Papirboka og drivhuseffekten

Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og ”menneskelege” kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den digitale revolusjonen.

For kvar kilo med trykt papir som vert pro­dusert så ham­nar det mel­lom tre og fem kilo kar­bon­diok­sid ut i jor­da si atmos­fære. Likev­el vis­ar det seg at bruk av enkelte typer papirme­di­er, som den gode gam­le boka, er langt meir miljøven­leg enn lesing på både bær­bare og stasjonære data­mask­in­er. Det er myk­je som tydar på at det eldgam­le bib­lioteket er sannsyn­legvis like miljøven­leg som dei min­ste ener­gi- og mask­in­varekre­vande lese­bret­ta som finst på mark­naden i dag.

Dei siste åra har det vore gjort mange under­søkjin­gar om kva som er mest miljøven­leg av tryk­te papirme­di­er og lesing på data­mask­in­er. Dei fleste av desse under­søkjin­gane eg har sett på kon­klud­er­ar med at det ikkje finst eit svart-kvitt svar på kva som er mest miljøven­leg av tryk­te eller elek­tro­n­iske medi­er. Det kjem heilt an på ein heil rekkje fak­torar som til dømes kor mange gonger ei bok vert lest, lev­eti­da til data­mask­i­na før den ham­nar på søp­pel­dyn­ga, kor myk­je ener­gi som krev­jast for å lagre elek­tro­n­isk infor­masjon i høve til papir­basert infor­masjon, lesetid, fleir­bruk av elek­tro­n­iske appa­rater og lik­nande (jfr. s. 96 i rap­port (pdf) fra det svenske Cen­tre for Sus­tain­able Communications).

Farleg teknologioptimisme

Infor­masjons- og kom­mu­nikasjon­ste­knolo­gi (IKT) vert sett på som eit av dei vik­ti­gaste verkemid­la det glob­ale sam­fun­net har for å bremse den glob­ale opp­varmin­ga av atmos­færa. ”The Cli­mate Group” har estimert at IKT-bran­sjen aleine kan hjelpe til å fjerne 15 pros­ent av dei totale dri­vhus­gas­sane i 2020 saman­lik­na med ein situ­asjon der ”ting går som van­leg”. Men sjansa for at IKT-sek­toren kjem til å på eiga hand utlikne desse 15 pros­en­tane med sine eigne utslepp er over­hen­gande. Til dømes så har dei estimert at antal PC’ar kjem til å auke frå 592 mil­lionar i 2002 til meir enn fire mil­liar­dar i 2020, og desse PC’ane vil stå for 22 pros­ent av IKT-sek­toren sine totale utslepp av kar­bon­diok­sid (jfr. s. 19 i rap­porten Smart 2020 (pdf).

Bøk­er som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøvenleg

Teknolo­giop­ti­misme har mange gonger vore ei dår­leg rettes­nor å styre etter i miljøsaman­hen­gar. Me kjen­ner alle til at om til dømes bilane brukar min­dre og min­dre dri­vstoff så vert miljøgevin­sten ete opp ved at så mange fleire i ver­da kjø­par seg bil. Det er sannsyn­legvis ure­al­is­tisk å tru at kine­sarar og indarar vil avstå frå å skaffe seg slike materielle goder i framti­da for å spare miljøet, så viss me ynskjer å gjere noko for å bremse dri­vhus­ef­fek­ten, så bør det gjerast der det er von om å skape endring og der endringane har stor effekt — det vil seie i vår eigen kvardag.

Bib­liotek­sek­toren er ifyl­gje Bill St. Arnaud ein ypper­leg plass å starte. Ikkje ved å leg­gje ned dei papir­baserte bib­liote­ka, men der­i­mot ved å plassere datasen­tra i nær­leiken av stad­er der det er over­flod av rein elek­trisk ener­gi, for sidan å trans­portere alle oppgåver og resul­tater til og frå desse datasen­trene i form av elek­tro­mag­netiske felt eller som lys i fiberk­ablar. Datain­for­masjon i form av bits er veldig lett å frak­te i mot­setjing til elek­trisk kraft. Arnaud held ein pre­sen­tasjon på ei kon­fer­anse arrangert av JISC (Joint Infor­ma­tion Sys­tems Com­mit­tee) i Storbri­tan­nia våren 2010 som heitte ”The Crit­i­cal Role that JISC can play in help­ing soci­ety reduce its car­bon foot­print” (pdf).

I denne pre­sen­tasjo­nen pei­ka han på fleire tiltak som var heilt avg­jerande for å sikre at utdan­ningssek­toren og infor­masjon­ssek­toren inklud­ert elek­tro­n­iske bib­liotek, ikkje endar opp som utsleppsver­stin­gar, men heller hjelper resten av sam­fun­net inn på ein kurs som tek sik­te på å redusere utslep­pa av kar­bon­diok­sid med 80 prosent.

Nettskya og den mobile revolusjonen

Bib­liotek­sek­toren og utdan­ningssek­toren har i sti­gande grad vorte pre­ga av myk­je bruk av data­mask­in­er og inter­nett. For å finne ei bok i dei fleste bib­liotek­er i dag så brukar ein begge delar for å finne ut kvar boka står på hyl­la, og det er tusen­vis av stu­den­tar og tilsette som hen­tar ned elek­tro­n­iske doku­menter som bib­liote­ka tilbyr. Bab­cock School of Man­age­ment har laga eit miljørek­neskap for heile insti­tusjo­nen, og kom fram til at for­bruket av lære­bøk­er til 160 stu­den­tar over ei toårspe­ri­ode resul­terte i eit utslepp på 45 tonn CO2.

I til­legg så kom det utslepp som fyl­gje av bruk av bær­bare og stasjonære data­mask­in­er. Gam­le mask­in­er frå nokre år tilbake inneheld ofte rundt 10 kilo plas­tikk og giftige tung­met­aller, og dei var trans­portkre­vande både å skaffe og verte kvitt på ein trygg måte. Dessu­tan så bruk­te dei opp­til 400 watt når dei var i bruk. Nye mod­erne bær­bare brukar langt min­dre, og iPad er vel nede i 2,5 watt til saman­likn­ing. Dei fleste ville ”grei­dd seg” med ein iPad, i alle fall om ein hadde eit eksternt tas­tatur og ein brakett til å stille opp iPad’en på skrivepulten.

Datain­ten­sive sek­torar har eit vold­somt poten­siale til å redusere sin sek­tor sitt karbonutslepp

Frå den svenske under­søkjin­ga frå 2007, så var det blant anna to vesentlege momenter som avgjorde kor miljøven­leg papirme­di­er var: Gjen­bruk og tid. Skal ein sit­je foran ei data­maskin i vekesvis for å lese bøk­er, så er det klart at det går med både straum og sli­tas­je på mask­in­vare. Bøk­er som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøven­leg, og berre det at folk veit at dei kan opp­søk­je eit bib­liotek som har nesten alt dei kan ynskje seg forhin­drar kan­skje at mange byg­gjer opp sine eigne pri­vate bib­liotek­er. Bøk­er treng ikkje stort meir enn eit tørt rom, medan langtid­sla­gring av elek­tro­n­iske ressur­sar fram­leis krev ein god del ener­gi. Ei bok er innhald og medi­um i eitt, medan elek­tro­n­isk innhald krev eit medi­um som til dømes ei lese­plate. Dagens mask­in­vare får kortare og kortare lev­etid og det er ofte ikkje snakk om meir enn månadar før mobil­tele­fonar eller lese­plater ham­nar i søp­pel­bøt­ta. Print­er­for­bruket til ein gjen­nom­snittsstu­dent er også ganske høgt i dag saman­lik­na med nokre år tilbake. Det går med pall etter pall med print­er­pa­pir i dei fleste norske utdan­ningsin­sti­tusjonar når semes­teret er i gang.

Det foregår mange kon­struk­tive tiltak for å hin­dre at IKT skal verte ein sek­tor som står for meir utslepp av kar­bon­diok­sid enn det dei forhin­drar i andre delar av sam­fun­net. På Uni­ver­sitetet i Oslo så har admin­is­trasjo­nen bestemt seg for å gå over til å bruke iPad til å lese doku­men­ta sine, og Uni­ver­sitets­bib­lioteket i Oslo skal sam­men med Utdan­ningsvit­skap­leg fakul­tet verte ”miljø­fyrtårn”.

Kan­skje kval­i­fis­er­ar bib­liote­ka til å være miljø­fyrtårn i utgangspunk­tet, men det er heilt klårt at slike datain­ten­sive sek­torar har eit vold­somt poten­siale til å redusere sin sek­tor sitt kar­bonut­slepp, blant anna ved å opp­muntre til bruk av lågen­ergikre­vande lese­brett og datamaskiner.

God økonomi å vere miljøvenleg

Mass­a­chu­setts Insti­tute of Tech­nol­o­gy har bestemt seg for å spare 15 pros­ent av energi­bruken sin, tilsvarande 4500 amerikanske hus­stan­dar. Med så vidt over ti tusen stu­den­tar totalt, så inneber dette ei innspar­ing på nesten ein halv amerikan­sk hus­stand sitt elek­trisitets­for­bruk per stu­dent per år. Slik blir det pen­gar av, og sam­stun­des så er det myk­je som tydar på at utviklin­ga av mobil data­bruk og nettskyten­ester også effek­tivis­er­ar infor­masjon­sstrau­men. Sen­trale nettsky­er (Cloud Com­put­ing) plassert der det er over­flod av miljøven­leg ener­gi kom­ple­menter­ar også veldig godt ei anna vik­tig utvikling som kan opp­sum­merast som ”massenes vis­dom” (Crowd Computing).

Bib­liote­ka må stå fast på sine ibuande miljøven­lege og ”men­neskelege” kvalitetar

Den ”tjukke klien­ten” som er eit kallenamn på data­mask­in­er med eigen lagring­sein­ing hef­tar ved seg ein arbei­ds­form som ofte kan verke gammaldags i dagens sam­funn. Fleire og fleire land går no inn for å sikre mobilt brei­d­band, og det er til og med fores­lått å rett og slett fjerne den ”tjukke klien­ten” frå Storbri­tan­nia, og erstat­te den med ”tynne klien­tar” som er kallenam­net på data­mask­in­er utan eigen lagringseining.

Det er mange utfor­dringar som må tak­last for å realis­ere drau­men om effek­tive nettsky­er. Mange av dei største prob­le­ma knyt­ta til denne utviklin­ga knyter seg til kvalitet­skon­troll. Det vert naudsynt å vidare­føre kat­a­l­o­gis­er­ing og klas­si­fis­er­ing over på desse nye tuftene i den dig­i­tale sfæra for å kunne skape god nok kvalitet på infor­masjo­nen. Sidan nettsky­er og massenes vis­dom sannsyn­legvis er noko som alle bib­liotek kjem til å måtte vere med på, så er det vik­tig å ha miljøvern i tankane for å hin­dre at det miljøven­lege tryk­te bib­lioteket utviklar seg til å verte ein miljøver­st­ing av rang.

Bib­liote­ka må stå fast på sine ibuande miljøven­lege og ”men­neskelege” kvalite­tar som papir­baserte kunnskaps­bankar, sam­stun­des som dei søk­jer å utnytte dei mest miljøven­lege og effek­tive kvalite­tane av den dig­i­tale rev­o­lusjo­nen. Her gjeld det med andre ord å ha ein fot i to ulike leirar som ofte synes å vere pre­ga av vidt ulike grunnsyn på veldig mange områder.

Artikke­len ble først pub­lis­ert i Bok og Bib­liotek nr. 4, 2010.

TEMA

K

limaend
ringer

11 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

2 KOMMENTARER

  1. […] This post was men­tioned on Twit­ter by Thor Bjarne Bore, Vox Pub­li­ca. Vox Pub­li­ca said: Ny artikkel: Papir­bo­ka og dri­vhus­ef­fek­ten http://bit.ly/deeKwv […]

  2. […] Dei siste åra har det vore gjort mange under­søkjin­gar om kva som er mest miljøven­leg av tryk­te papirme­di­er og lesing på data­mask­in­er. Dei fleste av desse under­søkjin­gane eg har sett på kon­klud­er­ar med at det ikkje finst eit svart-kvitt svar på kva som er mest miljøven­leg av tryk­te eller elek­tro­n­iske medi­er. Det kjem heilt an på ein heil rekkje fak­torar som til dømes kor mange gonger ei bok vert lest, lev­eti­da til data­mask­i­na før den ham­nar på søp­pel­dyn­ga, kor myk­je ener­gi som krev­jast for å lagre elek­tro­n­isk infor­masjon i høve til papir­basert infor­masjon, lesetid, fleir­bruk av elek­tro­n­iske appa­rater og lik­nande (jfr. s. 96 i rap­port (pdf) fra det svenske Cen­tre for Sus­tain­able Com­mu­ni­ca­tions) – skriv­er Pål Mag­nus Lykk­ja for Vox Publica. […]

til toppen