Lar det svinge — utan kontroll

Når kommune og fylkeskommune brukar over tre millionar kroner på MGP-delfinalar, har sirkuset svinga til det mista all kontroll.

Det er fest­stemn­ing i Florø der Idrettshallen er for­vand­la frå traust fot­ball­bane til storslått scene med eit heftig lysshow. Små­jen­ter med pal­jet­that­tar, glow­sticks, glit­ter og fylke­sor­d­førar Åshild Kjel­snes i tid­srik­tig MGP-pal­jet­tkjole. For tred­je år på rad arrangerte Florø Melo­di Grand Prix-del­fi­nale i jan­u­ar 2013. Før showet star­tar ljo­mar gam­le sla­garar over høg­ta­laran­legget; «La det svinge», «Fairy­tale» og «Mil etter mil» til folket.

I ei veke har byen stått på hov­udet for pro­gram­leiark­jendis­ar og (meir eller min­dre kjende) artis­tar. Showet går av sta­be­len ein lau­rdagskveld, med direk­te­send­ing i hal­van­na time. Men den som trur at pro­dusen­tane, NRK og Eye­works Dinamo, betaler for fes­ten, tar kraftig feil. Berre i 2013 har Flo­ra kom­mune gått inn med 400 000 kro­ner, og Sogn og Fjor­dane fylkeskom­mune har betalt 600 000.

Ein kan nes­ten tru at samt­lege er lurt trill rundt av NRK

Etter ein slik fest kan ein stille spørsmål ved om det var verd investeringa. Er det dette fylkeskom­munen bør bruke flesteparten av kul­turkro­nene sine til? Tru­leg ikkje. Sogn og Fjor­dane er eit fylke som ropar på dei utfly­tte ung­dom­mane, og ber dei komme heim. I eit fylke der unge manglar kul­tur­til­bod i kvarda­gen, brukar fylkeskom­munen 600 000 kro­ner på at statskanalen skal sende sirkusshow frå Idrettshallen. Noko er gale.

Den lokale MGP-gen­eralen Per Øivind Helle og ord­førar Bengt Sol­heim-Olsen kallar showet «reklame i beste sende­tid». Same argu­ment blir brukt for løyvin­ga frå fylkeskom­munen sitt hald: mark­nads­føring for heile fylket. Ein kan nesten tru at samtlege er lurt trill rundt av NRK. Det er langt frå rett at kom­mune og fylkeskom­mune skal finan­siere at ein avdan­ka Hank frå Tur­bo­neger, skal få teste om han er god nok for Eurovisionen.

Mange ordførarar og fylkesordføraren hadde tatt på seg finstasen og ordførarkjedet. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Mange ord­førarar og fylke­sor­d­føraren hadde tatt på seg fin­stasen og ord­førark­jedet. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Hald­barhei­ta i mark­nads­føringsar­gu­mentet er lite mål­bart, og lite sikkert. I ein artikkel i Bergens Tidende i 2012 avvis­er dessu­tan Knut Varei­de ved Tele­marks­forsk­ing at del­fi­nalen er ein­sty­dande med vik­tig mark­nads­føring. Kven hugsar kvar del­fi­nalen var i fjor, spør han. Om folk ikkje veit kvar det har vore, kan dei heller ikkje ønskje å verken reise eller fly­tte dit seinare, sa Varei­de til avisa. Og han har rett: Kven hugsar eigent­leg kvar del­fi­nalen i MGP gjekk i fjor? Utanom Florøværingane sjølv? Det er ikkje Florø eller fylket MGP-showet hand­lar om, det er det som skjer sce­na. Så kven vil fylkeskom­munen nå gjen­nom den såkalla mark­nads­føringa? Dei einaste som mer­ka at del­fi­nalen tok stad i Florø, var nok innbyg­g­jarane sjølv.

Sats på kul­tur for heile fyl­ket, og gjerne noko som har lengre haldbarheit

Men vi må ikkje gløyme det som ikkje visast på fjern­synet, seier Florøværingane med arrangør Helle i spis­sen. For MGP er visst så myk­je meir enn det. Helle anslår i Fir­da 28.januar at 5500 men­neske er direk­te involvert i sirkuset. For det har ikkje berre vore MGP-send­ing, men ei heil MGP-veke i byen, med forskjel­lige arrange­ment over heile lin­ja og stor dug­nad­sand. Ord­førar Sol­heim-Olsen mein­er at MGP har skapt engas­je­ment i heile lokalsam­fun­net, og at det har bety­dd myk­je for samhaldet i byen. Men kva mein­er innbyggjarane?

Vinnaren Margaret Berger var populær blant dei minste. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Vinnaren Mar­garet Berg­er var pop­ulær blant dei min­ste. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Pub­likum som Fir­da var i kon­takt med, seier alle det same: det vik­ti­gaste er folke­festen, og at det skjer noko i byen deira. Eit felles haldepunkt, ei fel­lesskap­skjensle på ein tettstad er utelukkande pos­i­tivt i ein by som ikkje sur­far på noko vek­st­bøl­gje. Men må det vere akku­rat MGP som er dette trekkplas­ter og sam­lingspunkt? Innbyg­g­jarane sine svar seier at akku­rat kva som skjer, er min­dre vik­tig. Det bør også den lokale arrangøren lytte til. Utseg­na opnar nem­leg for sats­ing på arrange­ment som fokuser­er på noko anna enn reklame­ef­fekt og pub­likum som står på pinne for ei TV-send­ing. Sats på kul­tur for heile fylket, og gjerne noko som har lengre hald­barheit enn 19–21 ein laurdagskveld.

I løpet av tre år har kom­mune og fylkeskom­mune betalt til saman 3,35 mil­lionar kro­ner for sirkuset. Det fram­står som vanske­leg å få rek­nestykket til å gå opp. Skal MGP tilbake til fylket, må ein sjå seg om etter andre finan­sier­ingsmulegheit­er enn lom­me­bo­ka til fylkeskom­munen. Det er ei opp­for­dring til arrangørar, så vel som poli­tikarane som skin på første rad i pal­jet­tkjole og tungt kjede.

TEMA

N

RK

96 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen