«Det har hjelpt meg enormt å dela det eg tenker og føler»

Mariell (21) er småbarnsmor og råka av kreft. Som mange andre før ho, har kreftpasienten valt å blogga om sjukdomstilvêret.

Mari­ell Erdal Han­sen vart dia­gnos­ti­sert med kreft i desem­ber i fjor. Jen­ta frå Arna star­ta å skri­va blogg i midt­en av janu­ar, like før ho byr­ja på celle­gift­be­hand­lin­ga. Fyrst og fremst var face­bo­ok­sta­tu­sa­ne og blogg­inn­leg­ga ein god måte å infor­me­ra fami­lie og vener.

– Det har hjelpt meg enormt å dela det eg ten­ker og føler. Det hjel­per at eg kan for­mid­la skrift­leg det eg ikkje all­tid kla­rar med ord, og det har mel­lom anna spart meg for mykje mas på mobil­te­le­fo­nen. Til­bake­mel­din­ga­ne har vore fan­tas­tis­ke, for­tel ho.

Les også:
Kreft­blog­ging frå tabu til avis­mat: Talet på kreft­blog­gar er sta­dig vek­san­de. Sunn avis­mat, mei­ner medie­fors­kar.

– Ville ha brote saman

– Eg gjor­de det klart for alle kor­leis eg vil­le ha det i byr­jin­ga. Det tek tid å få inn ein slik beskjed, og ein nyt­tar ein del for­svars­me­ka­nis­mar, sei­er Mari­ell, som før eksa­men opp­mo­da stu­die­ve­ner og kjen­de om å opp­føra seg som nor­malt.

Dagen før ho skul­le ope­re­ra bort svuls­ten, gjekk ho opp til munt­leg eksa­men i faget verne­pleie­fag­le­ge til­nær­min­gar. Trass ein tung og kjensle­pre­ga eksa­mens­pe­riode med flei­re lan­ge dagar på sjuke­hu­set, fekk Mari­ell karak­te­ren A.

Mariell Erdal Hansen bloggar og legg ut foto om kreftsjukdommen og behandlinga (foto: fightingcancer.blogg.no)

Mari­ell Erdal Han­sen blog­gar og legg ut foto om kreft­sjuk­dom­men og behand­lin­ga (foto: fightingcancer.blogg.no)

– Om alle had­de komt bort og spurt meg kor­leis eg had­de det den fyrs­te tida, vil­le eg ha bro­te saman. Eg veit ikkje kor­leis eg had­de tak­la det had­de eg ikkje valt å dela sjuk­do­men.

Oppdaga «klump» på låret

Det var 8. desem­ber i fjor at Mari­ell Erdal Han­sen opp­da­ga ein utvekst på inn­si­da av låret. Legen avfeia kulen som ufar­leg, men ber­re nokre dagar sei­na­re mis­ta ho brått kjens­la i eine foten då ho sat på toget frå Arna til Ber­gen.

Mari­ell vart raskt til­vist til Hauke­land uni­ver­si­tets­sjuke­hus. Dagar med tes­tin­gar, MR-bile­te, CT-bile­te, PET-scan­ning og biopsi fylg­de. 17. desem­ber fekk ho beskje­den om at kulen i låret var ein ond­arta svulst.

– Eg prøv­de å lesa til eksa­men som eg skul­le ha dagen før ope­ra­sjo­nen, og grein mel­lom lesing og man­ge under­sø­kin­gar. Eg tenk­te mest på son min, som er to og eit halvt år gamal. Tenk om eg dør? Tenk om eg har sprei­ing til lun­ge­ne? Det var rett og slett kaos i hovu­det mitt, for­tel ho.

Syn­ovi­alt sar­kom

  • Sar­kom er ei sam­nem­ning for kreft­svuls­tar som vert utvik­la i binde­vev, ofte i mus­ku­la­tu­ren.
  • Syn­ovi­alt sar­kom er eit blaut­vevs­sar­kom som oftast råkar ung­dom og unge vaks­ne.
  • Ber­re kring 160 til­fel­le av blaut­vevs­sar­kom vert påvist årleg.
  • Den van­le­gas­te behand­lings­me­to­den er fjer­ning av blaut­vevs­sar­koma og vevet rundt ved kirur­gisk inn­grep, even­tu­elt i kom­bi­na­sjon med stråle­be­hand­ling.
  • Sprei­ing vert van­leg­vis behand­la med celle­gift­ku­rar

Kjel­der: kreftlex.no og helse-stavanger.no

– Fekk panikk

Inn­imel­lom tura­ne til sjuke­hu­set og eksa­mens­le­sin­ga fekk Mari­ell tid til å ten­ka. Ho bestem­te seg for å pos­ta eit inn­legg på Face­bo­ok:

Fun­net en «kul» på inn­si­den av låret mitt som de ikke vet hva er. Vært på MR og rønt­gen og skal ta vevs­prø­ver i dag, og evt ope­re­re før hel­gen. Tar ikke sor­ge­ne på for­skudd, men man får et sjokk når man er i den situa­sjo­nen, og får et tyde­lig bil­de på hva som er vik­tig.

– Eg had­de ikkje tenkt å dela noko som helst, før eg sat ålei­ne på sjuke­sen­ga med ein klump i hal­sen. Kvi­for ikkje dele det­te, for­tel ho.

Dagen etter fekk Mari­ell den tun­ge beskje­den.

Svuls­ten lega­ne fjer­na tre dagar sei­na­re var på stor­leik med knytt­ne­ven hen­nar.

Mari­ell vert dia­gnos­ti­sert med den sjeld­ne kreft­ty­pen syn­ovi­alt sar­kom. Då ho søk­te opp kreft­ty­pen på nett, vart ho uroa.

– Eg fekk panikk då eg las det gene­rel­le som stod om sar­kom. «5 års over­le­vings­sjan­se ligg på så og så man­ge pro­sent i uli­ke til­fel­le». Ein vert ber­re para­no­id. Når lega­ne sei­er dei har teke ut svuls­ten og behand­lar deg vida­re, så lyt ein sto­la på dei. Då drop­pa iall­fall eg net­tet, slår ho fast.

– Vil visa sårbarheita i situasjonen

Ho yns­kjer å avdra­ma­ti­sera inn­tryk­ket man­ge har av kreft­sjuk­do­men.

– Me er kom­ne kjempe­langt med behand­ling av kreft i dag saman­lik­na med nokre år til­ba­ke. Man­ge vert fris­ke og det endar godt. Det er dei­lig å kun­na for­mid­la det, for­tel Mari­ell.

Like­vel mei­ner ho det er vik­tig å visa kor­leis tida som kreft­pa­si­ent er.

"Hva skal jeg si? Fuck this shit", skriver Mariell Erdal Hansen om inngrepene og behandlingen (foto: fightingcancer.blogg.no)

«Hva skal jeg si? Fuck this shit», skriv Mari­ell Erdal Han­sen om inn­gre­pa og behand­lin­ga (foto: fightingcancer.blogg.no)

– Å visa kor­leis ein ser ut etter inn­grep, viser sår­bar­hei­ta med å ham­na i ein slik situa­sjon. For meg vert bile­ta eg legg ut vik­ti­ge for å kun­ne gje dei som les eit heil­heit­leg inn­trykk av kva ein med mi dia­gno­se går gjen­nom, kon­sta­te­rer Mari­ell.

Sjølv har ho fått gode pro­gno­sar frå lega­ne. Kring halv­par­ten av alle med syn­ovi­alt sar­kom, får til­bake­fall. Mari­ell skal gjen­nom­gå seks fire­da­gar­sku­rar med celle­gift og totalt fem veker med stråle­be­hand­ling for å mot­byg­gja even­tu­el­le til­bake­fall.

21-årin­gen er glad ho kan vera med å fremja open­heit kring kreft.

– Eg trur man­ge skriv om sjuk­do­men sin vel så mykje for å dem­pa hys­te­ri­et og fryk­ta rundt kreft­dia­gno­sen, som for sin eigen del.

TEMA

O

ffentli
ghet

80 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen