– Podkasten er ei rebelsk lillesøster

Harm og Hegseth samanliknar podkastfenomenet med "Skam"; ein hemmeleg plattform der ungdommar kan skape sitt eige univers. Der kvir dei seg ikkje for å snakke fritt og vera seg sjølve.

Vegard Harm og Mor­ten Heg­seth er i vin­den om dagen med utsel­de live­show i Noregs størs­te byar.

– Podkas­ten er vik­tig, for da blir folk kjend med oss, sei­er Heg­seth.

På spørs­mål om kvi­for dei har valt å bolt­re seg gjen­nom podkast, sva­rar han:

– Podkast er fram­leis eit for­mat som er litt gøymt vekk. Det er ikkje til­gjen­ge­leg for abso­lutt alle, og difor er det litt som ein hem­me­leg stad for unge der dei kan kose seg i eit eige uni­vers utan for­eld­re.

– Eg er enig i det­te! skyt Harm inn.

Dei star­ta som pro­gram­le­de­rar i VGTV-seri­en «Pane­let», og sidan har feno­me­net «Harm & Heg­seth» ber­re vokse.

– No har me 100 000 ned­las­tin­gar i veka, og eg ten­kjer at målet vårt er at me ber­re skal vokse og vokse, sei­er Heg­seth.

Vegard Harm og Mor­ten Heg­seth. Foto: Malin Nord­by Kvam­me

Sjølv om dei ønskjer å vidare­ut­vik­le seg, må veks­ten skje på dei­ra eig­ne og lyt­te­ra­ne sine pre­mis­sar.

– Me kjem ikkje til å bru­ke vg.no som ei fla­te for å trek­kje tra­fikk, eller lage sto­re reklame­pla­ka­tar der. Det blir hel­ler til å pro­mo­te­re på eig­ne sosia­le medi­um, samt at folk som har høyrt podkas­ten sprer det som ein jun­gel­te­le­graf, for­kla­rar Heg­seth.

Mål­grup­pa er unge vaks­ne, men dei har også lyt­te­rar heilt ned i barne­skule­al­der.

Om inter­vju­et
Artik­ke­len ble først pub­li­sert i Byma­ga­si­net 23. febru­ar 2018.

– Me lagar både podkast og TV, og i TV er pub­li­ku­met vårt mykje yng­re. «Pane­let» har gjer­ne sjåa­rar ned i åtte-års­al­de­ren, så det er vel­dig ungt. Men podkas­ten vil eg seie har ei mål­grup­pe på jen­ter mel­lom 18–28 år, sei­er Heg­seth.

Harm mei­ner sjølv han ikkje kan nok om det­te punk­tet, og vel difor å ven­te med å sva­re.

– Kan eg få ei kan­ne med sjølv­til­lit?, spør han iro­nisk.

Eksplisitt språk

Sjølv om dei har pub­li­kum heilt ned i barne­skule­al­der, er dei ikkje opp­tek­ne av å pyn­te på språ­ket sitt.

– Du må hug­se at eg så vidt har full­ført vidare­gå­an­de, sei­er Harm.

– Eg vil sei eg har gans­ke ræv­va ord­for­råd, for eg ban­nar mykje.

Heg­seth mei­ner dei får mykje kjeft for å ban­ne, men for­kla­rar at det­te er natur­leg då dei pra­tar slik at pub­li­ku­met dei­ra for­står.

– Det er dår­leg språk, men det er det språ­ket me eigent­leg snak­kar. Og då kan ein ikkje sen­su­re­re seg sjølv og pra­te vel­dig pent.

Harm saman­lik­nar duo­en med Anne Lind­mo og pei­kar på kon­tras­ta­ne mel­lom dei.

– Det er ingen som snak­kar slik som Lind­mo, og slik me pra­tar er språ­ket mål­grup­pa vår for­står.

Foto: Malin Nord­by Kvam­me

Heg­seth sei­er dei gjer­ne skul­le ønskje dei had­de ord­for­rå­det til Lind­mo, men at det ikkje er til­fel­let. På spørs­mål om kva dei ten­kjer om at unge lyt­te­rar også får med seg den eks­pli­sit­te språk­bru­ken dei­ra, sva­rar dei;

– Det er dei­ra pro­blem. Når ein høy­rer på podkast, må ein føl­gje med, og om ein 12-åring høy­rer på oss og lærer seg kva fis­ting er, så må det jo skje noko, sei­er Harm.

Heg­seth er einig.

– Podkas­ten er ein stad du fak­tisk må opp­sø­kje sjølv, noko du vel å høy­re på. Difor blir ein auto­ma­tisk fri­tatt frå ansvar, ten­kjer eg.

Han mei­ner sjar­men med podkast­fe­no­me­net er at det fram­leis er upløyd og rebelsk.

– Når podkas­ten blir for strig­la og for­ma­tert, noko som kjem til å skje ein dag, så trur eg den kjem til å døy ut. Og så kjem det noko nytt.

– Eksis­tens­grunn­la­get til podkas­ten er at den er litt fucka.

Skal vekse seg større

Når det kjem til fram­ti­da, har dei beg­ge høge ambi­sjo­nar for seg sjøl­ve og show­et.

– Me skal gje­re man­ge flei­re live­shows, og det kjem til å bli mykje bed­re, gøy­a­re og stør­re! sei­er Harm.

– Eg ten­kjer at podkas­ten som uni­vers hei­le tida utvik­ler seg. Kan­skje det nes­te me gjer kan vera ei bok, eller eit blad? Det vik­ti­gas­te for meg er at eg trivst i job­ben, og at det hei­le tida skjer noko nytt, sei­er Heg­seth.

Sofie Gåsvik var på show­et i Ber­gen med venn­inne­gjen­gen, og tyk­te det var vel­dig bra.

– Show­et var drit­gøy, me lo i sik­kert ein og ein halv time i strekk!

Venn­inne­gjen­gen klar for Harm & Heg­seth. Foto: Ellen Erik­sen

Ho har sett alle epi­so­da­ne av «Pane­let», men har ikkje høyrt noko av podkas­ten «Harm & Heg­seth». Sjølv om under­hald­nin­ga var god, mei­ner ho det var nokre ting dei tul­la litt vel mykje med.

– Dei tul­la mykje med at Harm sjølv synest han er stor, det­te synest eg var­te litt vel len­ge, sei­er ho.

Anne Sofie Aam­lid er enig med Gåsvik i at show­et var under­hal­dan­de, men at nokre ting kun­ne blitt kor­ta ned.

– Eg er ikkje så kjend med ver­ken «Pane­let» eller podkas­ten dei­ra frå før, men har fulgt med på Vegard gjen­nom Vine og Insta­gram, sei­er ho.

Ho beskriv kvel­den som hyg­ge­leg med varier­te inn­slag, og sei­er show­et alt i alt var vel­dig bra.

– Når det kjem til sjøl­ve show­et, var det utru­leg under­hal­dan­de!

– Dei opna med ein «glad­song» og dans som vek­ka all merk­semd i salen. Det var full lat­ter og applaus gjen­nom hei­le sean­sen, sei­er ho.

TEMA

P

odkast

12 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen