– Podkasten er ei rebelsk lillesøster

Harm og Hegseth samanliknar podkastfenomenet med "Skam"; ein hemmeleg plattform der ungdommar kan skape sitt eige univers. Der kvir dei seg ikkje for å snakke fritt og vera seg sjølve.

Veg­ard Harm og Morten Hegseth er i vin­den om dagen med utselde liveshow i Noregs største byar.

– Pod­kas­ten er vik­tig, for da blir folk kjend med oss, seier Hegseth.

På spørsmål om kvi­for dei har valt å boltre seg gjen­nom pod­kast, svarar han:

– Pod­kast er fram­leis eit for­mat som er litt gøymt vekk. Det er ikkje tilgjen­ge­leg for abso­lutt alle, og difor er det litt som ein hem­me­leg stad for unge der dei kan kose seg i eit eige univers utan foreldre.

– Eg er enig i dette! skyt Harm inn.

Dei star­ta som pro­gram­led­er­ar i VGTV-serien “Pan­elet”, og sidan har fenomenet “Harm & Hegseth” berre vokse.

– No har me 100 000 ned­lastin­gar i veka, og eg tenkjer at målet vårt er at me berre skal vokse og vokse, seier Hegseth.

Veg­ard Harm og Morten Hegseth. Foto: Malin Nord­by Kvamme

Sjølv om dei ønskjer å vidareutvikle seg, må vek­sten skje på deira eigne og lyt­ter­ane sine premissar.

– Me kjem ikkje til å bruke vg.no som ei flate for å trekkje trafikk, eller lage store reklame­plakatar der. Det blir heller til å pro­motere på eigne sosiale medi­um, samt at folk som har høyrt pod­kas­ten sprer det som ein jun­gel­telegraf, fork­larar Hegseth.

Mål­grup­pa er unge vak­sne, men dei har også lyt­ter­ar heilt ned i barneskulealder.

Om inter­vjuet
Artikke­len ble først pub­lis­ert i Byma­gasinet 23. feb­ru­ar 2018.

– Me lagar både pod­kast og TV, og i TV er pub­likumet vårt myk­je yngre. “Pan­elet” har gjerne sjåarar ned i åtte-årsalderen, så det er veldig ungt. Men pod­kas­ten vil eg seie har ei mål­gruppe på jen­ter mel­lom 18–28 år, seier Hegseth.

Harm mein­er sjølv han ikkje kan nok om dette punk­tet, og vel difor å vente med å svare.

– Kan eg få ei kanne med sjølvtil­lit?, spør han ironisk.

Eksplisitt språk

Sjølv om dei har pub­likum heilt ned i bar­neskulealder, er dei ikkje opptekne av å pynte på språket sitt.

– Du må hugse at eg så vidt har fullført vidaregåande, seier Harm.

– Eg vil sei eg har ganske ræv­va ord­for­råd, for eg ban­nar mykje.

Hegseth mein­er dei får myk­je kjeft for å banne, men fork­larar at dette er natur­leg då dei pratar slik at pub­likumet deira forstår.

– Det er dår­leg språk, men det er det språket me eigent­leg snakkar. Og då kan ein ikkje sen­surere seg sjølv og prate veldig pent.

Harm saman­lik­nar duoen med Anne Lind­mo og peikar på kon­trastane mel­lom dei.

– Det er ingen som snakkar slik som Lind­mo, og slik me pratar er språket mål­grup­pa vår forstår.

Foto: Malin Nord­by Kvamme

Hegseth seier dei gjerne skulle ønskje dei hadde ord­for­rådet til Lind­mo, men at det ikkje er til­fel­let. På spørsmål om kva dei tenkjer om at unge lyt­ter­ar også får med seg den eksplisitte språk­bruken deira, svarar dei;

– Det er deira prob­lem. Når ein høyr­er på pod­kast, må ein føl­gje med, og om ein 12-åring høyr­er på oss og lær­er seg kva fist­ing er, så må det jo skje noko, seier Harm.

Hegseth er einig.

– Pod­kas­ten er ein stad du fak­tisk må opp­søk­je sjølv, noko du vel å høyre på. Difor blir ein automa­tisk fri­tatt frå ans­var, tenkjer eg.

Han mein­er sjar­men med pod­kast­fenomenet er at det fram­leis er upløyd og rebelsk.

– Når pod­kas­ten blir for strigla og for­matert, noko som kjem til å skje ein dag, så trur eg den kjem til å døy ut. Og så kjem det noko nytt.

– Eksis­tens­grunnlaget til pod­kas­ten er at den er litt fucka.

Skal vekse seg større

Når det kjem til framti­da, har dei begge høge ambisjonar for seg sjølve og showet.

– Me skal gjere mange fleire liveshows, og det kjem til å bli myk­je bedre, gøyare og større! seier Harm.

– Eg tenkjer at pod­kas­ten som univers heile tida utvikler seg. Kan­skje det neste me gjer kan vera ei bok, eller eit blad? Det vik­ti­gaste for meg er at eg trivst i jobben, og at det heile tida skjer noko nytt, seier Hegseth.

Sofie Gåsvik var på showet i Bergen med ven­nin­neg­jen­gen, og tyk­te det var veldig bra.

– Showet var drit­gøy, me lo i sikkert ein og ein halv time i strekk!

Ven­nin­neg­jen­gen klar for Harm & Hegseth. Foto: Ellen Eriksen

Ho har sett alle episo­dane av “Pan­elet”, men har ikkje høyrt noko av pod­kas­ten “Harm & Hegseth”. Sjølv om under­hald­ninga var god, mein­er ho det var nokre ting dei tul­la litt vel myk­je med.

– Dei tul­la myk­je med at Harm sjølv synest han er stor, dette synest eg varte litt vel lenge, seier ho.

Anne Sofie Aam­lid er enig med Gåsvik i at showet var under­hal­dande, men at nokre ting kunne blitt kor­ta ned.

– Eg er ikkje så kjend med verken “Pan­elet” eller pod­kas­ten deira frå før, men har ful­gt med på Veg­ard gjen­nom Vine og Insta­gram, seier ho.

Ho beskriv kvelden som hygge­leg med vari­erte innslag, og seier showet alt i alt var veldig bra.

– Når det kjem til sjølve showet, var det utru­leg underhaldande!

– Dei opna med ein “glad­song” og dans som vek­ka all merk­semd i salen. Det var full lat­ter og applaus gjen­nom heile seansen, seier ho.

TEMA

P

odkast

20 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen