Kreftblogging frå tabu til avismat

Talet på kreftbloggar er stadig veksande. Sunn avismat, meiner medieforskar.

På sine heimesider linkar Kreft­for­eininga til eit bre­itt utval av blog­gar skrivne av kreftrå­ka per­son­ar. Blog­gane er svært pop­ulære og for­eininga reg­istr­erer at talet på kreft­blog­gar på net­tet veks. 

– Mange har god nytte av å skri­va om sjuk­domen. Det er ei form for hjelp til sjølvh­jelp, kor per­so­n­ane får tilbakemeldin­gar på det dei skriv og mot­tek støt­teerk­læringar i ei vanske­leg tid. Slike pasient­blog­gar flo­r­erer på net­tet og i løpet av dei siste åra har talet på kreft­blog­gar teke heilt av, seier press­es­jef i Kreft­for­eininga Erik Vigander.

Les også:
“Det har hjelpt meg enormt å dela det eg tenker og føler.” Kreftrå­ka Mariell for­tel om sjuk­dom­men og blogginga.

Sam­stun­des ber han pasien­tar og pårørande utvisa aktsemd.

– Det er vik­tig at det ikkje utviklar seg eit open­heit­styran­ni, slik Per Fugel­li åtvara om. Det må ikkje bli slik at om ein ikkje står fram og er open om sjuk­domen sin, så har ein “min­dre ver­di”, slår Vigan­der fast. 

– Kan vera ubehageleg

Medieforskar Anders Fager­jord ved Uni­ver­sitetet i Oslo seier det er fleire fork­laringar på kvi­for per­son­ar vel å dela noko så pri­vat som sjuk­dom på nettet.

– Når ein møter ei krise i livet, må ein ofte skri­va his­to­ria om seg sjølv på nytt. Iføl­gje psykolog­ar kan ein blogg fungera som ein spegel; ein vert kjend med seg sjølv gjen­nom det ein skriv. Såleis er ein blogg både enkelt for ein sjølv og tilgjen­ge­leg for andre å lesa, seier han.

Begge er likev­el viss på poten­sielle ulem­per eit vell av kreft­blog­gar på net­tet kan føra med seg. 

Vigan­der seier ein ofte er infor­masjon­ssøkande i tida etter at ein har vorte diag­nos­tis­ert med kreft. Han mein­er det finst myk­je nyt­tig infor­masjon på net­tet, men i mylderet av infor­masjon kan det kan­skje for nokon oppl­ev­ast som skrem­mande å finna kreft­blog­gar med bilete og detal­jerte skildringar.

– Fyrst og fremst kan det for nokon som net­topp har fått stilt diag­nosen, vera ube­hage­leg å sjå bilete av folk frå sjuke­hus­sen­ga med lei­d­ningar kopla til kroppen. 

Ikkje alle har behov for å opp­sø­ka eller å dela denne type pri­vat infor­masjon, mein­er Vigander.

– Me må ha respekt for dei som vil ver­na om pri­vatlivet, påpeik­er han. 

Billig og tilgjengeleg klikkvinnar

Medieopp­sla­ga som omhand­lar kreft­blog­gar er mange. Fager­jord mein­er sak­er om sjuk­dom og per­son­lege kam­par fell inn under den stadig vek­sande “du-jour­nal­is­tikken” i net­tavis­er og under­byg­gjer mediesam­fun­net sitt daglege fokus på livsstil, helse og velvêre. Såleis er avis­er med på å bidra til større open­heit. Det er pos­i­tivt, mein­er medieforskaren.

– Per­son­lege forteljin­gar om men­neske appellerer til lesarane og det gener­erer side­vis­ningar. Avisredak­sjonar opp­når mange klikk på sak­er om kreft­pasien­tar som skriv blogg. Sak­ene er enkle og bil­lige å pro­dusera, og dei er lett tilgjen­gelege for jour­nal­is­tar. I ein aviskvardag pre­ga av dår­legare råd og ned­kut­tin­gar er dette sak­er det er natur­leg å pri­or­it­era, poengter­er Fagerjord.

I front for dei kreftramma

– Kreft var lenge eit skum­melt og tabube­lagt tema. For 30–40 år sidan var sjuk­domen nærast “for­bo­den” å snakka om. Då er det pos­i­tivt at sam­fun­net i dag har eit meir ope forhold til sjuk­domen og at per­son­ar tør stå fram med opplevin­gane sine, seier Vigander.

Kreft­for­eininga opplevde tidenes pågang på Face­book-sidene då Anbjørg Sætre Håtun gjekk bort 21. januar.

Vigan­der trekk fram Håtun og nyleg avdøy­dde Karl Erik Bøhn som vik­tige front­fig­u­rar for sjuk­domen. Begge var med på å gje sjuk­domen eit andlete i offentlegheita.

– Håtun og Bøhn gjekk i front for dei kref­tram­ma. Dei var føre­bilete og talerøyr for open­hei­ta kring kreft, slår Vigan­der fast.

Spår kraftig vekst i krefttilfelle

Tal Ver­das helse­or­gan­isas­jon (WHO) pub­lis­erte nyleg syn­er at talet på nye kreftrå­ka vil sti­ga med 8 mil­lionar årleg fram mot 2022. I 2012 vart det reg­istr­ert om lag 14 mil­lionar kreft­di­ag­nosar på verds­ba­sis. I 2022 fryk­tar forskarane at så mange som 22 mil­lionar men­neske vil få stilt diagnosen.

Iføl­gje tal frå Kreftreg­is­teret var det i peri­o­den 1957–1961 reg­istr­ert litt over 8.000 årlige kreft­til­feller i Noreg. I peri­o­den 2007–2011 hadde dette talet økt til i overkant av 28.000.

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. Knut Holt says:

    Det som irriter­er meg med alle kreft­bloggene er at de som står frem er så foban­na poli­tisk kor­rek­te. Ingen tør sette spørsmål­stegn med selve diag­nosem. nød­vendigheten av å behan­dle og behan­dlingsmåter, og ingen tør å kri­tis­ere det behan­dlende appa­ratet eller leg­ene, eller tør å snakke om alter­na­tive behandlingsmåter.

    Noen må beg­ynne å banne i den hel­lige norske kreftk­jer­ka og det ganske kraftig også, for kon­ven­sjonell kreft­be­han­dling i regi av det norske hel­sevesenet er under all kri­tikk hvis en kjølig skal vur­dere resultatene.

    Når det avogtil ser ut som behan­dlin­gen gir godt resul­tat, skyldes dette som oftest at en oppdager beg­yn­nende foran­dringer som nok kan kat­e­goris­eres som kreft, men som aldri ville utviklet seg til noen alvorlig syk­dom, behan­dler disse og så kom­mer disse inn i statistikken.

    En slik kri­tikk turte en fak­tisk ta for 30 år siden, men nå er kon­for­miteten total.

til toppen