Kunstig intelligens – venn (og fiende) i kampen mot falske nyheiter

Medi­etil­synet kunne for ein månad sidan fortel­je at 45% i Noreg har sett falske nyheit­er om korona-viruset i ulike media, 27% har ikkje sett slike, og 28% veit ikkje. Mange har alt­så kom­petanse i å vere kri­tisk til innhald sprei­dd gjen­nom sosiale media og nyheits­me­dia. Men vi lever i ei verd der falske nyheit­er i aukande grad vert masse­pro­dusert og brukt som eit poli­tisk verkemid­del av illib­erale krefter. Tru­leg vil teknolo­giar som avdekkar falske nyheit­er verte naudsynt for jour­nal­is­tar og mediebrukarar; snart treng vi avanserte analy­sev­erk­tøy som er i stand til å sjekke om ei nyheitssak, eit bilde eller ein video er eit falsum.