Det er feststemning i Florø der Idrettshallen er forvandla frå traust fotballbane til storslått scene med eit heftig lysshow. Småjenter med paljetthattar, glowsticks, glitter og fylkesordførar Åshild Kjelsnes i tidsriktig MGP-paljettkjole. For tredje år på rad arrangerte Florø Melodi Grand Prix-delfinale i januar 2013. Før showet startar ljomar gamle slagarar over høgtalaranlegget; «La det svinge», «Fairytale» og «Mil etter mil» til folket.
I ei veke har byen stått på hovudet for programleiarkjendisar og (meir eller mindre kjende) artistar. Showet går av stabelen ein laurdagskveld, med direktesending i halvanna time. Men den som trur at produsentane, NRK og Eyeworks Dinamo, betaler for festen, tar kraftig feil. Berre i 2013 har Flora kommune gått inn med 400 000 kroner, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har betalt 600 000.
Ein kan nesten tru at samtlege er lurt trill rundt av NRK
Etter ein slik fest kan ein stille spørsmål ved om det var verd investeringa. Er det dette fylkeskommunen bør bruke flesteparten av kulturkronene sine til? Truleg ikkje. Sogn og Fjordane er eit fylke som ropar på dei utflytte ungdommane, og ber dei komme heim. I eit fylke der unge manglar kulturtilbod i kvardagen, brukar fylkeskommunen 600 000 kroner på at statskanalen skal sende sirkusshow frå Idrettshallen. Noko er gale.
Den lokale MGP-generalen Per Øivind Helle og ordførar Bengt Solheim-Olsen kallar showet «reklame i beste sendetid». Same argument blir brukt for løyvinga frå fylkeskommunen sitt hald: marknadsføring for heile fylket. Ein kan nesten tru at samtlege er lurt trill rundt av NRK. Det er langt frå rett at kommune og fylkeskommune skal finansiere at ein avdanka Hank frå Turboneger, skal få teste om han er god nok for Eurovisionen.
Haldbarheita i marknadsføringsargumentet er lite målbart, og lite sikkert. I ein artikkel i Bergens Tidende i 2012 avviser dessutan Knut Vareide ved Telemarksforsking at delfinalen er einstydande med viktig marknadsføring. Kven hugsar kvar delfinalen var i fjor, spør han. Om folk ikkje veit kvar det har vore, kan dei heller ikkje ønskje å verken reise eller flytte dit seinare, sa Vareide til avisa. Og han har rett: Kven hugsar eigentleg kvar delfinalen i MGP gjekk i fjor? Utanom Florøværingane sjølv? Det er ikkje Florø eller fylket MGP-showet handlar om, det er det som skjer på scena. Så kven vil fylkeskommunen nå gjennom den såkalla marknadsføringa? Dei einaste som merka at delfinalen tok stad i Florø, var nok innbyggjarane sjølv.
Sats på kultur for heile fylket, og gjerne noko som har lengre haldbarheit
Men vi må ikkje gløyme det som ikkje visast på fjernsynet, seier Florøværingane med arrangør Helle i spissen. For MGP er visst så mykje meir enn det. Helle anslår i Firda 28.januar at 5500 menneske er direkte involvert i sirkuset. For det har ikkje berre vore MGP-sending, men ei heil MGP-veke i byen, med forskjellige arrangement over heile linja og stor dugnadsand. Ordførar Solheim-Olsen meiner at MGP har skapt engasjement i heile lokalsamfunnet, og at det har betydd mykje for samhaldet i byen. Men kva meiner innbyggjarane?
Publikum som Firda var i kontakt med, seier alle det same: det viktigaste er folkefesten, og at det skjer noko i byen deira. Eit felles haldepunkt, ei fellesskapskjensle på ein tettstad er utelukkande positivt i ein by som ikkje surfar på noko vekstbølgje. Men må det vere akkurat MGP som er dette trekkplaster og samlingspunkt? Innbyggjarane sine svar seier at akkurat kva som skjer, er mindre viktig. Det bør også den lokale arrangøren lytte til. Utsegna opnar nemleg for satsing på arrangement som fokuserer på noko anna enn reklameeffekt og publikum som står på pinne for ei TV-sending. Sats på kultur for heile fylket, og gjerne noko som har lengre haldbarheit enn 19–21 ein laurdagskveld.
I løpet av tre år har kommune og fylkeskommune betalt til saman 3,35 millionar kroner for sirkuset. Det framstår som vanskeleg å få reknestykket til å gå opp. Skal MGP tilbake til fylket, må ein sjå seg om etter andre finansieringsmulegheiter enn lommeboka til fylkeskommunen. Det er ei oppfordring til arrangørar, så vel som politikarane som skin på første rad i paljettkjole og tungt kjede.