Transgressiv mediedesign – forsking på farlege teknologiar

Transgressiv mediedesign tek grep om dei mest problematiske og farlege teknologiane, for å sjå om det går an å gjera dei verdifulle og nyttige for samfunnet.

Fors­ka­rar bør sær­leg utfors­ka tek­no­lo­gi­ar som har kraft­ful­le eigen­ska­par. Dro­ner er eit godt eksem­pel, men også kuns­tig intel­li­gens-baser­te verk­tøy som ansikts­gjen­kjen­ning, syn­te­tisk tale og sjølv­køy­ran­de bilar.

Kva er mediedesign?

Vi har job­ba med ei til­nær­ming kal­la «medie­de­sign» i man­ge år. Her vert meto­dar frå infor­ma­sjons­vit­skap kom­bi­nert med teori­ar frå sam­funns­vit­ska­pa­ne og huma­nio­ra.

Fors­ka­rar og stu­den­tar utgjer eit team eller ein redak­sjon som utvik­lar data­pro­gram, lagar inter­ak­sjons­de­sign og skriv jour­na­lis­tisk inn­hald. Det­te utgjer eit pro­vi­so­risk medi­um som vi tes­tar saman med rele­van­te mål­grup­per, til dømes avis­le­sa­rar. Vi for­sø­ker å for­stå tek­no­lo­gis­ke og per­sep­tu­el­le pro­ses­sar ved å prø­va dei ut sjøl­ve og kjen­na på dei tek­no­lo­gis­ke kref­te­ne gjen­nom pro­gram­ut­vik­ling, eks­pe­ri­men­te­ring og eva­lu­e­ring med van­le­ge bru­ka­rar.

Vi har gjen­nom­ført pro­sjek­ta Loka­nytt (Nyre et.al. 2012) om loka­tiv lokal­jour­na­lis­tikk, PediaCloud om geo-loka­li­ser­te Wiki­pe­dia-opp­slag (Tessem et.al. 2015) og News­Cloud (Tessem og Nyre 2016) om mikro­lo­ka­li­ser­te nyhei­ter i Ber­gen. Føre­må­let med våre stu­di­er er å under­sø­ka sta­dig nye kva­li­te­tar ved dei tek­no­lo­gis­ke mulig­hei­ta­ne, i det­te til­fel­let loka­sjons­tek­no­lo­gi, og gje­ra eks­pe­ri­ment for å sjå kva som kan kom­ma til nyt­te for sam­fun­net.

Det­te er ei tek­no­logi­ba­sert og fram­tids­ret­ta medie­fors­king, og den trengst som eit sup­ple­ment til den ana­ly­tis­ke og his­to­ris­ke medie­fors­kin­ga som er van­leg ved nors­ke uni­ver­si­tet. Vi mei­ner at sær­leg aka­de­mis­ke utvik­lings­team må kun­na aksep­te­ra ein viss risi­ko når det gjeld far­le­ge eigen­ska­par ved tek­no­lo­gi­ane som vert utprøvd. Det­te er noko vi yns­kjer å sat­sa meir på i åra som kjem, både i fors­kin­ga og under­vis­nin­ga.

Omgrepet «transgressiv»

Fors­ka­rar ved Info­me­dia i Ber­gen har alle­reie len­ge vore opp­tek­ne av det­te omgre­pet. Asbjørn Grøn­stad fors­kar på «the cine­ma of trans­gres­sion». Det­te er ei film­rørs­le som bru­kar vald, sjokk og humor som verke­mid­del for å over­skri­da dei etab­ler­te gren­se­ne for kva du kan gje­ra i kunst og design (Grøn­stad 2016). Omgre­pet er også knytt til data­spel­kul­tu­ren. I pro­sjek­tet Games and Trans­gres­si­ve Aest­he­tics fors­kar Kris­ti­ne Jør­gen­sen på kor­leis spe­la­ren opp­le­ver kon­tro­ver­si­elt inn­hald i digi­ta­le spel (Jør­gen­sen, 2018).

TEKNOLOGIBLOGGEN
Det­te er førs­te inn­legg i den nye Tek­no­logi­blog­gen på Vox Pub­li­ca. Les meir om kva vi plan­legg på blog­gen fram­over.

Dei gam­le roma­ra­ne snak­ka om to delar av Gal­lia: det cisal­pi­ne og trans­al­pi­ne Gal­lia. Det var stor for­skjell på dei men­nes­ka som bud­de på kvar si side av Alpa­ne. Dei cisal­pi­ne gal­la­ra­ne var på same side som Romar­ri­ket og utgjor­de ingen fare, men dei trans­al­pi­ne gal­la­ra­ne var på and­re sida av Alpa­ne og lot seg ikkje så lett kon­trol­le­ra eller for­stå. Å dra til den and­re sida betyr at du står over­for fare. Det er risi­ka­belt å krys­sa fjel­let.

Cisgressiv design

Over­ført til design kan poen­get leg­gast ut slik: Cis­gres­siv design er på same sida av norm­ver­ket som bru­ka­ra­ne, og fører til ei styr­king og vidare­fø­ring av sta­tus quo. Cis­gres­siv design skal kon­ser­ve­ra eksis­te­ran­de funk­sjo­nar og ver­di­ar, til dømes at ein avis­re­dak­sjon skaf­far seg nye tek­nis­ke løy­sin­gar som under­støt­ter dei­ra nove­ran­de mål om 8.000 beta­lan­de abon­nen­tar.

Sustaining/konserverande tek­no­lo­gi ska­par effek­ti­vi­se­ring ved å fjer­na nokre ledd og pro­ses­sar, men det skjer ikkje nemne­ver­di­ge end­rin­gar i kom­mu­ni­ka­sjons­nor­me­ne. Inn­fø­rin­ga av DAB-radio i Noreg er eit eksem­pel på det­te.

Transgressiv design

Trans­gres­siv design der­imot er på veg over fjel­let, og der finst det dis­rup­ti­ve kref­ter som under­grev dei nove­ran­de funk­sjo­na­ne og nor­me­ne. Vi vil bru­ke ansikts­gjen­kjen­ning som gjen­nom­gå­an­de eksem­pel. Den­ne typen maskin- eller data­syn er basert på kuns­tig intel­li­gens og er ein vik­tig ny tek­no­lo­gi i vår sam­tid. Det er lett å regist­re­ra ansik­ta til folk, det er lett å laga fals­ke eller mani­pu­ler­te bile­te av folk, og vans­ke­leg for den enkel­te å hal­da kon­trol­len.

Slik tek­no­lo­gi går rett i stru­pen på Vær var­som-pla­ka­ten i norsk jour­na­lis­tikk. Vær var­som-pla­ka­ten til­let ikkje mani­pu­la­sjon av foto. «Bil­der som bru­kes som doku­men­ta­sjon må ikke end­res slik at de ska­per et falskt inn­trykk,» åtva­rar para­graf 4.11. Der­med føl­gjer det at data­syn og mani­pu­la­sjon er pro­ble­ma­tisk i seriøs norsk jour­na­lis­tikk.

Datasyn i journalistikken

Pro­so­po er det fyrs­te pro­sjek­tet som aktivt bru­kar ei trans­gres­siv til­nær­ming til design og eva­lu­e­ring. Proto­ty­pen drei­er seg om bilet­bruk i kri­mi­nal­jour­na­lis­tikk, og for­sø­ker å refor­mu­le­ra den jour­na­lis­tis­ke ver­di­en iden­ti­tet ved hjelp av mani­pu­ler­te por­trett­bi­le­te. Pro­so­po er eit medie­de­sign i fors­kings­pro­sjek­tet Vis­me­dia ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen (Midtun, 2017; Lien 2017a; 2017b).

Data­syn er i ferd med å ver­ta van­leg i man­ge medie­sa­man­hen­gar

Ein And­roid-app lagar «gjen­nom­snitts­bi­le­te» av eit ansikt basert på kuns­tig intel­li­gens-tek­no­lo­gi­ar. Vår hypo­te­se var at aviser kan bru­ka sli­ke bile­te for å ska­pa ster­ka­re iden­ti­fi­ka­sjon. Dei kan visa rea­lis­tis­ke, men refe­ranse­lau­se bile­te av inter­es­san­te per­son­ar i ei sak. Det kan vera ei ung jen­te som er offer for sek­su­ell mis­hand­ling, eller ein volds­for­bry­tar som har rømt frå feng­se­let.

Gjen­nom­snitts­bi­le­tet viser det etnis­ke opp­ha­vet til per­sonen, og natur­leg­vis også kjønn, alder og even­tu­elt and­re sær­preg. Des­se kva­li­te­ta­ne vil gje­ra at lesa­ren får ster­ka­re iden­ti­fi­ka­sjon med nyheits­saka, er vår hypo­te­se.

Ikkje over­ras­kan­de fram­står det­te som djupt pro­ble­ma­tisk for jour­na­lis­tar. Vi snak­ka med jour­na­lis­tar i Ber­gens Tiden­de, TV 2 og NRK, og dei­ra respons på bruk av data­syn i jour­na­lis­tikk var ein­ty­dig neg­a­tiv. Å bru­ka sli­ke bile­te i nyheits­for­mid­ling bryt med nor­me­ne i Vær var­som-pla­ka­ten, og kjem ikkje til å bli aktivt utfors­ka av avi­se­ne sjøl­ve.

Kva om endringane skjer uansett?

Pro­so­po lær­te oss at etab­ler­te nyheits­me­di­er ikkje utan vida­re er inter­es­ser­te i å eks­pe­ri­men­te­ra med trans­gres­si­ve for­mer. Men data­syn er i ferd med å ver­ta van­leg i man­ge medie­sa­man­hen­gar, og vil kun­na påver­ka folks måte å for­stå ver­da på uav­hen­gig av kva jour­na­lis­tik­ken gjer.

Nokre nye tek­no­lo­gi­ar er så kraft­ful­le at dei under­grev eksis­te­ran­de nor­mer

Sna­pchat, Musicly og and­re sosia­le medi­er bru­kar ansikts­gjen­kjen­ning og -mani­pu­la­sjon som over­skri­der alle tid­le­ga­re for­mer for bilet­pre­sen­ta­sjon. Bru­ka­ra­ne kan tul­la med bile­tet, og skif­ta ut and­le­tet, set­ja kani­nøy­rer på, eller skif­ta kjønn. Ofte er det ikkje så nøye kva bile­tet repre­sen­ter­te i utgangs­pun­ket, eller om det i det hei­le tatt har ein ver­ke­leg­heits­re­fe­ran­se.

Trans­gres­siv design tek ikkje omsyn til eksis­te­ran­de kom­mu­ni­ka­sjons­for­mer. Nokre nye tek­no­lo­gi­ar er så kraft­ful­le at dei under­grev eksis­te­ran­de nor­mer og tvin­ger oss til å etab­le­ra nye norm­sett. Desto meir pre­kært er det difor at aka­de­mia sat­sar på trans­gres­siv medie­de­sign som ein del av fors­king og utdan­ning. Til dømes bør utdan­nin­ga­ne i Media City Ber­gen i sær­leg grad ver­ta involvert i den­ne typen fram­tids­ori­en­tert, risiko­vil­lig design.

Kjelder

Grøn­stad Asbjørn (2016). From an Ethics of Trans­gres­sion to a Gene­ral Ethics of Form. In: Film and the Ethi­cal Ima­gi­na­tion. Pal­gra­ve Mac­mil­lan, Lon­don

Jør­gen­sen, Kris­ti­ne (2018). Games and Trans­gres­si­ve Aest­he­tics. About the GTA Pro­ject.

Lien, Camil­la (2017a) «– Jeg kan ikke se noen stor nytte­ver­di». I TekLab 7. august 2017.

Lien, Camil­la (2017b) «Kuns­tig intel­li­gens utford­rer presse­etik­kens nor­mer». I TekLab 16. august 2017.

Lien, Camil­la (2017c) «Gam­bling med skjør tro­ver­dig­het». I TekLab 2. okto­ber 2017.

Midtun, Joar (2017) Auto­ma­tic Faci­al Ano­nymi­sa­tion Using Average Face Morp­hing. Mas­ter­opp­gå­ve ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen.

Midtun, Joar, Bjør­nar Tessem, Simen Karl­sen & Lars Nyre (2017) «Rea­li­s­tic face mani­pu­la­tion by morp­hing with average faces». Norsk Infor­ma­tikkon­fe­ran­se 2017.

Nyre, Lars; Bjørne­stad, Solveig; Tessem, Bjør­nar; Øie, Kje­til Vaage (2012). «Loca­ti­ve jour­na­lism: Desig­ning a loca­tion-depen­dent news medi­um for smart­pho­nes». In Con­ver­gen­ce 18(3) s. 297–314.

Tessem, Bjør­nar, Solveig Bjørne­stad, Weiqin Chen, Lars Nyre (2015). «Word Clouds for Loca­ti­ve Infor­ma­tion». In Jour­nal of Loca­tion-based Ser­vices. 9(4):254–272.

Tessem, Bjør­nar; Karl­sen, Simen Ska­ret; Nyre, Lars. 2016. Mobi­len som dis­tri­bu­sjons­ka­nal for hyper­lo­kal jour­na­lis­tikk. NOKOBIT — Norsk kon­fe­ran­se for orga­ni­sa­sjo­ners bruk av infor­ma­sjons­tek­no­lo­gi. 24. 16 sider.

TEMA

M

edier

99 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen