Farvel til nynorsken

Berre personlege avgjerder kan gjera slutt på den unødvendige, skadelege og dyre norske tospråklegheita.

Noreg er det ein­as­te lan­det i Euro­pa (og ver­da?) som unner seg den luk­sus å ha to offi­si­el­le for­mer av same språk. Nynors­ken er eit mino­ri­tets­språk som dei fles­te, både skri­va­rar og lesa­rar, stre­var med. Frå i dag, då ny nynorsk rett­skri­ving blir inn­ført, blir det endå vans­ke­le­ga­re. Eg for min del gir (eller er det «gjev»; er «gjev» fram­leis til­la­te; er «gir» det ein­as­te som gjeld nå?) opp.

Det­te er noko eg har tenkt på len­ge, men dei nye rett­skri­vings­nor­me­ne for nynorsk frå 1. august 2012 gir eit aktu­elt høve til å la ord føl­gja tan­ke. Iføl­gje Språk­rå­det er hovud­end­rin­ga at skil­jet mel­lom hovud­for­mer og side­for­mer blir fjer­na. Dess­utan går ein del tid­le­ga­re til­lat­ne (eller er det til­let­ne?) bøy­ings­for­mer ut og nokre ord­for­mer, både hovud­for­mer og side­for­mer, blir tatt (tek­ne?) ut. Nokre mei­ner det­te ikkje er ei for­enk­ling og at nynorsk nå blir endå lika­re bok­mål, som det fram­går her.

Ivar Aasen (foto: Paul Mork/Nasjonalbiblioteket, dato ukjent).


Eg tar (tek?) ikkje stand­punkt til det spørs­må­let. Det vil­le krev­ja (krev­je) at eg bru­kar endå meir ener­gi på å fin­na ut kva rett­skri­ving som gjeld og kvar for­mer som er til­lat­ne (til­let­ne), sam­stun­des som eg veit at man­ge av dei eg skriv for, synest det uan­sett er tungt å lesa nynorsk. Det har dess­utan len­ge irri­tert meg å sjå så mykje dår­leg nynorsk rundt omkring, eller bok­måls­bru­ka­rar som skriv arka­isk nynorsk («graut­mål») for­di det er slik dei trur nynors­ken fram­leis er. Ikkje ber­re blir det sta­dig fær­re som bru­kar nynorsk; dei som bru­kar nynorsk skriv også dår­le­ga­re nynorsk. Då hel­ler bok­mål. Så får det våga seg at det kjen­nest fjernt å skri­va «jeg» og «ikke».

Ein tred­je fak­tor er at eg som man­ge and­re har kome til at det er ei stor nok opp­gå­ve å få folk flest til å skri­va godt bok­mål, og at res­sur­sa­ne bør gå til det. Ein fjer­de er at nynors­ken his­to­risk sett er eit uttrykk for norsk nasjo­na­lis­me.

Grun­nen til at eg har hal­de fast ved nynors­ken hei­le mitt skrive­føre liv, trass i at tale­må­let har nær­ma seg sta­dig meir bok­mål, har med per­son­leg bak­grunn og iden­ti­tet å gje­ra. Eg voks (vaks?) opp på Vest­lan­det, lær­te å skri­va i barne­sku­len i Inn­vik i Nord­fjord og had­de to nynorsk­bru­kan­de for­eld­re. Då vi flyt­ta til Tvede­strand kom­mu­ne fekk far min meg til å byr­ja i ein nynorsk­klas­se med veg­års­hei­in­gar på ung­doms­sku­len. Det kos­ta litt, ikkje minst at eg ikkje kun­ne gå i klas­se med dei jam­ald­rin­gar som bud­de nær­ast meg. Men eg stod på kra­va, i den grad at eg set­te som føre­set­nad for å bli redak­tør i russe­avi­sa Okse­brø­let at halv­par­ten av stof­fet skul­le vera på nynorsk! Rett nok vart Tvede­strands­pos­ten grunn­lagt av Arne Gar­borg, men eg inn­ser nå at eg gjekk vel langt.

Sei­na­re er eg blitt meir prag­ma­tisk. Eg har skri­ve ein del bok­mål i job­ben, ikkje minst då eg arbeid­de som del­tids­jour­na­list. Men den ein­as­te boka eg har gitt (gje­ve) ut (på norsk) var skri­ven på nynorsk. Det nors­ke sam­la­get stil­te opp. Eg har all­tid lurt på i kva grad stats­sub­si­di­ane til Sam­la­get eller kva­li­te­ten, even­tu­elt emnet til boka, var avgje­ran­de for at utgje­vin­ga kom i stand. Eg har også lurt på i kva grad nynors­ken var årsak til det avgren­sa salet av boka. (For­la­gets grun­di­ge språk­vask den gon­gen lær­te meg elles kor man­ge feil til og med eg som gans­ke kyn­dig nynorsk­bru­kar gjer.) Eller om språk­for­ma avgren­sar lesar­ta­let til og for­stå­in­ga av inn­legg eg skriv på den­ne blog­gen.

For meg er språ­ket langt vik­ti­ga­re som kom­mu­ni­ka­sjons­mid­del enn som iden­ti­tets­mar­kør. Eg ønskjer at lesa­ren skal ten­ka (tenke/tenkja/tenkje) på kva eg skriv hel­ler enn kor­leis eg skriv det. Eigen­leg er det ego­is­tisk å påtvin­ga lesa­ra­ne eit språk som uttryk­ker per­son­leg iden­ti­tet når eg veit det går ut over for­stå­in­ga og opp­fat­nin­ga (opp­fat­tin­ga?) av inn­hal­det. Dess­utan har eg len­ge hatt ei lei (her måt­te eg slå opp i ord­bok for å unn­gå det bok­måls­k­lin­gan­de «ube­ha­ge­leg») kjens­le av at man­ge auto­ma­tisk opp­fat­tar meg som bon­de i byen når eg skriv på nynorsk. Ingen vil ved­gå det, men det ligg ei stig­ma­ti­se­ring gjen­nom ufri­vil­li­ge asso­sia­sjo­nar der og lurer.

Der­for vil eg frå den­ne dag bru­ka bok­mål som hovud­mål, og nynorsk ber­re i nokre pri­va­te saman­hen­gar (eg trud­de det heit­te saman­han­gar, men Bill Gates kjem fram med raud­bly­an­ten). Det er ei per­son­leg avgjerd, men det er ber­re sli­ke som kan gje­ra slutt på den unød­ven­di­ge (unaud­syn­te), ska­de­le­ge og dyre nors­ke tospråk­leg­hei­ta. Etter kvart vil det vera så man­ge ein­skild­in­di­vid (og kom­mu­nar) som gir (gjev) opp nynors­ken at språk­for­ma går av (raud­bly­an­ten hind­rar meg i å skri­va «avgår») ved ein stil­le død. Det er ber­re slik eit språk kan døy. Eit poli­tisk ved­tak på nasjo­nalt nivå er uråd å føre­stil­la seg.

Der­med blir også blog­gen min frå nå av på bok­mål. Inn­til eg kjem på noko betre skif­tar under­tit­te­len namn frå «ein nynorsk blogg om Euro­pa etc.» til «en norsk blogg om Euro­pa etc.». Kan­skje tar eg ste­get heilt ut og går over til ber­re engelsk. Det er eit avgren­sa pub­li­kum i Noreg for euro­pa­po­li­tisk ana­ly­se, anten språ­ket er nynorsk eller bok­mål.

Teks­ten vart først pub­li­sert 1. august 2012 på for­fat­ta­rens blogg Euro­pæus nor­ve­gicus.

TEMA

K

ommunik
asjon

7 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

4 KOMMENTARER

  1. […] det er nett­opp det­te Tore Ned­re­bø gjer når han på Vox Pub­li­ca tek eit opp­gjer med sitt eige tid­le­ga­re hovud­mål. Tospråk­leg­heit er unød­ven­dig, ska­de­leg og […]

  2. Eg ved­går gjer­ne at ovan­stå­an­de inn­legg ikkje er det mest sak­le­ge eller best doku­men­ter­te eg nokon gong har skri­ve. Men eg foku­se­rer trass alt på saka, om enn med ein per­son­leg vri, mens Vebjørn Stu­re kjem med ein svært per­son­ret­ta (og til dels feil­ak­tig) kom­men­tar. Det bur­de leia­ren i Mål­ung­dom­men hal­da seg for god til.

    Men til­ba­ke til saka: Vebjørn har rett i at sta­ti­stik­ken han viser til (Språk­fak­ta 2010) ikkje gir eit så ein­ty­dig bil­de av til­bake­gong for nynors­ken som eg trud­de. Men hovudt­enden­sen 1952–2005 er like­vel fal­lan­de, sær­leg på indi­vid­nivå. Kor god sta­ti­stik­ken er, kan også dis­ku­te­rast.

    Og så blir nynors­ken meir og meir eit vest­lands­fe­no­men. Der vil eg pre­si­se­ra at min situa­sjon er at dei eg skriv for, i stor grad er bok­måls­bru­ka­rar, og at det har påver­ka stand­pun­ket mitt. Had­de eg budd på Vest­lan­det, og spe­si­elt utan­for dei størs­te byane, had­de det vore noko anna. Eg mer­kar jo dess­utan nå at det ikkje fell meg vel­dig natur­leg ennå å skri­va bok­mål. Det er nok her alde­ren spe­lar ster­kast inn…

    La meg også pre­si­se­ra at eg ikkje har skri­ve, eller mei­ner, at alle nynorsk­bru­ka­rar er nasjo­na­lis­tar. Eg skreiv at nynorsk his­to­risk sett er eit uttrykk for norsk nasjo­na­lis­me. Språ­ket voks som kjent fram som del av norsk­doms­rørs­la på slut­ten av atten­hundre­ta­let og i stor grad i pro­test mot det dansk­pre­ga riks­må­let.

    Eg har goog­la «sepa­ra­te under­ly­ing pro­fi­ci­ency». For meg ser det ut til at poen­get her (i den grad det er noko) er at men­nes­ke kan læra seg flei­re språk utan at det eine går ut over det and­re, kan­skje sna­ra­re tvert i mot. Det har eg ingen pro­blem med, har til og med opp­levd det sjølv. Men påstan­den min (utan at eg kan visa til fors­kings­be­legg her og nå) er at bok­mål og nynorsk ikkje er for­skjel­li­ge språk, men så like at det er vans­ke­le­ga­re å læra seg mino­ri­tets­språ­ket enn om det had­de dreia seg om for­skjel­li­ge språk. Der­for trur eg alt­så at res­sur­sa­ne had­de vore betre bruk­te på å læra folk eitt norsk språk godt. For det er utan tvil også mykje dår­leg bok­mål der ute.

    Til slutt: Eg driv ikkje kam­pan­je. Eg prø­ver ikkje å få and­re til å gje­ra som meg. Men eg har pei­ka på nokre utford­rin­gar som eg trur man­ge nynorsk­bru­ka­rar går og kjen­ner på. Mål­rørs­la skyt seg sjølv i foten om ein ikkje tar det­te på alvor, men sva­rar med per­son­åtak som Vebjørn Stu­re gjer.

  3. Vebjørn Sture says:

    Fyrst, om «personåtak»-skuldingane: Svar­inn­leg­get mitt er ikkje «svært per­son­ret­ta», slik du hev­dar. Det aller mes­te eg skriv er svar på påstan­da­ne du kjem med i det fyrs­te inn­leg­get ditt. At tit­te­len og sis­te­av­snit­tet kan lesast som per­son­åtak, kan eg der­imot godt for­stå, i min­sto om ein les det ut av kon­tekst, og eg kan godt vera einig i at eg bur­de unn­gått omgrep som «gub­be» og «for­gub­ba». Sjøl­ve omgre­pa spe­ler på fyrste­set­nin­ga mi, som ikkje hand­lar sær­skilt om deg, men eg ser no at den lin­ken var tyde­le­ga­re for meg då eg skreiv enn kva han er for dei som les.

    Når det er sagt, så vil­le eg vore litt var­sam med skul­din­gar om usak­leg argu­men­ta­sjon, var eg deg, jfr. at din eigen argu­men­ta­sjon ikkje akku­rat var plett­fri. Å fram­stil­la det å skri­va nynorsk som «ego­is­tisk» (eller å koma med vage nasjo­na­lis­me-skul­din­gar) er eit kol­lek­tivt og usak­leg åtak på dei som skriv nynorsk. Me sit i det same glas­hu­set, du og eg.

    Men ok, for å koma til­ba­ke til det både du og eg eigent­leg vil dis­ku­te­ra: saka. Her er nokre direk­te svar, og nokre meir gene­rel­le tan­kar og utdju­pin­gar:

    - Sta­ti­stik­ken over kor mykje nynors­ken er i bruk, kan lesast på svært man­ge måtar. Bile­tet er ikkje ein­si­dig. Det vert ikkje fær­re nynorsk­bru­ka­rar i abso­lut­te tal, men styrke­for­hol­det vs bok­mål end­rar seg neg­a­tivt, for­di talet på bok­måls­bru­ka­rar aukar ras­ka­re enn nynorsk­bru­ka­rar. Men jamt over er me, og har dei sis­te par-tre tiåra vore, inne i ein his­to­risk sta­bil peri­ode for nynors­ken. Litt for­enk­la kan ein seia at fyrs­te den sto­re fram­gan­gen kom dei fyrs­te fire tiåra av 1900-talet, ned­gan­gen dei nes­te fire. Der­et­ter utfla­ting.

    - At nynors­ken er på retur utan­for vest­lan­det hand­lar mykje om at nynors­ken (til no) har sli­te med fot­fes­tet i byane. Dis­trik­ta ori­en­te­rer seg mot byane, også språk­leg. Det ser me også på vest­lan­det, til dømes rundt Ber­gen og Stav­an­ger. På aust­lan­det har sok­nar så godt som alle nynorsk­om­rå­da til bok­måls­sen­tra, noko som gjer at nynors­ken vert meir sår­bar der. Meir bruk av nynorsk i byar gene­relt, og aust­lands­byar spe­si­elt, er ein av flei­re medi­si­nar som må til. Eg mei­ner ikkje med det­te at det er di per­son­lege plikt å ta den kam­pen, men det er i det mins­te verdt å ten­kja på – for oss alle – at det å slut­ta å skri­va nynorsk i Oslo for­di det er så få som skriv nynorsk i aust, for­ster­kar nett­opp den årsa­ka, og såleis går det i sir­kel.

    – Nasjo­na­lis­me: Du nemn­de nasjo­na­lis­me-greia som ein grunn til å vel­ja bort nynorsk. Det kan vans­ke­leg tol­kast i posi­tiv ret­ning, og nasjo­na­lis­me i neg­a­tiv for­stand er ein merke­lapp dei fær­ras­te vil vera kom­for­tab­le med. Der­som ein legg den kul­tur­re­la­ti­vis­tis­ke defi­ni­sjo­nen av nasjo­na­lis­me til grunn (t.d.: «me bør ta vare på og bera vida­re nynors­ken, for­di han er ein vik­tig del av vårt bidrag til det glo­ba­le, jam­ver­di­ge kul­tur­mang­fal­det»), kan du fint seia at nynors­ken er eit uttrykk for norsk nasjo­na­lis­me. Legg du der­imot den sjå­vi­nis­tis­ke defi­ni­sjo­nen til grunn (t.d.: «vårt språk og vår kul­tur er betre og meir verd enn dei and­re språ­ka og kul­tu­ra­ne i ver­da»), er omgre­pet heilt fjernt frå dei ide­ane nynors­ken er tuf­ta på.

    Når du då nem­ner nasjo­na­lis­me uspe­si­fi­sert er eit argu­ment mot å skri­va nynorsk, er det vans­ke­leg å tol­ka deg som at du mei­ner noko posi­tivt med nasjo­na­lisme­om­gre­pet. Då står me igjen med asso­sia­sjo­na­ne til sjå­vi­nis­men (og det som ver­re er), og jam­vel om det kan­skje ikkje var inten­sjo­nen, så er det lett å opp­fat­ta det som vag brun­skvet­ting.

    – Der­som bok­mål og nynorsk vert lært bort som to utgå­ver av same språ­ket, så kan eg for­stå at folk synest det er vans­ke­leg å skil­ja mel­lom dei. Men nynorsk og bok­mål har alt­så kvar sine sett med reg­lar, gram­ma­tikk, ord­til­fang, orto­gra­fi, og så bort­et­ter. Lærer ein nynorsk som eit sjølv­sten­dig skrift­språk, og ikkje med utgangs­punkt i «skriv på bok­mål og byt ut des­se og des­se og des­se orda»-metoden, er mi erfa­ring at det å læra beg­ge gjer deg betre i beg­ge.

    - Å kal­la tospråk­leg­hei­ta for unød­ven­dig, ska­de­leg og dyr, og der­et­ter fram­heva per­son­lege mål­byte som måten å ta livet av språ­ket på, er fak­tisk å dri­va kam­pan­je, uan­sett om det var inten­sjo­nen eller ikkje.

    – At mål­rørs­la ikkje tek mål­byte frå nynorsk til bok­mål på alvor … vel, det er ein van­leg påstand, som ikkje sjel­dan duk­kar opp når repre­sen­tan­tar for mål­rørs­la er uær­bø­di­ge nok til å bru­ka nokre minutt på å sva­ra dei som går til fron­tal­åtak på nynors­ken. Eit sær­leg sak­leg argu­ment er det ikkje (apro­pos glas­hu­set …), då det å kart­leg­gja, skaf­fa kunn­skap om og mot­ver­ka mål­by­tet frå nynorsk til bok­mål er ei av dei sake­ne rørs­la har kon­sen­trert mest res­sur­sar om dei sei­na­re åra. Me har ini­tiert, finan­siert og gjen­nom­ført omfat­tan­de pro­sjekt i m.a. Horda­land og Vald­res, og me rei­ser årleg på skule­vit­jin­gar for å snak­ka med og vek­kja med­vit hjå tusen­vis av ele­var – til svært gode til­bake­mel­din­gar frå både ele­var og læra­rar.

    Med and­re ord: Eg kan for­sik­ra deg om at utford­rin­ga­ne nynorsk­ele­var og nynorsk­bru­ka­rar står over­for, har svært høg prio­ri­tet både i Mål­la­get og hjå oss i Mål­ung­do­men. Éi av man­ge sli­ke utford­rin­gar, er at ein nynorsk­bru­kar må rek­na med å for­sva­ra mål­va­let sitt jam­leg, både over­for and­re, og over­for seg sjølv, til dømes når ein les så klå­re åtak på språ­ket sitt som blogg­inn­leg­get ditt er. Då finn eg det stun­dom verdt å sva­ra, om ikkje anna, så for å til­bake­visa ein del av dei åtaka som kan få dei (nynorsk­bru­ka­ra­ne) som les til å tru vondt om sitt eige mål. Å sva­ra på slikt hind­rar meg ikkje i å arbei­da lan­ge dagar og sei­ne kvel­dar med å få folk til å hal­da på (og stun­dom jam­vel vel­ja seg) nynors­ken. Det­te var nok ikkje sis­te gon­gen eg sen­de slikt svar, jam­vel om eg nes­te gong nok bør tel­ja eit par eks­tra gon­ger til ti før eg skriv.

  4. Hilde Falkanger says:

    Kåse­ri av Hil­de Fal­kan­ger; Språk­le­ge kjens­ler.

    Eg er ein mino­ri­tet, ein språk­leg mino­ri­tet. For at majo­ri­te­ten skal for­stå kva eg sei­er, må eg end­ra språ­ket mitt. -”Eg har så mykje ”pø” på lof­tet”. -”Javel”, sei­er karen frå aust. Sam­ta­len går strå­lan­de. Eg for­tel om alt det­te ”pøet” , som er ei slik pla­ge for meg. Kor­leis skal eg få ryd­da opp i det? Kvar skal eg gje­ra av det? Aust­len­din­gen stog­ga meg i for­tel­jin­ga, -”hva er pø?”, alt fall i grus. Febrilsk lei­ta eg etter eit alter­na­tivt ord, før poen­get av his­to­ria skul­le for­svin­na. Det var for seint, his­to­ria vart snudd til ein dis­ku­sjon om dia­lekt og språk, stad og kul­tur.

    Bok­mål er dansk, nynors­ken er norsk. Ei sam­ling av nors­ke ord som vart nyt­ta på uli­ke gar­dar i nasjo­nal­ro­man­tik­kens Noreg. Det er eit krav i grunn­sku­len at ein skal lære seg nynorsk, det nors­ke språ­ket. Det vil seie, ikkje alle, nokon får slep­pe å leve i eit evig hat til vårt kjæ­re nors­ke språk. Dei krev spe­si­ell omsorg som om det har ei funk­sjons­hem­ming. Dei for­står ikkje kva eg sei­er og nek­tar å lære, det er eg som skal for­stå. Dei skjø­nar ikkje ar det er eit over­grep på min kul­tur og mino­ri­tet. Er det ikkje lover for å unn­gå sli­ke over­grep? Kan eg som ein språk­leg mino­ri­tet, til liks med sama­ne, kla­ga til ” Den euro­pe­is­ke men­neske­retts dom­sto­len i Haag”?

    Kjær­lei­ken og roman­tik­ken til eige land er redu­sert til kjær­lei­ken til sta­den der du bur. Byrg­skap finn ein i kvart eit men­nes­ke som vil for­tel­ja oss om heim­sta­den sin. Slik har også eg det, mitt kjæ­re Sal­hus. Sal­hus er ein nasjon i Ber­gen, Ber­gen er ein nasjon i Noreg, Noreg er ein nasjon i Euro­pa og så vida­re. Skal vi alle fri­gje­re oss, ha kvar vår kon­ge, regje­ring og våre eige skrift­språk? Det had­de vore utru­leg, om mog­leg. Kvar dag eg kjem ”heim” til sta­den eg kjem ifrå, men ikkje bur på, vak­nar språ­ket fram i mi røyst. Det er då nasjo­nal­kjens­la byg­gjer seg opp til dei høga­re mak­ter, og gjev meg svar på mei­nin­ga med livet. -”Her vil eg leva, her skal eg bu”, syng vi stolt i kor, for Sal­hus har sin eigen nasjo­nal­song. Eigent­leg hand­lar son­gen om stri­lar som drikk seg ful­le på ”heima­brent”, og slåst om hei­der og kvinn­folk. Førs­te huset som vart bygt i Sal­hus ‚var eit hore­hus, men sli­ke ord vert ikkje bruk­te i gam­le bøker. Difor heldt dei seg til at huset var ein bar, punkt­um. Trass i det, syng ”salu­sin­ga­ne” son­gen kvar 17.Mai, før ”Ja, vi els­kar” og den inn­leid­de kom­mune­tals-kvin­na, eller man­nen, talar.

    Sprit er kul­tur, lik nynors­ken, dei går hand i hand. Uli­ke frå stad til stad, men dei er der, rett nok før polet flyt­ta inn og tok frå oss loka­le spe­sia­li­te­tar. Far min sei­er at ”Voss er ikkje den same plas­sen etter dei fekk pol”. Ein inter­es­sant obser­va­sjon. Det rare er at eg er sør­gje­leg samd, ein del av sjar­men, om ein får lov å seie, for­svann. Eg likar vos­sin­gar og sog­nin­gar, når eg høy­rer dei snak­kar, vert eg glad. Tref­fer eg ein nord­len­ding, er det ikkje uvan­leg å få ser­vert nokre bann­ord. Ingen kan ban­ne som nord­len­din­ga­ne, det er dei­ra språk­le­ge kunst. Eg sei­er ikkje det­te for å ver­ke frekk, men for å vise til stol­te kul­tu­rel­le kjens­ler. For dei er eg ein ”søring”. Eg mei­ner dei bur­de kon­kre­ti­sera da til ”aus­ting” , for er ikkje vi i vest og i kald krig mot aust? ”Aus­tin­ga­ne” nyt godt av vårt hundre­åri­ge tun­ge arbeid og vår olje? Dei måt­te levd på kneipp­brød frå Rema 1000 og vatn frå sprin­gen, had­de det ikkje vore for oss vest­len­din­gar! . ”Oi”, eg trak­ka på ein fot. No har dei jam­men fun­ne olje i nord. ”Vel­kom­men nord-folk, vi tek imot dykk med opne armar ”. Men dei vil ikkje ha oss der, dei vil fiske i fred, enn så len­ge.

    Til­ba­ke til ”sprit­språk”- kul­tu­ren. Flei­re gløy­mer ikkje ber­re kona når dei drikk seg ful­le, dei gløy­mer å hal­da på målet. Sitt eige språk kjem meir fram, men når dei skal for­tel­ja ei moro­sam his­to­rie, end­rar dei språ­ket, for å gje­ra his­to­ria meir tru­ver­dig og moro­sam. Det er kjekt å tref­fa folk som kjem ifrå same bygd når ein tek ein tur på byen, ukjen­de kjent­folk. Ein må tru­leg vera full for å høyra dei, for først er alle ber­gen­sa­rar. Eg tol­kar omgre­pet ”ber­gen­sar”, som ei sam­ling stri­lar. Språ­ket dei­ra vert meir brau­tan­de for kvar øl dei drikk, sam­stun­des kal­lar dei kvar­and­re for kame­ra­tar. Ordet er gjort kjent av sto­re og kjen­de tala­rar frå arbei­dar- ”rørs­la”, eller beve­gel­sen som Språk­rå­det har ret­ta ordet til. Det byg­gjer på sam­spel, bror­skap og nasjons­byg­ging. Unn Røyne­land kan ha rett i påstan­den ”I det moder­ne sam­fun­net er det heilt natur­lig å variere språ­ket etter kven vi snak­kar med”. Eg und­rar på om det er rik­tig skri­ve, eg ”kno­tar”.

    ”De pene fru­ene på Kal­fa­ret”, den språk­le­ge arven frå Bjørn­son, Grieg, Hol­berg og kom­pa­ni er erstat­ta med nyrike ”jap­par” frå aust. Ein kan ikkje len­ger høy­re des­se ”pene Ber­gens-fru­ene” i bybi­le­te. Like­eins er bok­mål det dei fles­te vil læra, men ikkje snak­ka. ”Eg likar ikkje nynorsk”, sei­er ber­gen­sa­ren. Ein kan und­ra seg kvi­for. Men klasse­skil­jet er ennå syn­leg i byga­te­ne sjølv om den lågas­te klas­sen har nok end­ra seg. Ein har byr­ja å snak­ka eit anna språk, engelsk. Det er verds språ­ket alle for­står og er ikkje len­ger defi­nert som eit fra­mand­språk i den nors­ke lære­pla­nen. Norsk ung­dom bru­kar språ­ket dag­leg på inter­nett. Og sjølv­sagt må ein jo variere språ­ket om karen du pra­tar med ber­re kan engelsk. Om nokre hund­re år er nok ”space” det mest van­le­ge ordet å bru­ka, saman med kropps­språk. ”Eg ga han fin­gen.” Å kun­ne gje noko til and­re er posi­tivt, men her er mei­nin­ga eins­ty­dig med noko neg­a­tivt. For å unn­gå mis­tak og gro­ve tab­bar bur­de ein laga ei ord­bok, språ­ket fins alle­reie. ”Pø”, er for meg natur­leg at alle kan, om ikkje bur­de dei vel ha med seg ei ord­bok nes­te gong dei rei­se ”utan­lands”.

til toppen