NRK bør leggjast ned. Er det nokon i norsk opinion som faktisk tør å hevda dette synet i dag? Eg har leita, men kan ikkje finna politikarar eller andre synsarar som har hevda dette synspunktet i debatten om NRK som allmennkringkastar. Framstegspartiet sin mediapolitiske talsmann Ulf Erik Knudsen har rett nok ytra eit ynskje om å dela kanalen opp i bitar og selja bit for bit, noko som kanskje må reknast for det same, men denne ståstaden er ikkje grundig tufta i Frp sitt program. Der heiter det berre at partiet vil redusera og på sikt fjerna NRK-lisensen.
Jakta på NRK-hataren
Det at det knapt finst stemmer som argumenterer for at NRK bør leggjast ned gjorde meg relativt nyfiken på dei folka som faktisk har denne oppfatninga. Eg leita på internett, og fann fram til ein del av dei, alle saman anonyme debattantar på ymse nettfora. Kva argument vert brukt for å forsvara oppfatninga om at NRK bør leggjast ned? Går det an å skjøna NRK-hataren? Lat oss sjå nærare på to av dei. Sidan dei er anonyme kan me like gjerne kalla dei Kari og Kurt.
Dette resonnementet for å leggja ned allmennkringkastaren skil seg forbausande lite frå to av målsetjingane regjeringa har for NRK i sitt utkast til allmennkringkastingsplakat. Der heiter det blant anna at NRK sine kanalar skal halda høg kvalitet og at dei ikkje skal vera kommersielle. NRK-motstandaren eg siterer meiner at kanalen verken leverer kvalitet eller er ikkje-kommersiell, og brukar det som argument mot allmennkringkastaren.
NRK-hatarar er ofte meir motiverte av lisensavgifta enn av innhaldet
Om NRK leverer kvalitet er vanskeleg å diskutera, smaken er som baken. Dersom kringkastaren i framtida leverer same breidd som i dag er det imidlertid grunn til å tru at at han kan levera noko for dei fleste. At NRK ikkje framstår som ikkje-kommersiell har imidlertid debattanten eit poeng i, og me kjem eit steg nærare å forstå NRK-hataren. Han har eit solid argument: Kvifor betala for noko som ein synest er dårleg, og som att på til er betalt for allereie? Det gjer omlag like mykje meining som å abonnera på ei avis ein ikkje les, og som dessutan er full av reklame.
“Levande flådd frå vugge til grav”
Kurt er hakket krassare enn Kari. Han skriv: “Eg held snart ikkje ut å bu i dette landet og bli levande flådd frå vugge til grav. Eg ser aldri på NRK sine program, kanalen er eit propagandareir for Arbeidarpartiet, som eg hatar. NRK bør skamma seg, ja, helst gøyma seg for evig og alltid. Fjern dette monopolet, det er ein parasitt på samfunnsutviklinga”.
Det er freistande å konkludera at Kurt ikkje føl med. Det er etterkvart ei god stund sidan NRK hadde eit monopol på fjernsyn og radio i dette landet. Det er også freistande å seia at det kanskje ikkje er uttrykk for ei heilt sunn haldning å direkte hata eit politisk parti ein er ueinig med. Men det er ikkje noko av dette som er kronargumentet til Kurt. Han kjenner seg flådd, truleg av skattenivået generelt, men særleg i høve lisenspengane, fordi han “aldri ser på NRK sine program”. Han vil ikkje betala for noko han ikkje brukar. Han synest ikkje noko om NRK. Allmennkringkastaren framstår som eit propagandareir for han. Og det er jo også eit solid argument: Ville du kanskje ha ynskt å betala for eit påtvunge abonnement på eit nyhetsbrev frå eit parti du verkeleg mislikte?
Det at ein synest at NRK er dårleg er eit godt argument for å lata vera å sjå på kanalen. Det at kanalen vert oppfatta som eit propagandareir er, dersom mange nok deler dette synet, eit godt argument for at NRK bør vurdera sin redaksjonelle profil. Men er nokon av argumenta eit argument for at det er ein dårleg ide å ha ein ikkje-kommersiell og offentleg eigd allmennkringkastar?
Lisensen gjev inntrykk av å vera ein luksusskatt på noko som slett ikkje er eit luksusgode
Slik eg ser det må svaret vera eit tydeleg nei. Ein offentleg driven, ikkje-kommersiell kringkastar har moglegheit til å utfylla mediamarknaden, og til å levera eit produkt som elles ikkje ville eksistera, men som det av ulike grunnar er i samfunnets interesse at finst. NRK må altså levera noko som er annleis enn det kommersielle aktørar kan eller vil levera. Dersom NRK ikkje gjer det, så finst det få gode argument for å halda på den ikkje-kommersielle allmennkringkastaren. Då kan han like gjerne leggjast ned.
Behald NRK, fjern lisensen
I Noreg i dag er det brei politisk støtte til ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar. Med god grunn. Men tyder det at det gjev meining å finansiera NRK gjennom ein særskatt, slik det i dag i realiteten vert gjort? Er det nokon grunn til at eit samfunnsnyttig føremål, allmennkringkasting, skal handsamast som grunnleggjande annleis enn andre samfunnsnyttige føremål, anten det er barnehagar, skular, sjukehus eller trygdeordningar?
Eg har ein teori om at NRK-hatarar ofte er meir motiverte av lisensavgifta enn av innhaldet i kanalen, sjølv dei som hylar og skrik om at dei aldri ser på NRK. Nokon er jamvel sinte over at innhaldet er godt, utan at dei får det. Sjølv eg, som heller lyttar til distriktssendinga for Hordaland på P1 enn til trafikkmeldingar for Oslo på P4, har kjend ein viss irritasjon over å vera med på å betala for NRK2 utan å få høve til å sjå på kanalen. Det hender eg har lyst til å sjå smal film. Utan å måtta reisa til Bergen for å tråla snåle DVD-butikkar. Forhåpentlegvis vert det betre med digitalt nett, sjølv om eg med uro har sett kvite flekkar på digitalkartet for min kommune.
Eg vil ikkje leggja ned NRK. Det er lisensen som stundom irriterer meg. For meg er han fyrst og fremst ei ekstrarekning som kjem dinglande ned i postkassa. Sjølv om det ikkje er noko grunn til at han skulle koma dinglande, så kan eg leva med det. Men det som er verre med lisensen er at han sler ut usosialt og at han for mange — særleg studentar og andre med dårleg råd eller stort ølinntak — er svært freistande å lata vera å betala i det heile. Dermed vert det høgare pris for ærlege småbarnsforeldre og minstepensjonistar. Lisensen gjev inntrykk av å vera ein luksusskatt på noko som slett ikkje er eit luksusgode i dagens Noreg. Han er rett og slett tåpeleg.
I Noreg bør me ha ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar. Han bør finansierast over skatteseddelen, saman med andre allmennyttige tiltak.
Øyvind Strømmen er busett i ein liten vestlandskommune. Han er lokalavisjournalist, bloggar og driv firmaet hagatekst saman med kona Marijke.
En av grunnene til at man holder på lisensen er så vidt jeg har forstått for å gi NRK mer stabile økonomiske rammevilkår. Ved å finansiere NRK utelukkende over statsbudsjettet så vil det bli enklere å bruke NRK som salderingspost og/eller kutte i finansieringen av politiske grunner ved skiftende politisk flertall.
Jeg er prinsipielt enig i at NRK bør finansieres over statsbudsjettet, men frykter at det vil gi NRK svært usikre rammevilkår og at det vil legge NRK lagelig til for hogg om f.eks. FrP skulle få makt i dette landet.