Farvel til nynorsken

Berre personlege avgjerder kan gjera slutt på den unødvendige, skadelege og dyre norske tospråklegheita.

Noreg er det einaste lan­det i Europa (og ver­da?) som unner seg den luk­sus å ha to off­isielle for­mer av same språk. Nynorsken er eit minoritetsspråk som dei fleste, både skri­varar og lesarar, stre­var med. Frå i dag, då ny nynorsk rettskriv­ing blir inn­ført, blir det endå vanskel­e­gare. Eg for min del gir (eller er det «gjev»; er «gjev» fram­leis tillate; er «gir» det einaste som gjeld nå?) opp.

Dette er noko eg har tenkt på lenge, men dei nye rettskriv­ingsnormene for nynorsk frå 1. august 2012 gir eit aktuelt høve til å la ord føl­g­ja tanke. Iføl­gje Språkrådet er hov­u­den­dringa at skil­jet mel­lom hov­ud­former og side­former blir fjer­na. Dessu­tan går ein del tidle­gare tillatne (eller er det tilletne?) bøy­ings­former ut og nokre ord­former, både hov­ud­former og side­former, blir tatt (tekne?) ut. Nokre mein­er dette ikkje er ei foren­kling og at nynorsk nå blir endå likare bok­mål, som det framgår her.

Ivar Aasen (foto: Paul Mork/Nasjonalbiblioteket, dato ukjent).


Eg tar (tek?) ikkje stand­punkt til det spørsmålet. Det ville krev­ja (krevje) at eg brukar endå meir ener­gi på å finna ut kva rettskriv­ing som gjeld og kvar for­mer som er tillatne (tilletne), sam­stun­des som eg veit at mange av dei eg skriv for, synest det uansett er tungt å lesa nynorsk. Det har dessu­tan lenge irritert meg å sjå så myk­je dår­leg nynorsk rundt omkring, eller bok­måls­brukarar som skriv arkaisk nynorsk («graut­mål») for­di det er slik dei trur nynorsken fram­leis er. Ikkje berre blir det stadig færre som brukar nynorsk; dei som brukar nynorsk skriv også dår­legare nynorsk. Då heller bok­mål. Så får det våga seg at det kjennest fjernt å skri­va «jeg» og «ikke».

Ein tred­je fak­tor er at eg som mange andre har kome til at det er ei stor nok oppgåve å få folk flest til å skri­va godt bok­mål, og at ressur­sane bør gå til det. Ein fjerde er at nynorsken his­torisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme.

Grun­nen til at eg har halde fast ved nynorsken heile mitt skrive­føre liv, trass i at talemålet har nær­ma seg stadig meir bok­mål, har med per­son­leg bak­grunn og iden­titet å gjera. Eg voks (vaks?) opp på Vest­landet, lærte å skri­va i bar­neskulen i Innvik i Nord­fjord og hadde to nynorskbrukande forel­dre. Då vi fly­t­ta til Tvedestrand kom­mune fekk far min meg til å byr­ja i ein nynorskklasse med veg­år­shei­in­gar på ung­domsskulen. Det kos­ta litt, ikkje minst at eg ikkje kunne gå i klasse med dei jamaldringar som bud­de nærast meg. Men eg stod på kra­va, i den grad at eg sette som føre­set­nad for å bli redak­tør i russeav­isa Okse­brølet at halv­parten av stof­fet skulle vera på nynorsk! Rett nok vart Tvedestrand­sposten grunnlagt av Arne Gar­borg, men eg innser nå at eg gjekk vel langt.

Seinare er eg blitt meir prag­ma­tisk. Eg har skrive ein del bok­mål i jobben, ikkje minst då eg arbei­d­de som deltid­sjour­nal­ist. Men den einaste boka eg har gitt (gjeve) ut (på norsk) var skriv­en på nynorsk. Det norske sam­laget stilte opp. Eg har alltid lurt på i kva grad statssub­sid­i­ane til Sam­laget eller kvaliteten, eventuelt emnet til boka, var avg­jerande for at utg­jevin­ga kom i stand. Eg har også lurt på i kva grad nynorsken var årsak til det avgren­sa salet av boka. (For­lagets grundi­ge språk­vask den gongen lærte meg elles kor mange feil til og med eg som ganske kyn­dig nynorskbrukar gjer.) Eller om språk­for­ma avgren­sar lesar­talet til og forståin­ga av inn­legg eg skriv på denne bloggen.

For meg er språket langt vik­ti­gare som kom­mu­nikasjon­s­mid­del enn som iden­titets­markør. Eg ønskjer at lesaren skal ten­ka (tenke/tenkja/tenkje) på kva eg skriv heller enn kor­leis eg skriv det. Eigen­leg er det ego­is­tisk å påtvin­ga lesarane eit språk som uttrykker per­son­leg iden­titet når eg veit det går ut over forståin­ga og opp­fat­ninga (opp­fat­tin­ga?) av innhaldet. Dessu­tan har eg lenge hatt ei lei (her måtte eg slå opp i ord­bok for å unngå det bok­mål­sklin­gande «ube­hage­leg») kjensle av at mange automa­tisk opp­fat­tar meg som bonde i byen når eg skriv på nynorsk. Ingen vil vedgå det, men det ligg ei stig­ma­tis­er­ing gjen­nom ufriv­il­lige assosi­asjonar der og lurer.

Der­for vil eg frå denne dag bru­ka bok­mål som hov­ud­mål, og nynorsk berre i nokre pri­vate saman­hen­gar (eg trud­de det heitte saman­hangar, men Bill Gates kjem fram med raud­blyan­ten). Det er ei per­son­leg avg­jerd, men det er berre slike som kan gjera slutt på den unød­vendi­ge (unaudsynte), skadelege og dyre norske tospråk­leghei­ta. Etter kvart vil det vera så mange ein­skildin­di­vid (og kom­mu­nar) som gir (gjev) opp nynorsken at språk­for­ma går av (raud­blyan­ten hin­drar meg i å skri­va «avgår») ved ein stille død. Det er berre slik eit språk kan døy. Eit poli­tisk ved­tak på nasjon­alt nivå er uråd å førestil­la seg.

Dermed blir også bloggen min frå nå av på bok­mål. Inntil eg kjem på noko betre skif­tar under­tit­te­len namn frå «ein nynorsk blogg om Europa etc.» til «en norsk blogg om Europa etc.». Kan­skje tar eg steget heilt ut og går over til berre engel­sk. Det er eit avgren­sa pub­likum i Noreg for europa­poli­tisk analyse, anten språket er nynorsk eller bokmål.

Tek­sten vart først pub­lis­ert 1. august 2012 på for­fattarens blogg Europæus norvegicus.

TEMA

K

ommunik
asjon

7 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

4 KOMMENTARER

  1. […] det er net­topp dette Tore Nedrebø gjer når han på Vox Pub­li­ca tek eit oppg­jer med sitt eige tidle­gare hov­ud­mål. Tospråk­legheit er unød­vendig, skade­leg og […]

  2. Eg vedgår gjerne at ovanståande inn­legg ikkje er det mest sak­lege eller best doku­menterte eg nokon gong har skrive. Men eg fokuser­er trass alt på saka, om enn med ein per­son­leg vri, mens Veb­jørn Sture kjem med ein svært per­son­ret­ta (og til dels feilak­tig) kom­men­tar. Det burde leiaren i Målung­dom­men hal­da seg for god til. 

    Men tilbake til saka: Veb­jørn har rett i at sta­tis­tikken han vis­er til (Språk­fak­ta 2010) ikkje gir eit så ein­ty­dig bilde av tilbakegong for nynorsken som eg trud­de. Men hov­ud­ten­densen 1952–2005 er likev­el fal­lande, sær­leg på indi­vid­nivå. Kor god sta­tis­tikken er, kan også diskuterast. 

    Og så blir nynorsken meir og meir eit vest­lands­fenomen. Der vil eg pre­sis­era at min situ­asjon er at dei eg skriv for, i stor grad er bok­måls­brukarar, og at det har påver­ka stand­pun­ket mitt. Hadde eg budd på Vest­landet, og spe­sielt utan­for dei største byane, hadde det vore noko anna. Eg merkar jo dessu­tan nå at det ikkje fell meg veldig natur­leg ennå å skri­va bok­mål. Det er nok her alderen spelar sterkast inn… 

    La meg også pre­sis­era at eg ikkje har skrive, eller mein­er, at alle nynorskbrukarar er nasjon­al­is­tar. Eg skreiv at nynorsk his­torisk sett er eit uttrykk for norsk nasjon­al­isme. Språket voks som kjent fram som del av norskdom­srørsla på slut­ten av atten­hun­dretalet og i stor grad i protest mot det dan­skpre­ga riksmålet. 

    Eg har googla “sep­a­rate under­ly­ing pro­fi­cien­cy”. For meg ser det ut til at poenget her (i den grad det er noko) er at men­neske kan læra seg fleire språk utan at det eine går ut over det andre, kan­skje snarare tvert i mot. Det har eg ingen prob­lem med, har til og med opplevd det sjølv. Men pås­tanden min (utan at eg kan visa til forsk­ings­be­legg her og nå) er at bok­mål og nynorsk ikkje er forskjel­lige språk, men så like at det er vanskel­e­gare å læra seg minoritetsspråket enn om det hadde dreia seg om forskjel­lige språk. Der­for trur eg alt­så at ressur­sane hadde vore betre bruk­te på å læra folk eitt norsk språk godt. For det er utan tvil også myk­je dår­leg bok­mål der ute.

    Til slutt: Eg driv ikkje kam­pan­je. Eg prøver ikkje å få andre til å gjera som meg. Men eg har pei­ka på nokre utfor­dringar som eg trur mange nynorskbrukarar går og kjen­ner på. Mål­rørsla skyt seg sjølv i foten om ein ikkje tar dette på alvor, men svarar med per­son­å­tak som Veb­jørn Sture gjer.

  3. Vebjørn Sture says:

    Fyrst, om “personåtak”-skuldingane: Svarinn­legget mitt er ikkje “svært per­son­ret­ta”, slik du hev­dar. Det aller meste eg skriv er svar på pås­tan­dane du kjem med i det fyrste inn­legget ditt. At tit­te­len og sis­teavs­nit­tet kan lesast som per­son­å­tak, kan eg der­i­mot godt forstå, i min­sto om ein les det ut av kon­tekst, og eg kan godt vera einig i at eg burde unngått omgrep som “gubbe” og “forgub­ba”. Sjølve omgrepa spel­er på fyrste­set­ninga mi, som ikkje hand­lar særskilt om deg, men eg ser no at den linken var tydel­e­gare for meg då eg skreiv enn kva han er for dei som les.

    Når det er sagt, så ville eg vore litt varsam med skuldin­gar om usak­leg argu­men­tasjon, var eg deg, jfr. at din eigen argu­men­tasjon ikkje akku­rat var plet­tfri. Å fram­stil­la det å skri­va nynorsk som “ego­is­tisk” (eller å koma med vage nasjon­al­isme-skuldin­gar) er eit kollek­tivt og usak­leg åtak på dei som skriv nynorsk. Me sit i det same glashuset, du og eg. 

    Men ok, for å koma tilbake til det både du og eg eigent­leg vil diskutera: saka. Her er nokre direk­te svar, og nokre meir generelle tankar og utdjupingar:

    - Sta­tis­tikken over kor myk­je nynorsken er i bruk, kan lesast på svært mange måtar. Biletet er ikkje ein­sidig. Det vert ikkje færre nynorskbrukarar i abso­lutte tal, men styrke­forhold­et vs bok­mål endrar seg neg­a­tivt, for­di talet på bok­måls­brukarar aukar raskare enn nynorskbrukarar. Men jamt over er me, og har dei siste par-tre tiåra vore, inne i ein his­torisk sta­bil peri­ode for nynorsken. Litt foren­kla kan ein seia at fyrste den store fram­gan­gen kom dei fyrste fire tiåra av 1900-talet, nedgan­gen dei neste fire. Deretter utflating. 

    - At nynorsken er på retur utan­for vest­landet hand­lar myk­je om at nynorsken (til no) har slite med fot­festet i byane. Dis­trik­ta ori­en­ter­er seg mot byane, også språk­leg. Det ser me også på vest­landet, til dømes rundt Bergen og Sta­vanger. På aust­landet har sok­nar så godt som alle nynorskom­rå­da til bok­målssen­tra, noko som gjer at nynorsken vert meir sår­bar der. Meir bruk av nynorsk i byar generelt, og aust­lands­b­yar spe­sielt, er ein av fleire medisi­nar som må til. Eg mein­er ikkje med dette at det er di per­son­lege plikt å ta den kam­p­en, men det er i det min­ste verdt å tenk­ja på – for oss alle – at det å slut­ta å skri­va nynorsk i Oslo for­di det er så få som skriv nynorsk i aust, forsterkar net­topp den årsa­ka, og såleis går det i sirkel.

    – Nasjon­al­isme: Du nem­nde nasjon­al­isme-greia som ein grunn til å vel­ja bort nynorsk. Det kan vanske­leg tolka­st i pos­i­tiv ret­ning, og nasjon­al­isme i neg­a­tiv for­stand er ein merke­lapp dei fær­raste vil vera kom­fort­able med. Der­som ein legg den kul­tur­rel­a­tivis­tiske defin­isjo­nen av nasjon­al­isme til grunn (t.d.: “me bør ta vare på og bera vidare nynorsken, for­di han er ein vik­tig del av vårt bidrag til det glob­ale, jamverdi­ge kul­tur­mang­faldet”), kan du fint seia at nynorsken er eit uttrykk for norsk nasjon­al­isme. Legg du der­i­mot den sjåvin­is­tiske defin­isjo­nen til grunn (t.d.: “vårt språk og vår kul­tur er betre og meir verd enn dei andre språ­ka og kul­tur­ane i ver­da”), er omgrepet heilt fjernt frå dei ideane nynorsken er tufta på. 

    Når du då nem­n­er nasjon­al­isme uspe­si­fis­ert er eit argu­ment mot å skri­va nynorsk, er det vanske­leg å tol­ka deg som at du mein­er noko pos­i­tivt med nasjon­al­is­meom­grepet. Då står me igjen med assosi­asjo­nane til sjåvin­is­men (og det som verre er), og jamv­el om det kan­skje ikkje var inten­sjo­nen, så er det lett å opp­fat­ta det som vag brunskvetting. 

    – Der­som bok­mål og nynorsk vert lært bort som to utgåver av same språket, så kan eg forstå at folk synest det er vanske­leg å skil­ja mel­lom dei. Men nynorsk og bok­mål har alt­så kvar sine sett med reglar, gram­matikk, ordtil­fang, ortografi, og så bortet­ter. Lær­er ein nynorsk som eit sjølvs­tendig skrift­språk, og ikkje med utgangspunkt i “skriv på bok­mål og byt ut desse og desse og desse orda”-metoden, er mi erfar­ing at det å læra begge gjer deg betre i begge. 

    - Å kalla tospråk­leghei­ta for unød­vendig, skade­leg og dyr, og deretter framhe­va per­son­lege mål­byte som måten å ta livet av språket på, er fak­tisk å dri­va kam­pan­je, uansett om det var inten­sjo­nen eller ikkje. 

    – At mål­rørsla ikkje tek mål­byte frå nynorsk til bok­mål på alvor … vel, det er ein van­leg pås­tand, som ikkje sjel­dan dukkar opp når rep­re­sen­tan­tar for mål­rørsla er uær­bødi­ge nok til å bru­ka nokre min­utt på å svara dei som går til frontalå­tak på nynorsken. Eit sær­leg sak­leg argu­ment er det ikkje (apro­pos glashuset …), då det å kart­leg­g­ja, skaf­fa kunnskap om og motver­ka mål­bytet frå nynorsk til bok­mål er ei av dei sak­ene rørsla har kon­sen­tr­ert mest ressur­sar om dei seinare åra. Me har ini­tiert, finan­siert og gjen­nom­ført omfat­tande pros­jekt i m.a. Horda­land og Val­dres, og me reis­er årleg på skule­vitjin­gar for å snakka med og vekk­ja med­vit hjå tusen­vis av ele­var – til svært gode tilbakemeldin­gar frå både ele­var og lærarar.

    Med andre ord: Eg kan for­sikra deg om at utfor­dringane nynorskel­e­var og nynorskbrukarar står over­for, har svært høg pri­or­itet både i Mål­laget og hjå oss i Målung­domen. Éi av mange slike utfor­dringar, er at ein nynorskbrukar må rek­na med å forsvara mål­valet sitt jam­leg, både over­for andre, og over­for seg sjølv, til dømes når ein les så klåre åtak på språket sitt som blog­ginn­legget ditt er. Då finn eg det stun­dom verdt å svara, om ikkje anna, så for å tilbake­visa ein del av dei åta­ka som kan få dei (nynorskbrukarane) som les til å tru vondt om sitt eige mål. Å svara på slikt hin­drar meg ikkje i å arbei­da lange dagar og seine kvel­dar med å få folk til å hal­da på (og stun­dom jamv­el vel­ja seg) nynorsken. Dette var nok ikkje siste gongen eg sende slikt svar, jamv­el om eg neste gong nok bør tel­ja eit par ekstra gonger til ti før eg skriv.

  4. Hilde Falkanger says:

    Kåseri av Hilde Falka­nger; Språk­lege kjensler.

    Eg er ein minoritet, ein språk­leg minoritet. For at majoriteten skal forstå kva eg seier, må eg endra språket mitt. -”Eg har så myk­je ”pø” på loftet”. -”Jav­el”, seier karen frå aust. Sam­tal­en går strå­lande. Eg for­tel om alt dette ”pøet” , som er ei slik plage for meg. Kor­leis skal eg få ryd­da opp i det? Kvar skal eg gjera av det? Austlendin­gen stog­ga meg i forteljin­ga, -”hva er pø?”, alt fall i grus. Febril­sk lei­ta eg etter eit alter­na­tivt ord, før poenget av his­to­ria skulle forsvin­na. Det var for seint, his­to­ria vart snudd til ein diskusjon om dialekt og språk, stad og kultur.

    Bok­mål er dan­sk, nynorsken er norsk. Ei sam­ling av norske ord som vart nyt­ta på ulike gar­dar i nasjon­al­ro­man­tikkens Noreg. Det er eit krav i grunnskulen at ein skal lære seg nynorsk, det norske språket. Det vil seie, ikkje alle, nokon får sleppe å leve i eit evig hat til vårt kjære norske språk. Dei krev spe­siell omsorg som om det har ei funksjon­shem­ming. Dei forstår ikkje kva eg seier og nek­tar å lære, det er eg som skal forstå. Dei skjø­nar ikkje ar det er eit over­grep på min kul­tur og minoritet. Er det ikkje lover for å unngå slike over­grep? Kan eg som ein språk­leg minoritet, til liks med samane, kla­ga til ” Den europeiske men­neskeretts dom­stolen i Haag”? 

    Kjær­leiken og roman­tikken til eige land er redusert til kjær­leiken til staden der du bur. Byrgskap finn ein i kvart eit men­neske som vil fortel­ja oss om heim­staden sin. Slik har også eg det, mitt kjære Sal­hus. Sal­hus er ein nasjon i Bergen, Bergen er ein nasjon i Noreg, Noreg er ein nasjon i Europa og så vidare. Skal vi alle frig­jere oss, ha kvar vår konge, reg­jer­ing og våre eige skrift­språk? Det hadde vore utru­leg, om mog­leg. Kvar dag eg kjem ”heim” til staden eg kjem ifrå, men ikkje bur på, vak­nar språket fram i mi røyst. Det er då nasjon­alk­jensla byg­gjer seg opp til dei høgare mak­ter, og gjev meg svar på meininga med livet. -”Her vil eg leva, her skal eg bu”, syng vi stolt i kor, for Sal­hus har sin eigen nasjon­al­song. Eigent­leg hand­lar songen om stri­lar som drikk seg fulle på ”heimabrent”, og slåst om hei­der og kvin­n­folk. Første huset som vart bygt i Sal­hus ‚var eit hore­hus, men slike ord vert ikkje bruk­te i gam­le bøk­er. Difor heldt dei seg til at huset var ein bar, punk­tum. Trass i det, syng ”salusin­gane” songen kvar 17.Mai, før ”Ja, vi elskar” og den innlei­d­de kom­mune­tals-kvin­na, eller man­nen, talar. 

    Sprit er kul­tur, lik nynorsken, dei går hand i hand. Ulike frå stad til stad, men dei er der, rett nok før polet fly­t­ta inn og tok frå oss lokale spe­sialite­tar. Far min seier at ”Voss er ikkje den same plassen etter dei fekk pol”. Ein inter­es­sant obser­vasjon. Det rare er at eg er sørgje­leg samd, ein del av sjar­men, om ein får lov å seie, forsvann. Eg likar vossin­gar og sogningar, når eg høyr­er dei snakkar, vert eg glad. Tre­f­fer eg ein nordlend­ing, er det ikkje uvan­leg å få servert nokre ban­nord. Ingen kan banne som nordlendin­gane, det er deira språk­lege kun­st. Eg seier ikkje dette for å verke frekk, men for å vise til stolte kul­turelle kjensler. For dei er eg ein ”søring”. Eg mein­er dei burde konkre­tis­era da til ”aust­ing” , for er ikkje vi i vest og i kald krig mot aust? ”Austin­gane” nyt godt av vårt hun­dreårige tunge arbeid og vår olje? Dei måtte levd på kneipp­brød frå Rema 1000 og vatn frå sprin­gen, hadde det ikkje vore for oss vestlendin­gar! . ”Oi”, eg trak­ka på ein fot. No har dei jam­men funne olje i nord. ”Velkom­men nord-folk, vi tek imot dykk med opne armar ”. Men dei vil ikkje ha oss der, dei vil fiske i fred, enn så lenge. 

    Tilbake til ”sprit­språk”- kul­turen. Fleire gløymer ikkje berre kona når dei drikk seg fulle, dei gløymer å hal­da på målet. Sitt eige språk kjem meir fram, men når dei skal fortel­ja ei morosam his­to­rie, endrar dei språket, for å gjera his­to­ria meir tru­verdig og morosam. Det er kjekt å tre­f­fa folk som kjem ifrå same bygd når ein tek ein tur på byen, ukjende kjent­folk. Ein må tru­leg vera full for å høyra dei, for først er alle bergen­sarar. Eg tolkar omgrepet ”bergen­sar”, som ei sam­ling stri­lar. Språket deira vert meir brautande for kvar øl dei drikk, sam­stun­des kallar dei kvaran­dre for kam­er­atar. Ordet er gjort kjent av store og kjende talarar frå arbei­dar- ”rørsla”, eller beveg­elsen som Språkrådet har ret­ta ordet til. Det byg­gjer på sam­spel, brorskap og nasjons­byg­ging. Unn Røyneland kan ha rett i pås­tanden ”I det mod­erne sam­fun­net er det heilt naturlig å variere språket etter kven vi snakkar med”. Eg undrar på om det er rik­tig skrive, eg ”kno­tar”.

    ”De pene fruene på Kal­faret”, den språk­lege arven frå Bjørn­son, Grieg, Hol­berg og kom­pani er erstat­ta med nyrike ”jap­par” frå aust. Ein kan ikkje lenger høyre desse ”pene Bergens-fruene” i bybilete. Likeeins er bok­mål det dei fleste vil læra, men ikkje snakka. ”Eg likar ikkje nynorsk”, seier bergen­saren. Ein kan undra seg kvi­for. Men klass­eskil­jet er ennå syn­leg i bygatene sjølv om den lågaste klassen har nok endra seg. Ein har byr­ja å snakka eit anna språk, engel­sk. Det er verds språket alle forstår og er ikkje lenger defin­ert som eit fra­mand­språk i den norske lære­pla­nen. Norsk ung­dom brukar språket dag­leg på inter­nett. Og sjølvsagt må ein jo variere språket om karen du pratar med berre kan engel­sk. Om nokre hun­dre år er nok ”space” det mest van­lege ordet å bru­ka, saman med kroppsspråk. ”Eg ga han fin­gen.” Å kunne gje noko til andre er pos­i­tivt, men her er meininga ein­sty­dig med noko neg­a­tivt. For å unngå mis­tak og grove tab­bar burde ein laga ei ord­bok, språket fins allereie. ”Pø”, er for meg natur­leg at alle kan, om ikkje burde dei vel ha med seg ei ord­bok neste gong dei reise ”utan­lands”.

til toppen