“Det har hjelpt meg enormt å dela det eg tenker og føler”

Mariell (21) er småbarnsmor og råka av kreft. Som mange andre før ho, har kreftpasienten valt å blogga om sjukdomstilvêret.

Mariell Erdal Hansen vart diag­nos­tis­ert med kreft i desem­ber i fjor. Jen­ta frå Arna star­ta å skri­va blogg i midten av jan­u­ar, like før ho byr­ja på cel­legift­be­han­dlin­ga. Fyrst og fremst var face­book­sta­tu­sane og blog­ginn­leg­ga ein god måte å informera fam­i­lie og vener.

– Det har hjelpt meg enormt å dela det eg tenker og føler. Det hjelper at eg kan formid­la skrift­leg det eg ikkje alltid klarar med ord, og det har mel­lom anna spart meg for myk­je mas på mobil­tele­fo­nen. Tilbakemeldin­gane har vore fan­tastiske, for­tel ho.

Les også:
Kreft­blog­ging frå tabu til avis­mat: Talet på kreft­blog­gar er stadig vek­sande. Sunn avis­mat, mein­er medieforskar.

– Ville ha brote saman

– Eg gjorde det klart for alle kor­leis eg ville ha det i byr­jin­ga. Det tek tid å få inn ein slik beskjed, og ein nyt­tar ein del forsvarsmekanis­mar, seier Mariell, som før eksamen opp­mo­da studieven­er og kjende om å oppføra seg som normalt.

Dagen før ho skulle oper­era bort svul­sten, gjekk ho opp til munt­leg eksamen i faget verne­pleiefa­glege tilnær­min­gar. Trass ein tung og kjenslepre­ga eksamenspe­ri­ode med fleire lange dagar på sjuke­huset, fekk Mariell karak­teren A.

Mariell Erdal Hansen bloggar og legg ut foto om kreftsjukdommen og behandlinga (foto: fightingcancer.blogg.no)

Mariell Erdal Hansen blog­gar og legg ut foto om kreft­sjuk­dom­men og behan­dlin­ga (foto: fightingcancer.blogg.no)

– Om alle hadde komt bort og spurt meg kor­leis eg hadde det den fyrste tida, ville eg ha brote saman. Eg veit ikkje kor­leis eg hadde tak­la det hadde eg ikkje valt å dela sjukdomen.

Oppdaga “klump” på låret

Det var 8. desem­ber i fjor at Mariell Erdal Hansen oppda­ga ein utvekst på innsi­da av låret. Leg­en avfeia kulen som ufar­leg, men berre nokre dagar seinare mista ho brått kjensla i eine foten då ho sat på toget frå Arna til Bergen.

Mariell vart raskt tilvist til Hauke­land uni­ver­sitetssjuke­hus. Dagar med testin­gar, MR-bilete, CT-bilete, PET-scan­ning og biop­si fyl­gde. 17. desem­ber fekk ho beskje­den om at kulen i låret var ein ondar­ta svulst.

– Eg prøvde å lesa til eksamen som eg skulle ha dagen før operasjo­nen, og grein mel­lom lesing og mange under­søkingar. Eg tenk­te mest på son min, som er to og eit halvt år gamal. Tenk om eg dør? Tenk om eg har sprei­ing til lun­gene? Det var rett og slett kaos i hov­udet mitt, for­tel ho.

Syn­ovialt sarkom

  • Sarkom er ei sam­nemn­ing for kreftsvul­star som vert utvikla i binde­vev, ofte i muskulaturen.
  • Syn­ovialt sarkom er eit blautvevs­sarkom som oftast råkar ung­dom og unge vaksne.
  • Berre kring 160 til­felle av blautvevs­sarkom vert påvist årleg.
  • Den van­le­gaste behan­dlingsme­to­den er fjern­ing av blautvevs­sarko­ma og vevet rundt ved kirur­gisk inngrep, eventuelt i kom­bi­nasjon med strålebehandling.
  • Sprei­ing vert van­legvis behand­la med cellegiftkurar

Kjelder: kreftlex.no og helse-stavanger.no

– Fekk panikk

Innimel­lom turane til sjuke­huset og eksamenslesin­ga fekk Mariell tid til å ten­ka. Ho bestemte seg for å pos­ta eit inn­legg på Facebook:

Fun­net en “kul” på innsi­d­en av låret mitt som de ikke vet hva er. Vært på MR og rønt­gen og skal ta vevsprøver i dag, og evt operere før hel­gen. Tar ikke sor­gene på forskudd, men man får et sjokk når man er i den situ­asjo­nen, og får et tydelig bilde på hva som er viktig.

– Eg hadde ikkje tenkt å dela noko som helst, før eg sat åleine på sjuke­sen­ga med ein klump i halsen. Kvi­for ikkje dele dette, for­tel ho.

Dagen etter fekk Mariell den tunge beskjeden.

Svul­sten legane fjer­na tre dagar seinare var på stor­leik med knyt­tn­even hennar.

Mariell vert diag­nos­tis­ert med den sjeldne kreft­typen syn­ovialt sarkom. Då ho søk­te opp kreft­typen på nett, vart ho uroa.

– Eg fekk panikk då eg las det generelle som stod om sarkom. “5 års over­lev­ingss­janse ligg på så og så mange pros­ent i ulike til­felle”. Ein vert berre para­noid. Når legane seier dei har teke ut svul­sten og behand­lar deg vidare, så lyt ein sto­la på dei. Då drop­pa iall­fall eg net­tet, slår ho fast.

– Vil visa sårbarheita i situasjonen

Ho ynskjer å avdrama­tis­era inntrykket mange har av kreftsjukdomen.

– Me er komne kjem­pelangt med behan­dling av kreft i dag saman­lik­na med nokre år tilbake. Mange vert friske og det endar godt. Det er deilig å kun­na formid­la det, for­tel Mariell.

Likev­el mein­er ho det er vik­tig å visa kor­leis tida som kreft­pasient er.

"Hva skal jeg si? Fuck this shit", skriver Mariell Erdal Hansen om inngrepene og behandlingen (foto: fightingcancer.blogg.no)

“Hva skal jeg si? Fuck this shit”, skriv Mariell Erdal Hansen om inngrepa og behan­dlin­ga (foto: fightingcancer.blogg.no)

– Å visa kor­leis ein ser ut etter inngrep, vis­er sår­barhei­ta med å ham­na i ein slik situ­asjon. For meg vert bile­ta eg legg ut vik­tige for å kunne gje dei som les eit heil­heit­leg inntrykk av kva ein med mi diag­nose går gjen­nom, kon­stater­er Mariell.

Sjølv har ho fått gode prog­nosar frå legane. Kring halv­parten av alle med syn­ovialt sarkom, får tilbake­fall. Mariell skal gjen­nomgå seks fireda­garsku­rar med cel­legift og totalt fem vek­er med stråle­be­han­dling for å mot­byg­g­ja eventuelle tilbakefall.

21-årin­gen er glad ho kan vera med å frem­ja open­heit kring kreft.

– Eg trur mange skriv om sjuk­domen sin vel så myk­je for å dem­pa hys­teri­et og fryk­ta rundt kreft­di­ag­nosen, som for sin eigen del.

TEMA

O

ffentli
ghet

91 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen