Raftoprisvinnaren Rebiya Kadeer stifta organisasjonen etter at ho slapp ut av kinesisk fengsel i 2005.
Medan kinesiske myndigheiter tek i bruk stadig meir brutale virkemiddel i undertrykkinga av denne muslimske minoriteten sine kulturelle, religiøse og politiske rettar, jobbar Kadeer sin organisasjon for å få internasjonal fokus på uigurane sin situasjon. På den nye nettsida dokumenterast brot på uigurane sine menneskerettar, med spesiell fokus på Rebiya Kadeer sin hjertesak — undertrykkinga av uiguriske kvinner og barn.
Rebiya Kadeer mottok Raftoprisen i 2004, medan ho enno sat fengsla for sin kritikk av kinesiske styresmakter. Frå eksil i USA kjempar ho vidare, og var sist i Bergen under Raftoprisen si 20-årsmarkering i november.