Lar det svinge — utan kontroll

Når kommune og fylkeskommune brukar over tre millionar kroner på MGP-delfinalar, har sirkuset svinga til det mista all kontroll.

Det er fest­stem­ning i Florø der Idretts­hal­len er for­vand­la frå traust fot­ball­bane til stor­slått sce­ne med eit hef­tig lys­show. Små­jen­ter med pal­jett­hat­tar, glow­sticks, glit­ter og fyl­kes­ord­fø­rar Åshild Kjels­nes i tids­rik­tig MGP-pal­jett­kjo­le. For tred­je år på rad arran­ger­te Florø Melo­di Grand Prix-del­fi­na­le i janu­ar 2013. Før show­et star­tar ljo­mar gam­le sla­ga­rar over høg­ta­lar­an­leg­get; «La det svin­ge», «Fai­ry­ta­le» og «Mil etter mil» til fol­ket.

I ei veke har byen stått på hovu­det for pro­gram­leiar­kjen­di­s­ar og (meir eller mind­re kjen­de) artis­tar. Show­et går av sta­be­len ein laur­dags­kveld, med direkte­sen­ding i halv­an­na time. Men den som trur at pro­du­sen­ta­ne, NRK og Eyeworks Dina­mo, beta­ler for fes­ten, tar kraf­tig feil. Ber­re i 2013 har Flo­ra kom­mu­ne gått inn med 400 000 kro­ner, og Sogn og Fjorda­ne fyl­kes­kom­mu­ne har betalt 600 000.

Ein kan nes­ten tru at samt­lege er lurt trill rundt av NRK

Etter ein slik fest kan ein stil­le spørs­mål ved om det var verd inves­te­rin­ga. Er det det­te fyl­kes­kom­mu­nen bør bru­ke fleste­par­ten av kul­tur­kro­ne­ne sine til? Tru­leg ikkje. Sogn og Fjorda­ne er eit fyl­ke som ropar på dei utflyt­te ung­dom­ma­ne, og ber dei kom­me heim. I eit fyl­ke der unge mang­lar kul­tur­til­bod i kvar­da­gen, bru­kar fyl­kes­kom­mu­nen 600 000 kro­ner på at stats­ka­na­len skal sen­de sir­kus­show frå Idretts­hal­len. Noko er gale.

Den loka­le MGP-gene­ra­len Per Øivind Hel­le og ord­fø­rar Ben­gt Sol­heim-Olsen kal­lar show­et «rekla­me i bes­te sende­tid». Same argu­ment blir brukt for løy­vin­ga frå fyl­kes­kom­mu­nen sitt hald: mark­nads­fø­ring for hei­le fyl­ket. Ein kan nes­ten tru at samt­le­ge er lurt trill rundt av NRK. Det er langt frå rett at kom­mu­ne og fyl­kes­kom­mu­ne skal finan­siere at ein avdan­ka Hank frå Tur­bone­ger, skal få tes­te om han er god nok for Euro­vi­sio­nen.

Mange ordførarar og fylkesordføraren hadde tatt på seg finstasen og ordførarkjedet. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Man­ge ord­føra­rar og fyl­kes­ord­fø­ra­ren had­de tatt på seg fin­sta­sen og ord­fø­rar­kje­det. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Hald­bar­hei­ta i mark­nads­fø­rings­ar­gu­men­tet er lite mål­bart, og lite sik­kert. I ein artik­kel i Ber­gens Tiden­de i 2012 avvi­ser dess­utan Knut Varei­de ved Tele­marks­fors­king at del­fi­na­len er eins­ty­dan­de med vik­tig mark­nads­fø­ring. Kven hug­sar kvar del­fi­na­len var i fjor, spør han. Om folk ikkje veit kvar det har vore, kan dei hel­ler ikkje ønskje å ver­ken rei­se eller flyt­te dit sei­na­re, sa Varei­de til avi­sa. Og han har rett: Kven hug­sar eigent­leg kvar del­fi­na­len i MGP gjekk i fjor? Uta­nom Florø­væ­rin­ga­ne sjølv? Det er ikkje Florø eller fyl­ket MGP-show­et hand­lar om, det er det som skjer sce­na. Så kven vil fyl­kes­kom­mu­nen nå gjen­nom den såkal­la mark­nads­fø­rin­ga? Dei ein­as­te som mer­ka at del­fi­na­len tok stad i Florø, var nok inn­byg­gja­ra­ne sjølv.

Sats på kul­tur for hei­le fyl­ket, og gjer­ne noko som har leng­re hald­bar­heit

Men vi må ikkje gløy­me det som ikkje visast på fjern­sy­net, sei­er Florø­væ­rin­ga­ne med arran­gør Hel­le i spis­sen. For MGP er visst så mykje meir enn det. Hel­le anslår i Fir­da 28.januar at 5500 men­nes­ke er direk­te involvert i sir­ku­set. For det har ikkje ber­re vore MGP-sen­ding, men ei heil MGP-veke i byen, med for­skjel­li­ge arran­ge­ment over hei­le lin­ja og stor dug­nadsand. Ord­fø­rar Sol­heim-Olsen mei­ner at MGP har skapt enga­sje­ment i hei­le lokal­sam­fun­net, og at det har betydd mykje for sam­hal­det i byen. Men kva mei­ner inn­byg­gja­ra­ne?

Vinnaren Margaret Berger var populær blant dei minste. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Vin­na­ren Mar­ga­ret Ber­ger var popu­lær blant dei mins­te. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Pub­li­kum som Fir­da var i kon­takt med, sei­er alle det same: det vik­ti­gas­te er folke­fes­ten, og at det skjer noko i byen dei­ra. Eit fel­les halde­punkt, ei fel­les­skaps­kjens­le på ein tett­stad er ute­luk­kan­de posi­tivt i ein by som ikkje sur­far på noko vekst­bøl­gje. Men må det vere akku­rat MGP som er det­te trekk­plas­ter og sam­lings­punkt? Inn­byg­gja­ra­ne sine svar sei­er at akku­rat kva som skjer, er mind­re vik­tig. Det bør også den loka­le arran­gø­ren lyt­te til. Utseg­na opnar nem­leg for sat­sing på arran­ge­ment som foku­se­rer på noko anna enn reklame­ef­fekt og pub­li­kum som står på pin­ne for ei TV-sen­ding.

Sats på kul­tur for hei­le fyl­ket, og gjer­ne noko som har leng­re hald­bar­heit

enn 19–21 ein laur­dags­kveld.

I løpet av tre år har kom­mu­ne og fyl­kes­kom­mu­ne betalt til saman 3,35 mil­lio­nar kro­ner for sir­ku­set. Det fram­står som vans­ke­leg å få rekne­styk­ket til å gå opp. Skal MGP til­ba­ke til fyl­ket, må ein sjå seg om etter and­re finan­sie­ringsmuleg­hei­ter enn lom­me­boka til fyl­kes­kom­mu­nen. Det er ei opp­ford­ring til arran­gø­rar, så vel som poli­ti­ka­ra­ne som skin på førs­te rad i pal­jett­kjo­le og tungt kje­de.

TEMA

N

RK

62 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen