Samfunnsoppdragets læregutar

Journalistideal på diett: Nokre statistiske refleksjonar over norske journaliststudentar dei siste 25 år.

«… presse­folk ser på sko­len som et rede for halv­stu­der­te aka­de­mi­ke­re som ingen kon­takt har hatt med et leven­de presse­mil­jø, mens jour­na­liste­le­ve­ne ser på pres­sen som et reak­sjo­nært ele­ment som for­sin­ker kam­pen for et sosia­lis­tisk Nor­ge», bekla­ga jour­na­list Odd­var Aasen seg i eit lesar­inn­legg i Jour­na­lis­ten i 1974. Sita­tet er hen­ta frå Fra fjær­penn til Inter­nett (1996) av Rune Otto­sen, og illust­re­rer nokre lang­va­ri­ge ste­reo­ty­pi­ar og kon­flikt­lin­jer mel­lom pres­sa og jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne i Noreg.

Ele­va­ne Aasen snak­ka om gjekk på Norsk jour­na­list­sko­le. Den vart grunn­lagd i Oslo i 1965 når sta­ten tok over Jour­na­list­aka­de­mi­et, opp­ret­ta av presse­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne i 1951. Orga­ni­sa­sjo­na­ne tap­te då den for­mel­le mak­ta over utdan­nin­ga, men føl­te len­ge, med Otto­sens ord, «sole­klar rett til å blan­de seg inn i det de betrak­tet som sitt ekte­fød­te barn».

«Et arne­sted for revo­lu­sjo­nære»

Når den all­men­ne radi­ka­li­se­rin­ga i sam­band med EF-stri­den, Viet­nam­kri­gen og Otto­sen-komi­te­en på tid­leg sytti­tal òg nåd­de jour­na­list­stu­den­ta­ne, gjekk ryk­ta raskt i pres­sa om sku­len som «et arne­sted for revo­lu­sjo­næ­re», og lei­in­ga vart ofte og høg­lytt kri­ti­sert av presse­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne. Dels gjekk det­te på at dei var for etter­gje­van­de for «radi­ka­le strøm­nin­ger», men like mykje var det­te ein strid om kva som var god jour­na­lis­tikk og kor­leis jour­na­lis­tikk best kan lærast, der naud­sy­net av meir prak­sis­ba­sert under­vis­ning og eit lågt jour­na­lis­tisk nivå hjå læra­ra­ne var van­le­ge anke­punkt. At endå­til folk som ikkje var erfar­ne jour­na­lis­tar skul­le under­vi­se var òg eit heitt tema når når dis­trikts­høg­sku­len i Vol­da etab­ler­te si jour­na­list­ut­dan­ning i 1971.

Den ster­kas­te poli­tis­ke kri­tik­ken av jour­na­list­stu­den­ta­ne stil­na utover sytti­ta­let, i takt med den ålmen­ne avra­di­ka­li­se­rin­ga av poli­tik­ken og stu­den­ta­ne. Om ein fram­leis i dag finn dømer på at jour­na­lis­tar er bekym­ra for radi­ka­le jour­na­list­stu­den­tar, skjer det­te van­leg­vis i mode­ra­te orde­lag, der ein, med E24-redak­tør Per Vale­brokk sine ord, «håpa at jour­na­list­stu­den­ta­ne tek til vitet». Men ofta­re enn frykt for for sterkt poli­tisk enga­sje­ment er kri­tik­ken no hel­ler at stu­den­ta­ne er for lite enga­sjer­te, som når Harald Stang­hel­le 16. mars i år sa at han skul­le ynskje at jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne

… ikkje ber­re la vekt på karak­te­rar frå vidare­gå­an­de, men på enga­sje­ment i orga­ni­sa­sjons­li­vet, det å vise at ein er tett knyt­ta til det sam­fun­net ein skal fun­ge­re i som jour­na­list, at ein la vekt på folk som had­de job­ba litt for­skjel­li­ge sta­d­ar, med and­re ord at ein skap­te ein stør­re varia­sjon (…) Ingen­ting er galt med gode karak­te­rar, men som jour­na­list bør du ha ein slags følel­se, ein reso­nans­botn ovan­for eit sam­funn som ein skal vera ein del av som jour­na­list, ei dju­pa­re for­stå­ing av det, og det er slett ikkje all­tid at det er dei med best karak­te­rar, dei som har brukt hei­le tida på å skaf­fe seg dei, viser seg vere dei bes­te jour­na­lis­ta­ne.

Stang­hel­le sine ord røy­ver òg ved ein annan van­leg skep­sis i bran­sjen til jour­na­list­stu­den­tar: dei er skule­flin­ke, men mang­lar livs­er­fa­ring. Oftast går det­te saman med eit hand­verks­ideal om at jour­na­lis­tikk best lærast gjen­nom prak­sis i redak­sjo­na­ne, og at jour­na­list­ut­dan­ning i bes­te fall er ei ufull­sten­dig (for teo­re­tisk) føre­bu­ing til yrket, i ver­ste fall vek­kas­ta tid, slik Jon Hustad uttryk­te det i Jour­na­lis­ten i 2009 under over­skrif­ta «Jour­na­list­ut­dan­ning — helst ikkje»:

Les nors­ke jour­na­list­stu­den­tar Geor­ge Orwell, stu­de­rer dei reise­bre­va til Knut Ham­sun, les dei Ita­lia-essaya til Hans E. Kinck eller The Eco­nomist? Skriv dei essay om den ame­ri­kans­ke bor­gar­kri­gen, stu­de­rer dei årsa­ke­ne til krak­ket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg kom­ma­reg­la­ne? Nei, stort sett ikkje. Dei kon­sen­tre­rer seg om form og tek­nikk. Meist­rar dei så tek­nik­ken og for­ma når dei kjem ut i ein redak­sjon? Nja… dei bru­kar vel om lag like lang tid på å læra seg hand­ver­ket som dei som ikkje har gått på ei norsk jour­na­list­ut­dan­ning. Nors­ke jour­na­list­ut­dan­nin­gar (…) er for nors­ke jour­na­lis­tar det Prak­tisk peda­go­gisk utdan­ning er for nors­ke lek­to­rar: eit meta­stu­di­um, og for dei fles­te prak­tis­ke føre­mål bort­kas­ta tid.

Sur­vey­un­der­sø­kin­gar viser at den­ne typen hald­nin­gar ikkje er uvan­le­ge hjå nors­ke jour­na­lis­tar, men dei har ein klår alders­pro­fil: di eld­re jour­na­lis­ta­ne er, di ofta­re vekt­legg dei hand­verks­kunn­skap og livs­er­fa­ring fram­for for­mell utdan­ning som vik­tig for jour­na­lis­tar. At sli­ke syns­punkt no er mind­re van­le­ge er nok mykje eit resul­tat av utdan­nings­re­vo­lu­sjo­nen i bran­sjen: Ber­re dei ti sis­te åra har ande­len med høga­re utdan­ning auka frå 70 til 95 pro­sent, og i dag har 35 pro­sent av jour­na­lis­ta­ne over fire år med høga­re utdan­ning.

Sen­tralt i den­ne utvik­lin­ga står jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne. Fram til 1987 var utdan­nin­ga­ne i Oslo og Vol­da eine­rå­dan­de, og utek­sa­mi­ner­te kring 85 stu­den­tar i året. I 1987 kom høg­sku­la­ne i Stav­an­ger og Bodø etter, og sei­na­re har flei­re fleir­åri­ge jour­na­list­ut­dan­nin­gar vor­te opp­ret­ta — og nokre ned­lag­de, inklu­dert Medie­høg­sku­len Gim­le­kol­len (1997-), Samisk jour­na­list­ut­dan­ning (2000-), BI (2002–11, spe­sia­li­sert mot øko­no­misk jour­na­lis­tikk), Bjørk­nes pri­vat­sko­le (2000–6), Nor­ges Krea­ti­ve fagskule/MI (2003-) og Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen (2005-). Her bør ein òg nem­ne opp­ret­tin­ga av ei mas­ter­ut­dan­ning i jour­na­lis­tikk i Oslo i 2001, og flei­re nye mas­ter­ut­dan­nin­gar knytt til doku­men­tar­film (Lil­le­ham­mer, Vol­da).

Kva syn har des­se jour­na­lis­tik­kens arvin­gar på pro­fe­sjo­nen si rol­le i sam­fun­net?

Den sto­re auken i talet som no tek jour­na­lis­tikk­ret­ta utdan­ning har kome sam­stun­des med stag­na­sjon i bran­sjen. I 1981 var det 3400 med­le­mer av Norsk Jour­na­list­lag. I dei to hen­dings­rike tiåra etter vart det­te talet nes­ten tre­dob­la, men dei sis­te ti åra har med­lems­ta­let hal­de seg nok­så sta­bilt. Saman med natur­leg avgang har det­te bidre­ge til at å ha jour­na­list­ut­dan­ning har gått frå å vere noko nok­så sjeld­synt til å ver­te den van­le­gas­te vegen inn i yrket: I 2005 had­de 13 pro­sent av dei akti­ve jour­na­lis­ta­ne som kom inn i yrket på seksti­ta­let ei jour­na­list­ut­dan­ning, og ande­len var stør­re for kvart tiår (dei som star­ta i yrket på sytti­ta­let: 20 pro­sent, åtti­ta­let: 29 pro­sent, nitti­ta­let: 39 pro­sent, fyrs­te delen av totu­sen­ta­let: 53 pro­sent). I dag ver­kar slik utdan­ning vere endå van­le­ga­re blant nye jour­na­lis­tar.

På den eine sida er dei eld­re gene­ra­sjo­na­ne jour­na­lis­tar sin sta­di­ge skep­sis til jour­na­list­stu­den­ta­ne lett å mis­ten­ke­leg­gje­re som utslag av til­års­ko­men nos­tal­gi eller som beha­ge­le­ge syns­punkt i ind­re pro­fe­sjons­stri­dar. Men vi har òg å gje­re med ein reell fag­strid, med uli­ke syn på kva som er god jour­na­lis­tikk, kva som skal vere jour­na­lis­ten si rol­le i sam­fun­net og kor­leis jour­na­lis­tikk best kan lærast. At gene­ra­sjons­mot­set­nin­ga­ne her òg i ein viss grad har vore omsnud­de klasse­mot­set­na­dar, (der nyko­ma­ra­ne typisk har rekrut­tert sosi­alt høga­re enn jour­na­lis­ta­ne dei ein gong skal erstat­te) kan ha bidre­ge til at des­se mot­set­nin­ga­ne har hal­de seg levan­de så len­ge.

Eg skal her ikkje gå næra­re inn i argu­men­ta i den­ne fag­stri­den. Der­imot vil eg for­mid­le litt frå norsk jour­na­list­fors­king sine stu­di­ar av jour­na­list­stu­den­tar gjen­nom dei sis­te 25 år: Kva gjer jour­na­list­ut­dan­nin­ga med stu­den­ta­ne? Kven vert stu­den­tar, kvar vil dei arbei­de og kva syn har des­se jour­na­lis­tik­kens arvin­gar på pro­fe­sjo­nen si rol­le i sam­fun­net?

Journalistutdanning — liten verknad?

I tid­le­ga­re fors­king har den ufor­mel­le opp­læ­rin­ga i redak­sjo­na­ne vor­te til­lagd stor vekt i for­min­ga av nye jour­na­lis­tar. Når grunn­opp­læ­rin­ga av des­se no har flyt­ta seg ut av redak­sjo­na­ne og inn i høg­sku­lar og uni­ver­si­tet, har det vore stor inter­es­se for kva rol­le jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne har i pro­fe­sjons­so­sia­li­se­rin­ga. I kva grad end­rar den­ne «gra­di­fi­ca­tion of jour­na­lism» — som Slav­sko Splichael og Colin Sparks kal­la feno­me­net i sin pion­er­stu­die (1994) — stu­den­ta­nes hald­nin­gar og yrkes­am­bi­sjo­nar i løpet av stu­di­et? Og end­rar dei seg i møtet med yrkes­li­vet?

På slut­ten på nitti­ta­let vart det gjort man­ge sur­vey­stu­di­er av jour­na­list­stu­den­tar i uli­ke land. Fel­les for des­se var like­vel at dei var ein­gongs­til­fel­le for stu­den­ta­ne det gjaldt, og ein viss­te difor lite om kva end­rin­gar som fann stad i løpet av stu­die- og yrkes­kar­rie­ren. For å bøte på det­te gjen­nom­før­de eg saman med Rune Otto­sen (HiO) og Gunn Bjørn­sen (no HVO) på totu­sen­ta­let panel­stu­di­ar av flei­re kull jour­na­list­stu­den­tar i Oslo og Vol­da som del av det nors­ke Stud­Data-pro­sjek­tet. Stu­den­ta­ne fekk sur­vey­ar ved stu­die­start, stu­die­slutt og etter nokre år i yrkes­li­vet.

Stu­den­tar frå låga­re sosia­le kår føre­trekk ofta­re enn and­re ein ikkje-kon­fron­te­ran­de jour­na­lis­tikk

Ikkje uven­ta fann vi at stu­den­ta­ne ori­en­ter­te seg ster­ka­re mot bran­sjen di sei­na­re dei kom i løpet, m.a. i form av meir spe­sia­li­ser­te yns­kjer til fag­felt og arbeids­stad, og ved å vise stør­re vil­je til å arbei­de med tema som ein kun­ne ven­te had­de låga­re sta­tus i utdan­nin­ga­ne enn i bran­sjen (som sport- og livs­stils­jour­na­lis­tikk). Meir over­ras­kan­de var at end­rin­ga­ne var svært små: På trass av hundre­vis av timar med under­vis­ning og prak­sis i jour­na­lis­tikk, var jour­na­list­stu­den­ta­ne sine svar — dei­ra til­slut­ning til uli­ke sam­funns­rol­ler for pres­sa, dei­ra syn på kva eigen­ska­par som kjenne­mer­ka ein god jour­na­list, kva som var vik­tig å lære i utdan­nin­ga eller kvar dei vil­le arbei­de — i sto­re trekk dei same når dei star­ta og når dei slut­ta i stu­di­et. Og end­rin­ga­ne var også gans­ke små når vi spur­de dei etter nokre år i yrkes­li­vet.

Det er open­bert for alle som har vore involvert i jour­na­list­ut­dan­ning at stu­den­ta­ne gjen­nom­går ei stor fag­mes­sig utvik­ling i løpet av stu­di­et. Kvi­for fram­stod då utdan­nin­ga ha så liten effekt på dei­ra hald­nin­gar og øvri­ge yrkes­ori­en­te­ring? To for­kla­rin­gar er her nær­lig­gjan­de.

Det fyrs­te er at jour­na­list­ut­dan­ning i ein viss grad «lærer fisk å sym­je». I 2000 had­de 59 pro­sent av stu­den­ta­ne hatt løn­na jobb som jour­na­list før dei tok til på stu­di­et (34 pro­sent på full­tid), og had­de slik på føre­hand gjen­nom­gått ei viss yrkes­so­sia­li­se­ring. At stu­den­tar sjølv­sagt òg har eit føre­hands­inn­trykk om pro­fe­sjo­nen og den­ne sine ideal frå media, film og lit­te­ra­tur kan òg ha vore med­ver­kan­de.

Det and­re er at fol­ke­le­ge bile­te av yrkes­ut­dan­ning er for­vir­ra av dår­le­ge meta­fo­rar: hel­ler enn å sjå stu­den­ta­ne som «tome kar», «blan­ke tav­ler» eller «leir­klum­par» som vert fyl­de eller for­ma gjen­nom sosia­li­se­rin­ga i utdan­nin­ga og redak­sjo­na­ne, er det gode argu­ment for at «pro­fe­sjo­nel­le» hald­nin­gar i jour­na­lis­tik­ken òg er tyde­leg pre­ga av det Pier­re Bour­di­eu kal­lar eins habi­tus, vari­ge tan­ke- og hand­lings­møns­ter som er djuprøta i oss i vår tid­le­ge opp­vekst under bestem­te sosia­le vil­kår. Slik kan ein t.d. for­kla­re kvi­for stu­den­tar frå låga­re sosia­le kår kon­se­kvent ofta­re enn and­re føre­trekk ein ikkje-kon­fron­te­ran­de jour­na­lis­tikk og vekt­legg hand­verks­mes­si­ge ideal fram­for krea­ti­ve. I eit slik per­spek­tiv er kven som vert jour­na­list­stu­den­tar eit like vik­tig spørs­mål som kva dei lærer på stu­di­et.

Å hev­de at jour­na­list­ut­dan­ning er utan effekt fram­står som ein open­bert uri­me­leg påstand. Men at slik utdan­ning i liten grad ver­kar ha inn­verk­nad der ein kan­skje vil­le ven­ta det mest — i hald­nin­gar og ideal — bur­de vere tanke­vek­kjan­de.

Den nye vin

Kva bak­grunn har dei nye jour­na­list­stu­den­ta­ne — sosi­alt, yrkes­fag­leg, utdan­nings­mes­sig? Kva hald­nin­gar har dei til yrket? Kva jobbyns­kjer har dei? Og kor­leis skil dagens jour­na­list­stu­den­tar seg frå tid­le­ga­re? Om sli­ke spørs­mål oftast kjem frå bran­sjen, har dei vida­re inter­es­se: Å stu­de­re kor­leis des­se jour­na­lis­tik­kens arvin­gar har end­ra sin sosia­le pro­fil kan gje peike­pin­nar om yrkets fram­ti­di­ge sosia­le sta­tus, og end­rin­ga­ne i yrkes­hald­nin­gar er same­leis eit inn­blikk i den nes­te gene­ra­sjo­nen av jour­na­lis­tar — inklu­dert dei­ra syn på sam­funns­opp­dra­get.

Der fleste­par­ten før kom til jour­na­list­ut­dan­ninga som jour­na­list­lær­lin­gar, er dei no langt ofta­re medie­stu­den­tar

Våre tid­le­ga­re stu­di­ar av jour­na­list­stu­den­ta­ne i Oslo og Vol­da har i 2005, 2008 og 2012 vor­te fylgd opp i nor­dis­ke sur­vey­ar, der til­sa­man 4674 stu­den­tar ved 30 insti­tu­sjo­nar (10 i Nor­ge) har del­te­ke. Vi har slik svært gode data for å seie noko om den­ne utvik­lin­ga dei sis­te tolv åra. I til­legg finst nokre eld­re under­sø­kin­gar av nors­ke jour­na­list­stu­den­tar som gjev eit viss saman­lik­nings­grunn­lag, der sær­skild tre bør nem­nast. Den fyrs­te er Kir­sten Bea­te Mag­nus sin stu­die av ele­va­ne ved Norsk jour­na­list­sko­le i 1965–75 i Den fag­ut­dan­ne­de jour­na­list (mel­lom­fag­sopp­gå­ve, Insti­tutt for sosio­lo­gi, UiO 1975). Den and­re er Splichal og Sparks sin ovan­nemn­de fleir­na­sjo­na­le stu­die, der Rune Otto­sen gjen­nom­før­te sur­vey­en til Oslo-stu­den­ta­ne i års­skif­tet 1987/8. Den sis­te stu­di­en — og den eg her vil nyt­te for saman­lik­ning — er Johann Rop­pens sur­vey av stu­den­ta­ne ved jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne i Oslo, Vol­da, Stav­an­ger og Bodø i kan­di­dat­opp­gå­va «Kven er vi — og kva står vi for» (1988).

Om det sjølv­sagt er avgren­sa kva sli­ke sta­tis­tis­ke saman­lik­nin­gar kan vise, er det like­vel mog­leg å trek­ke nokre for­sik­ti­ge his­to­ris­ke lin­jer 25 år atten­de — til nok­så and­re tider for norsk jour­na­lis­tikk og det offent­le­ge ord­skif­tet. Det er for­tel­jin­ga om lær­lin­ga­ne som vart stu­den­tar, om avis­me­di­ets fall, om poli­tisk og sosi­al main­stre­am­ing, og eit slan­ka­re — men nep­pe betre — sam­funns­opp­drag for jour­na­lis­tik­ken.

Frå lærlingar til studentar

Gjen­nom­snitts­al­de­ren til jour­na­list­stu­den­ta­ne i Oslo, Vol­da, Bodø og Stav­an­ger er i dag 23,4 år — fire år låga­re enn i 1988. Det­te er i stor grad eit resul­tat av end­ra opp­taks­reg­lar, hovud­sak­leg påført utan­frå. Dei sis­te fem­ten åra har m.a. rege­len vore at minst halv­par­ten av stu­den­ta­ne kjem inn på pri­mær­vitne­måls­kvo­ten (i prak­sis: ele­var rett frå vidare­gå­an­de som kon­kur­re­rer på basis av karak­te­rar). Stu­den­ta­ne har, som ein natur­leg fyl­gje av det­te, mind­re utdan­ning og erfa­ring frå yrkes- og bran­sje­liv enn før.

Om jour­na­list­stu­den­tar fram­leis er ei sosi­alt pri­vi­le­gert grup­pe, er dei det i klart mind­re grad enn før

I 1988 had­de nes­ten alle (86 pro­sent) teke høg­re utdan­ning før stu­di­et (halv­par­ten meir enn to år), og man­ge ver­ka ha hatt jour­na­lis­tisk erfa­ring frå før — 34 pro­sent som full­tids­til­set­te jour­na­lis­tar. I 2012 har fær­re (63 pro­sent) høga­re utdan­ning før stu­di­et, og utdan­nin­ga dei har er kor­ta­re. Ber­re 10 pro­sent har tid­le­ga­re arbeidd full­tid som jour­na­lis­tar (29 pro­sent på del­tid), og svært få har annan full­tids yrkes­er­fa­ring.

Ikkje uven­ta med­fø­rer det­te høgst uli­ke fram­tids­pla­nar: Nes­ten alle i 1988 (80 pro­sent) had­de pla­nar om å gå ut i jour­na­list­yr­ket ved avslut­ta stu­di­um. I 2012 er det ber­re 30 pro­sent som er heilt sik­re på at dei yns­kjer å arbei­de som jour­na­list «i fram­ti­da» (69 pro­sent er heilt eller del­vis sik­re), og fleir­ta­let plan­legg ta meir utdan­ning etter stu­di­et.

I sum fram­står det­te som ei vik­tig his­to­risk for­sky­ving: der fleste­par­ten før kom til jour­na­list­ut­dan­nin­ga som jour­na­list­lær­lin­gar, er dei no langt ofta­re medie­stu­den­tar.

Mindre eliteprega

Den fyrs­te Makt­ut­red­nin­gen (Nors­ke jour­na­lis­ter: Et gruppe­por­te­rett, Lorent­zen og Høy­er 1974) sitt funn om at jour­na­lis­tik­ken i liten grad rekrut­te­rer frå låga­re sosia­le lag er fram­leis dek­kjan­de, om kan­skje ikkje i like stor grad som før. Det same kan ein seie om jour­na­list­stu­den­ta­ne.

Når Johann Rop­pen i 1988 fann at stu­den­ta­ne «i svært sterk grad» kom frå eli­ten i sam­fun­net, var det­te basert på ein sterk over­re­pre­sen­ta­sjon av høg­sta­tus­yrke og høga­re utdan­ning hjå for­eld­ra: 60 pro­sent av fedra­ne had­de slik utdan­ning, mot ber­re 14 pro­sent i den yrkes­ak­ti­ve befolk­nin­ga. Men der ande­len i befolk­nin­ga med høga­re utdan­ning har dob­la seg dei sis­te 25 åra, har ande­len med sli­ke fed­re vore nok­så kon­stant hjå jour­na­list­stu­den­ta­ne. Det er eit klart sig­nal om at jour­na­list­ut­dan­ning, trass sine fram­leis høge karak­ter­krav, har vor­te mind­re sosi­alt eks­klu­de­ran­de (men merk at det her er vik­ti­ge skil­je mel­lom utdan­nin­ga­ne).

Vi har ber­re anek­do­tisk kunn­skap om stu­den­ta­ne i 1988 var born av jour­na­lis­tar, men det fram­står ha vore nok­så van­leg. I 2000 had­de ein av fem jour­na­list­stu­den­tar i Oslo og Vol­da slik bak­grunn, og i 2012 ber­re ein av tjue. Stu­dia fram­står slik òg i sta­dig mind­re grad bidra til at jour­na­list­yr­ket går i arv.

Halv­par­ten av stu­den­tane i 1988 vil­le stem­me SV eller RV

At dei sto­re jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne — sam­la sett — no i mind­re grad er attrak­ti­ve frå born av dei mest vel­ut­dan­na sosia­le laga (og jour­na­lis­tar), kan lesast på flei­re måtar. Det kan tyde på at yrket har ein fal­lan­de sosi­al sta­tus. Men det kan òg vere eit teikn på at dei elds­te yrkes­ret­ta utdan­nin­ga­ne for des­se grup­pe­ne er erstat­ta av and­re utdan­nings- og yrkes­løp. Det­te veit vi lite om. Det som er sik­kert, er at om jour­na­list­stu­den­tar fram­leis er ei sosi­alt pri­vi­le­gert grup­pe, er dei det i klart mind­re grad enn før.

Indoktrineringsleire for kulturelle marxister?

Også poli­tisk fram­står jour­na­list­stu­den­ta­ne i dag ha vort­ne meir main­stre­am. Halv­par­ten av stu­den­ta­ne i 1988 vil­le stem­me SV eller RV, og 13 pro­sent Ap (hen­halds­vis 7 pro­sent og 38 pro­sent i befolk­nin­ga vil­le gje­re det same). Sam­stun­des ver­ka det­te i liten grad gå saman med ei poli­ti­sert jour­na­list­rol­le: 62 pro­sent mein­te sam­funns­jour­na­lis­tikk bur­de vere parti­po­li­tisk uav­hen­gig, og ber­re 6 pro­sent had­de noko imot å arbei­de i ei medie­verk­semd med eit anna poli­tisk syn enn dei sjøl­ve.

I 2012 er dei­ra poli­tis­ke pro­fil langt mind­re sær­pre­ga: Det er flei­re jour­na­list­stu­den­tar som vil stem­me Høg­re (19 pro­sent) enn SV eller RV (til­sa­man 18 pro­sent), 35 pro­sent vil stem­me Ap og 13 pro­sent Venst­re. Stu­den­ter stem­mer slik no langt meir likt den ålmen­ne befolk­nin­ga, og også skil­na­den til jour­na­lis­tar flest har vor­te nok­så liten. Inter­es­sant nok fram­står dei òg sta­dig mind­re venstre­vrid­de enn sam­funns­stu­den­tar ved uni­ver­si­te­ta, ei grup­pe som i 2000 had­de nok­så lik parti­pro­fil. At kon­se­kvent ber­re 35 pro­sent av jour­na­list­stu­den­ta­ne no sei­er seg svært inter­es­ser­te i å arbei­de med sam­funn og poli­tikk som tema, og 17 pro­sent beskriv seg som svært inter­es­sert i poli­tikk (26 pro­sent i liten/ingen grad) er ytter­le­ga­re teikn på at Anders B. Brei­vik sine ord i 2009 om jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne som «indok­tri­ne­rings­lei­re for frem­ti­di­ge gene­ra­sjo­ner av kul­tu­rel­le marxister/multikulturalister/politisk kor­rek­te» no ikkje er sær­leg dek­kjan­de. Òg «demon­stra­sjons­eks­hi­bis­men» som Odd­var Aasen bekla­ga seg over i 1974 fram­står i dag vere mind­re grunn til otte enn Stang­hel­les spørs­mål om stu­den­ta­nes enga­sje­ment i sam­fun­net dei skal dek­kje.

Avisenes fall, vekeblada og fjernsynets vekst

Med­an avi­se­ne dei sis­te fem­ten åra har gjen­nom­gått ein tek­nisk revo­lu­sjon, har det i same tids­rom vor­te sta­dig fær­re nors­ke jour­na­list­stu­den­tar som yns­kjer arbei­de i avis, til for­del for tv og maga­sin.

Hovden2013_figur1

I 1988 vil­le halv­par­ten av stu­den­ta­ne arbei­de i avis, og res­ten for­del­te seg likt på radio og fjern­syn. I 2005 var det­te møns­te­ret nok­så likt — med eit visst inn­slag av stu­den­tar som vil­le arbei­de i maga­sin og veke­blad. I 2012 er det der­imot slik at flei­re yns­kjer arbei­de i fjern­syn enn i avis. At stu­den­ta­ne sine yns­kjer ikkje ber­re enkelt fyl­gjer arbeids­mark­na­den er like­vel klårt ved at nes­ten ingen dei sis­te tolv åra — jamt ber­re 2–3 pro­sent — har nett­avis som fyrste­val. Den auka inter­es­sa for radio­/tv-jour­na­lis­tikk har nok òg med at det­te har vor­te eit van­le­ga­re under­vis­nings­til­bod. I Vol­da, som had­de slik spe­sia­li­se­ring frå star­ten, har ande­len stu­den­tar som vil arbei­de i avis kon­tra radio/TV vore nok­så ufor­and­ra dei sis­te ti åra. I Oslo der­imot, som fekk sli­ke til­bod sei­na­re, er ande­len som yns­kjer arbei­de i avis i same peri­ode meir enn hal­vert (frå 69 pro­sent til 27 pro­sent), og ande­len som vil arbei­de i kring­kas­ting meir enn for­dob­la (frå 23 pro­sent til 53 pro­sent).

Nors­ke stu­den­tar fyl­gjer her ein fel­les nor­disk trend, men her finst det vik­ti­ge skil­na­dar: inter­es­sa for å arbei­de i avis har fal­le mest i Fin­land og Dan­mark, og minst i Sve­ri­ge. I mot­set­nad til Nor­ge er ned­gan­gen i Fin­land fyrst og fremst ei drei­ing mot maga­sin, ikkje kring­kas­ting, og i Dan­mark er ned­gan­gen tyd­le­ga­re knytt til eit van­le­ga­re ynskje for å arbei­de utan­for tra­di­sjo­nel­le områ­der for jour­na­lis­tik­ken — som PR.

I eit sam­funns­per­spek­tiv er like­vel sli­ke end­rin­gar i jobb­pre­fe­ran­sar mind­re vik­ti­ge enn spørs­mål om kva tema jour­na­list­stu­den­ta­ne yns­kjer arbei­de med, og kva syn dei har på pres­sas sam­funns­rol­le. I eit leng­re per­spek­tiv ver­kar det rime­leg å lese drei­in­ga mot maga­sin og kring­kas­ting som eit teikn på at i alle fall over­va­kings- og infor­ma­sjons­funk­sjo­nen til pres­sa fram­står mind­re sen­tral for stu­den­ta­ne.

Vi har her ikkje så gode data for saman­lik­ning før dei sis­te sju åra. Til gjen­gjeld er det inter­es­sant les­nad.

No numbers, please

Bort­sett frå at stu­den­ta­ne sei­er seg inter­es­ser­te i sta­dig fær­re tema, er det små end­rin­gar i den­ne peri­oden: kul­tur og samfunn/politikk er tema som flest sei­er seg svært inter­es­ser­te i å arbei­de med, og få er inter­es­ser­te i å arbei­de med øko­no­mi og nærings­liv. I lys av dei sis­te åras finans­kri­ser må det sis­te sei­ast vere opp­sikts­vek­kan­de.

Hovden2013_figur2

Det er hel­ler ikkje sto­re end­rin­gar i syn på kva som er sen­tra­le jour­na­lis­tis­ke fer­dig­hei­ter: kjelde­kri­tikk, presse­etikk og språk/rettskriving er alle ting som meir enn tre av fire stu­den­tar i peri­oden sei­er er svært vik­tig å lære på utdan­nin­ga.

Journalistikk — for eigen del?

Når stu­den­ta­ne vert spur­de om moti­va for å søkje seg til jour­na­list­yr­ket, er det sjølv­rea­li­se­rin­ga som domi­ne­rer: dei vil arbei­de med ting som inter­es­se­rer dei, vere krea­ti­ve og ha eit fritt yrke. Utsik­ter til god løn og høg sta­tus vert nemnd av flei­re no enn før, men fær­re opp­gjev ynskjet om å del­ta­ke i sam­funns­de­bat­ten som vik­tig moti­va­sjon. Det fører oss over til sam­funns­opp­dra­get.

Hovden2013_figur3

Eit slankare samfunnsoppdrag

I Rop­pens stu­die i 1988 var grans­king av makt­ha­va­rar og rask nyheits­for­mid­ling sen­tra­le ideal for stu­den­ta­ne: 40 pro­sent set­te over­va­king og å ska­pe debatt om offent­le­ge organ og insti­tu­sjo­nar som pres­sas vik­ti­gas­te opp­gå­ve (12 pro­sent pri­va­te bedrif­ter og insti­tu­sjo­nar). Der­et­ter kom å brin­ge nyhen­de til folk så raskt som råd (18 pro­sent), debat­te­re strids­spørs­mål og pro­blem som er oppe i tida (10 pro­sent), få fram syns­punk­ta til dei som sjel­dan får ordet i sam­funns­de­bat­ten (8 pro­sent), få fram neg­a­ti­ve sider ved sam­fun­net (6 pro­sent), utvik­le folk sine intel­lek­tu­el­le og kul­tu­rel­le inter­es­ser (8 pro­sent) og under­hal­de (1 pro­sent). I hovud­sak ver­kar dagens nors­ke stu­den­tar fyl­gje same møns­ter: grans­kings­funk­sjo­nen vert som før ofta­re trekt frem som svært vik­tig enn infor­ma­sjons­funk­sjo­nen, og under­hald­ning er til­sva­ran­de svært få som dreg fram.

Hovden2013_figur4

I peri­oden 2005-12 ser vi like­vel at grans­kings­idea­let i stu­den­te­nes auger fram­står ver­te ein sta­dig vik­ti­ga­re del av sam­funns­opp­dra­get, med­an intel­lek­tu­el­le ideal om å dri­ve sam­funns­de­batt og sti­mu­le­re pub­li­kum til å ten­kje nye tan­kar beg­ge har fal­lan­de opp­slut­ning (også det­te er eit fel­les trekk for dei skan­di­na­vis­ke land). Også idea­let om nøy­tra­li­tet har auka til­slut­ning. Dei nors­ke jour­na­list­stu­den­ta­ne sitt sam­funns­opp­drag av 2012 fram­står i ei sta­dig slan­ka­re og mind­re kom­pleks utgå­ve enn før, der tra­di­sjo­nel­le intel­lek­tu­el­le og poli­tis­ke opp­gå­ver for jour­na­lis­tik­ken er ned­to­na til for­del for over­va­king av makt­ha­va­ra­ne. Om nokon sik­kert yns­kjer lese det­te som ein siger for den kri­tis­ke jour­na­lis­tik­ken, er det­te ein les­nad som høver dår­leg med and­re trekk i peri­oden, som den kon­stant låge ande­len som sei­er seg poli­tisk inter­es­sert og ned­gan­gen i ande­len som sei­er at arbeid mot urett­vi­se er ei sen­tral jour­na­lis­tisk opp­gå­ve.

Det er tvert imot grunn til å spør­je om ikkje jour­na­lis­tik­kens nye vin er i ferd med å ver­te til eddik for sam­funns­opp­dra­get sin del, og om det­te «slan­ka­re» sam­funns­opp­dra­get ikkje fyrst og fremst er ei auka til­slut­ning til det Olof Peters­son har omtalt som jour­na­lis­me, ein pro­fe­sjons­byg­gjan­de ideo­lo­gi der jour­na­lis­ta­ne er fol­kets rid­da­rar i kam­pen mot eli­ta­nes makt­mis­bruk. Om det er rett, må ein nok søkje for­kla­rin­ga ikkje ber­re i sam­funns- og tek­no­logi­ut­vik­ling, men òg i end­rin­gar i pro­fe­sjo­nen og rekrut­te­rin­ga til jour­na­list­ut­dan­nin­ga­ne.

For det fyrs­te går stu­den­ta­nes auka fokus på grans­kings­idea­let inn i ei vel­kjend for­tel­jing om den «ind­re ven­din­ga» i norsk jour­na­lis­tikk, ein pro­sess som er drøf­ta av man­ge, inklu­dert Odd Raaum i boka Pres­sen er løs! (1999), i Mar­tin Eide sin artik­kel «Det jour­na­lis­tis­ke mis­ta­ket» (1988) og i under­teik­na si avhand­ling. For det and­re må vi hug­se kven som no tek jour­na­list­ut­dan­ning: Der jour­na­list­ut­dan­ning i 1988 for dei fles­te mar­ker­te ein start på (eller for man­ge: eit fram­hald av) ei jour­na­list­kar­riè­re, har fleste­par­ten av nye jour­na­list­stu­den­ta­ne ikkje umid­del­ba­re pla­nar om slikt. All sosio­lo­gi til­sei­er at det­te til­hø­vet, saman med stu­den­ta­nes låga­re sosia­le inte­gre­ring i bran­sjen, må med­føre ei lau­sa­re men­tal inte­gre­ring i jour­na­list­ver­da, ein jour­na­lis­tik­kens Ent­zau­ber­ung (avtryl­ling) om ein vil, eit sva­ka­re følt enga­sje­ment for jour­na­lis­tik­kens ind­re og ytre stri­der, eller det ein med Pier­re Bour­di­eu kan kal­le ein sva­ka­re jour­na­lis­tisk illu­sio, som fram­står vere bestemt til å mis­opp­fat­tast av dei eld­re jour­na­list­læ­ra­ra­ne og jour­na­lis­ta­ne som ein serie av indi­vi­du­el­le fag­le­ge og morals­ke pro­blem hjå stu­den­ta­ne («uen­ga­sjert», «lat», «lite seriøs»).

TEMA

J

ournali
stikk

121 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

  1. Takk for inter­es­sant og grun­dig kro­nikk.

    Jeg synes sær­lig sita­tet fra Øgrim er inter­es­sant:
    «Les nors­ke jour­na­list­stu­den­tar Geor­ge Orwell, stu­de­rer dei reise­breva til Knut Ham­sun, les dei Ita­lia-essaya til Hans E. Kinck eller The Eco­nomist? Skriv dei essay om den ame­ri­kanske bor­gar­kri­gen, stu­de­rer dei årsa­kene til krak­ket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg komma­reg­lane? Nei, stort sett ikkje.»

    Det jeg selv sav­ner hos norsk jour­na­lis­ter er kunn­ska­per utover det jour­na­list­fag­li­ge, dvs jour­na­lis­ter som er solid kunn­skap om noe mer, fra and­re fag­felt. Vik­ti­ge unn­tak er f.eks. Stein­feld som er his­to­ri­ker. Slik kunn­skap gir helt annet grunn­lag for jour­na­lis­t­ar­bei­det på et kon­kret områ­de, f.eks. Russ­land i Stein­felds til­fel­le. Kan­skje bur­de det jour­na­list­fag­li­ge kom­me som en påbyg­ning til disi­plin­kunn­skap fra fag som his­to­rie, øko­no­mi eller stats­vi­ten­skap?

  2. Helge Øgrim says:

    Vel­dig inter­es­sant fra Hov­den. Dess­ver­re var det ikke jeg som skrev om Orwell, Ham­sun og jour­na­list­stu­den­ter, men der­imot Jon Hustad.
    Vi fikk en feil da arki­vet ble flyt­tet for noen år siden, med dob­le byli­nes som resul­tat. Jeg har i høy­den redi­gert den vel­skrev­ne teks­ten til Jon http://www.journalisten.no/story/58087

til toppen