Kunstig intelligens – venn (og fiende) i kampen mot falske nyheiter
Medietilsynet kunne for ein månad sidan fortelje at 45% i Noreg har sett falske nyheiter om korona-viruset i ulike media, 27% har ikkje sett slike, og 28% veit ikkje. Mange har altså kompetanse i å vere kritisk til innhald spreidd gjennom sosiale media og nyheitsmedia. Men vi lever i ei verd der falske nyheiter i aukande grad vert masseprodusert og brukt som eit politisk verkemiddel av illiberale krefter. Truleg vil teknologiar som avdekkar falske nyheiter verte naudsynt for journalistar og mediebrukarar; snart treng vi avanserte analyseverktøy som er i stand til å sjekke om ei nyheitssak, eit bilde eller ein video er eit falsum.
Transgressiv mediedesign – forsking på farlege teknologiar
Transgressiv mediedesign tek grep om dei mest problematiske og farlege teknologiane, for å sjå om det går an å gjera dei verdifulle og nyttige for samfunnet.