Rebiya Kadeers organisasjon lanserer nettside

I kampen for uigurane sine menneskerettar lanserer The International Uyghur Human Rights and Democracy Foundation (IUHRDF) si nye nettside.

Rafto­prisvinnaren Rebiya Kadeer stif­ta organ­isas­jo­nen etter at ho slapp ut av kine­sisk fengsel i 2005.

Medan kine­siske myn­digheit­er tek i bruk stadig meir bru­tale virkemid­del i under­trykkinga av denne mus­limske minoriteten sine kul­turelle, religiøse og poli­tiske ret­tar, job­bar Kadeer sin organ­isas­jon for å få inter­nasjon­al fokus på uig­u­rane sin situ­asjon. På den nye nettsi­da doku­menterast brot på uig­u­rane sine men­neskerettar, med spe­siell fokus på Rebiya Kadeer sin hjerte­sak — under­trykkinga av uig­uriske kvin­ner og barn.

Rebiya Kadeer mot­tok Rafto­prisen i 2004, medan ho enno sat fengsla for sin kri­tikk av kine­siske styres­mak­ter. Frå eksil i USA kjem­par ho vidare, og var sist i Bergen under Rafto­prisen si 20-års­mark­er­ing i november.

TEMA

M

enneske
rettigh
eter

52 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen