Raftoprisen til uredd biskop

Biskop José Raúl Vera López frå Mexico er tildelt Raftoprisen 2010.

I det siste har nyhende frå Mex­i­co vore pre­ga av elende, men at Raúl Vera vant Rafto­prisen skaper håp om ei betre framtid. Den katolske biskopen frå Saltil­lo kjem til Noreg i novem­ber for å mot­ta prisen.

— Vi har for fyrste gong delt ut prisen til ein per­son i Sør-Ameri­ka, seier styreleiar i Raftos­tif­telsen Anne Kloster Holst. 

Rafto­prisen er sidan 1987 blitt delt ut til per­son­ar som kjem­par for men­neskerettar og ret­tferd, på ein ikkje-valde­leg måte. Sjølve pre­mien er 10.000 dol­lar og ei utmerk­ing for innsat­sen. Siri Glop­pen, leiar for priskomi­teen i Raftos­tif­telsen, håpar at prisen gjev biskopen styrke til å fort­set­je vidare med arbei­det sitt.

— Det hand­lar ikkje om pengepremien, men om det å set­je søkelys på den alvor­lege situ­asjo­nen i heim­lan­det til Raúl Vera, seier Gloppen.

— Sett vekk i frå dei siste vekene, har det våre lite fokus på dei under­lig­g­jande prob­le­ma i Mex­i­co, for­tel ho.

José Raúl Vera López (foto: rafto.no)

Biskopen kjem­par for rettvise blant svake folkegrup­per i heim­lan­det. Store delar av folke­set­naden i Mex­i­co lever i ein des­per­at situ­asjon i kjøl­vat­net av omfat­tande narkotika­trafikk og bru­tale mak­tkam­par mel­lom narko­baronar. Prisvinnaren snakkar med ure­dd røyst mot kor­rupte per­son­ar, som ofte finnast i mil­itæret, poli­tikken og rettsap­pa­ratet. Han arbei­der for å betre vilkåra til dei utsette og under­tryk­te. Sær­leg kvin­ner og migrantar står sentralt.

Etter mange månaders arbeid er det duka for prisut­del­ing ved Den Nationale Scene 7. novem­ber. Siri Høi­bo, som er leiaren for stu­dent­grup­pa i stiftin­ga, for­tel at styret byr­ja å sjå på dei nomin­erte allereie i januar.

— Vi bruk­te seks månadar på å kome fram til vinnaren. Det var mange kan­di­datar, så vi måtte bak­grunnss­jekke dei, for­sikre oss om at dei hadde det rette fokuset og finne ut kvar ein pris best kunne hjelpe, seier Høibo.

Artikke­len ble først pub­lis­ert i net­tavisen Brostein.

TEMA

M

enneske
rettigh
eter

52 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen