Silikon i brysta, restylane i leppene, hair-extensions, falske negler og solarium til du ser ut som ei peparkake. Slik ser toppen av blogg.no ut, og tenåringsjentene som brettar ut kroppen og det tilsynelatande sorgfrie livet har lesartal på høgde med større norske nettaviser. Men kan vi leve med desse kroppsideala?
I 2013 feirar blogging i Norge ti år, og i den anledning har Kristian A. Bjørkelo forfatta boka «Gi meg en scene» som vart lansert 4. april. Boka fortel om norsk blogghistorie; ti år med traumer, terror og dagens outfit. Då bloggen gjorde sitt inntog skulle alle kunne bli sin eigen redaktør og forfattar. Bloggen skulle revolusjonere ytringsfridommen og lage ein ny arena for den offentlege samtalen. På lanseringsfesten for bloggboka oppsummerte bloggar og psykolog Kristine Tofte det fint: «Folk flest er ikkje kjempesmarte og politiske, så blogging blir jo heller ikkje det».
Ein typisk rosablogg er ifølgje Bjørkelo skriven av ei tenåringsjente som fortel om mote, nistepakka og kvardagsliv. «Hjarte, hjarte, hjarte», skriv rosabloggarane. «Skriv det du kan, og det du kan best er ditt eige liv» er mantraet. Magni O. Fuglerud poengterer i boka at der motebloggaren fokuserer på mote, handlar rosabloggen om bloggaren.
Og ein kan le av dei overflatiske innlegga, riste på hovudet til det nesten fell av, i oppgittheit over kor dumt det er. Men vi skal passe oss for å ignorere rosabloggane. For det er så mange som gjer nettopp det motsette, som les og studerer dei «suksessfulle» bloggarane sine innlegg dag og natt. Per 1. september 2012 hadde ein av toppane, tromsøjenta Therese Charlotte Margrethe Nielsen som driv bloggen tcmn.blogg.no, gjennomsnittleg 64522 besøkande kvar dag. Til samanlikning hadde Bergens Tidende i 2011 opplagstal på 79467 (Fuglerud i Bjørkelo 2013).
Bjørkelo skriv at bloggen er eit utstillingsvindauge der ein kan iscenesetje og vise fram sine beste sider og interesser
På rosabloggscena får vi stort sett presentert det same, igjen og igjen. Anten dei et lite og usunt, eller lir av ortoreksi og har eit overdrive fokus på å ete ekstremt sunt; samtlege toppbloggarar er like radmagre. Skrollar vi oss vidare på blogglista får vi ei innføring i korleis silikonimplantata kom på plass, nærbilde av arra i etterkant og seinare hundrevis av bilde av kløft, nye bh-ar, truser og naken hud. Når dei blir konfrontert i media med sine manglande evner som førebilete, er svaret stort sett det same: «Eg kan ikkje leve mitt liv basert på at 14 år gamle jenter les om det. Dei som ikkje toler å sjå på kor naturleg tynn eg er eller kor mykje silikon eg har sprøyta inn må slutte å lese bloggen». Men to psykiske lidingar lev i beste velgåande på bloggar og hos lesarane deira. Sjølvskading og eteforstyrringar. Dei trivst godt i flokk, og eksponering fungerer vedlikehaldande. Det påpeika Kristine Tofte på boklanseringa på Litteraturhuset. Gjennom rosabloggane blir jenter pepra med eit kroppsideal som er langt frå sunt, og eit ekstremt fokus på ytre skjønnheit og perfeksjon. Unge jenter tar nok ikkje rosabloggarane og det dei står for utan ei klype salt, men med dagens eksponering gjennom bloggar i kombinasjon med andre medium kan ein umuleg stå att upåverka.
Rosabloggarane kjenner seg ikkje ansvarlege, men det bør vi som samfunn gjere
Bloggarane og ideala dei representerer er eit resultat av kulturen vi lever i. Nettopp difor må vi stoppe opp, sjå oss rundt og stille spørsmål ved om dette er ei ønskjeleg utvikling. Løysinga er høgst uklar, og det gjer debatten desto viktigare. Fokuset på kropp og utsjånad i dagens samfunn og i bloggverda har nådd så ekstreme høgder at vi må ta stilling til spørsmålet: Kvar er vi på veg?
Det nyaste skotet på blogghimmelen, sisteplass.blogg.no, er likevel eit friskt pust. Trass tittelen gjekk Sarah Surland (19) til topps på blogg.no i helga med 110 000 treff lørdag 6. april. Med sine litt mindre glamorøse bilde og skildringar av ein kvardag med både hår under armane og tørre leggar. Unge bloggarar som gjer opprør kan vere den viktige motvekta som viser kor latterleg og lite realistisk det rosa livet faktisk er. Kanskje er det nettopp gjennom desse at tenåringsjentene kan få eit nytt perspektiv. Den rosa revolusjonen er kommen, og fleire stemmer må opp og fram for å tale den imot.