Kari og Kurt og meg

Kven vil legge ned NRK i dag, og kva argument brukar dei? Øyvind Strømmen legg ut på jakt etter NRK-hataren.

NRK bør leg­g­jast ned. Er det nokon i norsk opin­ion som fak­tisk tør å hev­da dette synet i dag? Eg har lei­ta, men kan ikkje finna poli­tikarar eller andre syn­sarar som har hev­da dette syn­spunk­tet i debat­ten om NRK som all­mennkringkas­tar. Fram­stegspar­ti­et sin medi­apoli­tiske tals­mann Ulf Erik Knud­sen har rett nok ytra eit ynskje om å dela kanalen opp i bitar og sel­ja bit for bit, noko som kan­skje må rek­nast for det same, men denne stås­taden er ikkje grundig tufta i Frp sitt pro­gram. Der heit­er det berre at par­ti­et vil redusera og på sikt fjer­na NRK-lisensen.

Jak­ta på NRK-hataren
Det at det knapt finst stem­mer som argu­menter­er for at NRK bør leg­g­jast ned gjorde meg rel­a­tivt nyfiken på dei fol­ka som fak­tisk har denne opp­fat­ninga. Eg lei­ta på inter­nett, og fann fram til ein del av dei, alle saman anonyme debat­tan­tar på ymse net­tfo­ra. Kva argu­ment vert brukt for å forsvara opp­fat­ninga om at NRK bør leg­g­jast ned? Går det an å skjø­na NRK-hataren? Lat oss sjå nærare på to av dei. Sidan dei er anonyme kan me like gjerne kalla dei Kari og Kurt.

Hva mener du?

Kari skriv: “Legg ned NRK (Norsk Reprise Kringkast­ing). Kvi­for skal me beta­la for ein reklame­fi­nan­siert kanal? Det er reklame i kvar jævla sportssend­ing. Anten får dei dri­va på same vilkår som dei andre kanalane eller så får dei leg­g­ja ned. NRK driv på same måten som mafi­aen gjorde i gam­le dagar: betal eller me tar noko frå deg”.

Dette reson­nementet for å leg­g­ja ned all­mennkringkastaren skil seg for­bau­sande lite frå to av målsetjin­gane reg­jeringa har for NRK i sitt utkast til all­mennkringkast­ingsplakat. Der heit­er det blant anna at NRK sine kanalar skal hal­da høg kvalitet og at dei ikkje skal vera kom­mer­sielle. NRK-mot­stan­daren eg siter­er mein­er at kanalen verken lev­er­er kvalitet eller er ikkje-kom­mer­siell, og brukar det som argu­ment mot allmennkringkastaren.

NRK-hatarar er ofte meir motiverte av lisen­savgif­ta enn av innhaldet

Om NRK lev­er­er kvalitet er vanske­leg å diskutera, smak­en er som bak­en. Der­som kringkastaren i framti­da lev­er­er same brei­dd som i dag er det imi­dler­tid grunn til å tru at at han kan levera noko for dei fleste. At NRK ikkje fram­står som ikkje-kom­mer­siell har imi­dler­tid debat­tan­ten eit poeng i, og me kjem eit steg nærare å forstå NRK-hataren. Han har eit sol­id argu­ment: Kvi­for beta­la for noko som ein synest er dår­leg, og som att på til er betalt for allereie? Det gjer omlag like myk­je mein­ing som å abon­nera på ei avis ein ikkje les, og som dessu­tan er full av reklame.

“Levande flådd frå vugge til grav”
Kurt er hakket kras­sare enn Kari. Han skriv: “Eg held snart ikkje ut å bu i dette lan­det og bli levande flådd frå vugge til grav. Eg ser aldri på NRK sine pro­gram, kanalen er eit pro­pa­gan­dareir for Arbei­darpar­ti­et, som eg hatar. NRK bør skam­ma seg, ja, helst gøy­ma seg for evig og alltid. Fjern dette monopo­let, det er ein par­a­sitt på samfunnsutviklinga”.

Det er frei­s­tande å kon­klud­era at Kurt ikkje føl med. Det er etterk­vart ei god stund sidan NRK hadde eit monopol på fjern­syn og radio i dette lan­det. Det er også frei­s­tande å seia at det kan­skje ikkje er uttrykk for ei heilt sunn hald­ning å direk­te hata eit poli­tisk par­ti ein er ueinig med. Men det er ikkje noko av dette som er kro­nar­gu­mentet til Kurt. Han kjen­ner seg flådd, tru­leg av skat­tenivået generelt, men sær­leg i høve lisen­spen­gane, for­di han “aldri ser på NRK sine pro­gram”. Han vil ikkje beta­la for noko han ikkje brukar. Han synest ikkje noko om NRK. All­mennkringkastaren fram­står som eit pro­pa­gan­dareir for han. Og det er jo også eit sol­id argu­ment: Ville du kan­skje ha ynskt å beta­la for eit påtvunge abon­nement på eit nyhets­brev frå eit par­ti du verke­leg mislikte?

Det at ein synest at NRK er dår­leg er eit godt argu­ment for å lata vera å sjå på kanalen. Det at kanalen vert opp­fat­ta som eit pro­pa­gan­dareir er, der­som mange nok del­er dette synet, eit godt argu­ment for at NRK bør vur­dera sin redak­sjonelle pro­fil. Men er nokon av argu­men­ta eit argu­ment for at det er ein dår­leg ide å ha ein ikkje-kom­mer­siell og offent­leg eigd allmennkringkastar?

Lisensen gjev inntrykk av å vera ein luk­susskatt på noko som slett ikkje er eit luksusgode

Slik eg ser det må svaret vera eit tyde­leg nei. Ein offent­leg dri­ven, ikkje-kom­mer­siell kringkas­tar har moglegheit til å utfyl­la media­mark­naden, og til å levera eit pro­dukt som elles ikkje ville eksis­tera, men som det av ulike grun­nar er i sam­fun­nets inter­esse at finst. NRK må alt­så levera noko som er annleis enn det kom­mer­sielle aktørar kan eller vil levera. Der­som NRK ikkje gjer det, så finst det få gode argu­ment for å hal­da på den ikkje-kom­mer­sielle all­mennkringkastaren. Då kan han like gjerne leg­g­jast ned.

Behald NRK, fjern lisensen
I Noreg i dag er det brei poli­tisk støtte til ein ikkje-kom­mer­siell all­mennkringkas­tar. Med god grunn. Men tyder det at det gjev mein­ing å finan­siera NRK gjen­nom ein særskatt, slik det i dag i realiteten vert gjort? Er det nokon grunn til at eit sam­funnsnyt­tig føremål, all­mennkringkast­ing, skal hand­samast som grunn­leg­g­jande annleis enn andre sam­funnsnyt­tige føremål, anten det er barne­ha­gar, sku­lar, sjuke­hus eller trygdeordningar?

Eg har ein teori om at NRK-hatarar ofte er meir motiverte av lisen­savgif­ta enn av innhaldet i kanalen, sjølv dei som hylar og skrik om at dei aldri ser på NRK. Nokon er jamv­el sinte over at innhaldet er godt, utan at dei får det. Sjølv eg, som heller lyt­tar til dis­trik­tssendin­ga for Horda­land på P1 enn til trafikkmeldin­gar for Oslo på P4, har kjend ein viss irri­tasjon over å vera med på å beta­la for NRK2 utan å få høve til å sjå på kanalen. Det hen­der eg har lyst til å sjå smal film. Utan å måt­ta reisa til Bergen for å tråla snåle DVD-butikkar. Forhåpentlegvis vert det betre med dig­i­talt nett, sjølv om eg med uro har sett kvite flekkar på dig­italka­rtet for min kommune.

Eg vil ikkje leg­g­ja ned NRK. Det er lisensen som stun­dom irriter­er meg. For meg er han fyrst og fremst ei ekstrarekn­ing som kjem ding­lande ned i postkas­sa. Sjølv om det ikkje er noko grunn til at han skulle koma ding­lande, så kan eg leva med det. Men det som er verre med lisensen er at han sler ut usosialt og at han for mange — sær­leg stu­den­tar og andre med dår­leg råd eller stort ølin­ntak — er svært frei­s­tande å lata vera å beta­la i det heile. Dermed vert det høgare pris for ærlege småbarns­forel­dre og min­ste­pen­sjon­istar. Lisensen gjev inntrykk av å vera ein luk­susskatt på noko som slett ikkje er eit luk­sus­gode i dagens Noreg. Han er rett og slett tåpeleg.

I Noreg bør me ha ein ikkje-kom­mer­siell all­mennkringkas­tar. Han bør finan­sierast over skat­tesed­de­len, saman med andre all­men­nyt­tige tiltak.

Øyvind Strøm­men er busett i ein liten vest­land­skom­mune. Han er lokalav­isjour­nal­ist, blog­gar og driv fir­maet hagatekst saman med kona Marijke.

TEMA

N

RK

96 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

11 KOMMENTARER

  1. En av grunnene til at man hold­er på lisensen er så vidt jeg har forstått for å gi NRK mer sta­bile økonomiske ram­mevilkår. Ved å finan­siere NRK utelukkende over stats­bud­sjet­tet så vil det bli enklere å bruke NRK som salder­ingspost og/eller kutte i finan­sierin­gen av poli­tiske grun­ner ved skif­tende poli­tisk flertall.

    Jeg er prin­sip­ielt enig i at NRK bør finan­sieres over stats­bud­sjet­tet, men fryk­ter at det vil gi NRK svært usikre ram­mevilkår og at det vil legge NRK lagelig til for hogg om f.eks. FrP skulle få makt i dette landet.

  2. Jeg del­er forsåvidt din uro for at NRK skal brukes som salder­ingspost, og for at kanalen skal stå lagelig til for hogg der­som et mer eller min­dre nrk-hatende par­ti får inn­fly­telse i mediapolitikken. 

    Sam­tidig synes jeg ikke det er et godt nok argu­ment for en særskatt av denne typen.

  3. […] Les gjerne min artikkel i Vox Pub­li­ca. Artikke­len er ein del av deira åpne net­thøring om NRK si framtid, eit fabelak­tig tiltak. […]

  4. Jeg tror det beste argu­mentet for å beholde NRK er at mediebildet i Norge over mange tiår har sta­bilis­ert seg rel­a­tivt okay med en stor statlig aktør, og at det å fjerne denne eller splitte og pri­va­tis­ere den vil hive en masse baller opp i lufta. Inntil de bal­lene fall­er ned igjen vil de som lik­er det NRK lev­er­er i dag få et dårligere tilbud. Jeg er ikke en av de. Jeg er prin­sip­pielt mot hele greia, og har ikke sett TV i min egen stue på flere år. Jeg er null inter­essert i hva NRK lev­er­er. Men det er det visst en del andre som er, og for dem vil det å røre for mye ved NRK være dumt, ialle­fall i en periode. 

    Det er ikke et sterkt argu­ment, og jeg tror egentlig ikke det er sterkt nok, men det er ialle­fall det beste jeg kjen­ner til. Jeg tror ikke at statlig TV av natur er over­legent kom­mer­siell TV, at man trenger det offentlige til å dri­ve kvalitets-TV. (Har du først en stats-kanal som ikke styres for sterkt av poli­tiske inter­ess­er så ender den fort opp med en del kvalitet­spro­gram­mer — men av det føl­ger alt­så ikke at de ikke ville vært der uten den kanalen.) Jeg har heller ikke sansen for kul­turkvo­ter­ing, alt­så at man skal ha en norsk statskanal for å styrke et eller annet som Kul­tur-departe­mentet men­er er en vik­tig del av den norske nasjo­nen: Språk, lokalnytt, bunad, osv. Ser du bort fra kul­turkvo­ter­ing, og gir et kom­mer­sielt mediebilde tid til å resta­bilis­ere seg, så tror jeg ikke mange kom­mer til å savne stats-TV. Kvalitet­spro­grammene (hva nå det er) vil bli vist med reklame­brudd, og inter­nasjonale kanaler vil dekke nis­jene, (hva skal du med doku­mentar­er på NRK når du har Dis­cov­ery?) Så man­gler vi bare Norge Rundt, og for alt jeg vet får vi kan­skje den også. 

    Så .. jeg stem­mer nok mot NRK. Men jeg vel­ger ikke par­ti utifra NRK-spørsmålet, og jeg forstår godt at mange andre er uenige. Det fun­ger­er jo ålre­it som det er nå, og over­gan­gen vil være uforut­sig­bar og ube­hagelig. For meg er dette først og fremst uvik­tig. Tanken på å la andre bestemme når jeg skal se på en god serie, doku­men­tar eller film, og attpåtil avbryte den med reklame, (alter­na­tivt avkreve tvangs­be­tal­ing), er helt bortevekk for meg. Jeg er fer­dig med hele kon­septet kringkast­ing, og det mediebildet jeg lever i, (som andre er velkomne til å besøke når/hvis de en gang går lei av kringkast­ing), har heldigvis fått vokse fram fra starten av uten særlig med statlig innbland­ing på innholdssi­den. Og det er tross alt det beste.

  5. Min vin­kling er noe annerledes:

    Jeg lur­er på hvor­for dette inn­legget kom på trykk her over­hodet. Det ser ut som man slip­per til over­alt om man bare er idi­o­tisk nok og skriv­er tåpelig nok, med støtte til den rik­tige makten.

    Sor­ry, jeg kunne ikke dy meg. Øyvind har skrevet så mye tåpelig at selv det han skriv­er som er noen­lunde for­nuftig frem­står som tem­melig sprøtt…

  6. Bjørn Stærk:

    Så er det kan­skje det som skiller oss. Jeg er for det du kaller “kul­turkvo­ter­ing”. Jeg men­er at all­mennkringkasteren er med på å sikre en bred­de av en type jeg har vanske­lig for å forestille meg at ville eksis­tert uten denne. Du men­er disse argu­mentene er svake. Jeg men­er de er sterke.

    Hadde jeg delt din analyse av mulighetene i kom­mer­siell TV, så hadde jeg kan­skje trukket samme kon­klusjon som deg. Men jeg del­er dem ikke. Det er selvsagt fullt mulig for kom­mer­sielle aktør­er å lage godt tv — min tv-tit­ting bekrefter den pås­tanden for meg. Men jeg kan ikke forstå hvor­for en kom­mer­siell aktør skulle finne på å lage pro­gram­mer som ikke gir dem mange seere og føl­gelig store inntek­ter gjen­nom reklame eller abonnement. 

    En all­mennkringkaster har imi­dler­tid muligheten til å også lage pro­gram­mer som er så smale at de umulig kan lønne seg fra et økonomisk ståst­ed. Noen av dem ville nok kunne lages av pri­vate ide­al­is­ter; men jeg tror tilbudet ville for­ringes. Der­for men­er jeg at det ikke er noen grunn til å la markedet ta over hele greia.

    Jeg skal imi­dler­tid gi deg et poeng. Media­markedet er, takket være ny teknolo­gi, i svært rask foran­dring. Selv om jeg ikke tror det, kan det nok tenkes at denne debat­ten etter­hvert vil være full­s­tendig avlegs. I alle til­feller blir det enklere og rimeligere for pri­vate ide­al­is­ter å lage tv etterhvert. 

    Jeg synes for­resten ikke noe om å behan­dle Kul­tur­de­parte­mentet som om det var en mys­tisk enhet som eksis­terte uten­for det norske sam­fun­net. Departe­mentet er en del av reg­jerin­gen, som velges av Stortinget og Stortinget er folke­val­gt. Stat­en er meg, sa solkon­gen nede i Frankrike. I Norge i dag er stat­en oss.

    Grenseløs:

    At det er net­topp du som sier dette er fak­tisk ikke min­dre enn en ære, men jeg skjøn­ner jo at du fremde­les er bit­ter for­di jeg har kri­tis­ert kon­spir­asjon­ste­oriene om 11. sep­tem­ber og for­di jeg har angrepet prim­i­tivis­men som en men­neske­fiendtlig ide­olo­gi. Uansett er det nesten alltid fint å få kri­tikk fra din side. Tusen takk skal du ha!

  7. Øyvind Strøm­men: “Jeg men­er at all­mennkringkasteren er med på å sikre en bred­de av en type jeg har vanske­lig for å forestille meg at ville eksis­tert uten denne.”

    Vel, la oss først være enige om hva det er vi mis­ter. Vi mis­ter ikke smale pro­gram­mer. Inter­nasjonale kanaler har et så stort marked at de kan tjene godt på det som for en rent norsk kanal vil være en sær nis­je. Dis­cov­ery har vel noe sånt som fem kanaler alene. Og vi mis­ter heller ikke pro­gram­mer med norsk fokus og bred appell — poli­tiske debat­ter, doku­mentar­er, TV-serier. Det vi der­i­mot mis­ter er det som både har norsk fokus og smal appell. Jeg er ikke helt opp­datert på hva som går av slike ting for tiden, men kan­skje du har noen eksem­pler på noe du ikke ønsker å miste?

    Jeg er uansett veldig klar over at det er noen som set­ter pris på slikt innhold, og for dem vil det å avskaffe stats-TV, selv etter en tilpas­ningspe­ri­ode, være et tap. Men det blir litt som med det å bygge bro til en øy med 50 innbyg­gere, det er veldig fint for de som får det, men er det ret­tfer­dig å pri­or­itere deres inter­ess­er så mye høyere enn andres? F.eks. vet jeg ikke om noen kanaler du får tak i over kabel i Norge som sender ani­me for vok­sne, dette kunne alt­så være en typisk opp­gave for NRK. Men noen har bestemt at andre nis­jer er vik­tigere. På hvilket grunnlag? Med hvilken rett? Selvsagt kan ikke alle nis­jer dekkes, det er net­top det: Man ender opp med å til­fredsstille de grup­pene med mest kul­tur­poli­tisk tyn­gde, de nis­jetil­hengerne som er så heldige at de befinner seg nærmere mak­t­sen­trum enn oss andre. 

    Det er der­for jeg er mer opp­tatt av de pro­grammene som er rel­a­tivt main­stream, men som NRK allikev­el er tyn­gst på i dag, som nyheter og fam­i­lie­un­der­hold­ning. Disse er ikke vanske­lig å tjene penger på, men omstill­ing­spros­essen tror jeg kan bli tung. Der­for er jeg ikke noen entu­si­astisk NRK-hater, jeg lik­er ikke destruk­tive reformer. Jeg tar heller den pos­i­tive vin­klin­gen: Det finnes en bedre medievirke­lighet, som har alle forde­lene til en statskanal, og ingen av ulem­pene. En virke­lighet som dekker alt fra ekstremt smale amatør­pro­duk­sjon­er til gigan­tiske DVD-butikker. 

    “I Norge i dag er stat­en oss.”

    Å antyde at Kul­tur­de­parte­mentet nærmest bare gjen­nom­før­er folkevil­jen synes jeg er naivt. Er det slik at alle beslut­ninger myn­dighetene tar gjen­speil­er det folket virke­lig ønsker å gjøre? Eller bør du ta med spe­sial­in­ter­ess­er, mak­t­sen­tre og fire års valg-lag i lignin­gen? Da får du et annet bilde. Jeg tror det er slik at i et demokrati begrens­es myn­dighetenes val­gfri­het mer av hva vel­gerne blir provosert av, enn hva de blir glade for. Å gå mot den norske kul­ture­liten skaper støy, der­for får deres opp­fat­ning av hva god kul­tur er høyere pri­or­itet enn den fort­jen­er utifra antallet.

  8. Bjørn:

    Hvilke pro­gram­mer jeg ikke vil miste? La meg ta noen eksem­pler på pro­gram­mer jeg ikke tror at en kom­mer­siell aktør i Norge vil kunne levere: Arn­da, Man­aid, Odd­asat. Alle disse er samiske pro­gram­mer. Jeg tror ikke at en kom­mer­siell kanal vil levere barne-tv på samisk selv om NRK forsvinner. 

    Heller ikke sendinger på kven­sk eller egne nyhetssendinger for døve ser jeg for meg at vil stå høyt på lis­ten over pro­gram­mer man invester­er penger i. I til­legg kom­mer også en del norskspråk­lige doku­mentar­er som jeg ikke tror ville vært vist, kan­skje ikke en gang laget, om det ikke hadde vært for NRK. Fak­tisk tror jeg det er en fare for at vi måtte ha sett langt etter selv et pro­gram som Urix, tatt i betrak­t­ning av norsk uten­rik­sjour­nal­is­tikks ofte ganske begre­delige tilstand. 

    Og jeg er fak­tisk glad for at disse pro­grammene lages; jeg tror ikke det er som å bygge en bro til en liten øy. Jeg tror det er mer som å sette opp en fer­je som iall­fall går en dag eller to i uken, men som er avhengig av sub­si­di­er for å over­leve i leng­den. Til liks med den nye medi­avirke­ligheten du nevn­er her, og som jeg synes du har skrevet bra om på bloggen din gir all­mennkringkasteren et bredere tilbud, og et rikere tilbud.

    Du tar i bruk hele ver­den for å forsvare nis­je­pro­grammenes død i fraværet av en all­mennkringkaster. Men det hjelper ikke med døvesendinger på por­tugi­sisk eller nyhetssendinger på kata­lan­sk i Norge. Og det hjelper for svært mange lite eller ingent­ing med et utek­stet engel­skspråk­lig program. 

    “Eller bør du ta med spe­sial­in­ter­ess­er, mak­t­sen­tre og fire års valg-lag i lignin­gen? […] Å gå mot den norske kul­ture­liten skaper støy, der­for får deres opp­fat­ning av hva god kul­tur er høyere pri­or­itet enn den fort­jen­er utifra antallet”.

    Det er hun­drevis av ting man må ta med i lignin­gen. Men det endr­er ikke på et enkelt fak­tum: kul­tur­de­parte­mentet er en del av reg­jerin­gen. Reg­jerin­gen er indi­rek­te folkevalgt. 

    Der­som man ønsker en annen kul­tur­poli­tikk, kan man alt­så stemme på et par­ti som ønsker det samme, melde seg inn i et par­ti for å kjempe for det der eller starte opp en inter­esseg­ruppe. Per­son­lig har jeg få innvendinger mot dagens overord­nete kul­tur­poli­tikk, og jeg vil ikke akku­rat påstå å iden­ti­fis­ere meg selv med kultureliten.

  9. Øyvind, jeg tror nok også at sendinger på samisk forsvin­ner uten statlig innbland­ing. Norske pro­gram­mer på døvespråk også. Men jeg er ikke over­be­vist om behovet. Opp­fylles ikke begge behovene bedre av andre medi­er? Spe­sielt døvespråk, hva skal man i dag med egne TV-nyheter for døve? Og hva er ver­di­en av en halv­time samiske sendinger nå og da sam­men­lignet med det man kan få til på web? Men nå snakker jeg alt­så som en som ikke føler behovet for kringkast­ing i det hele tatt — for de nis­jeny­hetene jeg er inter­essert i vil jeg ialle­fall heller ha 50 ivrige web­ma­gasin­er enn en halv­time påtvunget TV-kvote. 

    Uten­rik­sny­heter er hverken norsk eller smalt, så det tror jeg ikke forsvin­ner. Dvs., CNN og BBC World er ikke veldig gode kanaler, jeg får hode­pine av å se på dem, sig­nal-støy-forhold­et er så lavt. Spørsmålet er om ser­iøs nyhets­dekn­ing er en nis­je, eller om det har main­stream-poten­siale. Testet ut Al-Jazeer­ah Eng­lish over net­tet nylig, den er ganske ålre­it, får ialle­fall ikke vondt i hodet. De forsøk­er å sam­le til seg jour­nal­is­ter som net­top er lei av CNN-stilen, (det beste pro­gram­met deres er Wit­ness, med lavbud­sjett doku­mentar­er fra hele ver­den). Sam­tidig er de vel fremde­les tungt støt­tet av Qatar, så det bevis­er ikke akku­rat poenget mitt. Men jeg tror alt­så det er mulig. Og om det ikke er det, så får vi kan­skje nøye oss med god jour­nal­is­tikk i andre medi­er? For det hjelper jo ikke å dytte ut noe folk ikke vil ha.

  10. ork­er ikke delta veldig i denne diskusjo­nen for­di jeg skjøn­ner ikke hva folk klager over.

    nrk lev­er­er glim­rende pro­gram­mer, gir de til oss gratis på net­tet, radio­pro­grammene er fan­tastiske, urørt er kult, p2 er kanon, berserk er kjem­pe­mor­somt og selv om jeg ikke ser på him­mel­blå så lik­er folk det.

    skal man stille spørsmål­tegn bør de stilles bak tv2, men­er jeg.

    lisens… er det så farlig?

  11. […] gjerne min artikkel i Vox Pub­li­ca. Artikke­len er ein del av deira åpne net­thøring om NRK si framtid, eit fabelaktig […]

til toppen