For nokre veker sidan leverte Stortingets menneskerettsutval sin rapport om menneskerettar i Grunnlova. Mandatet var å utgreie og fremje forslag om ein «begrenset revisjon av Grunnloven med det formål å styrke menneskerettighetenes stilling i norsk rett». Den offentlege debatten om forslaget har ikkje vore spesielt påtrengande. Eller la oss seie det som det er: Det har ikkje vore ein offentleg debatt å snakke om her. Rapporten gjeld den største grunnlovsrevisjonen sidan 1814. Difor er det påfallande at merksemda har vore så liten. Vi snakkar her om spørsmål som i 1814 samla heile nasjonen og om eit dokument som er grunnlag for den samfunnsordninga vi er ein del av.
Kontrasten blir stor om vi ser til andre land, til dømes Island. Der diskuterer ein no om dagen ein fullstendig reform av grunnlova. I motsetnad til i Noreg er grunnlovsarbeidet på Island ein nasjonal dugnad. Sosiale media gjer dette mogleg, og den nasjonale grunnlovskomiteen er både på Facebook og Twitter. Finanskrisa var som kjend særleg merkbar på Island. Den synleggjorde grunnlova si viktige rolle i styringssystemet og vern av grunnleggjande rettar og verdiar. Skilnaden til det norske grunnlovsarbeidet er som natt og dag. Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser verdien av å ha ei Grunnlov i det heile?
Kva verdiar bør eigentleg vere uttrykkeleg verna i vår høgste rettskjelde?
Ser vi på den omfattande og velskrivne rapporten til Menneskerettsutvalet er det fleire spørsmål som fortener ein grundig og brei offentleg debatt. Eitt spørsmål er kva for nye menneskerettar vi bør grunnlovsfeste. Menneskerettsvernet i Grunnlova er i hovudsak framleis på 1814-nivå, medan det juridisk har skjedd ei enorm utvikling dei siste seksti åra. Menneskerettsutvalet har teke utgangspunkt i FN si Verdserklæring om menneskerettane frå 1948. Vidare har dei gjort eit utval basert på kva dei oppfattar som heilt sentrale rettar og verdiar i det norske samfunnet i dag. Av nye rettar som blir føreslått grunnlovsfesta er mellom anna forbod mot slaveri og tvangsarbeid, retten til rettferdig rettargang, retten til privatliv og forbod mot diskriminering. Ja, slike basale individrettar finst faktisk ikkje i Grunnlova i dag. Sjølv om rettane ikkje er kontroversielle, er det eit viktig spørsmål om dei bør gjerast synlege i Grunnlova.
Kva verdiar bør eigentleg vere uttrykkeleg verna i vår høgste rettskjelde?
Eit vanskelegare og meir omdiskutert spørsmål er om også dei såkalla økonomiske, sosiale og kulturelle rettane bør få ein plass i Grunnlova. Menneskerettsutvalet føreslår å grunnlovfeste retten til utdanning, helsehjelp, tilfredsstillande levestandard og sosial tryggleik. Dei vil òg grunnlovfeste retten til kulturell identitet og deltaking i kulturlivet. Det er liten tvil om at desse rettane gir uttrykk for krav og forventningar borgarane har til staten i dag. Det er rettar vi allereie finn i vår velferdsstat. Retten til utdanning, helsehjelp, trygd og sosiale tenester (sosiale og økonomiske rettar) er detaljert regulert i lover og forskrifter. Grunnlovfesting vil ikkje gi grunnlag for nye krav frå borgarane mot staten. Men rettane vil få eit prinsipielt sett betre fundament og det vil kunne bli vanskelegare for lovgjevaren å oppheve eller sterkt redusere slike rettar. Det er ikkje sjølvsagt at dette er nødvendig eller ønskeleg.
Det er politisk semje om å endre § 2 til ein ”verdiparagraf” i Grunnlova ved å inkludere setninga: “Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne”. Etter alt å døme vil endringa bli vedteken i løpet av våren. Det vil då følgje av § 2 at Grunnlova skal sikre alle menneskerettane, ikkje berre dei rettane som av ulike grunnar fann vegen inn i dokumentet i 1814. Er det nødvendig å gjere meir? Spørsmålet er om § 2 vil gi tilstrekkeleg vern til dei einskilde rettane. Bør vi nytte 200-årsmarkeringa for Grunnlova til å sikre dei einskilde rettane som faktisk tener som verdigrunnlag for den moderne retts- og velferdsstaten slik Menneskerettsutvalet inviterer til?
Eit av medlemene av Menneskerettsutvalet, Carl I. Hagen, tok dissens med omsyn til spørsmålet om grunnlovsfesting av økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Han er usamd i at denne typen rettar skal løftast opp i Grunnlova. Hagen meiner idealistiske mål og programerklæringar kan svekke omdømmet og rettsverknaden til andre menneskerettar og at grunnlovfesting kan bli for kostbart og leggje band på den økonomiske politikken. Hagen målber ei frykt for at domstolane skal gripe inn i økonomiske og velferdspolitiske prioriteringar. Til dømes ved å prøve om satsane for sosialstønad faktisk gir ein «tilfredsstillende Levestandard», som det heiter i forslaget til ny § 111. Eller at striden om lokalsjukehusa får ein ny rettsleg dimensjon gjennom «Retten til nødvendig Helbredshjelp».
Grunnlovsfesting av menneskerettane rører ved fundamentale spørsmål for den moderne retts- og velferdsstaten
Frykta for slike verknader, gjerne omtalt som ein negativ form for «rettsleggjering», er nok litt overdriven. For det fyrste har vi hatt nokre slike rettar i Grunnlova i fleire tiår. Dette er plikta for staten til å leggje til rette for at arbeidsdyktige menneske kan skaffe seg inntekt ved arbeid (§ 110), plikta til staten for å leggje til rette for at det samiske folket skal kunne sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt (§ 110a) og retten til miljø (§ 110b). Så vidt vi er kjende med har dette enno ikkje ført til at domstolar og forvaltning har blitt rent ned av arbeidslause, samar og naturvernarar. Grunnen er at denne forma for overordna og symbolsk regulering ikkje er særleg eigna til å skape individuelle rettar som kan handhevast ved domstolane. Rettane er også verna i norsk lov gjennom til dømes helse- og omsorgstenestelova, eller menneskerettslova. Det er i praksis ordinære lover som tener som det primære rettsgrunnlaget for individuelle krav mot staten. Grunnlovsfestinga av rettane gir likevel kravet ei særleg tyngd.
Det er neppe grunn til å frykte det samfunnet Carl I. Hagen ser føre seg som resultat av forslaget frå Menneskerettsutvalet. Ei så omfattande grunnlovsfesting av individuelle rettar og plikter for staten som Menneskerettsutvalet legg opp til gir likevel grunn til å spørje om kor langt vi bør gå i å rettsleggjere politiske spørsmål og verdiprioriteringar. Den norske velferdsstaten er utvikla etter andre verdskrig, utan større bindingar frå Grunnlova. Er det grunn til å binde framtidige lovgjevarar ved å grunnlovfeste sentrale velferdsgode? Eller bør vi framleis ha tillit til at Stortinget vil treffe gode politiske val også i åra som kjem?
Spørsmålet om grunnlovsfesting av menneskerettane rører ved fundamentale spørsmål for den moderne retts- og velferdsstaten. I dag blir desse spørsmåla debattert på Grunnlovssymposiet til Det juridiske fakultet. Vi håpar debatten held fram i andre fora. Spørsmåla gjeld oss alle.