I det siste har nyhende frå Mexico vore prega av elende, men at Raúl Vera vant Raftoprisen skaper håp om ei betre framtid. Den katolske biskopen frå Saltillo kjem til Noreg i november for å motta prisen.
— Vi har for fyrste gong delt ut prisen til ein person i Sør-Amerika, seier styreleiar i Raftostiftelsen Anne Kloster Holst.
Raftoprisen er sidan 1987 blitt delt ut til personar som kjempar for menneskerettar og rettferd, på ein ikkje-valdeleg måte. Sjølve premien er 10.000 dollar og ei utmerking for innsatsen. Siri Gloppen, leiar for priskomiteen i Raftostiftelsen, håpar at prisen gjev biskopen styrke til å fortsetje vidare med arbeidet sitt.
— Det handlar ikkje om pengepremien, men om det å setje søkelys på den alvorlege situasjonen i heimlandet til Raúl Vera, seier Gloppen.
— Sett vekk i frå dei siste vekene, har det våre lite fokus på dei underliggjande problema i Mexico, fortel ho.
Biskopen kjempar for rettvise blant svake folkegrupper i heimlandet. Store delar av folkesetnaden i Mexico lever i ein desperat situasjon i kjølvatnet av omfattande narkotikatrafikk og brutale maktkampar mellom narkobaronar. Prisvinnaren snakkar med uredd røyst mot korrupte personar, som ofte finnast i militæret, politikken og rettsapparatet. Han arbeider for å betre vilkåra til dei utsette og undertrykte. Særleg kvinner og migrantar står sentralt.
Etter mange månaders arbeid er det duka for prisutdeling ved Den Nationale Scene 7. november. Siri Høibo, som er leiaren for studentgruppa i stiftinga, fortel at styret byrja å sjå på dei nominerte allereie i januar.
— Vi brukte seks månadar på å kome fram til vinnaren. Det var mange kandidatar, så vi måtte bakgrunnssjekke dei, forsikre oss om at dei hadde det rette fokuset og finne ut kvar ein pris best kunne hjelpe, seier Høibo.
Artikkelen ble først publisert i nettavisen Brostein.