Både forskarar og journalistar strevar med å forstå kva som skjer med journalistikken som profesjon i vår tid. Nettet har blitt ein viktig publiseringskanal, men sjølv om alle mediene brukar store pengar på å vera journalistisk til stades på nettet, så er det berre VG Nett som tener pengar på det. Samtidig går opplaget ned og svekkar økonomien frå eit anna hald. Sjølv om denne prosessen har halde på i 15 år og svekka pressa som profesjon så finst det enno inga løysing i sikte.
Eg er ansvarleg for praksisutplasseringa på journalistikkstudiet ved Universitetet i Bergen. Om vinteren dreg eg på besøk til studentane, og ser akademia klaska saman med den råbarske kvardagen i norske redaksjonar. Studentane er i snitt 23 år, og dei har eit mykje reinare og meir kompromisslaust ideal om journalistikk enn ringreven med tjue års erfaring. Her ligg det eit håp for framtida. Om tjue år er det årets praksisstudentar som styrer norsk journalistikk, mens dagens duksar er over middagshøgda, og kanskje endrar journalistikken og brukaråtferda seg slik at denne kommunikasjonsforma blir meir berekraftig.
Mange journalistar har måtta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn
Måndag 25. januar var eg på innsida av kysten. Bergensarane har innsett at dei no bur i snøbyen og ikkje regnbyen; men har framleis rekorden i fuktigheit. Bergens Tidende er prega av eit stille alvor, og det har oppstått ein forskjell på dei medarbeidarane som er trygt innafor, og dei som står utanfor og vil innatt. Heile MediaNorge nedskalerer, og mange journalistar har måtta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn i 2008. Universitetets studentar føler også dette presset, og veit altfor godt at dei skal snart vera den svakaste parten i mediemarknaden. Men studentane står i alle fall på for fullt, og etter berre ei vekes tid i praksis fekk våre studentar i Bergens Tidende kjempeoppslag i nyheitsdelen og kulturdelen.
Universitetet i Bergen ynskjer at praksisen skal vera så fagleg lærerik som mogeleg. Fadderane i mediehusa er godt klar over at studentane må få rikeleg merksemd i arbeidet med sakene, men pga. den harde nedbemanninga var dette vanskeleg å få til i 2010. Talet på praksisplassar vart skjært ned i lag med alt det andre.
På tysdagen var eg ute på sjøen med Haugesund som neste havn. Iskalde dønningar akkompagnerte Tyrving over Sletta, og sjølv om ei av dei største nyheitssakene det siste tiåret har ført til at fleire tek bussen, var veret såpass fint at det ville vera paranoid å tru at me ville forlisa før Haugesund.
Eg var på besøk i Haugesunds Avis, som er eigd av Edda Media*. Redaksjonen merkar at arbeidspresset aukar, og dei kunne ikkje ta imot så mange studentar som før. Vår student kjem opprinneleg frå Haugesund, og hadde heldigvis kome godt inn i det journalistiske arbeidet.
Då Tyrving drog vidare til Stavanger hadde eg spist ein betre middag på M, og ferda gjekk forbi Kvitsøy, der forretningsfolka sine nye feriehus skapar større merksemd enn dei gamle mastene til kortbølgesendaren. Då eg stod opp onsdag morgon slo regnet mot vindauget. Toarbussen frå Tastarusta til sentrum var full av jenter som aldri kjem til å kjøpa papiraviser, og då alle gjekk av i samla flokk ved ein vidaregåande skule tenkte eg at dei ikkje viser nokon teikn på å vera dumme av den grunn.
Stavanger Aftenblad har over hundre års historie som eit dominerande avishus. Eg spring inn frå striregnet til det kjempestore nye huset deira. Det er omtrent tomt. I fjor vrimla det av skuleungdom i det interaktive læringsrommet ”Deadline”, og det var journalistar ved alle pultane i redaksjonen. No skal ein heil etasje leigast ut til eit oljeselskap. Dette lærte eg frå sentralborddama, og eg lærer ofte meir frå damene i kulissane enn mennene i sentrum. Som i Bergens Tidende er det MediaNorge som rår, og nedbemanninga har vore dramatisk. Torgeir Vølstad er ansvarleg for vår student, og han seier at det tek på humøret å ha tre rundar med nedbemanning på eitt år. Men verdiane og institusjonane som avisa har dyrka i hundre år står like sterkt som før, og dét er viktig for han. Heldigvis går samtalen ved kaffimaskina like friskt som i fjor.
Vår student kjem opprinneleg frå Stavanger, og lokal tilknytning er alltid ein fordel for uerfarne journalistar fordi dei då har lettare for å få idear og skaffa kjelder. Studenten vart plassert i Næringsseksjonen, og det var nok mykje pga. studiene på Handelshøgskulen, som gjer at han er flink å rekna seg gjennom økonomiske dokument.
På torsdagen drog eg langs landeveg E39 frå Bergen til Førde, og mora meg med GPSen på mobilen. Vestlandsekspressen er eit kronglete framkomstmiddel, men livsviktig for alle som bur og arbeider i Sogn. Rett før bussen byrja å klatra ned dei islagte svingane til Førdebyen kom det eit glimt av sol inn vindauget.
Eg var i flyplasshelvetet, der alle ser rett fram og halvsøv seg gjennom lufta
Firda er eit solid lite mediehus, kontrollert av A‑pressen men med sterk lokal forankring. På mange måtar er Firda eit digitalt fyrtårn i fjord-Norge, blant anna har dei websider også for mobilen, noko som er ganske avansert for ei lokalavis. Men vår student skriv mest for papiravisa. Han er oppvaksen i Førde, og har såleis fått ein nesten perfekt praksisplass.
Lokalaviser har enno stabile opplag på papir, og er langt på veg vinnaren i avisbransjen. Men lokalavisene bør likevel satsa meir på nett, seier Arild Nybø. Han jobba tidlegare i Firda, og driv no sitt eige kommunikasjonsfirma med Sogn og Vestlandet som viktigaste aktivitetsområde.
— Lokalavisene har ein stor fordel ved at dei dekkjer område som ingen andre interesserer seg for, og dette hyperlokale fokuset er deira største styrke også på nett, seier han. Men ingen av praksisstudentane har ynskt seg til nettaviser, og Nybø har eit godt forslag til forklaring.
— Ingen vil forlata tryggheita hjå dei tradisjonelle avishusa for den galne halvbroren på internett. Nettjournalistikk er på mange måtar vanskelegare, for eksempel ved at du må jobba mot ei kontinuerleg deadline der det aldri er pause, og laga titlar, ingressar, velja ut bilete og bilettekstar, og gjerne sit heilt åleine på vakt. Dei fleste avgjersler vert tatt utan sikkerheitsnettet som redaktøren utgjer, og du må spørja om tilgivelse og ikkje tillatelse. Desse nettorienterte ferdigheitane bør studentane læra i løpet av utdanninga. Universitetet må laga ei utdanning som passar til nettet, seier Nybø.
Samtalen med Arild Nybø blei ganske kort, for eg måtte springa til flybussen. På Bringeland byrjar ei temperert sluse av transport som tok meg over den nesten snøfrie Jotunheimen til Gardermoen. Eg var i flyplasshelvetet, der alle ser rett fram og halvsøv seg gjennom lufta istadenfor å sjå på utsikten. Kl. 17.30 gjekk eg av Flytoget berre femti meter frå Aftenposten sitt skyskrapartilvere i Postgirobygget.
Desse folka kjem til å klora seg fast i bransjen med alle middel
På Sentralstasjonen var det eit pulserande liv både over og under bakken, og korkje Bergen eller Stavanger er i nærleiken av å ha det same mennesketrøkket. Oslo er den største byen i Norge også i journalistisk forstand. Her er alle mediene digitale fyrtårn, bortsett frå Klassekampen og Morgenbladet. Dei har ei kompromisslaus satsing på papiravis, og brukar berre småpengar på nettet. Dette kan vera framtida for nisjeaviser, men det er ikkje framtida for den allmenne journalistiske offentlegheita.
Aftenposten er det største hjulet i MediaNorge-maskineriet. Universitetets student kjem opprinneleg frå Oslo og har den same fordelen som våre studentar i Haugesund, Stavanger og Firda. Ho skriv mest lokaljournalistikk i AftenAften, og får godt skussmål frå sine føresette.
I denne store mediebedrifta fann eg til mi overrasking ei resolutt papirsatsing på hyperlokal journalistikk. Kvar onsdag kjem bydelsavisa ut, og den har ulikt innhald i minst seks seksjonar som dekkjer Sentrum, Ullern/Aker, Oslo Øst og så vidare. Lesarane er veldig engasjert i denne typen journalistikk, og eg trur den er liv laga same kva plattform den blir distribuert på.
Fem minutts spasértur forbi Plaza Hotel og Akerselva fann eg Klassekampens redaksjon i nye lokale. På Grønland er det høgt trykk både ute i gata der ørten nasjonalitetar vandrar saman, og inne i redaksjonen der det er deadline om tjue minutt. Klassekampen står for eit radikalt politisk og økonomisk sjølvstende, og avisa står på mange måtar utanfor den journalistiske hovudlinja i Norge. At avisa samstundes overlever på statsstøtte er eit av mange paradoks i sosialdemokratiet Norge. I Klassekampen er ideologisk tilhøyrigheit viktigare enn geografisk, og sidan vår student er med i SV si bystyregruppe i Bergen passar han perfekt inn.
Så var eg ferdig med inspeksjonen, og er i hvert fall ikkje redd for studentane si faglege opplæring. Alle mediehusa eg besøkte tok godt vare på studentane, og gav dei ordentlege oppdrag og til dels store oppslag.
Journalistikkens største framtidsproblem: det dårlege renomméet til nettjournalistikken
Studentane lærte utruleg mykje på desse to månadane, men ikkje alt var lærdomar dei hadde lyst på. Dei skjønte fort at det kan bli vanskeleg å få sommarjobb, for ikkje å snakka om vikariat eller endå til ei fast stilling. Samtidig oppdaga dei fleste studentane at dei har ein journalistisk ulv i seg, og at dei verkeleg ynskjer å bli journalistar.
Desse folka kjem til å klora seg fast i bransjen med alle middel
.Glorien rundt journalistyrket er enno knytta til hovudredaksjonen som pr. definisjon er papirorientert, og dei færraste studentar ynskjer seg til nettredaksjonar. Så lenge profesjonen held fokus på papiravisa vil også rekrutteringa føregå der. Journalistikkens største framtidsproblem ligg slik sett i det dårlege renomméet til nettjournalistikken. Og difor må journalistikkutdanningane både i Bergen og andre stader (t.d. Volda og Oslo) ta på seg ansvaret for å inspirera studentane til å satsa på nettjournalistikk.
Etter ei vanleg veke på jobben drog eg gjennom flyplasshelvetet heimatt til Bergen. Det var fredag kveld, og me stod minst femti menneske i ein iskald drosjekø på Flesland. På fredagskveldar er det så mykje køyring i sentrum at drosjane ikkje gidd å køyra heilt ut til Flesland for å kapra kundar. Eg beit tennene saman og ignorerte kynismen så tolmodig eg kunne, og til slutt kom det ein drosje.
Rettelse
(*Fra redaksjonen: Den opprinnelige versjonen av artikkelen inneholdt en feilaktig opplysning om omfanget av nedbemanning i Haugesunds Avis. Denne er nå fjernet).
Det er slike tekster som får meg til å tvile etter å ha valgt journalistikk på UiS som førstevalg til høsten.
“Takk for det.”
1 dag igjen til fristen for å endre går ut. Faen.