Polen, Aust-Agder og starten på Berlinmurens fall

9. november var det 20 år sidan Berlinmuren fall. Det er grunn til å sende ein særleg takk til polakkane.

Utan­for Soli­da­ri­tets kon­tor­bygg i Gdansk står ein rest av Ber­lin­mu­ren saman med ein del av muren rundt Lenin-verf­tet. Ber­re 100 meter unna star­ta Lech Wale­sa og Soli­da­ri­tet det som man­ge har omtalt som star­ten på slut­ten for kom­mu­nis­tisk dik­ta­tur i Polen og Aust-Euro­pa. Det var spen­nan­de og far­leg i Polen frå om lag 1980 til Ber­lin­mu­ren blei åpna 9. novem­ber 1989. Før det had­de det også vore far­leg, for alle dei som vil­le leve eit heilt nor­malt liv i demo­kra­ti og fri­dom.

Lech Wale­sa blei fag­for­ei­nings­lei­ar, pre­si­dent i Polen og nå kjem­par han aktivt for å få størst mog­leg støt­te for å utvik­le EU vida­re, sei­nast med solid inn­sats i Irland i sam­band med Lis­boa­trak­ta­ten. I 1982 kun­ne Agder­pos­ten og Tvede­strands­pos­ten vise bil­de av ein av søne­ne til Dan­u­ta og Lech Wale­sa, — med ein gen­ser det stod ”Lyng­myr sko­le, Tvede­strand” på.

Aksjon Polens venner

Haus­ten 1981 var vi ei grup­pe som star­ta Aksjon Polens ven­ner for å for­sø­ke å sen­de mat, medi­si­ner og klær til folk som sul­ta, som mang­la mat, som mang­la medi­si­nar, som mang­la stort sett alt bort­sett frå poli­ti, mili­tæ­re, kom­mu­nist­par­ti­et og bil­lig vod­ka. Ein pol­sk­gift nord­mann tok ini­tia­ti­vet og på få veker var vi eit lite sty­re som fekk enorm støt­te både frå enkelt­men­nes­ke, fri­vil­li­ge lag, pri­va­te nærings­dri­van­de, spon­ta­ne løy­vin­gar frå kom­mune­sty­ra og rike­leg med spalte­plass i region­avi­sa Agder­pos­ten kvar ein­as­te dag.

Berlinmur møter Leninverftets mur i Gdansk (foto: Jan Kløvstad)

Gdansk 2009: Ber­lin­mur møter Len­in­verf­tets mur (foto: Jan Kløv­stad)

Kjer­na i aksjo­nen vår var polak­kar som had­de flyk­ta, akti­ve Amne­sty-med­le­mer, ung­doms­lags­folk og Venst­re-med­le­mer. Vi var opp­rør­te over rap­por­ta­ne om vald og under­tryk­king, og vi fekk raskt kon­tak­tar i trans­port­bran­sjen som mein­te dei kun­ne kome inn i Polen med trai­lar­las­ter. Vi trud­de vi var vel opti­mis­tis­ke, men så vis­te det seg at vi — og and­re i and­re delar av Nor­ge — fak­tisk klar­te å kome oss inn i Polen og klar­te å få hjelpe­sen­din­ga­ne fram dit vi vil­le ha dei. Aksjon Polens Ven­ner besøk­te rundt ti byar, all­tid med nøy­ak­ti­ge adres­ser vi had­de fått frå pols­ke flykt­nin­gar.

Folk i Polen sul­ta. Kvar vak­sen polakk had­de ei månads­kvo­te på 1,5 kg kjøt. I dag er det stort pro­duk­sjons­over­skot, og land­bru­ket for­hand­lar med energi­ver­ka om å leve­re korn til energi­pro­duk­sjon. Den førs­te trai­lar­las­ta had­de vi sendt av gar­de 5. desem­ber, og dei kom til­ba­ke like før det blei unn­taks­til­stand i Polen.

Sovjetisk intervensjon?

Eg var med den and­re trai­la­ren frå Aust-Agder til Szcecin heilt nord­vest i Polen. Tor Bor­gen, Eivind og Olav Brat­te­land og eg reis­te 2. jule­dag 1981 med to trai­la­rar. Vi reis­te midt i unn­taks­til­stan­den, i håp om at det vil­le vere role­ga­re i sjøl­ve jule­høg­tida. Men mens vi var av gar­de had­de Agder­pos­ten to typer opp­slag om Polen, ofte på første­sida. Den eine typen opp­slag var å føl­gje ”eks­pe­di­sjo­nen” vår frå dag til dag, dei and­re opp­sla­ga had­de over­skrif­ter som ”Mili­tær­styr­ker på kjøtt­jakt”, ”-Faren for en direk­te sov­je­tisk inter­ven­sjon kan der­for være stør­re nå , sier USAs uten­riks­mi­nis­ter”, ”Utrensk­nin­ger er i full gang i Polen”, ”1100 strei­ken­de gruve­ar­bei­de­re inne­stengt i gru­ve­ne” og ”Har­de feng­selstraf­fer for med­lem­mer av Soli­da­ri­tet”.

Vi var spen­te. Vil­le vi kome inn i Polen, eller var lan­det heilt stengt? I trai­la­ra­ne had­de vi, for å site­re Agder­pos­ten 28. desem­ber 1981: ”Fle­re tusen peni­cil­l­in­tab­let­ter og vita­min­pil­ler, fle­re hund­re sprøy­ter og ope­ra­sjons­hans­ker, fle­re tusen ste­ri­li­ser­te ban­da­sjer. Av mat­va­rer 2 tonn mar­ga­rin, 800 kg tørr­melk, 400 kg bul­jong, 50 kg her­me­tisk makrell, 50 kas­ser her­me­tisk kjøtt og 30 kas­ser lever­pos­tei. Det er også fun­net plass til 20 000 fyr­stikk­es­ker, 5000 sun­lights­å­per, 3000 tuber tann­krem, 5000 pak­ker vaske­pul­ver og 5000 toa­lett­så­per.” Res­ten av las­ta var klær, sam­la inn av man­ge omsorgs­ful­le men­nes­ke i hei­le Aust-Agder. Hei­le las­ta var på 35 tonn.

Ambas­sa­dø­ren spur­te dis­kret om vi kun­ne ta med pak­ker til fami­li­en hans

Under­vegs blei førar­hu­set nær­mast ende­vendt av tol­la­rar, det var sta­di­ge tungt væp­na kon­troll­pos­tar langs vegen til Szcecin. Men vi fekk lov til å køy­re både til ei kyr­kje i byde­len Pogod og ein barne­heim. Der tøm­te vi alt vi had­de i trai­la­ra­ne saman med folk som arbeid­de i kyr­kja og i barne­hei­men. Mat­la­ge­ret i barne­hei­men var eit rom med ein del gamal her­me­tikk hist og her og elles tom­me hyl­ler. Vi lem­pa inn kas­ser med mat, og vi had­de også hatt såpass omtan­ke at vi had­de fått byt­ta ut noen kas­ser med tran­flas­ker med til­sva­ran­de meng­der Sana­sol. Vi trur unga­ne set­te pris på det byt­tet.

Tol­la­ra­ne og poli­ti­et i Swinouj­scie vil­le nek­te meg å foto­gra­fe­re, men vi blei til slutt sam­de om at eg kun­ne få ta inn­til 14 bil­de og ber­re vise dei fram i luk­ka møte i Polens ven­ner. Eg tok man­ge flei­re bil­de. Eg gøymte fil­ma­ne i under­buk­sa og gjekk til tol­la­ren ved utrei­se og vis­te fram foto­ap­pa­ra­tet der tel­la­ren vis­te at eg had­de tatt 14 bil­de på turen. Han lot som han trud­de på meg.

Meir enn 20 trai­la­rar blei sendt her frå fyl­ket mel­lom desem­ber 1981 og to-tre år fram­over. Den pols­ke ambas­sa­dø­ren spur­te dis­kret om vi kun­ne ta med pak­ker til fami­li­en hans: ”Også dei mang­lar mat og kle­de”, sa ambas­sa­dø­ren til meg. Flei­re pols­ke flykt­nin­gar kom hit og buset­te seg her.

Det frie og demokratiske Polen

Nå har eg vore til­ba­ke i Polen. Eg har sett Gdansk, Gdy­nia og Sopot (der Putin og Mer­kel i sep­tem­ber min­test star­ten på and­re verds­kri­gen, og Lil­le­gaards Trad Band og Inger Marie Gun­der­sen har hatt kon­ser­tar nyleg). Det­te områ­det fekk flei­re trai­lar­las­ter frå Aust-Agder i 1982. Nå møt­te vi vel­fyl­te butik­kar med stort vare­ut­val, nyres­tau­rer­te og nybyg­de hus, inter­na­sjo­na­le butikkje­der, eit fan­tas­tisk bade­land, muse­er, flei­re monu­ment til min­ne om kam­pen mot kom­mu­nis­men, bok­hand­lar, film- og plate­bu­tik­kar som fritt kan for­mid­le det frie ordet og den frie musik­ken. Dei gam­le helse­far­le­ge grå blok­ke­ne med gjen­nom­trekk og fukt er/blir erstat­ta med nye bygg med varia­sjon i far­gar, høg­der og tak­vink­lar. Det his­to­ris­ke bysen­te­ret i Gdansk er gjen­reist etter at 90% av det var bom­ba like ille som Dres­den. Visst er det pro­blem i Polen i dag også. Men det er Polen — ikkje Nor­ge — som har sett seg råd til å hjel­pe Island med støt­te og lån i des­se finans­krise­ti­der.

2. verds­krig star­ta ved tysk angrep på Gdansk. Den avgje­ran­de star­ten for kam­pen for eit fritt sam­funn utan kom­mu­nis­me og Ber­lin­mur star­ta i og ved Len­in­verf­tet. Der kan vi nå sjå min­nes­mer­ke og utstil­lin­gar, og også kun­ne gle­de oss over at Lech Wale­sa sei­er at Nobel­pri­sen i 1983 var heilt avgje­ran­de for at Soli­da­ri­tet mak­ta å stå løpet ut. 9. novem­ber var det 20 år sidan Ber­lin­mu­ren fall. Det er grunn til å sen­de ein sær­leg takk til polak­ka­ne.

TEMA

P

olen

3 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen