Rosa liv i varselraudt samfunn

325 milliliter. Så mykje silikon har ein av blogg.no-toppane i kvart bryst. Bildebevis frå før – under – etter ligg ute på bloggen. Difor skal vi ikkje ignorere rosabloggane.

Silikon i brys­ta, resty­lane i lep­pene, hair-exten­sions, falske negler og solar­i­um til du ser ut som ei peparkake. Slik ser top­pen av blogg.no ut, og tenåringsjen­tene som bret­tar ut krop­pen og det tilsynela­tande sorgfrie livet har lesar­tal på høgde med større norske net­tavis­er. Men kan vi leve med desse kroppsideala?

I 2013 feirar blog­ging i Norge ti år, og i den anled­ning har Kris­t­ian A. Bjørke­lo for­fat­ta boka «Gi meg en scene» som vart lansert 4. april. Boka for­tel om norsk blog­ghis­to­rie; ti år med traumer, ter­ror og dagens out­fit. Då bloggen gjorde sitt inntog skulle alle kunne bli sin eigen redak­tør og for­fat­tar. Bloggen skulle rev­o­lusjonere ytrings­fridom­men og lage ein ny are­na for den offentlege sam­tal­en. På lanser­ings­festen for blog­g­bo­ka opp­sum­merte blog­gar og psykolog Kris­tine Tofte det fint: «Folk flest er ikkje kjem­pes­marte og poli­tiske, så blog­ging blir jo heller ikkje det».

Ein typisk ros­ablogg er iføl­gje Bjørke­lo skriv­en av ei tenåringsjente som for­tel om mote, nis­tepak­ka og kvardagsliv. «Hjarte, hjarte, hjarte», skriv ros­ablog­garane. «Skriv det du kan, og det du kan best er ditt eige liv» er mantraet. Mag­ni O. Fuglerud poengter­er i boka at der mote­blog­garen fokuser­er på mote, hand­lar ros­abloggen om blog­garen.

Skjermbilde fra Therese Charlotte Margrethe Nielsens blogg.

Skjerm­bilde fra Therese Char­lotte Mar­grethe Nielsens blogg.

Og ein kan le av dei over­flatiske inn­leg­ga, riste på hov­udet til det nesten fell av, i oppgit­theit over kor dumt det er. Men vi skal passe oss for å ignorere ros­ablog­gane. For det er så mange som gjer net­topp det mot­sette, som les og stud­er­er dei «suk­sess­fulle» blog­garane sine inn­legg dag og natt. Per 1. sep­tem­ber 2012 hadde ein av top­pane, trom­sø­jen­ta Therese Char­lotte Mar­grethe Nielsen som driv bloggen tcmn.blogg.no, gjen­nom­snit­t­leg 64522 besøkande kvar dag. Til saman­likn­ing hadde Bergens Tidende i 2011 opplagstal på 79467 (Fuglerud i Bjørke­lo 2013).

Bjørke­lo skriv at bloggen er eit utstill­ingsvin­dauge der ein kan isce­ne­set­je og vise fram sine beste sider og interesser

På ros­ablog­gsce­na får vi stort sett pre­sen­tert det same, igjen og igjen. Anten dei et lite og usunt, eller lir av ortorek­si og har eit over­drive fokus på å ete ekstremt sunt; samtlege topp­blog­garar er like rad­ma­gre. Skrol­lar vi oss vidare på blog­glista får vi ei inn­føring i kor­leis silikon­im­plan­ta­ta kom på plass, nær­bilde av arra i etterkant og seinare hun­drevis av bilde av kløft, nye bh-ar, truser og naken hud. Når dei blir kon­fron­tert i media med sine mang­lande evn­er som føre­bilete, er svaret stort sett det same: «Eg kan ikkje leve mitt liv basert på at 14 år gam­le jen­ter les om det. Dei som ikkje tol­er å sjå på kor natur­leg tynn eg er eller kor myk­je silikon eg har sprøy­ta inn må slutte å lese bloggen». Men to psykiske lidin­gar lev i beste vel­gåande på blog­gar og hos lesarane deira. Sjølvskad­ing og ete­forstyrringar. Dei trivst godt i flokk, og eksponer­ing fun­ger­er ved­like­hal­dande. Det påpei­ka Kris­tine Tofte på bok­lanseringa på Lit­ter­aturhuset. Gjen­nom ros­ablog­gane blir jen­ter pepra med eit kropp­side­al som er langt frå sunt, og eit ekstremt fokus på ytre skjønnheit og per­fek­sjon. Unge jen­ter tar nok ikkje ros­ablog­garane og det dei står for utan ei klype salt, men med dagens eksponer­ing gjen­nom blog­gar i kom­bi­nasjon med andre medi­um kan ein umu­leg stå att upåverka.

Ros­ablog­garane kjen­ner seg ikkje ans­var­lege, men det bør vi som sam­funn gjere

Blog­garane og ide­ala dei rep­re­sen­ter­er er eit resul­tat av kul­turen vi lever i. Net­topp difor må vi stoppe opp, sjå oss rundt og stille spørsmål ved om dette er ei ønskje­leg utvikling. Løysin­ga er høgst uklar, og det gjer debat­ten desto vik­ti­gare. Fokuset på kropp og utsjå­nad i dagens sam­funn og i blog­gver­da har nådd så ekstreme høgder at vi må ta still­ing til spørsmålet: Kvar er vi på veg?

Skjermbilde fra bloggen Sisteplass.

Skjerm­bilde fra bloggen Sisteplass.

Det nyaste skotet på blog­ghim­me­len, sisteplass.blogg.no, er likev­el eit friskt pust. Trass tit­te­len gjekk Sarah Sur­land (19) til topps på blogg.no i hel­ga med 110 000 tre­ff lørdag 6. april. Med sine litt min­dre glam­orøse bilde og skildringar av ein kvardag med både hår under armane og tørre leg­gar. Unge blog­garar som gjer opprør kan vere den vik­tige motvek­ta som vis­er kor lat­ter­leg og lite real­is­tisk det rosa livet fak­tisk er. Kan­skje er det net­topp gjen­nom desse at tenåringsjen­tene kan få eit nytt per­spek­tiv. Den rosa rev­o­lusjo­nen er kom­men, og fleire stem­mer må opp og fram for å tale den imot.

TEMA

B

logg

22 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen