tidskriftet Vox Publica. Innlegget vert presentert som ein “nedkorta versjon av «Fascismens unge andlet», publisert i Samtiden 4/15”. Det er det ikkje: Det er ein umarbeidd versjon av det upphavlege Samtiden-stykkjet — der so godt som alt det eg kritiserte i mitt refuserte tilsvar er vorte stroke eller umformulert. Slik demonstrerar Bjørkelo at han ikkje er interessert i debatt og samstundes syner han ufriviljugt at han faktisk hev vore nøydd å taka kritikken min seriøst. Det refuserte tilsvaret hev no vorte prenta i Målmannen nr 1 2016 under titelen “Tal no eller tei for alltid, Bjørkelo”.
Bjørkelo hermar frå den identitære krigslysingi, der dei identitære hevdar at “Nous sommes la génération de la fracture ethnique, de la faillite totale du vivre-ensemble, du métissage imposé.” Dette kann umsetjast med at “Me er ættleden av etnisk uppkløyving, det mislukka mangkulturelle samfundet og den påprakka uppblandingi”. Bjørkelo vel derimot å umsetja det til at “Vi er generasjonen av etnisk splintring, av sameksistensens fullstendige kollaps og tvungen raseblanding”.
“Métissage imposé”: Dei identitære konstaterar eit faktum
Det franske ordet “métissage” tyder faktisk ikkje noko anna enn uppblanding, men Bjørkelo vel å umsetja det til “raseblanding” — med alle dei assosiasjonane til nazismen som dette fører med seg. I framhaldet av resonnementet so meinte han i Samtiden at dei identitære med dette ordvalet var avslørte, og at dei stod for “reinspikka rasisme” og “rasehygiene” — men dette hev han altso stroke frå den nye versjonen i Vox Publica. Vart grunnlaget for tynt, jamvel for Bjørkelo?
I røyndi gjer ikkje dei identitære anna enn å konstatera eit faktum: Mangkulturalismen hev mislukkast, men i staden for å taka lærdom av dette, so vil styresmaktene føra honom vidare med tvang. Dette hev me den franske presidenten sine eigne ord på. I ei tala på den polytekniske skulen, den 17. desember 2008, so segjer president Sarkozy ende ut at “métissage” er noko som skal tvingast igjenom:
“Kva er målsetnaden? Det kjem til å vekkja uppstuss, men målet er å løysa den utbjodingi me hev med uppblanding (métissage). Den uppblandingsutbjodingi (défi du métissage) som det 21. hundradåret gjev oss. Det er ikkje eit val, det er noko me pliktar. Det er eit imperativ. Ein kann ikkje gjera det på annan måte. Med fåre for å hamna i store problem. Me lyt endra oss, altso skal me endra oss. Me kjem til å endra oss yveralt, i private verksemder, i administrasjonane, i utdaningsstellet, i dei politiske partii. Og me skal forplikta oss på at det skal gjeva resultat. Um den republikanske voluntarismen ikkje fungerar, so er det naudsynt at republikken gjeng vidare med meir tvingande metodar.”
Um det verkelegt er slik at det er “tvungen raseblanding” som Sarkozy her tek til ords for — både i private verksemder, i administrasjonane, i utdaningsstellet og dei politiske partii — er ikkje dette noko som ein hev lov til å problematisera utan å verta mistenkjeleggjord for å vilja driva med “rasehygiene”?
Kor som er: I staden for å spinna vidare på sitatfusket sitt um “tvungen raseblanding”, slik Bjørkelo gjorde i Samtiden, so polemiserar Bjørkelo denne gongen mot den identitære tenkjaren Markus Willinger. Willinger er tydeleg på at han meiner nasjonen hev ein biologisk komponent, ikkje berre ein reint kulturell. Dette gjer at dei identitære ikkje berre er fascistar, men jamvel knyter seg upp mot reint nazistisk tankegods, vil Bjørkelo ha det til no.
Etnonasjonalisme er ikkje nazisme
At nasjonen hev ein biologisk substans er ikkje nazistisk, det er snarare fyrestellingar som gjeng heilt attende til dei fyrste nasjonalstatane på 1700- og 1800-talet. Nasjon kjem frå “naissance”, fødsel, det er eit hopehav ein er fødd inn i. Nett som familien so hev nasjonen eit biologisk utgangspunkt: Adopsjon og innvandring hev vore undantaki som stadfester regelen, men i dag er uppkløyvde familiar og masseinnvandring med på å knusa desse tradisjonelle strukturane.
At nasjonen hev ein biologisk substans, det er sjølve grunnlaget for den demokratiske nasjonalismen der suvereniteten gjeng ut frå folket og ikkje ut frå styresmaktene. Når den prøyssiske kongen, Fredrik IV, i 1849 nekta å taka imot tilbodet frå Frankfurter-parlamentet um å verta konge i eit samla Tyskland, so var det med nett denne grunngjevingi. Han vilde ikkje “plukka upp ei kruna frå rennesteinen”, som han formulerte det.
Den republikanske, franske nasjonalismen vert gjerne sett upp som motstykkjet til den romantiske, tyske nasjonalismen, men då er det verdt å merka seg korleis “Marseillasen” rått og brutalt vert avslutta med “Qu’un sang impur abreuve nos sillons” (“Måtte eit ureint blod vatna åkrane våre”. Med “ureint blod” meinte dei franske revolusjonære i dette høvet ein utanlandsk monark)…
I motsetnad til dei identitære, so finst det andre som heilt eksplisitt hev tala um rase. Den 5. mars 1959, so sagde ein viss Charles de Gaulle dette:
“Det er framifrå at det finst gule franskmenner, svarte franskmenner, brune franskmenner. Det syner at Frankrike er ope for alle rasar og at det svarar til eitkvart universelt. Men det er på vilkår at dei vert verande ein liten minoritet. Elles kjem ikkje Frankrike lenger til å vera Frankrike. Under alle umstende so er me framfor alt eit europeisk folk som er runne or den kvite rasen, or gresk og latinsk kultur og or kristeleg religion.”
Dette er ordi åt den franskmannen som leidde dei frie franske styrkane og som frigjorde Frankrike frå den nazismen og fascismen som Bjørkelo vil knyta dei identitære upp mot. Slik sett so er det tankevekkjande å sjå korleis grensone for akseptable ytringar langsamt er vortne flutte. I 2016 vert ein slegen i jambreidd med nazismen dersom ein hev synsmåtar som liknar dei til leidaren for den anti-nazistiske motstandskampen under krigen…
Det identitære trikløveret i Noreg: Ein substanslaus konspirasjonsteori
På same måten som i tidlegare stykkje i Humanist (“Identitærane kjem”) og i Samtiden (“Fascismens unge andlet”), so tek Bjørkelo upp att konspirasjonsteorien sin um at det kring publikasjonane Kultorg, Målmannen og Kulturverk skal finnast eit “identitært” miljø. Bjørkelo hev fenge attendevisande tilsvar kvar einaste gong han hev komme med desse påstandane, og det er ingen andre enn Bjørkelo og miljøet kring Humanist som hev freista fremja denne teorien i offentlegt norskt ordskifte. No er det tid for at Bjørkelo endelegt kjem med noko substansielt som kann underbyggja påstandane. Er han ikkje i stand til det, so bør han vera ærleg og sanna at han ikkje hev grunnlag for påstandane som han freistar utbreida um andre.
Det same gjeld forresten ogso for dei kalkulert upresise og insinuerande påstandane som han kjem med um Facebook-gruppa “Vi som bryr oss om avisa Klassekampen”, ei gruppa som samlar meir enn 4000 menneske og som er vorte ein av dei mest interessante diskusjonsarenaene i dagsens Noreg.
I innlegget sitt vert Kristian Bjørkelo titulert som “stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap”. I motsetnad til underskrivne so hev Bjørkelo enno ingen retteleg vitskapleg titel frå UiB å slå i bordet med. Kor som er so spelar det mindre rolla: Styrketilhøvet millom oss i dag er slik at Bjørkelo kann nytta arbeidstidi si til å skriva um oss — medan me risikerar vårt eige arbeid av di me nyttar fritidi vår på skribentverksemd. Ei skribentverksemd som Bjørkelo og venene hans freistar stempla med nemningar som einast er eigna til å støyta folk ut i kulden, både politisk og sosialt. So lenge det er slik, so skal det like fullt få vera vårt privilegium å stå uppreiste i stormvinden frå dei moterette meiningsvaktarane.
Olav Torheim,
Redaktør for tidskriftet Målmannen og med doktorgrad i fysikk frå Universitetet i Bergen.