Vinter og kaldt i norsk journalistikk

I januar besøkte eg ti norske redaksjonar på ei veke, og fekk eit lynkurs i framtidsangst.

Både forskarar og jour­nal­is­tar stre­var med å forstå kva som skjer med jour­nal­is­tikken som pro­fesjon i vår tid. Net­tet har blitt ein vik­tig pub­lis­er­ingskanal, men sjølv om alle medi­ene brukar store pen­gar på å vera jour­nal­is­tisk til stades på net­tet, så er det berre VG Nett som ten­er pen­gar på det. Sam­tidig går opplaget ned og svekkar økonomien frå eit anna hald. Sjølv om denne pros­essen har halde på i 15 år og svek­ka pres­sa som pro­fesjon så finst det enno inga løys­ing i sikte.

Eg er ans­var­leg for prak­sisut­plasseringa på jour­nal­is­tikkstudi­et ved Uni­ver­sitetet i Bergen. Om vin­teren dreg eg på besøk til stu­den­tane, og ser akademia klas­ka saman med den råbarske kvarda­gen i norske redak­sjonar. Stu­den­tane er i snitt 23 år, og dei har eit myk­je reinare og meir kom­pro­miss­laust ide­al om jour­nal­is­tikk enn ringreven med tjue års erfar­ing. Her ligg det eit håp for framti­da. Om tjue år er det årets prak­sis­stu­den­tar som styr­er norsk jour­nal­is­tikk, mens dagens duk­sar er over mid­dagshøg­da, og kan­skje endrar jour­nal­is­tikken og brukaråt­fer­da seg slik at denne kom­mu­nikasjons­for­ma blir meir berekraftig.

Mange jour­nal­is­tar har måt­ta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn

Måndag 25. jan­u­ar var eg på innsi­da av kys­ten. Bergen­sarane har innsett at dei no bur i snøbyen og ikkje reg­n­byen; men har fram­leis reko­r­den i fuk­tigheit. Bergens Tidende er pre­ga av eit stille alvor, og det har opp­stått ein forskjell på dei medar­bei­darane som er trygt innafor, og dei som står utan­for og vil innatt. Heile Medi­aNorge ned­skalerer, og mange jour­nal­is­tar har måt­ta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn i 2008. Uni­ver­sitetets stu­den­tar føler også dette pres­set, og veit alt­for godt at dei skal snart vera den svakaste parten i mediemark­naden. Men stu­den­tane står i alle fall på for fullt, og etter berre ei vekes tid i prak­sis fekk våre stu­den­tar i Bergens Tidende kjem­peopp­slag i nyheits­de­len og kulturdelen. 

Uni­ver­sitetet i Bergen ynskjer at prak­sisen skal vera så fag­leg lærerik som moge­leg. Fad­der­ane i mediehusa er godt klar over at stu­den­tane må få rike­leg merk­semd i arbei­det med sak­ene, men pga. den harde nedbe­man­ninga var dette vanske­leg å få til i 2010. Talet på prak­sis­plas­sar vart skjært ned i lag med alt det andre. 

På tys­da­gen var eg ute på sjøen med Hauge­sund som neste havn. Iskalde døn­ningar akkom­pag­n­erte Tyrv­ing over Slet­ta, og sjølv om ei av dei største nyheitssak­ene det siste tiåret har ført til at fleire tek bussen, var veret såpass fint at det ville vera para­noid å tru at me ville forlisa før Haugesund.

Eg var på besøk i Hauge­sunds Avis, som er eigd av Edda Media*. Redak­sjo­nen merkar at arbei­d­spres­set aukar, og dei kunne ikkje ta imot så mange stu­den­tar som før. Vår stu­dent kjem opprin­ne­leg frå Hauge­sund, og hadde heldigvis kome godt inn i det jour­nal­is­tiske arbeidet.

Då Tyrv­ing drog vidare til Sta­vanger hadde eg spist ein betre mid­dag på M, og fer­da gjekk for­bi Kvit­søy, der for­ret­nings­fol­ka sine nye feriehus ska­par større merk­semd enn dei gam­le mas­tene til kort­bølge­sendaren. Då eg stod opp ons­dag mor­gon slo reg­net mot vin­dauget. Toar­bussen frå Tas­tarus­ta til sen­trum var full av jen­ter som aldri kjem til å kjø­pa papi­ravis­er, og då alle gjekk av i sam­la flokk ved ein vidaregåande skule tenk­te eg at dei ikkje vis­er nokon teikn på å vera dumme av den grunn.

I fjor var det fullt av folk i det avanserte mediehuset til Sta­vanger Aften­blad, men i år var det glis­sent. Eg fekk ei sterk kjensle av krisetid. (foto: Lars Nyre)

Sta­vanger Aften­blad har over hun­dre års his­to­rie som eit dominerande avishus. Eg spring inn frå strireg­net til det kjem­pe­store nye huset deira. Det er omtrent tomt. I fjor vrim­la det av skule­ung­dom i det inter­ak­tive læringsrom­met ”Dead­line”, og det var jour­nal­is­tar ved alle pul­tane i redak­sjo­nen. No skal ein heil etas­je leigast ut til eit olje­sel­skap. Dette lærte eg frå sen­tral­bor­d­dama, og eg lær­er ofte meir frå damene i kulis­sane enn mennene i sen­trum. Som i Bergens Tidende er det Medi­aNorge som rår, og nedbe­man­ninga har vore drama­tisk. Torgeir Vøl­stad er ans­var­leg for vår stu­dent, og han seier at det tek på humøret å ha tre run­dar med nedbe­man­ning på eitt år. Men ver­diane og insti­tusjo­nane som avisa har dyr­ka i hun­dre år står like sterkt som før, og dét er vik­tig for han. Heldigvis går sam­tal­en ved kaf­fi­mask­i­na like friskt som i fjor. 

Vår stu­dent kjem opprin­ne­leg frå Sta­vanger, og lokal tilknyt­ning er alltid ein fordel for uer­farne jour­nal­is­tar for­di dei då har lettare for å få idear og skaf­fa kjelder. Stu­den­ten vart plassert i Næringssek­sjo­nen, og det var nok myk­je pga. stu­di­ene på Han­delshøgskulen, som gjer at han er flink å rek­na seg gjen­nom økonomiske dokument.

På tors­da­gen drog eg langs lan­de­veg E39 frå Bergen til Førde, og mora meg med GPSen på mobilen. Vest­land­sek­s­pressen er eit kro­n­glete framkom­st­mid­del, men livsvik­tig for alle som bur og arbei­der i Sogn. Rett før bussen byr­ja å kla­tra ned dei islagte svin­gane til Førde­byen kom det eit glimt av sol inn vindauget.

Eg var i fly­plasshel­vetet, der alle ser rett fram og halvsøv seg gjen­nom lufta

Fir­da er eit sol­id lite mediehus, kon­trollert av A‑pressen men med sterk lokal forankring. På mange måtar er Fir­da eit dig­i­talt fyrtårn i fjord-Norge, blant anna har dei web­sider også for mobilen, noko som er ganske avansert for ei lokalavis. Men vår stu­dent skriv mest for papi­rav­isa. Han er opp­vak­sen i Førde, og har såleis fått ein nesten per­fekt praksisplass. 

Lokalavis­er har enno sta­bile opplag på papir, og er langt på veg vinnaren i avis­bran­sjen. Men lokalavisene bør likev­el sat­sa meir på nett, seier Arild Nybø. Han job­ba tidle­gare i Fir­da, og driv no sitt eige kom­mu­nikasjons­fir­ma med Sogn og Vest­landet som vik­ti­gaste aktivitetsområde. 

— Lokalavisene har ein stor fordel ved at dei dekkjer område som ingen andre inter­esser­er seg for, og dette hyper­lokale fokuset er deira største styrke også på nett, seier han. Men ingen av prak­sis­stu­den­tane har ynskt seg til net­tavis­er, og Nybø har eit godt forslag til forklaring.

— Ingen vil for­la­ta tryg­ghei­ta hjå dei tradis­jonelle avishusa for den galne halvbroren på inter­nett. Net­tjour­nal­is­tikk er på mange måtar vanskel­e­gare, for eksem­pel ved at du må job­ba mot ei kon­tin­uer­leg dead­line der det aldri er pause, og laga tit­lar, ingres­sar, vel­ja ut bilete og bilet­tek­star, og gjerne sit heilt åleine på vakt. Dei fleste avg­jer­sler vert tatt utan sikker­heit­snet­tet som redak­tøren utg­jer, og du må spør­ja om til­givelse og ikkje tilla­telse. Desse net­to­ri­en­terte fer­dighei­tane bør stu­den­tane læra i løpet av utdan­ninga. Uni­ver­sitetet må laga ei utdan­ning som pas­sar til net­tet, seier Nybø. 

Sam­tal­en med Arild Nybø blei ganske kort, for eg måtte springa til fly­bussen. På Bringe­land byr­jar ei tem­per­ert sluse av trans­port som tok meg over den nesten snøfrie Jotun­heimen til Gar­der­moen. Eg var i fly­plasshel­vetet, der alle ser rett fram og halvsøv seg gjen­nom lufta istaden­for å sjå på utsik­ten. Kl. 17.30 gjekk eg av Fly­to­get berre femti meter frå Aften­posten sitt skyskra­partil­vere i Postgirobygget. 

Desse fol­ka kjem til å klo­ra seg fast i bran­sjen med alle middel

På Sen­tral­stasjo­nen var det eit pulserande liv både over og under bakken, og kork­je Bergen eller Sta­vanger er i nær­leiken av å ha det same men­nes­ketrøkket. Oslo er den største byen i Norge også i jour­nal­is­tisk for­stand. Her er alle medi­ene dig­i­tale fyrtårn, bort­sett frå Klassekam­p­en og Mor­gen­bladet. Dei har ei kom­pro­miss­laus sats­ing på papi­ravis, og brukar berre småpen­gar på net­tet. Dette kan vera framti­da for nis­jeav­is­er, men det er ikkje framti­da for den all­menne jour­nal­is­tiske offentlegheita. 

Aften­posten er det største hjulet i Medi­aNorge-mask­iner­i­et. Uni­ver­sitetets stu­dent kjem opprin­ne­leg frå Oslo og har den same forde­len som våre stu­den­tar i Hauge­sund, Sta­vanger og Fir­da. Ho skriv mest lokaljour­nal­is­tikk i Afte­nAften, og får godt skuss­mål frå sine føresette. 

I denne store mediebedrif­ta fann eg til mi over­rask­ing ei res­o­lutt papir­sats­ing på hyper­lokal jour­nal­is­tikk. Kvar ons­dag kjem bydel­sav­isa ut, og den har ulikt innhald i minst seks sek­sjonar som dekkjer Sen­trum, Ullern/Aker, Oslo Øst og så vidare. Lesarane er veldig engas­jert i denne typen jour­nal­is­tikk, og eg trur den er liv laga same kva plat­tform den blir dis­tribuert på.

Fem min­utts spasér­tur for­bi Plaza Hotel og Aker­sel­va fann eg Klassekam­p­ens redak­sjon i nye lokale. På Grøn­land er det høgt trykk både ute i gata der ørten nasjon­alite­tar van­drar saman, og inne i redak­sjo­nen der det er dead­line om tjue min­utt. Klassekam­p­en står for eit radikalt poli­tisk og økonomisk sjølvs­tende, og avisa står på mange måtar utan­for den jour­nal­is­tiske hov­udlin­ja i Norge. At avisa sam­stun­des over­lever på statsstøtte er eit av mange paradoks i sosialdemokrati­et Norge. I Klassekam­p­en er ide­ol­o­gisk tilhøyrigheit vik­ti­gare enn geografisk, og sidan vår stu­dent er med i SV si bystyre­gruppe i Bergen pas­sar han per­fekt inn.

Så var eg fer­dig med inspeksjo­nen, og er i hvert fall ikkje redd for stu­den­tane si faglege opplæring. Alle mediehusa eg besøk­te tok godt vare på stu­den­tane, og gav dei ordentlege opp­drag og til dels store oppslag. 

Jour­nal­is­tikkens største framtid­sprob­lem: det dår­lege renom­méet til nettjournalistikken

Stu­den­tane lærte utru­leg myk­je på desse to månadane, men ikkje alt var lær­do­mar dei hadde lyst på. Dei skjønte fort at det kan bli vanske­leg å få som­mar­jobb, for ikkje å snakka om vikari­at eller endå til ei fast still­ing. Sam­tidig oppda­ga dei fleste stu­den­tane at dei har ein jour­nal­is­tisk ulv i seg, og at dei verke­leg ynskjer å bli jour­nal­is­tar.

Desse fol­ka kjem til å klo­ra seg fast i bran­sjen med alle middel

.

Glo­rien rundt jour­nal­istyr­ket er enno knyt­ta til hov­u­dredak­sjo­nen som pr. defin­isjon er papiror­i­en­tert, og dei fær­raste stu­den­tar ynskjer seg til net­tredak­sjonar. Så lenge pro­fesjo­nen held fokus på papi­rav­isa vil også rekrut­teringa føregå der. Jour­nal­is­tikkens største framtid­sprob­lem ligg slik sett i det dår­lege renom­méet til net­tjour­nal­is­tikken. Og difor må jour­nal­is­tikkut­dan­ningane både i Bergen og andre stad­er (t.d. Vol­da og Oslo) ta på seg ans­varet for å inspir­era stu­den­tane til å sat­sa på nettjournalistikk. 

Etter ei van­leg veke på jobben drog eg gjen­nom fly­plasshel­vetet heimatt til Bergen. Det var fredag kveld, og me stod minst femti men­neske i ein iskald dros­jekø på Fles­land. På fredagskvel­dar er det så myk­je køyring i sen­trum at dros­jane ikkje gidd å køyra heilt ut til Fles­land for å kapra kun­dar. Eg beit tennene saman og ignor­erte kynis­men så tolmodig eg kunne, og til slutt kom det ein drosje. 

Ret­telse
(*Fra redak­sjo­nen: Den opprin­nelige ver­sjo­nen av artikke­len inneholdt en feilak­tig opplysning om omfanget av nedbe­man­ning i Hauge­sunds Avis. Denne er nå fjernet).

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

6 KOMMENTARER

  1. Det er slike tek­ster som får meg til å tvile etter å ha val­gt jour­nal­is­tikk på UiS som første­valg til høsten.
    “Takk for det.”

    1 dag igjen til fris­ten for å endre går ut. Faen.

  2. Erland Flaten says:

    Trist som faen? Ikke helt.
    Stu­den­tene i Vol­da har en del av intern­prak­sisen dedik­ert til nett. 2 av 8 uker. nernett.no Sam­tidig som jeg føler at noen stu­den­ter ser på net­tet som en b‑kanal, er mange opprik­tig nys­g­jer­rige på de ny jounal­is­tiske verk­tøyene net­tet gir. Og disse er det flest av. Det gir grunn til stor opti­misme for jour­nal­is­tikken som fag og vesen.

    Utfor­drin­gen lig­ger hos blårussen i mediebedriftene. De må venne folk til å betale etter at mediebedriftene har vært griske og prøvd å ta hele kaka for så å inn­føre betal­ing “senere”.

    mvh Erland Flat­en ( for tiden innleid som net­tlær­er i Volda)

    PS Ikke trekk søk­naden din CingT !

  3. […] This post was men­tioned on Twit­ter by Olav A. Øvre­bø, Daniel Stri­et­zel and Morten Veland, Hal­l­vard Moe. Hal­l­vard Moe said: RT @oovrebo: Rund­tur i avis-Norge ga @syrenyre lynkurs i framtid­sangst: http://bit.ly/8Z5dWm […]

  4. Pål A. Berg says:

    Hei
    Hvor har du hen­tet opplysnin­gene om at i Hauge­sunds Avis er “staben halvert på nokre år”?
    Hvor har du hen­tet begrun­nelsen om at “Redak­sjo­nen merkar at arbei­d­spres­set aukar, og dei kunne ikkje ta imot så mange stu­den­tar som før”?
    For et mediehus som er kon­trak­t­festet samar­bei­d­savis for Insti­tutt for medieviten­skap i Bergen er det forstem­mende at en førstea­manu­en­sis ikke sjekker fak­ta før han bringer det videre.
    mvh
    Pål A. Berg
    Ans­varlig redaktør
    Mediehuset Hauge­sunds Avis

  5. Lars Nyre says:

    Hei,

    Den fyrste opplysninga har eg ikkje ordent­leg kjelde for, og skal be redak­tøren om å fjer­na den i mor­gon. Den andre opplysninga er eg sjølv kjelde for, ved at eg tolkar reduk­sjo­nen i talet på prak­sis­plas­sar som uttrykk for at det ikkje var tilstrekke­leg kap­a­sitet i redak­sjo­nen. Dette har for øvrig vore gjen­nomgåande for alle våre faste samar­bei­dspart­ner­ar i år. Når dét er sagt har våre stu­den­tar dei siste åra gjeve uttrykk for at opphaldet i Hauge­sunds Avis var ytterst gje­vande, blant anna for­di dei har fått mange tek­star på trykk og har fått vari­erte oppgåver i redaksjonen.

  6. Pål A. Berg says:

    Da kan jeg oppl­yse om at også den andre opplysninger, som du “er sjølv kjelde for, ved at eg tolkar…” også er feil.
    Synd — for du kunne bare spurt — så hadde du fått et svar som var mer i stil med virkeligheten.
    Fak­tas­jekk er fremde­les en vik­tig ingre­di­ens i journalistikken.

    mvh
    Pål Andre Berg
    Ans­varlig redaktør
    Mediehuset Hauge­sunds Avis

til toppen