Ungdommar er teknologiske deterministar

Den teknologiske utviklinga er grunnleggande open. Ungdommar som torer å utfordra dei sosiale medienes tvangstrøye kan utgjera ei veldig kraft.

Dei fles­te ele­var på vidare­gå­an­de sku­lar er på eit sta­di­um i livet der dei enno ikkje har reflek­tert noko sær­leg over tek­no­logi­ut­vik­lin­ga, og sine eig­ne val­mog­leg­hei­ter når det gjeld medie­åt­ferd. Ung­dom­ma­ne er stort sett tek­no­lo­gi­en­tu­si­as­tar, og ber­re dei fær­ras­te har klart for seg kva makt- og mark­nads­pro­ses­sar som sty­rer sam­funns­ut­vik­lin­ga. Endå fær­re prø­ver å sjå kri­tisk på si eiga rol­le i det heile.

I det­te essay­et set eg dia­gno­se på nors­ke skule­ele­var sitt for­hold til sosia­le medi­um som Face­bo­ok, Twit­ter og Insta­gram. Det ver­kar som ung­dom­mar føler at dei er nøyd­de å bru­ka dei nye medie­ne for å hen­ga med i det sosia­le livet. ’Sidan alle and­re gjer det, må eg sjølv gje­ra det også’. ’Det er jo ber­re slik’. I den grad ung­dom­mar har sli­ke opp­fat­nin­gar kan dei kal­last tek­no­lo­gis­ke deterministar.

Eg håper ele­var på vidare­gå­an­de vil lesa det­te essay­et, og difor er det skri­ve med fær­rast moge­leg fag­le­ge refe­ran­sar og fra­mand­ord. Fyrst prø­ver eg å for­kla­ra det vans­ke­le­ge omgre­pet «tek­no­lo­gisk deter­mi­nis­me» ved å bru­ka eit his­to­risk eksem­pel, nem­leg kolo­ni­se­rin­ga av den ame­ri­kans­ke præ­ri­en ved hjelp av damp­tog og tele­gra­fi på 1860-talet. Der­et­ter viser eg kor­leis Face­bo­ok og and­re medi­um i vår eiga tid lovar oss den same typen grense­laus fri­dom som fram­skrit­tet på præ­ri­en lov­de ame­ri­ka­na­ra­ne. Opti­mis­men rundt Face­bo­ok var sær­leg tyde­leg under den egyp­tis­ke revo­lu­sjo­nen i 2011, og eg dis­ku­te­rer to artik­lar i Ber­gens Tiden­de som for­kla­rer hen­din­ga­ne heilt for­skjel­lig: I det eine til­fel­let var det Face­bo­ok som for­år­sa­ka revo­lu­sjo­nen, i det and­re til­fel­let var det frust­ra­sjo­nen blant egyp­ta­ra­ne sjøl­ve som ten­te gnisten.

I det sist­nemn­te eksem­pe­let ligg det håp. Der­som ung­dom­mar skal kun­na over­vin­na den tek­no­lo­gis­ke deter­mi­nis­men i seg sjøl­ve, må dei inn­ta den same modi­ge hald­nin­ga som unge egyp­ta­rar gjor­de i 2011. Nors­ke ung­dom­mar må ten­kja at dei sjøl­ve kan påver­ka utvik­lin­ga av dei sosia­le medie­ne, og gje­ra dei så gode som moge­leg for det nors­ke sam­fun­net. Den­ne tanke­gan­gen kan kal­last «medie­de­sign».

Kva er teknologisk determinisme?

Å vera tek­no­lo­gisk deter­mi­nist betyr at du trur sam­funns­ut­vik­lin­ga vert dri­ven fram av tek­no­lo­gi­ar meir enn av inter­es­se­ne til enkelt­men­nes­ke og grup­per. No for tida er sosia­le medi­er eit godt eksem­pel på det­te. Face­bo­ok har end­ra det sosia­le livet til ung­dom over hei­le ver­da utan at ung­dom­ma­ne sjølv vart råd­spurt, og har for­år­sa­ka ein revo­lu­sjon i måten folk kom­mu­ni­se­rer med kvar­and­re på. I det mins­te er det­te ei hevd­vun­nen oppfatning.

Man­ge har ei over­dri­ven tru på at tek­no­lo­gi­ar gjer ver­da betre. Begeis­t­ing over fram­skritt og fram­tid er ikkje det ret­te hvis begeist­rin­ga er ugjen­nom­tenkt eller grunn­laus. Då kan den fak­tisk vera eit uttrykk for man­gel på fri­dom. Begeist­rin­ga kamu­fle­rer ei kjens­le av at ein er dømt til å del­ta i dei akti­vi­te­ta­ne som domi­ne­rer no. Då bit ein ten­ne­ne saman og er entu­si­as­tisk, og slår hardt ned på dei som ten­kjer ann­leis. Dei som ikkje vil bru­ka Face­bo­ok er gam­al­dag­se. Dei roman­ti­se­rer tid­le­ga­re tiders livs­før­sel, og nek­tar å ta inn­over seg ver­ke­leg­hei­ta slik den er no. Dei kan gje­rast narr av som repre­sen­tan­tar for tan­ken om at «alt var betre under krigen».

Deter­mi­nis­ten ten­ker at tek­no­lo­gi­en fun­ge­rer på ein for­hånds­be­stemt måte

Feil­plas­sert begeist­ring gjer at ein over­ser eit vik­tig pro­blem, nem­leg at me eigent­leg ikkje kan gje­ra heilt som me vil. Me er ikkje frie! Dei gigan­tis­ke tek­no­lo­gis­ke struk­tu­ra­ne er ster­ka­re enn vår per­son­lege vil­je, i hvert fall så len­ge me fer­dast ute i det mate­ri­el­le sam­fun­net. Tenk deg at du skal til Amster­dam. Du skrur av TVen, for­let huset, kjem ut i tra­fikk­sys­te­met, vert frak­ta til ein fly­plass, skrur av mobi­len, tek fly­et til ein annan by, skrur på mobi­len, går gjen­nom fly­plas­sen, kjem ut i tra­fikk­sys­te­met, sjek­kar inn på hotel­let, og skrur på TVen. Du går i ei slu­se som du er tvun­gen til å vera inni. Sjølv om du kan ten­kja på kva du vil så er krop­pen din fan­ga i det­te tek­no­lo­gis­ke systemet.

No vil eg gå næra­re inn på kva deter­mi­nis­me er, og vil bru­ka utbrei­in­ga av jern­ba­nen i USA på 1860-talet som eksem­pel. Då var det ei vold­som fram­tids­tru, og den var deter­mi­nis­tisk. Kjer­nen i den­ne måten å ten­kja på er at utvik­lin­ga av sam­fun­net hovud­sak­leg skjer gjen­nom opp­fin­ning av nye tek­no­lo­gi­ar som er meir effek­ti­ve enn dei gam­le. Jern­ba­nen kan frak­ta meir gods og pas­sa­sje­rar enn hest og vogn kan, og set­te i gang ein trans­portre­vo­lu­sjon. Sosi­al og kul­tu­rell utvik­ling kjem som eit resul­tat av at sta­dig meir avan­ser­te tek­no­lo­gi­ar vert kon­stru­er­te, og dei byg­gjer på alt det avan­ser­te som alle­reie er utvik­la. Sivi­li­sa­sjo­nen brei­er seg utover præ­ri­en, der det tid­le­ga­re ber­re var aude­mark. Det ligg i sakens natur at den­ne tek­no­lo­gis­ke utvik­lin­ga ska­par end­rin­gar i folks livs­før­sel og kvar­dags­liv. Jord­bruks­land vert opna opp, han­de­len blomst­rar og man­ge flei­re men­nes­ke kan ver­ta rike og nøgde.

Litografi frå 1868, produsert av firmaet Currier & Ives: "Across the Continent. Westward the course of empire takes its way".

Lito­gra­fi frå 1868, pro­du­sert av fir­ma­et Cur­ri­er & Ives: «Across the Con­ti­nent. Westward the cour­se of empi­re takes its way».

Det finst ibuan­de eigen­ska­par ved tek­no­lo­gi­ar som gjer dei godt bru­kan­de til vis­se ting, og ikkje til and­re ting. Jern­ba­nen for­år­sa­kar sivi­li­se­rings­pro­ses­sen pga. sitt sto­re trans­port­vo­lum, beho­vet for sta­sjons­byar langs lin­ja, mark­na­den for jern til skin­ne­ne, og så bort­et­ter. Når ein tek­no­lo­gi har vor­te intro­du­sert i sam­fun­net vil den nød­ven­dig­vis føra til end­rin­gar; det­te er ikkje noko som er oppe til debatt. India­na­ra­ne sin tids­al­der er ute. Dei­ra livs­før­sel var basert på sto­re natur­land­skap der dyr bei­ter og kan jak­tast på, og det­te livet har ingen sjan­se i det nye tek­no­lo­gis­ke landskapet.

Fram­skrit­tet er uunn­gåe­leg. Deter­mi­nis­ten ten­ker at tek­no­lo­gi­en fun­ge­rer på ein for­hånds­be­stemt måte. ’Det går ikkje an å vera imot utvik­lin­ga’, sei­er han, ’for eg er ber­re eit lite men­nes­ke i den sto­re saman­hen­gen’. I USA på 1860-talet fanst det eit ideal om «mani­fest desti­ny». Det var ame­ri­ka­na­ra­nes kla­re skjeb­ne å gjen­ska­pa det bes­te frå den gam­le ver­da i den nye ver­da. Det­te krev­de hei­le tida nye ter­ri­to­ri­er, heilt til det ikkje var meir igjen å kolo­ni­se­ra. Utvik­lin­ga vert der­med uunn­gåe­leg, og du treng eigent­leg ikkje ten­kja på det. Det var heilt natur­leg at bilen kom etter jern­ba­nen, og så kom fly­et, og alt var med på å gje­ra den ame­ri­kans­ke sivi­lia­sjo­nen meir perfekt.

Sidan 1800-talet har det blitt sta­dig mind­re poli­tisk kor­rekt å ten­kja slik, og dei fær­ras­te slår seg på brys­tet og sei­er ’Eg er ein tek­no­lo­gisk deter­mi­nist’. Det vil­le jo høy­rest ut som du ikkje trur at det er moge­leg med per­son­leg ini­tia­tiv, og at ein ikkje kan end­ra på ting gjen­nom sam­ar­beid og poli­tisk mobi­li­se­ring. Det para­dok­sa­le er at deter­mi­nis­me fun­ge­rer som ei opti­mis­tisk hald­ning for unge men­nes­ke som lever i omskif­te­li­ge tider. Eg sjølv er fri, mens tek­no­lo­gi­en kjem og påver­kar meg fra utsida.

Facebook gjer deg fri!

Hvis ein tek­no­lo­gi fun­ge­rer bra, slik som man­ge mei­ner at Face­bo­ok gjer, vil den ver­ta opp­fat­ta som posi­tiv, og hvis den fun­ge­rer dår­leg, slik som DAB-radio kan vera eit eksem­pel på, så vil den ver­ta opp­fat­ta som neg­a­tiv. I beg­ge til­fel­le er det tek­no­lo­gi­en som for­kla­rer end­rin­ga­ne, og ikkje mine eig­ne hand­lin­gar. Slik vert tek­no­lo­gisk deter­mi­nis­me ein god intel­lek­tu­ell over­le­vings­stra­te­gi, og du kjen­ner deg fri.

Men kva slags fri­dom er det­te? Tenk på kor­leis Ste­ve Jobs og dei and­re entre­pre­nø­ra­ne bak nye medi­er vert fram­stilt. Suzan­ne Beck­mann, pro­fes­sor ved Copen­ha­gen Busi­ness School, omta­lar han slik: «Han har, på en tek­nisk avan­sert, men sam­ti­dig lek­ker og bru­ker­venn­lig måte, gitt oss fri­het. Fri­het til flek­si­bi­li­tet og mobi­li­tet. Det er nær­mest en revo­lu­sjon. Han har revo­lu­sjo­nert vår måte å føle oss frie på» (Klasse­kam­pen, 12.10.2011). Javel. Ste­ve Jobs har laga tek­no­lo­gis­ke løy­sin­gar som vert spreidd ut i sam­fun­net på ein så total måte at me nes­ten er dømt til å mei­na at dei for­bet­rar liva våre. Det er akku­rat som med jern­ba­nen på 1800-talet. Kven kan vel vera imot framskrittet?

I mot­set­ning til tra­di­sjo­nel­le medi­um som radio og fjern­syn pro­du­se­rer ikkje sosia­le medi­um inn­hald. Dei lagar ikkje nyhei­ter, fik­sjons­fil­mar eller radio­tea­ter. Face­bo­ok sen­der bru­ka­ra­ne sitt inn­hald fram og til­ba­ke inni nett­ver­ket, og sen­su­re­rer vekk det som vert kla­ga på, men elles er dei (lik­som) nøy­tra­le og usyn­le­ge. Nett­opp den­ne man­ge­len på inn­hald er sosia­le medi­um sitt frems­te karak­ter­trekk, og dei har jo med­ført ein slags revolusjon.

Twit­ter og Face­book lærer deg å hev­da deg sjølv betre

Men kva går revo­lu­sjo­nen ut på? Nett­verks­ba­ser­te medi­um har gjort at folk kan skaf­fa seg infor­ma­sjon mykje ras­ka­re enn i den ana­lo­ge tids­al­de­ren, då ein­vegs­me­die­ne domi­ner­te. Rele­vant infor­ma­sjon er no all­tid til­gjen­ge­leg, til og med på do. Endå vik­ti­ga­re er det at folk kan del­ta i offent­leg kom­mu­ni­ka­sjon heilt sjøl­ve. Me kan skri­va, leg­ga ut bile­te, fil­ma video­ar og del­ta i stør­re eller mind­re offent­leg­hei­ter med våre mei­nin­gar. Slik sett har sosia­le medi­um med­ført ei endå ster­ka­re demo­kra­ti­se­ring i Nor­ge enn det som lokal­de­mo­kra­ti­et og vel­ferds­sta­ten alle­reie har sti­mu­lert til.

I sum har sosia­le medi­um «for­år­sa­ka» ein enorm auke i den tek­no­lo­gisk for­mid­la kom­mu­ni­ka­sjo­nen mel­lom van­le­ge folk, og fir­ma som Tele­nor, Riks-TV og Spo­ti­fy tener like enor­me sum­mar på å leve­ra infra­struk­tu­ren for det hei­le. Alt har blitt fri­are og meir indi­vi­dua­lis­tisk. Twit­ter og Face­bo­ok lærer deg å hev­da deg sjølv betre, og gjer deg til ein betre til­pas­sa sam­funns­bor­gar – i hvert fall inna­for det sam­fun­net som dei nye medie­ne ska­par. Folk som tek medie­ut­dan­ning får inter­es­san­te job­bar der dei driv med stra­te­gi, for­mid­ling og pro­gram­me­ring som styr­kar dei nye medie­nes påver­king. Der­som du vil, kan du fint ten­kja at det er fan­tas­tisk å leva no!

Sosiale mediers rolle under den egyptiske revolusjonen

Men som de skjø­nar er eg ein av skep­ti­ka­ra­ne. Dei sis­te åra har eg jevn­leg lest ordet «Face­bo­ok­re­vo­lu­sjo­nen», og eg vert like irri­tert kvar gong. Tan­ken er at Face­bo­ok var så vik­tig for koor­di­ne­rin­ga av møte og pro­test­hand­lin­gar på Tahrir­plas­sen i Kai­ro, at det­te medi­et for­and­ra ver­ke­leg­hei­ta i Egypt. Eg kan ikkje seia at det er direk­te feil, men eg kan seia at eg vert depri­mert av å ten­kja at det skul­le vera rett.

Ber­gens Tiden­de for­mu­le­rer ein slik deter­mi­nis­tisk Egypt-ana­ly­se i artik­ke­len «Face­bo­ok for­and­ret ver­den», trykt den 28. febru­ar 2011. Språk­fors­kar Lin­da Kjosaas vert inter­vjua, og mei­ner at Face­bo­ok var heilt avgje­ran­de for orga­ni­se­rin­ga av demon­stra­sjo­na­ne. Sær­leg Face­bo­ok-grup­pa «Vi er alle Kha­led Said» had­de stor mobi­li­se­rings­ef­fekt, og fekk over ein mil­lion med­lem­mer. Iføl­ge Kjosaas var Face­bo­ok «en vik­tig møte­plass for akti­vis­te­ne og en for­ut­set­ning for at revo­lu­sjo­nen fant sted».

Faksimile frå Bergens Tidende, 28. februar 2011.

Fak­si­mi­le frå Ber­gens Tiden­de, 28. febru­ar 2011.

Ana­ly­sen føre­set at egyp­ta­ra­ne får si dra­ma­tis­ke sam­funns­om­velt­ning for­di ein tek­no­lo­gisk mulig­heit duk­kar opp, og det gjer den på eit til­fel­dig tids­punkt i egyp­tisk saman­heng, sidan Face­bo­ok sin opp­komst vit­tar­leg vart bestemt av den ame­ri­kans­ke sivi­lia­sjons­ut­vik­lin­ga. Plut­se­leg får egyp­ta­ren kraft til å tvin­ga sin vil­je gjen­nom. Ende­leg kan folk ska­pa press­grup­per på Face­bo­ok, etter hundre­vis og tusen­vis av år utan den­ne mulig­hei­ta. I vår tek­no­lo­gikvar­dag fram­står det som heilt natur­leg å gje Mark Zucker­berg æra for at det vart revo­lu­sjo­næ­re til­stan­dar i Nord-Afri­ka. Me er så tryg­ge på god­hei­ta i våre medie­tek­no­lo­gi­ar at me lett kan tru at dei no svei­par gjen­nom den mus­lims­ke ver­da og ska­par fram­skritt og demokrati.

Men i den­ne ana­ly­sen ligg det ei alvor­leg under­vur­de­ring av det poli­tis­ke dyret som eit men­nes­ke er. Ei mind­re deter­mi­nis­tisk ana­ly­se av hen­din­ga­ne i Egypt kan inter­es­sant nok fin­nast i den alle­reie siter­te utgå­va av Ber­gens Tiden­de frå febru­ar 2011. Under sek­sjo­nen «Utland» finn eg ein artik­kel med tit­te­len «Vi fant kref­ter i oss selv vi ikke viss­te vi hadde».

Det­te er eit inter­vju med Ahmed Al Hin­da­wi, ung­doms­råd­gi­var for Den ara­bis­ke liga. Han har ei sosi­al for­kla­ring på dei dra­ma­tis­ke hen­din­ga­ne. Iføl­ge han er pro­ble­met at regi­met består av eld­re menn som ikkje tek den sto­re ande­len unge men­nes­ke med i beslut­nings­pro­ses­sa­ne. Unge men­nes­ke kan lett få seg utdan­ning, men det er ikkje lett å få arbeid etter­på, og sær­leg ikkje arbeid med ansten­dig lønn og håp om eit mid­del­klasse­liv. På grunn av sti­gan­de pri­sar på ris, korn og driv­stoff har den øko­no­mis­ke kvar­da­gen blitt endå har­da­re dei sis­te åra. Egyp­ta­rar flest er fat­ti­ga­re enn på man­ge tiår, og lever under ned­ver­dig­an­de vil­kår målt etter sitt eige lands normal.

Her vert revo­lu­sjons­til­stan­da­ne i Egypt alt­så for­klart med at det var poli­tisk vil­je til å utføra dei. Slik fri­dom­størst er vel­kjent frå den frans­ke revo­lu­sjo­nen og hundre­vis av fol­ke­le­ge opp­rør gjen­nom tide­ne. Den egyp­tis­ke vil­jen vert vak­kert for­mu­lert av Ahmed Al Hindawi:

Våre for­eld­res gene­ra­sjon trod­de at man blindt skul­le føl­ge auto­ri­te­ter og ideo­lo­gi­er, enten det nå var reli­gion, kom­mu­nis­me, pan­ara­bis­me, etc. Men vi har ingen ideo­lo­gi og ingen lede­re. Vi har ver­di­er og prin­sip­per. Vi er også mer kri­tis­ke enn våre for­eld­re. Vi vet at vi ikke skal tro alt som makt­ha­ver­ne sier.

Her bob­lar det av anti-deter­mi­nis­me; av mot­vil­je mot å aksep­te­ra at det må fort­set­ja å vera slik det er.

På ein og same dag had­de alt­så Ber­gens Tiden­de to heilt for­skjel­li­ge for­kla­rin­gar på revo­lu­sjo­nen i Egypt, med tit­la­ne «Face­bo­ok for­and­ret ver­den» og «Vi fant kref­ter i oss selv vi ikke viss­te vi had­de». Den fyrs­te for­kla­rer hen­din­ga­ne med at Face­bo­ok gjor­de revo­lu­sjo­nen moge­leg, og den and­re med at kref­ter i dei unge egyp­tis­ke demon­stran­ta­ne gjor­de den moge­leg. Den fyrs­te for­kla­rin­ga er tek­no­lo­gi-deter­mi­nis­tisk og den and­re kan kal­last sosi­al-deter­mi­nis­tisk. Eg tvi­lar på at poli­tisk redak­tør Sjur Hol­sen og kul­tur­re­dak­tør Hil­de Sand­vik har tenkt noko sær­leg på for­skjel­len. Det er jo hel­ler ikkje van­leg at avi­se­ne for­mu­le­rer ein kon­sis­tent tek­no­logi­teori i sine formålsparagrafar.

Lag mediet sjølv!

Det sto­re dilem­ma­et drei­er seg om å fin­na ut kva du sjølv mei­ner om utvik­lin­ga av media og sam­fun­net dei er ein del av. Eg mei­ner at eit medi­um kan bidra til nye for­mer for sam­køy­ring av hand­lings­vil­je, men at ener­gi­en til å hand­la må koma frå men­nes­ka. I Nord-Afri­ka kom revo­lu­sjo­nen frå ei djup fel­les mis­nøye med kvar­dags­li­vet som til slutt vart sam­køyrt til ein mek­tig pro­test på Face­bo­ok – og på Tahrirplassen.

Hvis det­te er rik­tig må det fin­nast eit alter­na­tiv til teori­en om tek­no­lo­gisk deter­mi­nis­me. Den finst sjølv­sagt, men uhel­dig­vis har den eit endå meir tung­vint namn. Den vert ofte kal­la «sosi­al-kon­struk­ti­vis­me», noko som er meint å sig­na­li­se­ra at dei tek­no­lo­gi­ane som er vik­ti­ge for sam­fun­net vert kon­stru­ert gjen­nom sosia­le kref­ter. Den­ne teori­en fram­he­ver at i man­ge his­to­ris­ke til­fel­le var det dei sosia­le beho­va blant folk som var den reel­le grun­nen til end­rin­ga. Sosi­al-kon­struk­ti­vis­ta­ne for­kla­rer ikkje utvik­lin­ga som ein effekt av ein tek­no­lo­gi, men som ein pro­sess der man­ge uli­ke kref­ter er med å bestem­ma kva som skjer. Det er sær­leg for­de­lin­ga av poli­tisk makt og pen­gar som pre­gar utvik­lin­ga. I Noreg har me sosial­de­mo­kra­ti og noko­lun­de rett­fer­dig for­delt vel­stand, med­an i Egypt had­de dei dik­ta­tur og eks­tre­me for­skjel­lar i vel­stand. Også stor­lei­ken på dei uli­ke sosia­le grup­pe­ne påver­kar utvik­lin­ga, til dømes for­hol­det mel­lom høgt og lågt utdan­na, som er vidt for­skjel­lig i Noreg og Egypt. Det er alt­så ikkje tek­no­lo­gi­en i seg sjølv som sty­rer, og det er ikkje gitt på føre­hand kor­leis utvik­lin­ga vil skje. Dei uli­ke kref­te­ne set begren­sin­gar og utøver press, men dei kon­trol­le­rer ikkje utvik­lin­ga. Ingen­ting kon­trol­le­rer utvik­lin­ga! Den er grunn­leg­gan­de open for for­hand­lin­gar, til­fel­dig­hei­ter og vilje.

Sosia­le medi­er bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no

I den­ne teori­en ligg det meir håp enn i deter­mi­nis­men. Det går an å påver­ka den tek­no­lo­gis­ke utvik­lin­ga! «Filo­so­fa­ne har ber­re for­tol­ka ver­da på for­skjel­li­ge måtar, poen­get er å for­and­ra den», sa Karl Marx. Eg vil kom­ma med eit kon­struk­tivt for­slag før eg gjev meg. Me må laga nye medi­er sjøl­ve! Me må desig­na våre eig­ne medi­er frå bot­nen og opp! Då drei­er det seg ikkje om å ana­lyse­ra den eksis­te­ran­de ver­da pas­sivt, men om å kon­struera ei ny verd aktivt, slik Marx anbe­fa­ler. Det­te kal­lar eg mediedesign.

Medie­de­sign er grunn­leg­gan­de verdi­ba­sert. Det går ikkje an å laga eit nytt medi­um utan sam­ti­dig å rea­li­se­ra vis­se åtferds­møns­ter og ver­di­ar på kost­nad av noko and­re. God medie­ut­vik­ling hand­lar om å fin­na dei bes­te kom­mu­ni­ka­ti­ve funk­sjo­na­ne, og byg­ga dei inn i måten tek­no­lo­gi­en fun­ge­rer på.

Tenk på kor man­ge and­re måtar ein kan kom­mu­ni­se­ra på enn dei som er utbreidd i sosia­le medi­er no. Det fram­står tru­leg som absurd for den jev­ne entu­si­ast at Insta­gram, som eit av dei nyas­te medie­ne, bur­de hatt ein genuint sam­funns­end­ran­de funk­sjon for å for­te­na begeist­ring. Det­te er jo ber­re meint å vera gøy! Men det er ikkje ber­re gøy. Eit nytt verdi­sys­tem vert utvik­la i liva våre. Face­bo­ok, Insta­gram og Twit­ter dyr­kar indi­vi­dua­lis­me, og inspi­re­rer til same makt­for­de­ling i den nors­ke offent­leg­hei­ta som den dei har i USA. Kjen­di­s­ar og rik­folk kjem all­tid best ut. Dei sosia­le medie­ne, slik dei fun­ge­rer no, er såleis fan­tas­tis­ke verk­tøy til å spreia ame­ri­kans­ke ver­di­ar i Norge.

Men vil me eigent­leg ha des­se ver­di­ane? Der­som alle ten­kjer deter­mi­nis­tisk, så går jo utvik­lin­ga sin skei­ve gang, og alle er noko­lun­de nøg­de utan å vera frie. Då ten­kjer me kan­skje ikkje godt nok over kva ver­di­ar me inn­fø­rer mens det enno går an å påver­ka utvik­lin­ga, og kjem fyrst til å rea­ge­ra poli­tisk når ver­di­ane er kropps­leg­gjort i ein ny gene­ra­sjon av ung­dom­mar. Då er det for seint.

Medie­de­sign krev mot til å vel­ja seg eit verdi­sett som ein kjem­per for å inn­føra. Eg mei­ner at sosia­le medi­er bør rede­sig­nast slik at dei får nors­ka­re ver­di­ar enn dei har no. Dei bur­de vera kol­lek­ti­ve, jam­byr­di­ge og loka­le, og dei bur­de byg­gast for å inspi­rera – eller deter­mi­ne­ra – unge men­nes­ke til å ver­ta heilt and­re vaks­ne enn dei vil bli slik situa­sjo­nen er no. Men så len­ge utvik­lin­ga av nye medi­er skjer på den inter­na­sjo­na­le medie­in­du­stri­en sine pre­miss er det liten sjan­se for at sosial­de­mo­kra­tis­ke ver­di­ar vil pre­ga fram­ti­da vår. End­rin­gar i hald­nin­gar og behov må koma frå heilt and­re hald.

Eg har sterk tru på at nors­ke uni­ver­si­tets- og høg­skule­mil­jø kan end­ra inn­ret­nin­ga på dei sosia­le medie­ne, og endå ster­ka­re tru på at unge, enga­sjer­te ele­var på vidare­gå­an­de sku­lar kan ver­ta ein makt­fak­tor. Tenk på motet til dei unge egyp­ta­ra­ne! Norsk ung­dom har sjølv­sagt også poten­si­al for eit slikt mot. Der­som dei ten­kjer ordent­leg over sin eigen medie­bruk kan dei inn­sjå at det er moge­leg å stå imot tenden­sen til å ten­kja at alt alle­reie er avgjort. Ung­dom­mar som torer å utford­ra dei sosia­le medie­nes tvangs­trøye kan utgje­ra ei vel­dig kraft, og på leng­re sikt kan dei end­ra det nors­ke sam­fun­net til det betre.

Det­te inn­leg­get vart opp­rin­ne­leg hal­de som eit føre­drag under «Fram­tids­kon­fe­ran­sen» på Nor­dahl Grieg vidare­gå­an­de sku­le, 20. febru­ar 2013. Då var tit­te­len «Tek­no­logi­de­ter­mi­nis­me. Ein van­leg ten­kje­måte blant folk som er begeist­ra for nye medier».

TEMA

S

osiale
medier

43 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

KOMMENTÉR
  1. […] at me ver­ken er tek­no-opti­mis­ter eller tek­no-deter­mi­nis­tar, men i sta­den er tek­no-prag­ma­tis­tar (les­te nett­opp ein fin utgrei­ing om nett­opp det­te). Å vel­je kva me vil bru­ke slik tek­no­lo­gi til vil vere opp til oss. Og viss me fort­set­ter å lære […]

til toppen