Offentleggjer kjeldene, VG

VG krev at Sylvi Listhaug offentleggjer kundelistene sine. Dei kunne kanskje byrja med å feia for eiga dør.

Etter at Sylvi Listhaug vart min­is­ter har VG, som takk og lov vert meir og meir irrel­e­vant, gått nærast amok i krav om at Listhaug må offent­leg­gjera alle kun­dane ho har hatt i First House. Både på leiar- og kom­men­tarplass har kravet vorte gjen­teke og gjen­teke. «Listhaug må legge frem lis­tene. Nå.»

Eg har berre arbei­dt i min­dre avis­er og såleis hatt lite med infor­masjons­bran­sjen å gjera, men éi soge har eg òg. Våren 2007 gjorde reg­jeringa fram­legg om at Noreg skulle hastekjø­pa nye Her­cules-fly – C‑130J som dei vart kalla – frå Lock­heed Mar­tin; vi trong betre og sikrare fly i Afghanistan, og kost­naden var sett til tre mil­liar­dar. Air­bus hadde òg vore med i bodrun­den, men kunne ikkje levera nye fly i tide, sa Forsvars­de­parte­mentet. Den 23. april stod fyl­g­jande over­skrift i VG: «Norges nye trans­port­fly kan være farlig». Same dagen fekk eg eit notat opp i redak­sjo­nen; eg veit ikkje kven det var som sende det. Notatet var ei oppram­s­ing av alt som var gale med C‑130J, og dessu­tan, vart det hev­da, var det ikkje naudsynt med nye fly før om nokre år, og i 2010 ville nett Air­bus ha klart eit myk­je betre fly, A400M.

Sylvi Listhaug må offentleggjere kundelistene sine, krev VG. Men kva med VG og informasjonsbyråa? (foto: Frp. CC:by-nd)

Sylvi Listhaug må offent­leg­gjere kun­delis­tene sine, krev VG. Men kva med VG og infor­masjons­byråa? (foto: Frp. CC:by-nd)

Notatet hadde kork­je avsendar eller open for­fat­tar, men det synte seg raskt at forsvarskomi­teen og ei rekkje andre på Stortinget satt på notatet, og at det var infor­masjons­byrået Gam­bit som stod attom. Vi på vår side sende skriv­et vidare til kon­tread­mi­ral Jør­gen Berggrav i Forsvars­de­parte­mentet, som sjølvsagt slak­ta det – byråkratane i Forsvars­de­parte­mentet veit at prisen for å vera alliert med USA, er å kjø­pa amerikan­sk forsvars­ma­teriell. Når det er sagt: Berggrav påviste òg at notatet hadde ei mengd faktafeil.

Etter dette ringde eg VGs nyhen­deredak­tør Hel­je Sol­berg og visead­min­istrerande direk­tør i Air­bus, Richard Thomp­son. Eg spurde Thomp­son kvi­for dei plan­ta his­to­ri­er i norsk presse i staden for å delta­ka i eit ope ord­skifte; han svara at departe­mentet nek­ta å lyt­ta til vit og at dei difor måtte nyt­ta seg av infor­masjons­bran­sjen og dei kon­tak­tane Gam­bit hadde. Sol­berg vedg­jekk at VG hadde fått saka frå Gam­bit og at dei godt kunne ha oppg­jeve at dei hadde fått saka frå byrået. At VG hadde late seg utnyt­ta i ein lob­bykamp, var ho sjølvsagt ikkje samd i.

Norske jour­na­lis­tar bør ver­ta pålagde å gje opp infor­ma­sjons­bran­sjen som kjelde

Eg har lese VG i åra etter og har enno ikkje sett at VG har for­t­alt lesarane at dei har fått noko som helst frå eit infor­masjons­byrå. Seinare fekk eg vita at ein av per­so­n­ane bak notatet var tidle­gare Sp-rådg­je­var på Stortinget, Ole Morten Gev­ing. Kort tid etter slut­ta han i Gam­bit for å ver­ta statssekretær i Finans­de­parte­mentet. VG kravde ikkje at han skulle offent­leg­gjera kundelista.

Etter dette har eg vore sær­leg fascin­ert av norsk press­es dekn­ing av mil­itære innkjøp, og eg vil påstå: Eg har vorte såpass kun­nig at eg veit på føre­hand kva fleire av jour­nal­is­tane og kom­men­ta­torane kjem til å meina. Det er nok­så tyde­leg at dei held seg med kvar sine infor­masjons­byrå, eller helst: At infor­masjons­byrå held seg med dei. Sjølv om Sol­berg sa at dei «godt kunne ha opplyst» at dei hadde fått saka frå Gam­bit og dimed Air­bus, kvi­for skreiv ikkje VG det, og kvi­for for­tel dei ikkje lesarane sine at dei får svært myk­je stoff frå infor­masjons­bran­sjen? Svaret er nok­så innlysande: Av di dei er red­de det kan øyde­leg­g­ja VGs tru­verd. «Vi har fått denne sak­en frå Gam­bit og deres infor­masjon­s­medar­bei­der Ole Morten Gev­ing, som har hatt verv i Sen­ter­par­ti­et og der­for er en verdi­full lob­bykon­takt for Lock­heed Mar­tins konkur­rent Air­bus, som betaler Gam­bit store penger…» Nei, det hadde ikkje sett bra ut. Omtrent like dumt som det hadde sett ut for Listhaug.

Hel­je Sol­berg har enno ikkje inn­ført prak­si­sen VG vil skal gjel­da for politikarar

Min pås­tand er likev­el at norske jour­nal­is­tar gjen­nom Ver varsam-plakat­en bør ver­ta pålagde å gje opp infor­masjons­bran­sjen som kjelde. Ja, vi bør sjek­ka så godt råd er om det dei for­tel oss, er sant og tru­verdig, men san­ninga er òg at vi alt­for ofte ikkje har kap­a­sitet til å gjera det. Om lesaren eller sjåaran heilt til slutt i ein artikkel eller repor­tas­je får vita at eit eller anna infor­masjons­byrå eller ein eller annan infor­masjon­sar­bei­dar har kome med infor­masjon eller tips i saka, så kjem dei til å få eit meir real­is­tisk tilhøve til det dei har vorte fortalde.

Kom­mentaren er ein opp­datert ver­sjon av ein tekst som først vart pub­lis­ert i Jour­nal­is­ten 14. august 2009.

Infor­masjon­sar­bei­darar får godt betalt for evna si til å få tak i skat­te­pen­gar eller syta for at meir eller min­dre kom­pe­tente poli­tikarar vert attvalde. Infor­masjons­bran­sjen er ikkje ei svak gruppe som treng kjelde­v­ern. Som det står i Ver varsam-plakat­en: «Den enkelte redak­sjon og den enkelte medar­bei­der må verne om sin integritet og tro­verdighet for å kunne opp­tre fritt og uavhengig i forhold til per­son­er eller grup­per som av ide­ol­o­giske, økonomiske eller andre grun­ner vil øve inn­fly­telse på det redak­sjonelle innhold.» Dagslys plar vera den beste meto­den for å få til slikt. Det lønte seg ikkje for Air­bus å kjø­pa Sp-kon­tak­ten. I Stortinget vinn USA kvar gong. Notatet frå Gam­bit sa òg at A400M skulle ver­ta klårt i 2010. Sist eg sjek­ka, skulle Air­bus kan­skje byr­ja pro­duk­sjo­nen i 2012. Det gjorde dei ikkje, og Hel­je Sol­berg har enno ikkje inn­ført prak­sisen VG vil skal gjel­da for politikarar.

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen