Aggressiv debatt om innvandringskritikk

Temperaturen var høg då Studentersamfunnet i Bergen inviterte til debatt om «Innvandringskritikk i grenseland».

Audi­to­ri­umet på Det akademiske kvarter var tors­dag 2. feb­ru­ar fylt til ran­da og mange måtte nøye seg med stå­plas­sar rundt om i lokalet.

Emnet for debat­ten skulle ifyl­gje Stu­den­ter­sam­fun­net sine heimesider vera om islamkri­tikarar som Stopp islamis­erin­gen av Norge (SIAN) og Hon­est­Think­ing har vik­tige poeng som forten­er merk­semd og debatt, eller om tankegan­gen bot­nar i fra­mand­hat. Debat­tan­ta­ne var for­mann Arne Tumyr i SIAN, kom­mu­nikasjon­sans­varlig Rune Berglund Steen i Anti­ra­sis­tisk sen­ter, jour­nal­ist Mimir Krist­jans­son i Klassekam­p­en og leiar for Demokratane i Bergen Atle Stien.

Utspel frå Tumyr som: «Muham­mad var ein sex­over­gri­par» og «Islam er ein bar­barisk og prim­i­tiv ide­olo­gi forkledd som reli­gion» sette tyde­leg kjensler i sving både hjå pan­elet og pub­likum. Inn­legg vart hyp­pig avbrotne av buing og tilrop frå salen.

— Bra at folk kjem og reagerar

Møteleiar Anna Mag­nus mein­er likev­el at debat­ten gjekk over­raskande bra.

— Me var red­de det kunne bli sirkus­lik­nande til­stan­dar, der talarane ikkje kunne bli høyrd grun­na buing. Alt i alt synes eg stemninga i salen var god. Det er bra at folk kjem og reagerar.

Full­satt sal i Stu­den­ter­sam­fun­net (foto: Jør­gen Thune Johnsen)

Det var split­ta opp­fat­ningar i pub­likum om stemninga i salen. Jøran Thengs seier det utar­ta seg slik han forventa.

— Eg tykkjer det er sunt med buing og tilrop, men eg innrøm­mer at det var ein del umodne folk i salen. Det vart lagt opp til steile frontar. Eg synes 90 pros­ent av det Tumyr seier er usak­leg, sam­stun­des vert lista lagt der av Krist­jans­son som fleire gonger kallar Tumyr for «Tumor».

Ampert og aggressivt

Veninnene Maya Sunde Singh, Åse Fadnes og Maria B. Under­dal karak­teris­er­ar stemninga under debat­ten som amper, aggres­siv og med høg temperatur.

Maya Sunde Singh, Åse Fadnes og Maria B. Under­dal tyk­te Arne Tumyr for­dum­ma debat­ten. (foto: Mar­it Mjølsneset)

— Etter mi mein­ing er det unød­vendig av pub­likum å bue og koma med ukvem­sord, men eg skjø­nar at folk vert provosert, seier Underdal.

Ken­neth, som vil vera anonym då han såg kva reak­sjonar Tumyr vart møtt med, mein­er at både debat­tan­ta­ne og tilsko­darane lat­ter­leg­gjorde og var respek­t­lause ovan­for Tumyr, og tid­vis Stien.

— Det er ein skam for Stu­den­tarsam­fun­net at dei let folk halde på slik. Vak­tene burde tatt ut bråk­makarane. Eg har vore på veldig mange debat­tar her før, men dette er det ver­ste eg har vore borti.

Ken­neth seier han trur skjell­sor­da og buin­ga mot Tumyr kan få folk til å bli nyfikne på organ­isas­jonar som SIAN og HonestThinking.

— Ein tenkjer at det er ein grunn til at alle vil kneble Tumyr, at han kan­skje er inne på noko. Sjølv om eg ikkje er einig med han i alt tykkjer eg han har mange gode poeng. Eg skal gå heim og sjekke ut SIAN meir.

Artikke­len vart først pub­lis­ert i net­tavisa Brostein.

TEMA

I

nnvandr
ingsdeb
att

7 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

4 KOMMENTARER

  1. Jeg synes det er mis­visende å kalle dette “innvan­drings­de­batt” eller “innvan­dringskri­tikk”. Artikke­len omtaler ikke innvan­dring med et ord så vidt jeg kan se.

    • Kon­rad: Artikke­len beskriv­er hvor­dan debat­ten i stor grad drei­de seg om Tumyr/SIANs syn­spunk­ter, dessuten hadde Stu­den­ter­sam­fun­net gitt arrange­mentet tit­te­len “Innvan­dringskri­tikk i grense­land”. Der­for bruk­te vi dette ordet også i vår over­skrift. Om over­skrifter tre­f­fer helt, kan alltid diskuteres — tit­tel-mak­ing er intet lett håndverk.

      • Egentlig ikke så mye kri­tikk av denne artikke­len, mer en obser­vasjon av at “innvan­drings­de­bat­t/-kri­tikk” ender opp med diskusjon omkring pås­tander av typen «Islam er ein bar­barisk og prim­i­tiv ide­olo­gi forkledd som reli­gion». Trist at Norge ikke har kom­met lengre enn dette etter 22.juli.

  2. Christian Evandt says:

    Mot­standen mot islamis­erin­gen stikker dypere enn en liten sekt ledet av Tumyr.
    Her på Oslos østkant har tusen­vis av etniske nord­menn fly­t­tet vekk fra bydel­er hvor mus­limer og andre fremmede har overtatt.
    Finnes litt sosialisering/kontakt mel­lom folkegrup­pene på barn og ungdomstrinn,men blant vok­sne leter “vi” totalt adskilt fra hverandre,selv om vi bor i samme blokk.
    Ellers er det rart at innvan­dr­er tilhen­gere buk­er Utøya-trage­di­en som et påskudd til et bedre samhold mel­lom mus­limer og nordmenn.
    ABB drepte dus­in­vis av landsmenn,barn og unge.
    Hva har det med innvan­dring å gjøre?

til toppen