Skam skapar fellesskap

NRK sin nett-serie Skam har gitt tenåringar eit rom for perspektivrik og nyansert debatt. Det har i liten grad blitt fanga opp av media, som publiserer klikkstoff framfor å undersøke kva som gjer serien fascinerande og interessant.

Når siste episode av tenåringsse­rien Skam gjekk på lufta for ei veke sidan, hadde dei aller fleste fått med seg at denne sesongen har hand­la om Isak, som blir forel­s­ka i ein gut. Minst like mange vil ha fått med seg den store mediemerk­sem­da serien har fått. I veka som gjekk, hand­la den store Skam-sak­en om ein sven­sk skribent som kri­tis­erte forhaldet mel­lom karak­ter­ane Noo­ra og William, og kalte sist­nem­nde «ein poten­siell valdtek­ts­mann». Debat­ten hand­la min­dre om serien enn om sven­sk feminisme.

Sak­en kan karak­teris­ere store delar av Skam-dekninga: Rel­a­tivt dår­leg informert om sjølve serien, og med bruk av kom­men­ta­torar og eksper­tar som ikkje har særskilt kval­i­fis­ert kunnskap om temaet. Det er synd – for debat­ten ung­dom sjølv har om serien på skam.p3.no og i sosiale media, er av ein heilt annan karakter.

Til trass for liv­leg debatt og man­ge­sidig hylling, er det ikkje så mange som har under­søkt kor­leis tenåringane sjølv opplev, tolkar og brukar Skam. Vi har gått gjen­nom all dekn­ing serien har fått i norsk media, og alle kom­men­tarane på bloggen der Skam blir pub­lis­ert. I til­legg har vi inter­vjua fleire ung­dom­mar i mål­grup­pa. Slik fann vi ut tre vik­tige ting: Skam fascinerar på tvers av kjønn, geografi, klasse og etnisitet. Tenåringane er veldig engas­jerte i seriens karak­ter­ar – og dei snakkar saman om Skam.

Dette inklud­er­ar så klart ein god porsjon drøm­ming om kjekke skode­spelarar og forhåp­ningar om kor­leis det skal gå med seriens roman­tiske par. Ved første blikk kan dette verke som over­flatisk fankul­tur, men det er ofte i denne såkalla «ship­pin­ga» av fik­tive par­forhald at meir grunn­leg­g­jande diskusjonar startar.

Allereie i første sesong av Skam, der han­dlin­ga krin­sar kring Eva og kjæras­ten Jonas, mein­er mange at Jonas er ned­la­tande mot Eva. (foto: NRK)

Allereie tid­leg i første sesong, der han­dlin­ga krin­sar kring Eva og kjæras­ten Jonas, dukker det opp kri­tiske stemmar:

«Men ser dere ikke hvor slem Jonas er mot Eva? Han er ned­la­tende og tror han er bedre enn henne.»

Denne diskusjo­nen utviklar seg gjen­nom sesong 1, og får ein ny avleg­g­jar i andre sesong, kring forhaldet mel­lom Noo­ra og William. Her blir det heftig diskutert om William er manip­ulerande eller ikkje, og om Noo­ra sine gode prin­sipp kan­skje er litt for fastlåste.

Sesong 3, som intro­duser­ar ein skeiv tem­atikk, har blitt oppda­ga også utan­for Noreg, og tenåringar frå Dan­mark til Abu Dhabi diskuter­er no forhaldet mel­lom Isak og Even på ulike inter­net­tfo­ra. Diskusjo­nen er kjen­neteik­na av detal­jerte analyser av serien, og at deltakarane trekk inn erfaringar frå sine eigne liv når dei snakkar om karakterane.

I sesong 2 blir det heftig diskutert om William er manip­ulerande eller ikkje, og om Noo­ra sine prin­sipp er for fastlåste. (foto: NRK)

Spel­er det ei rolle at mange diskuter­er kjær­leik­slivet til fik­tive tenåringar? Ja, mein­er vi. For det første får 16-åringane åpen­bart sunn tren­ing i å debat­tere. For det andre har diskusjonar som om Jonas syn­er Eva respekt eller ikkje eit vidare ned­slags­felt enn det fik­tive uni­ver­set på Hartvig Nis­sen VGS. Her får ung­dom­mane ein sjanse til å diskutere kor­leis ein bør behan­dle kvaran­dre. Slike diskusjonar; med utgangspunkt i fik­tive karak­ter­ar vi kan relatere oss til, men likev­el ha avs­tand frå; all­men­ng­jer men­neskelege prob­lem, og lar oss bli del av eit fel­lesskap der vi kan forstå våre eigne liv.

DETTE ER SKAM:

  • Nettserie som pub­lis­eres daglig på skam.p3.no og består av korte filmer samt utdrag fra sms‑, Face­book- og Instagram-kommunikasjon.
  • Sesong 1 ble lansert 22. sep­tem­ber 2015. Sesong 2 gikk våren 2016 og sesong 3 har gått høsten 2016. Sesong 4 er plan­lagt sendt våren 2017.
  • Seer­tal­lene har steget jevnt og sesong 3 har i snitt blitt sett av 789 000.
  • Siste klipp i sesong 3 ble sendt 16. desem­ber og er allerede blitt sett av over en halv mil­lion seere. Dette inklud­er­er blant annet svenske og danske pub­likum­mere, samt seere fra hele verden.

Kilde: NRK.no

Forsk­ing syn­er at dei aller fleste inter­net­tbrukarar ikkje del­tek aktivt i slike diskusjons­fo­ra, og ingen av tenåringane vi har inter­vjua seier at dei har skrive noko på skam­bloggen eller i dei mange face­book­grup­pene. Skam kan også innlemme denne tause majoriteten i fel­lesskapet sitt.

I tred­je sesong har alle som har ful­gt serien fått kjenne på kjens­lene til ein syt­ten år gamal homofil gut. Vi har fått oppleve både Isaks forel­sk­ing i Even, og red­sla for å ikkje bli akseptert. Filosofen Martha Nuss­baum hev­dar at net­topp evna til å vekkje forståing og empati for dei som er annleis enn oss er det som gjer at kun­st, og særskilt forteljin­gar, er vik­tig i det mod­erne demokrati­et. Sjølv om det er vik­tig for skeive å oppleve å bli rep­re­sen­tert i ei TV-forteljing, er det vel så vik­tig at det store fleir­talet får oppleve kor­leis skeiv kjær­leik i bunn og grunn er det same som het­ero­fil kjær­leik – og sam­stun­des forstå dei spe­sielle utfor­dringane det før­er med seg. Gjen­nom Even og Isaks his­to­rie har store delar av den norske tenårings­be­folkinga fått ein sjanse til det.

Kva er det som gjer at net­topp Skam har klart å forme eit slikt fel­lesskap? For det første må vi sjå på sjølve serien. Ung­dom­mane vi har snakka med, seier dei kan kjenne seg veldig godt igjen i miljøet Skam skil­dr­er. Sam­stun­des lik­nar serien på ein såpe­opera, med engas­jerande dra­ma, men med ein vik­tig skil­nad: Kom­plekse karak­ter­ar som lær­er noko i løpet av ein sesong, og som ikkje blir fram­stilt i svart/kvitt. Sex­is­tiske, berek­nande William får gjen­nomgå – men det får også poli­tisk kor­rek­te Noo­ra. Vi får føle på Isak sin red­sel for å komme ut av skapet, men også sjå kor­leis han er så opp­tatt av sine eigne prob­lem at han oppfør­er seg dår­leg mot vennene sine, og utnyt­ter ei førsteklassejente.

Slik klarar Skam å vise at ingen er per­fek­te, og kor­leis vi kan kjenne igjen og forstå moralske blind­flekkar hjå oss sjølv og andre.

Gjen­nom Even og Isaks his­to­rie har store delar av den norske tenårings­be­folkinga fått ein sjanse til å oppleve at skeiv kjær­leik i bunn og grunn er det same som het­ero­fil kjær­leik. (foto: NRK)

For det andre stim­ulerer måten Skam blir pub­lis­ert på til engas­je­ment. Det at ein aldri veit når eit nytt klipp blir pub­lis­ert gjer at det å vente og å snakke om Skam blir ein del av kvarda­gen. Dette engas­je­mentet får eit natur­leg utløp i kom­men­tar­fel­tet til Skam-bloggen: Sidan kvart klipp har ny infor­masjon og ein liten drama­tisk cliffhang­er, er det mate­ri­ale for diskusjon kvar gong.

Om ein berre fyl­gjer med på mediede­bat­ten, står ein i fare for å gå glipp av at all­mennkringkastaren NRK gjort noko vik­tig med Skam: I staden for å sitte i kvart sitt ekkokam­mer, har tenåringane blitt ført saman, ved hjelp av ei felles medieop­plev­ing som er mat for diskusjon og refleksjon.

TEMA

N

RK

96 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen