Dei siste åra har me sett ei aukande merksemd kring ulike statars veksande grad av overvaking og kontroll av informasjon og den enkelte samfunnsborgars mediebruk. I somme tilfelle balanserer styresmakter på ei smal linje mellom kva som er akseptabelt og kva som grensar over i spionasje ovanfor sitt eige folk.
Den russiske føderasjon er på ingen måte ny i dette gamet, og nasjonens historiske arv har sett sterke røter som strekk seg langt inn i dagens moderne russiske samfunn. Landet er kjend for si historiske tradisjon med både streng sensur og kontroll over alle instansar i samfunnet, også opinionen. Her har landets massemedium spela ei sentral og avgjerande rolle for å halde massane passive og oppdaterte på styresmaktenes linjer. Berre unntaksvis har media ført ei alternativ linje til den regjerande eliten.
Media i Russland
Artikkelen byggjer på nokre av funna i forfattarens masteravhandling avlagt ved Universitetet i Bergen i 2014. Gjennom kvalitative intervju med sentrale og renommerte uavhengige journalistar og ekspertar på den russiske mediemarknaden, vurderer avhandlinga kva rolle uavhengige medium og uavhengig, kritisk journalistikk har i det russiske samfunnet og kva utfordringar dei står ovanfor.
Sjølv den dag i dag gjer stadig meir komplekse og skjulte formar for kontroll og sensur av informasjonsstraumen seg gjeldande. Trass eit relativt liberalt medielovverk som skal sikre ytrings- og mediefridomen i landet, ytterlegare forsterka ved eit nedfelt forbod mot sensur, er det lite som tilseier at ytringsfridomen i Russland får like stort spelerom i kvardagen som det lovverket tilseier.
Mot ei ytterlegare innskrenking av ytringsfridomen?
President Vladimir Putin la lite skjul på sitt endelege mål om å opparbeide seg ei god kontroll over opinionen ved å leggje landets største TV-kanalar under statleg kontroll, då han inntok presidentembetet for fyrste gong ved tusenårsskiftet. I tida etter dette har stadig større delar av det russiske medielandskapet også vorte del av gruppa med statlege styrte massemedia. Dette anten gjennom direkte statleg eigarskap, eller indirekte via statleg eigde medieselskap eller mektige eigarar lojale til styresmaktene.
Styresmaktenes og maktelitens syn på medias rolle og funksjon i det russiske samfunn bærer i stor grad preg av grunnleggjande haldningar som har sett djupe røter i samfunnet frå dei fyrste avisene vart introduserte i landet i det 18. århundre. Tradisjonen tru har media i stor grad vorte nytta som munnstykke for den regjerande eliten sidan dette.
Ei slik organisering av media byr på store konsekvensar for det generelle medieinnhaldet. Førekomsten av såkalla “gule nyhende” som i stor grad dreiar seg kring enkel underhaldning, skandalejournalistikk og eit einsidig og standardisert nyhendebilete, dominerer i det russiske medielandskapet. Den kritiske vinklinga og jakta på sanninga tru mot meir vestlege ideal for journalistikk og medieverksemd er ei klår mangelvare. Likevel verkar den generelle russiske samfunnsborgaren nøgd. Ein teori er at på mottakarsida har denne standardiseringa og fordumminga av medieinnhaldet ført til eit meir passivt mediepublikum som ikkje ser nokon grunn til å protestere når dei kan velje og vrake i underhaldning og skandalenyhende.
Represalier og sjølvsensur
Også frykta for represalier står svært sentralt i utforminga av det russiske mediebiletet. Dette fenomenet er såpass avgjerande og har så stor makt over den enkelte journalist og redaktør at dei vel å sensurere seg sjølve i frykt for å få trakke mektige aktørar eller myndigheitene unødig på tærne. I dei fleste tilfella vel den gjennomsnittlege journalist å unngå dei meir kontroversielle sakene. I eit intervju med meg formulerer den uavhengige journalisten Mia seg slik:
Du som journalist veit kva område som vert rekna som forbode. Du veit kva eigarar og styresmakter forventar av deg, utan at dei nødvendigvis dikterer deg direkte i kvardagen.
Presset om å følgje meir eller mindre uoffisielle retningslinjer for russisk journalistikk fører til ei sensurering av innhald for å unngå risikoen for mellom anna nedrykk i stilling eller lønn, å miste jobben eller akkrediteringa si, å oppleve trugslar eller vald, eller som i dei meir ekstreme tilfella, verta sende i eksil eller drepne grunna deira arbeid. Anna Politkovskaja er det mest kjende ekstreme døme. Her utelukkar ein på ingen måte at også journalistar med ei sterk lojalitet til styresmaktene vel å sensurere seg også utan å verta direkte motiverte av frykt.
Vage lover
Dei siste åra har det også vorte introdusert ulike lover som er med på å opne opp for at styresmaktene kan stramme til jerngrepet om landets media og om ytringsfridomen. Ved hjelp av ei svært vag formulering av sentrale omgrep og faktorar resulterer desse lovene i ei ytterlegare innskrenking av ytringsfridomen i landet. Medieinnhald, på TV så vel som på papir og radio, samt enkeltpersonars ytringar på nett i form av bloggar eller brukarkontoar på sosiale medium, har enda opp som målskive.
22. juli 2014 signerte president Putin ei ny lov som krev at informasjon kring ytringar og brukarinformasjon på sosiale nettverk skal lagrast på serverar lokalt i Russland. På denne måten vil Kreml kunne vere i stand til å stengje ute heile sosiale medium som spreier informasjon i det russiske samfunn som strir med styresmaktenes linjer. Dette vil kunne vere ein realitet i landet fyrst i 2016.
Tidlegare introduserte Putin ei anti-terrorlov og lov om ekstremisme kor kontrollorganet Roskomnadzor overvaker både russiske medium på nett og papir så vel som den generelle internettbruken i landet. Kontrollorganet har mellom anna makta til å stengje nettstader som spreier innhald vurdert som ekstremistisk eller skadeleg, utan at lova utdjupar sjølve definisjonen av kva dei vurderer som ekstremistiske ytringar eller skadeleg innhald.
Roskomnadzor er også ansvarleg for å fjerne brukarkontoar på sosiale nettverk som spreier skadeleg innhald. Her er det allereie gjort fleire forsøk på å setje i stand avtalar med mellom anna Facebook og Twitter om å gje russiske styresmakter full kontroll over russiske brukarkontoar. Foreløpig er det heller liten velvilje å sjå frå både Facebook og Twitter. Slike introduksjonar og handteringar av lovverk, samt ei ignorering og utnytting av andre lover, er ikkje direkte nytt verken i Russland eller for russiske styresmakter. Likevel vert det ei stor utfordring for dei få kritiske instansane i samfunnet å arbeide rundt og unngå desse lovene for å kunne formidle alternative perspektiv til samfunnet.
Ei kritisk røyst i uavhengige medium
Det er lett å forstå korleis både Freedom House og Reporters Without Borders vurderer tilstanden til russiske medium som svært alvorleg og meir eller mindre ufrie. Likevel er det sentralt å påpeike at ein også finn kritikk av regimet, også blant media lojale til styresmaktene.
Den største instansen som tilbyr alternative og svært kritiske vurderingar av sentrale prosessar og fenomen i det russiske samfunn, er den uavhengige mediesektoren. I denne sentrale, men svært avgrensa gruppa finn ein media som er fri frå politisk og økonomisk påverknad frå både styresmakter og eigarar. Vestlege journalistiske ideal står svært sterkt i den gjennomsnittlege uavhengige journalists daglege verksemd, og desse massemedia og deira tilhøyrande journalistar er nokre av svært få instansar i landet som kan tilby eit mangfaldig og kritisk medieinnhald til samfunnet.
Eg ser i dag ein ny generasjon av journalistar som brenn for dei ideal og verdiar som er del av deira profesjonelle liv i russiske media. Dei søkjer sanninga og slike journalistar spelar ei nøkkelrolle for å fremje ønske om endring i samfunnet. (Nadezhda Azhgikhina i den Russiske Journalistunion).
Trass i ei relativt liten rekkevidde samanlikna med meir populære nasjonale massemedia, har den uavhengige mediesektoren vorte lagt merke til både i sitt heimland og på internasjonalt plan. Høgt prisa for sine kritiske og analytiske saker og vinklingar kring tema rekna som tabu i det russiske samfunn, er slike medium og journalistar eit klårt lyspunkt i ei elles så undertrykt og einsformig medierøynd. Utfordringane står dagleg på dørstokken med søksmål, trugslar, overfall og kva verre er for desse journalistane. Likevel overdøyver samfunnsansvaret frykta for represalier og motiverer dei til å halde fram med si verksemd.
Den generelle journalistikken i Russland er i dag heller basert på PR og profitt enn å bekymre seg med å fylle journalistiske ideal. Difor er vår jobb vorten enno viktigare for å kunne tilby samfunnet alternative vinklingar og kritiske saker sjølv om det kan innebære ein viss risiko. (Yuri, uavhengig journalist).
Også den spente situasjonen i Ukraina har ført med seg eit større press på russiske massemedium til å følgje styresmaktenes linjer når det kjem til deira dekking av urolegheitane i nabolandet. Dette er styresmaktenes forsøk på å innhente ein viss kontroll over kva bilete av Ukraina og den pågåande krisa som vert presentert for det russiske folket.
Om krisa i Ukraina og den tilsynelatande veksande kløfta mellom Russland og Vesten held fram med å eskalera, samstundes som styresmaktene står fritt til å halde fram slik dei gjer i dag, lover det ikkje godt for ytringsfridomens allereie så desperate posisjon i landet.
Den generelle journalistikken i Russland er i dag heller basert på PR og profitt enn å bekymre seg med å fylle journalistiske ideal. Difor er vår jobb vorten enno viktigare for å kunne tilby samfunnet alternative vinklingar og kritiske saker sjølv om det kan innebære ein viss risiko. (Yuri, uavhengig journalist).