Vinter og kaldt i norsk journalistikk

I januar besøkte eg ti norske redaksjonar på ei veke, og fekk eit lynkurs i framtidsangst.

Både fors­ka­rar og jour­na­lis­tar stre­var med å for­stå kva som skjer med jour­na­lis­tik­ken som pro­fe­sjon i vår tid. Net­tet har blitt ein vik­tig pub­li­se­rings­ka­nal, men sjølv om alle medie­ne bru­kar sto­re pen­gar på å vera jour­na­lis­tisk til sta­des på net­tet, så er det ber­re VG Nett som tener pen­gar på det. Sam­ti­dig går opp­la­get ned og svek­kar øko­no­mi­en frå eit anna hald. Sjølv om den­ne pro­ses­sen har hal­de på i 15 år og svek­ka pres­sa som pro­fe­sjon så finst det enno inga løy­sing i sik­te.

Eg er ansvar­leg for prak­sis­ut­plas­se­rin­ga på jour­na­lis­tikk­stu­di­et ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen. Om vin­te­ren dreg eg på besøk til stu­den­ta­ne, og ser aka­de­mia klas­ka saman med den råbars­ke kvar­da­gen i nors­ke redak­sjo­nar. Stu­den­ta­ne er i snitt 23 år, og dei har eit mykje rei­na­re og meir kom­pro­miss­laust ideal om jour­na­lis­tikk enn ring­re­ven med tjue års erfa­ring. Her ligg det eit håp for fram­ti­da. Om tjue år er det årets prak­sis­stu­den­tar som sty­rer norsk jour­na­lis­tikk, mens dagens duk­sar er over mid­dags­høg­da, og kan­skje end­rar jour­na­lis­tik­ken og bru­kar­åt­fer­da seg slik at den­ne kom­mu­ni­ka­sjons­for­ma blir meir bere­kraf­tig.

Man­ge jour­na­lis­tar har måt­ta fin­na seg noko nytt å gje­ra sidan kri­sa set­te inn

Mån­dag 25. janu­ar var eg på inn­si­da av kys­ten. Ber­gen­sa­ra­ne har inn­sett at dei no bur i snø­byen og ikkje regn­byen; men har fram­leis rekor­den i fuk­tig­heit. Ber­gens Tiden­de er pre­ga av eit stil­le alvor, og det har opp­stått ein for­skjell på dei med­ar­bei­da­ra­ne som er trygt inna­for, og dei som står utan­for og vil innatt. Hei­le Media­Nor­ge ned­ska­le­rer, og man­ge jour­na­lis­tar har måt­ta fin­na seg noko nytt å gje­ra sidan kri­sa set­te inn i 2008. Uni­ver­si­te­tets stu­den­tar føler også det­te pres­set, og veit alt­for godt at dei skal snart vera den sva­kas­te par­ten i medie­mark­na­den. Men stu­den­ta­ne står i alle fall på for fullt, og etter ber­re ei vekes tid i prak­sis fekk våre stu­den­tar i Ber­gens Tiden­de kjempe­opp­slag i nyheits­de­len og kul­tur­de­len.

Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen yns­kjer at prak­si­sen skal vera så fag­leg lære­rik som moge­leg. Fad­de­ra­ne i medie­husa er godt klar over at stu­den­ta­ne må få rike­leg merk­semd i arbei­det med sake­ne, men pga. den har­de ned­be­man­nin­ga var det­te vans­ke­leg å få til i 2010. Talet på prak­sis­plas­sar vart skjært ned i lag med alt det and­re.

På tys­da­gen var eg ute på sjø­en med Hauge­sund som nes­te havn. Iskal­de døn­nin­gar akkom­pag­ner­te Tyr­ving over Slet­ta, og sjølv om ei av dei størs­te nyheits­sa­ke­ne det sis­te tiåret har ført til at flei­re tek bus­sen, var veret såpass fint at det vil­le vera para­no­id å tru at me vil­le for­li­sa før Hauge­sund.

Eg var på besøk i Hauge­sunds Avis, som er eigd av Edda Media*. Redak­sjo­nen mer­kar at arbeids­pres­set aukar, og dei kun­ne ikkje ta imot så man­ge stu­den­tar som før. Vår stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Hauge­sund, og had­de hel­dig­vis kome godt inn i det jour­na­lis­tis­ke arbei­det.

Då Tyr­ving drog vida­re til Stav­an­ger had­de eg spist ein betre mid­dag på M, og fer­da gjekk for­bi Kvits­øy, der for­ret­nings­fol­ka sine nye ferie­hus ska­par stør­re merk­semd enn dei gam­le mas­te­ne til kort­bølge­sen­da­ren. Då eg stod opp ons­dag mor­gon slo reg­net mot vind­au­get. Toar­bus­sen frå Tas­ta­rus­ta til sen­trum var full av jen­ter som ald­ri kjem til å kjø­pa papir­avi­ser, og då alle gjekk av i sam­la flokk ved ein vidare­gå­an­de sku­le tenk­te eg at dei ikkje viser nokon teikn på å vera dum­me av den grunn.

I fjor var det fullt av folk i det avan­ser­te medie­hu­set til Stav­an­ger Aften­blad, men i år var det glis­sent. Eg fekk ei sterk kjens­le av krise­tid. (foto: Lars Nyre)

Stav­an­ger Aften­blad har over hund­re års his­to­rie som eit domi­ne­ran­de avis­hus. Eg spring inn frå stri­reg­net til det kjempe­sto­re nye huset dei­ra. Det er omtrent tomt. I fjor vrim­la det av skule­ung­dom i det inter­ak­ti­ve lærings­rom­met ”Dead­li­ne”, og det var jour­na­lis­tar ved alle pul­ta­ne i redak­sjo­nen. No skal ein heil eta­sje lei­gast ut til eit olje­sel­skap. Det­te lær­te eg frå sen­tral­bord­dama, og eg lærer ofte meir frå dame­ne i kulis­sa­ne enn men­ne­ne i sen­trum. Som i Ber­gens Tiden­de er det Media­Nor­ge som rår, og ned­be­man­nin­ga har vore dra­ma­tisk. Tor­geir Vøl­stad er ansvar­leg for vår stu­dent, og han sei­er at det tek på humø­ret å ha tre run­dar med ned­be­man­ning på eitt år. Men ver­di­ane og insti­tu­sjo­na­ne som avi­sa har dyr­ka i hund­re år står like sterkt som før, og dét er vik­tig for han. Hel­dig­vis går sam­ta­len ved kaffi­ma­ski­na like friskt som i fjor.

Vår stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Stav­an­ger, og lokal til­knyt­ning er all­tid ein for­del for uer­far­ne jour­na­lis­tar for­di dei då har let­ta­re for å få ide­ar og skaf­fa kjel­der. Stu­den­ten vart plas­sert i Nærings­sek­sjo­nen, og det var nok mykje pga. stu­die­ne på Han­dels­høg­sku­len, som gjer at han er flink å rek­na seg gjen­nom øko­no­mis­ke doku­ment.

På tors­da­gen drog eg langs lande­veg E39 frå Ber­gen til Før­de, og mora meg med GPSen på mobi­len. Vest­lands­eks­pres­sen er eit krong­le­te fram­komst­mid­del, men livs­vik­tig for alle som bur og arbei­der i Sogn. Rett før bus­sen byr­ja å klat­ra ned dei islag­te svin­ga­ne til Førde­byen kom det eit glimt av sol inn vind­au­get.

Eg var i fly­plass­hel­ve­tet, der alle ser rett fram og halv­søv seg gjen­nom luf­ta

Fir­da er eit solid lite medie­hus, kon­trol­lert av A-pres­sen men med sterk lokal for­ank­ring. På man­ge måtar er Fir­da eit digi­talt fyr­tårn i fjord-Nor­ge, blant anna har dei web­si­der også for mobi­len, noko som er gans­ke avan­sert for ei lokal­avis. Men vår stu­dent skriv mest for papir­avi­sa. Han er opp­vak­sen i Før­de, og har såleis fått ein nes­ten per­fekt prak­sis­plass.

Lokal­avi­ser har enno sta­bi­le opp­lag på papir, og er langt på veg vin­na­ren i avis­bran­sjen. Men lokal­avi­se­ne bør like­vel sat­sa meir på nett, sei­er Arild Nybø. Han job­ba tid­le­ga­re i Fir­da, og driv no sitt eige kom­mu­ni­ka­sjons­fir­ma med Sogn og Vest­lan­det som vik­ti­gas­te akti­vi­tets­om­rå­de.

— Lokal­avi­se­ne har ein stor for­del ved at dei dek­kjer områ­de som ingen and­re inter­es­se­rer seg for, og det­te hyper­lo­ka­le foku­set er dei­ra størs­te styr­ke også på nett, sei­er han. Men ingen av prak­sis­stu­den­ta­ne har ynskt seg til nett­avi­ser, og Nybø har eit godt for­slag til for­kla­ring.

— Ingen vil for­la­ta trygg­hei­ta hjå dei tra­di­sjo­nel­le avis­husa for den gal­ne halv­bro­ren på inter­nett. Nett­jour­na­lis­tikk er på man­ge måtar vans­ke­le­ga­re, for eksem­pel ved at du må job­ba mot ei kon­ti­nu­er­leg dead­li­ne der det ald­ri er pau­se, og laga tit­lar, ingres­sar, vel­ja ut bile­te og bilet­teks­tar, og gjer­ne sit heilt ålei­ne på vakt. Dei fles­te avgjers­ler vert tatt utan sik­ker­heits­net­tet som redak­tø­ren utgjer, og du må spør­ja om til­gi­vel­se og ikkje til­la­tel­se. Des­se nett­ori­en­ter­te fer­dig­hei­ta­ne bør stu­den­ta­ne læra i løpet av utdan­nin­ga. Uni­ver­si­te­tet må laga ei utdan­ning som pas­sar til net­tet, sei­er Nybø.

Sam­ta­len med Arild Nybø blei gans­ke kort, for eg måt­te sprin­ga til fly­bus­sen. På Bringe­land byr­jar ei tem­pe­rert slu­se av trans­port som tok meg over den nes­ten snø­frie Jotun­hei­men til Gar­der­moen.

Eg var i fly­plass­hel­ve­tet, der alle ser rett fram og halv­søv seg gjen­nom luf­ta

ista­den­for å sjå på utsik­ten. Kl. 17.30 gjekk eg av Fly­to­get ber­re fem­ti meter frå Aften­pos­ten sitt sky­skra­par­til­vere i Post­giro­byg­get.

Des­se fol­ka kjem til å klo­ra seg fast i bran­sjen med alle mid­del

På Sen­tral­sta­sjo­nen var det eit pul­se­ran­de liv både over og under bak­ken, og kor­kje Ber­gen eller Stav­an­ger er i nær­lei­ken av å ha det same men­nesketrøk­ket. Oslo er den størs­te byen i Nor­ge også i jour­na­lis­tisk for­stand. Her er alle medie­ne digi­ta­le fyr­tårn, bort­sett frå Klasse­kam­pen og Mor­gen­bla­det. Dei har ei kom­pro­miss­laus sat­sing på papir­avis, og bru­kar ber­re små­pen­gar på net­tet. Det­te kan vera fram­ti­da for nisje­avi­ser, men det er ikkje fram­ti­da for den all­men­ne jour­na­lis­tis­ke offent­leg­hei­ta.

Aften­pos­ten er det størs­te hju­let i Media­Nor­ge-maski­ne­ri­et. Uni­ver­si­te­tets stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Oslo og har den same for­de­len som våre stu­den­tar i Hauge­sund, Stav­an­ger og Fir­da. Ho skriv mest lokal­jour­na­lis­tikk i AftenAf­ten, og får godt skuss­mål frå sine føre­set­te.

I den­ne sto­re medie­be­drif­ta fann eg til mi over­ras­king ei reso­lutt papir­sat­sing på hyper­lo­kal jour­na­lis­tikk. Kvar ons­dag kjem bydels­avi­sa ut, og den har ulikt inn­hald i minst seks sek­sjo­nar som dek­kjer Sen­trum, Ullern/Aker, Oslo Øst og så vida­re. Lesa­ra­ne er vel­dig enga­sjert i den­ne typen jour­na­lis­tikk, og eg trur den er liv laga same kva platt­form den blir dis­tri­bu­ert på.

Fem minutts spa­sér­tur for­bi Plaza Hotel og Akers­elva fann eg Klasse­kam­pens redak­sjon i nye loka­le. På Grøn­land er det høgt trykk både ute i gata der ørten nasjo­na­li­te­tar vand­rar saman, og inne i redak­sjo­nen der det er dead­li­ne om tjue minutt. Klasse­kam­pen står for eit radi­kalt poli­tisk og øko­no­misk sjølv­sten­de, og avi­sa står på man­ge måtar utan­for den jour­na­lis­tis­ke hovud­lin­ja i Nor­ge. At avi­sa sam­stun­des over­le­ver på stats­støt­te er eit av man­ge para­doks i sosial­de­mo­kra­ti­et Nor­ge. I Klasse­kam­pen er ideo­lo­gisk til­høy­rig­heit vik­ti­ga­re enn geo­gra­fisk, og sidan vår stu­dent er med i SV si bystyre­grup­pe i Ber­gen pas­sar han per­fekt inn.

Så var eg fer­dig med inspek­sjo­nen, og er i hvert fall ikkje redd for stu­den­ta­ne si fag­le­ge opp­læ­ring. Alle medie­husa eg besøk­te tok godt vare på stu­den­ta­ne, og gav dei ordent­le­ge opp­drag og til dels sto­re opp­slag.

Jour­na­lis­tik­kens størs­te fram­tids­pro­blem: det dår­le­ge renom­mé­et til nett­jour­na­lis­tik­ken

Stu­den­ta­ne lær­te utru­leg mykje på des­se to måna­da­ne, men ikkje alt var lær­do­mar dei had­de lyst på. Dei skjøn­te fort at det kan bli vans­ke­leg å få som­mar­jobb, for ikkje å snak­ka om vika­riat eller endå til ei fast stil­ling. Sam­ti­dig opp­da­ga dei fles­te stu­den­ta­ne at dei har ein jour­na­lis­tisk ulv i seg, og at dei ver­ke­leg yns­kjer å bli jour­na­lis­tar.

Des­se fol­ka kjem til å klo­ra seg fast i bran­sjen med alle mid­del

.

Glo­ri­en rundt jour­na­list­yr­ket er enno knyt­ta til hovud­re­dak­sjo­nen som pr. defi­ni­sjon er papir­ori­en­tert, og dei fær­ras­te stu­den­tar yns­kjer seg til nett­re­dak­sjo­nar. Så len­ge pro­fe­sjo­nen held fokus på papir­avi­sa vil også rekrut­te­rin­ga føre­gå der. Jour­na­lis­tik­kens størs­te fram­tids­pro­blem ligg slik sett i det dår­le­ge renom­mé­et til nett­jour­na­lis­tik­ken. Og difor må jour­na­lis­tikk­ut­dan­nin­ga­ne både i Ber­gen og and­re sta­der (t.d. Vol­da og Oslo) ta på seg ansva­ret for å inspi­rera stu­den­ta­ne til å sat­sa på nett­jour­na­lis­tikk.

Etter ei van­leg veke på job­ben drog eg gjen­nom fly­plass­hel­ve­tet hei­matt til Ber­gen. Det var fre­dag kveld, og me stod minst fem­ti men­nes­ke i ein iskald dro­sje­kø på Fles­land. På fre­dags­kvel­dar er det så mykje køy­ring i sen­trum at dro­sja­ne ikkje gidd å køyra heilt ut til Fles­land for å kap­ra kun­dar. Eg beit ten­ne­ne saman og igno­rer­te kynis­men så tol­mo­dig eg kun­ne, og til slutt kom det ein dro­sje.

Ret­tel­se
(*Fra redak­sjo­nen: Den opp­rin­ne­li­ge ver­sjo­nen av artik­ke­len inne­holdt en feil­ak­tig opp­lys­ning om omfan­get av ned­be­man­ning i Hauge­sunds Avis. Den­ne er nå fjer­net).

TEMA

J

ournali
stikk

125 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

6 KOMMENTARER

  1. Det er sli­ke teks­ter som får meg til å tvi­le etter å ha valgt jour­na­lis­tikk på UiS som første­valg til høs­ten.
    «Takk for det.»

    1 dag igjen til fris­ten for å end­re går ut. Faen.

  2. Erland Flaten says:

    Trist som faen? Ikke helt.
    Stu­den­te­ne i Vol­da har en del av intern­prak­si­sen dedi­kert til nett. 2 av 8 uker. nernett.no Sam­ti­dig som jeg føler at noen stu­den­ter ser på net­tet som en b-kanal, er man­ge opp­rik­tig nys­gjer­ri­ge på de ny jou­na­lis­tis­ke verk­tøy­ene net­tet gir. Og dis­se er det flest av. Det gir grunn til stor opti­mis­me for jour­na­lis­tik­ken som fag og vesen.

    Utford­rin­gen lig­ger hos blå­rus­sen i medie­be­drif­te­ne. De må ven­ne folk til å beta­le etter at medie­be­drif­te­ne har vært gris­ke og prøvd å ta hele kaka for så å inn­føre beta­ling «sene­re».

    mvh Erland Fla­ten ( for tiden inn­leid som nett­læ­rer i Vol­da)

    PS Ikke trekk søk­na­den din CingT !

  3. […] This post was men­tio­ned on Twit­ter by Olav A. Øvre­bø, Dani­el Strie­tzel and Mor­ten Veland, Hall­vard Moe. Hall­vard Moe said: RT @oovrebo: Rund­tur i avis-Nor­ge ga @syrenyre lyn­kurs i fram­tids­angst: http://bit.ly/8Z5dWm […]

  4. Pål A. Berg says:

    Hei
    Hvor har du hen­tet opp­lys­nin­ge­ne om at i Hauge­sunds Avis er «sta­ben hal­vert på nokre år»?
    Hvor har du hen­tet begrun­nel­sen om at «Redak­sjo­nen mer­kar at arbeids­pres­set aukar, og dei kun­ne ikkje ta imot så man­ge stu­den­tar som før»?
    For et medie­hus som er kon­trakt­fes­tet sam­ar­beids­avis for Insti­tutt for medie­vi­ten­skap i Ber­gen er det for­stem­men­de at en første­ama­nu­en­sis ikke sjek­ker fak­ta før han brin­ger det vide­re.
    mvh
    Pål A. Berg
    Ansvar­lig redak­tør
    Medie­hu­set Hauge­sunds Avis

  5. Lars Nyre says:

    Hei,

    Den fyrs­te opp­lys­nin­ga har eg ikkje ordent­leg kjel­de for, og skal be redak­tø­ren om å fjer­na den i mor­gon. Den and­re opp­lys­nin­ga er eg sjølv kjel­de for, ved at eg tol­kar reduk­sjo­nen i talet på prak­sis­plas­sar som uttrykk for at det ikkje var til­strek­ke­leg kapa­si­tet i redak­sjo­nen. Det­te har for øvrig vore gjen­nom­gå­an­de for alle våre fas­te sam­ar­beids­part­ne­rar i år. Når dét er sagt har våre stu­den­tar dei sis­te åra gje­ve uttrykk for at opp­hal­det i Hauge­sunds Avis var ytterst gje­van­de, blant anna for­di dei har fått man­ge teks­tar på trykk og har fått varier­te opp­gå­ver i redak­sjo­nen.

  6. Pål A. Berg says:

    Da kan jeg opp­ly­se om at også den and­re opp­lys­nin­ger, som du «er sjølv kjel­de for, ved at eg tol­kar…» også er feil.
    Synd — for du kun­ne bare spurt — så had­de du fått et svar som var mer i stil med vir­ke­lig­he­ten.
    Fakta­sjekk er frem­de­les en vik­tig ingre­di­ens i jour­na­lis­tik­ken.

    mvh
    Pål And­re Berg
    Ansvar­lig redak­tør
    Medie­hu­set Hauge­sunds Avis

til toppen