— Vi vil vere ein lyskastar for gløymde saker i verda, seier prosjektkoordinator Gunta Venge i Raftostiftinga.
Med stor entusiasme og eit brennande ønske om å gjere sitt for rettferda i verda, tek ho seg av diverse og varierte oppgåver i stiftinga. Organisasjonen sitt arbeid er i Thorolf Rafto sin ande. Då professor ved Noregs Handelshøgskule og menneskerettsforkjempar Rafto døydde i 1986, vart stiftinga oppretta. Ho består av eit styre på 7 personar, ei studentgruppe på 12 og ein prosjektkoordinator. Stiftinga mottek ingen fast statleg støtte og er avhengig av pengar frå organisasjonar og enkeltpersonar.
Raftohelga: prisutdeling og festframsyning
— Det er viktig for Bergen å ha eit stort arrangement som set fokus på menneskerettane.
Venge verkar stolt over å få verda sine auge retta mot arbeidet til den litle, men anerkjente bergenske organisasjonen. Raftostiftinga er ei sterk merkevare innanfor norsk og internasjonalt menneskerettsarbeid.
Årets mottakar av Raftoprisen er National Campaign on Dalit Human Rights. Organisasjonen jobbar for rettane til dei indiske dalitane, som blir stempla som ureine og kastelause.
Raftohelga går føre seg i den første helga i november. Her skjer mellom anna Raftopris-utdelinga og ei festframsyning med kjente artistar. Det er studentgruppa som står for den praktiske gjennomføringa av denne helga. Med Raftoprisen får vinnaren og saka verda si merksemd. Pengegåva på 10.000 amerikanske dollar er symbolsk. Ved hjelp av stiftinga tek vi ansvar for verda, seier prosjektkoordinator Venge.
Dei siste åra har det blitt meir og meir prestisje i å få prisen. Venge meiner dette har samanheng med dei vala som er tekne og påverkingskrafta dei ulike prisane har hatt. Mellom anna José Ramos-Horta og Aung San Suu Kyi har fått Nobels Fredspris etter å ha blitt tildelte Raftoprisen.
Raftostiftinga sine prosjekt
— Vi gløymer ikkje dei som får prisen, understrekar Venge.
Raftostiftinga er svært opptekne av å følgje opp dei ulike sakene. Mellom anna utviklinga i Burma og Vest-Sahara blir nøye overvaka. Sidi Mohammed Daddach fekk prisen i 2002 for sitt arbeid med sjølvstende og lausriving av Vest-Sahara frå Marokko. I 2005 vart ein norsk delegasjon frå Raftostiftinga og Støttekomiteen for Vest-Sahara sendte til nettopp dette området nordaust i Afrika. Delegasjonen skulle overvake ein rettssak, men vart raskt kasta ut.
Stiftinga held seg oppdatert ved å ha nær kontakt med ymse organisasjonar som har innsideinformasjon om forholda i dei ulike områda som i symbolsk forstand har blitt tildelt prisen. Ønsket om at Vest-Sahara skal få gjennomføre ei folkeavstemming er ei sak som står sterkt hos stiftinga. Dette er berre eitt eksempel på at sakene som har vunne prisen blir følgde opp i lang tid.
Venge seier at dei landa som opplever ein stabil situasjon og betring etter å ha fått verda sine auge retta mot seg, ikkje vil bli følgde opp like tett som andre konfliktområde. Dette har òg å gjere med kapasitetsproblem hos stiftinga. Men ho understrekar at viktige saker ikkje på nokon måte blir gløymde.
I samband med Raftostiftinga sitt 20-års jubileum i fjor vart det satt i gong eit fotodokumentasjonsprosjekt. Fotografen Hans Jørgen Brun har teke på seg oppgåva med å fotografere alle tidlegare Raftopris-vinnarar. Målet er å gje ut ei bok.
Den viktigaste hendinga for stiftinga er den årlege prisutdelinga. Alle kan kome med nominasjonar. Dei aktuelle kandidatane skal vere aktive deltakarar i kampen for menneskerettane; enten dei har kjempa for ideal og prinsipp som ligg til grunn for menneskerettane eller deltek på meir symbolsk vis. Det er eit viktig prinsipp at all form for kamp skal ha skjedd utan bruk av vald og våpen. Som prosjektkoordinator mottek Venge alle nominasjonane og vidaresender desse til styret, som tek den endelege avgjersla. Styret jobbar òg med å finne aktuelle kandidatar; dei som fell utanfor media sitt søkelys og er blant dei gløymde og ukjende konfliktane.
Med menneskerettane som drivkjelde fortset Raftostiftinga sitt viktige arbeid med å få menneske sin kamp for eigen og andres fridom høgare opp på verdas agenda.
Artikkelforfattaren studerer journalistikk ved Universitetet i Bergen.