Noreg er det einaste landet i Europa (og verda?) som unner seg den luksus å ha to offisielle former av same språk. Nynorsken er eit minoritetsspråk som dei fleste, både skrivarar og lesarar, strevar med. Frå i dag, då ny nynorsk rettskriving blir innført, blir det endå vanskelegare. Eg for min del gir (eller er det «gjev»; er «gjev» framleis tillate; er «gir» det einaste som gjeld nå?) opp.
Dette er noko eg har tenkt på lenge, men dei nye rettskrivingsnormene for nynorsk frå 1. august 2012 gir eit aktuelt høve til å la ord følgja tanke. Ifølgje Språkrådet er hovudendringa at skiljet mellom hovudformer og sideformer blir fjerna. Dessutan går ein del tidlegare tillatne (eller er det tilletne?) bøyingsformer ut og nokre ordformer, både hovudformer og sideformer, blir tatt (tekne?) ut. Nokre meiner dette ikkje er ei forenkling og at nynorsk nå blir endå likare bokmål, som det framgår her.
Eg tar (tek?) ikkje standpunkt til det spørsmålet. Det ville krevja (krevje) at eg brukar endå meir energi på å finna ut kva rettskriving som gjeld og kvar former som er tillatne (tilletne), samstundes som eg veit at mange av dei eg skriv for, synest det uansett er tungt å lesa nynorsk. Det har dessutan lenge irritert meg å sjå så mykje dårleg nynorsk rundt omkring, eller bokmålsbrukarar som skriv arkaisk nynorsk («grautmål») fordi det er slik dei trur nynorsken framleis er. Ikkje berre blir det stadig færre som brukar nynorsk; dei som brukar nynorsk skriv også dårlegare nynorsk. Då heller bokmål. Så får det våga seg at det kjennest fjernt å skriva «jeg» og «ikke».
Ein tredje faktor er at eg som mange andre har kome til at det er ei stor nok oppgåve å få folk flest til å skriva godt bokmål, og at ressursane bør gå til det. Ein fjerde er at nynorsken historisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme.
Grunnen til at eg har halde fast ved nynorsken heile mitt skriveføre liv, trass i at talemålet har nærma seg stadig meir bokmål, har med personleg bakgrunn og identitet å gjera. Eg voks (vaks?) opp på Vestlandet, lærte å skriva i barneskulen i Innvik i Nordfjord og hadde to nynorskbrukande foreldre. Då vi flytta til Tvedestrand kommune fekk far min meg til å byrja i ein nynorskklasse med vegårsheiingar på ungdomsskulen. Det kosta litt, ikkje minst at eg ikkje kunne gå i klasse med dei jamaldringar som budde nærast meg. Men eg stod på krava, i den grad at eg sette som føresetnad for å bli redaktør i russeavisa Oksebrølet at halvparten av stoffet skulle vera på nynorsk! Rett nok vart Tvedestrandsposten grunnlagt av Arne Garborg, men eg innser nå at eg gjekk vel langt.
Seinare er eg blitt meir pragmatisk. Eg har skrive ein del bokmål i jobben, ikkje minst då eg arbeidde som deltidsjournalist. Men den einaste boka eg har gitt (gjeve) ut (på norsk) var skriven på nynorsk. Det norske samlaget stilte opp. Eg har alltid lurt på i kva grad statssubsidiane til Samlaget eller kvaliteten, eventuelt emnet til boka, var avgjerande for at utgjevinga kom i stand. Eg har også lurt på i kva grad nynorsken var årsak til det avgrensa salet av boka. (Forlagets grundige språkvask den gongen lærte meg elles kor mange feil til og med eg som ganske kyndig nynorskbrukar gjer.) Eller om språkforma avgrensar lesartalet til og forståinga av innlegg eg skriv på denne bloggen.
For meg er språket langt viktigare som kommunikasjonsmiddel enn som identitetsmarkør. Eg ønskjer at lesaren skal tenka (tenke/tenkja/tenkje) på kva eg skriv heller enn korleis eg skriv det. Eigenleg er det egoistisk å påtvinga lesarane eit språk som uttrykker personleg identitet når eg veit det går ut over forståinga og oppfatninga (oppfattinga?) av innhaldet. Dessutan har eg lenge hatt ei lei (her måtte eg slå opp i ordbok for å unngå det bokmålsklingande «ubehageleg») kjensle av at mange automatisk oppfattar meg som bonde i byen når eg skriv på nynorsk. Ingen vil vedgå det, men det ligg ei stigmatisering gjennom ufrivillige assosiasjonar der og lurer.
Derfor vil eg frå denne dag bruka bokmål som hovudmål, og nynorsk berre i nokre private samanhengar (eg trudde det heitte samanhangar, men Bill Gates kjem fram med raudblyanten). Det er ei personleg avgjerd, men det er berre slike som kan gjera slutt på den unødvendige (unaudsynte), skadelege og dyre norske tospråklegheita. Etter kvart vil det vera så mange einskildindivid (og kommunar) som gir (gjev) opp nynorsken at språkforma går av (raudblyanten hindrar meg i å skriva «avgår») ved ein stille død. Det er berre slik eit språk kan døy. Eit politisk vedtak på nasjonalt nivå er uråd å førestilla seg.
Dermed blir også bloggen min frå nå av på bokmål. Inntil eg kjem på noko betre skiftar undertittelen namn frå «ein nynorsk blogg om Europa etc.» til «en norsk blogg om Europa etc.». Kanskje tar eg steget heilt ut og går over til berre engelsk. Det er eit avgrensa publikum i Noreg for europapolitisk analyse, anten språket er nynorsk eller bokmål.
Teksten vart først publisert 1. august 2012 på forfattarens blogg Europæus norvegicus.
[…] det er nettopp dette Tore Nedrebø gjer når han på Vox Publica tek eit oppgjer med sitt eige tidlegare hovudmål. Tospråklegheit er unødvendig, skadeleg og […]