Rosa liv i varselraudt samfunn

325 milliliter. Så mykje silikon har ein av blogg.no-toppane i kvart bryst. Bildebevis frå før – under – etter ligg ute på bloggen. Difor skal vi ikkje ignorere rosabloggane.

Sili­kon i brys­ta, restyla­ne i lep­pe­ne, hair-exten­sions, fals­ke neg­ler og sola­ri­um til du ser ut som ei pepar­kake. Slik ser top­pen av blogg.no ut, og ten­årings­jen­te­ne som bret­tar ut krop­pen og det til­syne­la­tan­de sorg­frie livet har lesar­tal på høg­de med stør­re nors­ke nett­avi­ser. Men kan vi leve med des­se kroppsideala?

I 2013 fei­rar blog­ging i Nor­ge ti år, og i den anled­ning har Kris­ti­an A. Bjørke­lo for­fat­ta boka «Gi meg en sce­ne» som vart lan­sert 4. april. Boka for­tel om norsk blogg­his­to­rie; ti år med trau­mer, ter­ror og dagens out­fit. Då blog­gen gjor­de sitt inn­tog skul­le alle kun­ne bli sin eigen redak­tør og for­fat­tar. Blog­gen skul­le revo­lu­sjo­ne­re ytrings­fri­dom­men og lage ein ny are­na for den offent­le­ge sam­ta­len. På lan­se­rings­fes­ten for blogg­boka opp­sum­mer­te blog­gar og psy­ko­log Kris­ti­ne Tof­te det fint: «Folk flest er ikkje kjempe­smar­te og poli­tis­ke, så blog­ging blir jo hel­ler ikkje det».

Ein typisk rosa­b­logg er iføl­gje Bjørke­lo skri­ven av ei ten­årings­jen­te som for­tel om mote, niste­pak­ka og kvar­dags­liv. «Hjar­te, hjar­te, hjar­te», skriv rosa­b­log­ga­ra­ne. «Skriv det du kan, og det du kan best er ditt eige liv» er man­tra­et. Mag­ni O. Fugle­rud poeng­te­rer i boka at der mote­blog­ga­ren foku­se­rer på mote, hand­lar rosa­b­log­gen om blog­ga­ren.

Skjermbilde fra Therese Charlotte Margrethe Nielsens blogg.

Skjerm­bil­de fra The­re­se Char­lot­te Mar­grethe Nielsens blogg.

Og ein kan le av dei over­fla­tis­ke inn­leg­ga, ris­te på hovu­det til det nes­ten fell av, i opp­gitt­heit over kor dumt det er. Men vi skal pas­se oss for å igno­re­re rosa­b­log­ga­ne. For det er så man­ge som gjer nett­opp det mot­set­te, som les og stu­de­rer dei «suk­sess­ful­le» blog­ga­ra­ne sine inn­legg dag og natt. Per 1. sep­tem­ber 2012 had­de ein av top­pa­ne, tromsø­jen­ta The­re­se Char­lot­te Mar­grethe Nielsen som driv blog­gen tcmn.blogg.no, gjen­nom­snitt­leg 64522 besø­kan­de kvar dag. Til saman­lik­ning had­de Ber­gens Tiden­de i 2011 opp­lags­tal på 79467 (Fugle­rud i Bjørke­lo 2013).

Bjørke­lo skriv at blog­gen er eit utstil­lings­vind­au­ge der ein kan iscene­set­je og vise fram sine bes­te sider og interesser

På rosa­b­logg­sce­na får vi stort sett pre­sen­tert det same, igjen og igjen. Anten dei et lite og usunt, eller lir av ortor­ek­si og har eit over­dri­ve fokus på å ete eks­tremt sunt; samt­le­ge topp­blog­ga­rar er like rad­mag­re. Skrol­lar vi oss vida­re på blogg­lis­ta får vi ei inn­fø­ring i kor­leis sili­konim­plan­ta­ta kom på plass, nær­bil­de av arra i etter­kant og sei­na­re hundre­vis av bil­de av kløft, nye bh-ar, tru­ser og naken hud. Når dei blir kon­fron­tert i media med sine mang­lan­de evner som føre­bi­le­te, er sva­ret stort sett det same: «Eg kan ikkje leve mitt liv basert på at 14 år gam­le jen­ter les om det. Dei som ikkje toler å sjå på kor natur­leg tynn eg er eller kor mykje sili­kon eg har sprøy­ta inn må slut­te å lese blog­gen». Men to psy­kis­ke lidin­gar lev i bes­te vel­gå­an­de på blog­gar og hos lesa­ra­ne dei­ra. Sjølv­ska­ding og ete­for­styr­rin­gar. Dei trivst godt i flokk, og eks­po­ne­ring fun­ge­rer ved­li­ke­hal­dan­de. Det påpei­ka Kris­ti­ne Tof­te på bok­lan­se­rin­ga på Lit­te­ra­tur­hu­set. Gjen­nom rosa­b­log­ga­ne blir jen­ter pep­ra med eit kropps­ideal som er langt frå sunt, og eit eks­tremt fokus på ytre skjønn­heit og per­fek­sjon. Unge jen­ter tar nok ikkje rosa­b­log­ga­ra­ne og det dei står for utan ei kly­pe salt, men med dagens eks­po­ne­ring gjen­nom blog­gar i kom­bi­na­sjon med and­re medi­um kan ein umu­leg stå att upåverka.

Rosa­b­log­ga­ra­ne kjen­ner seg ikkje ansvar­le­ge, men det bør vi som sam­funn gjere

Blog­ga­ra­ne og idea­la dei repre­sen­te­rer er eit resul­tat av kul­tu­ren vi lever i. Nett­opp difor må vi stop­pe opp, sjå oss rundt og stil­le spørs­mål ved om det­te er ei ønskje­leg utvik­ling. Løy­sin­ga er høgst uklar, og det gjer debat­ten desto vik­ti­ga­re. Foku­set på kropp og utsjå­nad i dagens sam­funn og i blogg­ver­da har nådd så eks­tre­me høg­der at vi må ta stil­ling til spørs­må­let: Kvar er vi på veg?

Skjermbilde fra bloggen Sisteplass.

Skjerm­bil­de fra blog­gen Sisteplass.

Det nyas­te sko­tet på blogg­him­me­len, sisteplass.blogg.no, er like­vel eit friskt pust. Trass tit­te­len gjekk Sarah Sur­land (19) til topps på blogg.no i hel­ga med 110 000 treff lør­dag 6. april. Med sine litt mind­re gla­mo­rø­se bil­de og skild­rin­gar av ein kvar­dag med både hår under arma­ne og tør­re leg­gar. Unge blog­ga­rar som gjer opp­rør kan vere den vik­ti­ge mot­vek­ta som viser kor lat­ter­leg og lite rea­lis­tisk det rosa livet fak­tisk er. Kan­skje er det nett­opp gjen­nom des­se at ten­årings­jen­te­ne kan få eit nytt per­spek­tiv. Den rosa revo­lu­sjo­nen er kom­men, og flei­re stem­mer må opp og fram for å tale den imot.

TEMA

B

logg

19 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen