Grunnlova og menneskerettane

Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser verdien av å ha ei Grunnlov?

For nokre vek­er sidan lev­erte Stortingets men­neskerettsut­val sin rap­port om men­neskerettar i Grunnlo­va. Man­datet var å utgreie og frem­je forslag om ein «begrenset revisjon av Grunnloven med det for­mål å styrke men­neskerettighetenes still­ing i norsk rett». Den offentlege debat­ten om forslaget har ikkje vore spe­sielt påtren­gande. Eller la oss seie det som det er: Det har ikkje vore ein offent­leg debatt å snakke om her. Rap­porten gjeld den største grunnlovs­re­visjo­nen sidan 1814. Difor er det påfal­lande at merk­sem­da har vore så liten. Vi snakkar her om spørsmål som i 1814 sam­la heile nasjo­nen og om eit doku­ment som er grunnlag for den sam­funnsor­d­ninga vi er ein del av.

Kon­trasten blir stor om vi ser til andre land, til dømes Island. Der diskuter­er ein no om dagen ein full­s­tendig reform av grunnlo­va. I mot­set­nad til i Noreg er grunnlovsar­bei­det på Island ein nasjon­al dug­nad. Sosiale media gjer dette mog­leg, og den nasjonale grunnlovskomi­teen er både på Face­book og Twit­ter. Finan­skrisa var som kjend sær­leg merk­bar på Island. Den syn­leg­gjorde grunnlo­va si vik­tige rolle i styringssys­temet og vern av grunn­leg­g­jande ret­tar og ver­diar. Skil­naden til det norske grunnlovsar­bei­det er som natt og dag. Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser ver­di­en av å ha ei Grunnlov i det heile?

Kva ver­diar bør eigent­leg vere uttrykke­leg ver­na i vår høg­ste rettskjelde?

Ser vi på den omfat­tande og vel­skrivne rap­porten til Men­neskerettsut­valet er det fleire spørsmål som forten­er ein grundig og brei offent­leg debatt. Eitt spørsmål er kva for nye men­neskerettar vi bør grunnlovs­feste. Men­neskerettsver­net i Grunnlo­va er i hov­ud­sak fram­leis på 1814-nivå, medan det juridisk har skjedd ei enorm utvikling dei siste sek­sti åra. Men­neskerettsut­valet har teke utgangspunkt i FN si Verd­serk­læring om men­neskerettane frå 1948. Vidare har dei gjort eit utval basert på kva dei opp­fat­tar som heilt sen­trale ret­tar og ver­diar i det norske sam­fun­net i dag. Av nye ret­tar som blir føres­lått grunnlovs­fes­ta er mel­lom anna for­bod mot slaveri og tvangsar­beid, ret­ten til ret­tfer­dig ret­tar­gang, ret­ten til pri­vatliv og for­bod mot diskrim­iner­ing. Ja, slike basale indi­vidret­tar finst fak­tisk ikkje i Grunnlo­va i dag. Sjølv om ret­tane ikkje er kon­tro­ver­sielle, er det eit vik­tig spørsmål om dei bør gjerast syn­lege i Grunnlo­va.

Kva ver­diar bør eigent­leg vere uttrykke­leg ver­na i vår høg­ste rettskjelde?

Eit vanskel­e­gare og meir omdiskutert spørsmål er om også dei såkalla økonomiske, sosiale og kul­turelle ret­tane bør få ein plass i Grunnlo­va. Men­neskerettsut­valet føres­lår å grunnlovfeste ret­ten til utdan­ning, helse­hjelp, til­fredsstil­lande leve­s­tandard og sosial tryg­gleik. Dei vil òg grunnlovfeste ret­ten til kul­turell iden­titet og deltak­ing i kul­turlivet. Det er liten tvil om at desse ret­tane gir uttrykk for krav og for­vent­ningar bor­garane har til stat­en i dag. Det er ret­tar vi allereie finn i vår velferds­stat. Ret­ten til utdan­ning, helse­hjelp, trygd og sosiale ten­ester (sosiale og økonomiske ret­tar) er detal­jert reg­ulert i lover og forskrifter. Grunnlovfest­ing vil ikkje gi grunnlag for nye krav frå bor­garane mot stat­en. Men ret­tane vil få eit prin­sip­ielt sett betre fun­da­ment og det vil kunne bli vanskel­e­gare for lovg­je­varen å oppheve eller sterkt redusere slike ret­tar. Det er ikkje sjølvsagt at dette er nød­vendig eller ønskeleg.

Oscar Werge­lands maleri “Eidsvold 1814” (kilde: eidsvoll1814.no)

Det er poli­tisk sem­je om å endre § 2 til ein ”verdi­para­graf” i Grunnlo­va ved å inklud­ere set­ninga: “Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Rets­stat og Men­neskerettighed­erne”. Etter alt å døme vil endringa bli vedteken i løpet av våren. Det vil då føl­gje av § 2 at Grunnlo­va skal sikre alle men­neskerettane, ikkje berre dei ret­tane som av ulike grun­nar fann veg­en inn i doku­mentet i 1814. Er det nød­vendig å gjere meir? Spørsmålet er om § 2 vil gi tilstrekke­leg vern til dei ein­skilde ret­tane. Bør vi nytte 200-års­mark­eringa for Grunnlo­va til å sikre dei ein­skilde ret­tane som fak­tisk ten­er som verdi­grunnlag for den mod­erne retts- og velferdsstat­en slik Men­neskerettsut­valet inviter­er til? 

Eit av medlemene av Men­neskerettsut­valet, Carl I. Hagen, tok dis­sens med omsyn til spørsmålet om grunnlovs­fest­ing av økonomiske, sosiale og kul­turelle ret­tar. Han er usamd i at denne typen ret­tar skal løf­tast opp i Grunnlo­va. Hagen mein­er ide­al­is­tiske mål og pro­gramerk­læringar kan svekke omdøm­met og rettsverk­naden til andre men­neskerettar og at grunnlovfest­ing kan bli for kost­bart og leg­gje band på den økonomiske poli­tikken. Hagen mål­ber ei frykt for at dom­stolane skal gripe inn i økonomiske og velferd­spoli­tiske pri­or­i­teringar. Til dømes ved å prøve om sat­sane for sosial­stø­nad fak­tisk gir ein «til­fredsstil­lende Leve­s­tandard», som det heit­er i forslaget til ny § 111. Eller at stri­den om lokalsjuke­husa får ein ny retts­leg dimen­sjon gjen­nom «Ret­ten til nød­vendig Helbredshjelp». 

Grunnlovs­fest­ing av men­neskerettane rør­er ved fun­da­men­tale spørsmål for den mod­erne retts- og velferdsstaten

Fryk­ta for slike verk­nad­er, gjerne omtalt som ein neg­a­tiv form for «retts­leg­gjer­ing», er nok litt over­driv­en. For det fyrste har vi hatt nokre slike ret­tar i Grunnlo­va i fleire tiår. Dette er plik­ta for stat­en til å leg­gje til rette for at arbei­ds­dyk­tige men­neske kan skaffe seg inntekt ved arbeid (§ 110), plik­ta til stat­en for å leg­gje til rette for at det samiske folket skal kunne sikre og utvikle språket, kul­turen og sam­funnslivet sitt (§ 110a) og ret­ten til miljø (§ 110b). Så vidt vi er kjende med har dette enno ikkje ført til at dom­sto­lar og for­valt­ning har blitt rent ned av arbei­d­slause, samar og naturvernarar. Grun­nen er at denne for­ma for overord­na og sym­bol­sk reg­u­ler­ing ikkje er sær­leg eigna til å skape indi­vidu­elle ret­tar som kan hand­hev­ast ved dom­stolane. Ret­tane er også ver­na i norsk lov gjen­nom til dømes helse- og omsorg­sten­estelo­va, eller men­neskerettslo­va. Det er i prak­sis ordinære lover som ten­er som det primære retts­grunnlaget for indi­vidu­elle krav mot stat­en. Grunnlovs­festin­ga av ret­tane gir likev­el kravet ei sær­leg tyngd. 

Det er neppe grunn til å fryk­te det sam­fun­net Carl I. Hagen ser føre seg som resul­tat av forslaget frå Men­neskerettsut­valet. Ei så omfat­tande grunnlovs­fest­ing av indi­vidu­elle ret­tar og plik­ter for stat­en som Men­neskerettsut­valet legg opp til gir likev­el grunn til å spør­je om kor langt vi bør gå i å retts­leg­gjere poli­tiske spørsmål og verdipri­or­i­teringar. Den norske velferdsstat­en er utvikla etter andre verd­skrig, utan større bindin­gar frå Grunnlo­va. Er det grunn til å binde fram­tidi­ge lovg­je­varar ved å grunnlovfeste sen­trale velferds­gode? Eller bør vi fram­leis ha tillit til at Stortinget vil tre­ffe gode poli­tiske val også i åra som kjem? 

Spørsmålet om grunnlovs­fest­ing av men­neskerettane rør­er ved fun­da­men­tale spørsmål for den mod­erne retts- og velferdsstat­en. I dag blir desse spørsmåla debat­tert på Grunnlovssym­posiet til Det juridiske fakul­tet. Vi håpar debat­ten held fram i andre fora. Spørsmåla gjeld oss alle.

TEMA

M

enneske
rettigh
eter

52 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen