Obama vinn presidentvalet 2012 (II)

Det andre argumentet for at Obama vinn gjenval i 2012 er kort fortalt at han er den sittande presidenten. Historisk har Demokratane fått nesten 10 prosentpoeng fleire røyster når dei sit med presidenten enn når Republikanarane gjer det.

Statsvitaren James Camp­bell lis­tar opp ei rekke grun­nar til at par­ti­et som sit med pres­i­den­ten har ein fordel i høve til motkandidaten(-ane). Opp­sum­mert kan vi seie at fork­laringane dreier seg om at pres­i­den­ten allereie har skaf­fa seg posisjo­nen og med det vis­er at han har det som skal til for å vinne eit pres­i­dent­val, sam­stun­des som den beste staden å vere på for å føre­bu seg til eit pres­i­dent­val er Det kvite huset. Den som har vunne eit val tidle­gare har allereie fått saum­fara si per­son­lege his­to­rie, og det er lite tru­leg at det skal falle nye skjelett ut av skapet i andre omgang. Det som eventuelt skulle felle ein sit­tande pres­i­dent er kor­leis han har skjøt­ta seg i den første peri­o­den. Poli­tikarar og par­ti som sit ved mak­ta blir ofte skul­da for det vel­jarane mein­er er galt med sam­fun­net, og her i Noreg er omgrepet reg­jer­ingssli­tas­je velk­jend. Som regel er for­vent­ningane til pres­i­den­ten høgare enn han klar­er å inn­fri, og mange vert skuf­fa over man­ge­len på endringane dei vart lova.

Heller ikkje Barack Oba­ma har klart å lukke gapet mel­lom for­vent­ningar og utkome, og approval­ratin­gen som syn­er kor stor del av vel­jarane som er til­fredse med jobben han gjer som pres­i­dent har dala etterk­vart som kveit­e­brøds­da­gane grå­na og glei over i kvardagar.

Denne utviklin­ga er typisk for ein pres­i­dent, og ofte gjer par­ti­et hans det dår­legare i mel­lom­vala som finn stad midt i pres­i­den­ten si peri­ode. Kon­gress­valet i 2010 var ikkje noko unnatak i så måte: Demokratane tapte 63 del­e­gatar i Rep­re­sen­tan­thuset, og mista med det fleir­talet der. I Sen­atet sikra dei seg fort­satt majoritet, men måtte sjå fem sete gå til Republikanarane.

Oba­ma har pole posi­tion i presidentvalet

Opp­slut­naden om pres­i­den­ten fell nærast lovbestemt etter valet, men har ei nesten like stor ten­dens til å stige att etter kvart som det nye gjen­valet kjem på trap­pane. Den anerk­jende statsvitaren James Stim­son gjorde oss merk­sam på denne tren­den, og eg skal ref­erere saman­draget frå artikke­len han skreiv i 1976:

The approval accord­ed to Pres­i­dents by the Amer­i­can pub­lic is found to fol­low a cycli­cal pat­tern over time. All Pres­i­dents begin their terms with great pop­u­lar­i­ty, expe­ri­ence par­a­bol­ic declines, steadi­ly lose pop­u­lar sup­port for about three years, and then recov­er some at the ends of their terms. These dis­tinc­tive cycles, it is argued, reflect reg­u­lar expectation/disillusionment cycles among the less well-informed seg­ments of the pub­lic and are tied to the four-year elec­tion cal­en­dar. The extra­or­di­nary fit of par­a­bol­ic curves to actu­al pres­i­den­tial approval leads to the sus­pi­cion that pres­i­den­tial approval may be almost whol­ly inde­pen­dent of the Pres­i­den­t’s behav­ior in office, a func­tion large­ly of inevitable forces asso­ci­at­ed with time.

Den syk­liske tren­den i mein­ingsmålin­gane er vel verd å bite seg merke i når vi ser på opp­slut­ninga om Oba­ma i dag. Berre eit lite pros­ent­po­eng meir av vel­jarane er pos­i­tive enn neg­a­tive til Oba­ma, men ein skal ikkje sjå seg blind på kva dei svarar så langt unna valda­gen. Som sitande pres­i­dent har han pole posi­tion, og opp­slut­ninga så langt i peri­o­den føl­gjer run­de­ti­dene til det syk­liske skjemaet.

Kjelder:
Camp­bell, James E. (2000). The Amer­i­can Cam­paign: U.S. Pres­i­den­tial Elec­tions and
the Nation­al Vote.
Col­lege Sta­tion: Texas A&M Uni­ver­si­ty Press.

Weis­berg, Her­bert (2002): “Par­ti­san­ship and Incum­ben­cy in Pres­i­den­tial Elec­tions.” Polit­i­cal Behavior
Vol­ume 24, Num­ber 4. 339–360, DOI: 10.1023/A:1022558810957

Stim­son, James A. (1976): “Pub­lic Sup­port for Amer­i­can Pres­i­dents A Cycli­cal Mod­el”. Pub­lic Opin­ion Quar­ter­ly, Vol­ume 40, Issue 1, pp.1–21.

TEMA

P

residen
tvalget
i USA
2012

20 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen