Russland: Hei og farvel til ytringsfridomen?

Kritiske røyster og uavhengige medium finst i den russiske offentlegheita, men kontroll, søksmål og trugslar gjev dei stadig vanskelegare kår.

Dei sis­te åra har me sett ei aukan­de merk­semd kring uli­ke sta­tars vek­san­de grad av over­va­king og kon­troll av infor­ma­sjon og den enkel­te sam­funns­bor­gars medie­bruk. I som­me til­fel­le balan­se­rer sty­res­mak­ter på ei smal lin­je mel­lom kva som er aksep­ta­belt og kva som gren­sar over i spio­na­sje ovan­for sitt eige folk. 

Den rus­sis­ke føde­ra­sjon er på ingen måte ny i det­te gamet, og nasjo­nens his­to­ris­ke arv har sett ster­ke røter som strekk seg langt inn i dagens moder­ne rus­sis­ke sam­funn. Lan­det er kjend for si his­to­ris­ke tra­di­sjon med både streng sen­sur og kon­troll over alle instan­sar i sam­fun­net, også opi­nio­nen. Her har lan­dets masse­me­di­um spe­la ei sen­tral og avgje­ran­de rol­le for å hal­de mas­sa­ne pas­si­ve og opp­da­ter­te på sty­res­mak­te­nes lin­jer. Ber­re unn­taks­vis har media ført ei alter­na­tiv lin­je til den regje­ran­de eliten.

Media i Russland
Artik­ke­len byg­gjer på nokre av fun­na i for­fat­ta­rens mas­ter­av­hand­ling avlagt ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen i 2014. Gjen­nom kva­li­ta­ti­ve inter­vju med sen­tra­le og renom­mer­te uav­hen­gi­ge jour­na­lis­tar og eks­per­tar på den rus­sis­ke medie­mark­na­den, vur­de­rer avhand­lin­ga kva rol­le uav­hen­gi­ge medi­um og uav­hen­gig, kri­tisk jour­na­lis­tikk har i det rus­sis­ke sam­fun­net og kva utford­rin­gar dei står ovanfor.

Sjølv den dag i dag gjer sta­dig meir kom­plek­se og skjul­te for­mar for kon­troll og sen­sur av infor­ma­sjons­strau­men seg gjel­dan­de. Trass eit rela­tivt libe­ralt medie­lov­verk som skal sik­re ytrings- og medie­fri­do­men i lan­det, ytter­le­ga­re for­ster­ka ved eit ned­felt for­bod mot sen­sur, er det lite som til­sei­er at ytrings­fri­do­men i Russ­land får like stort spele­rom i kvar­da­gen som det lov­ver­ket tilseier.

Mot ei ytterlegare innskrenking av ytringsfridomen?

Pre­si­dent Vla­di­mir Putin la lite skjul på sitt ende­le­ge mål om å opp­ar­bei­de seg ei god kon­troll over opi­nio­nen ved å leg­gje lan­dets størs­te TV-kana­lar under stat­leg kon­troll, då han inn­tok pre­si­dent­em­be­tet for fyrs­te gong ved tusen­års­skif­tet. I tida etter det­te har sta­dig stør­re delar av det rus­sis­ke medie­land­ska­pet også vor­te del av grup­pa med stat­le­ge styr­te masse­me­dia. Det­te anten gjen­nom direk­te stat­leg eigar­skap, eller indi­rek­te via stat­leg eig­de medie­sel­skap eller mek­ti­ge eiga­rar loja­le til styresmaktene.

Sty­res­mak­te­nes og makt­eli­tens syn på medias rol­le og funk­sjon i det rus­sis­ke sam­funn bærer i stor grad preg av grunn­leg­gjan­de hald­nin­gar som har sett dju­pe røter i sam­fun­net frå dei fyrs­te avi­se­ne vart intro­du­ser­te i lan­det i det 18. århund­re. Tra­di­sjo­nen tru har media i stor grad vor­te nyt­ta som munn­styk­ke for den regje­ran­de eli­ten sidan dette. 

Ei slik orga­ni­se­ring av media byr på sto­re kon­se­kven­sar for det gene­rel­le medie­inn­hal­det. Føre­koms­ten av såkal­la «gule nyhen­de» som i stor grad drei­ar seg kring enkel under­hald­ning, skan­dale­jour­na­lis­tikk og eit ein­si­dig og stan­dar­di­sert nyhende­bi­le­te, domi­ne­rer i det rus­sis­ke medie­land­ska­pet. Den kri­tis­ke vink­lin­ga og jak­ta på san­nin­ga tru mot meir vest­le­ge ideal for jour­na­lis­tikk og medie­verk­semd er ei klår man­gel­vare. Like­vel ver­kar den gene­rel­le rus­sis­ke sam­funns­bor­ga­ren nøgd. Ein teori er at på mot­ta­kar­sida har den­ne stan­dar­di­se­rin­ga og for­dum­min­ga av medie­inn­hal­det ført til eit meir pas­sivt medie­pub­li­kum som ikkje ser nokon grunn til å pro­te­ste­re når dei kan vel­je og vra­ke i under­hald­ning og skandalenyhende. 

Represalier og sjølvsensur

Også fryk­ta for repre­sa­li­er står svært sen­tralt i utfor­min­ga av det rus­sis­ke medie­bi­le­tet. Det­te feno­me­net er såpass avgje­ran­de og har så stor makt over den enkel­te jour­na­list og redak­tør at dei vel å sen­su­re­re seg sjøl­ve i frykt for å få trak­ke mek­ti­ge aktø­r­ar eller myn­dig­hei­te­ne unø­dig på tær­ne. I dei fles­te til­fel­la vel den gjen­nom­snitt­le­ge jour­na­list å unn­gå dei meir kon­tro­ver­si­el­le sake­ne. I eit inter­vju med meg for­mu­le­rer den uav­hen­gi­ge jour­na­lis­ten Mia seg slik:

Du som jour­na­list veit kva områ­de som vert rek­na som for­bo­de. Du veit kva eiga­rar og sty­res­mak­ter for­ven­tar av deg, utan at dei nød­ven­dig­vis dik­te­rer deg direk­te i kvardagen.

Pres­set om å føl­gje meir eller mind­re uof­fi­si­el­le ret­nings­lin­jer for rus­sisk jour­na­lis­tikk fører til ei sen­su­re­ring av inn­hald for å unn­gå risi­ko­en for mel­lom anna ned­rykk i stil­ling eller lønn, å mis­te job­ben eller akkredi­te­rin­ga si, å opp­le­ve trugs­lar eller vald, eller som i dei meir eks­tre­me til­fel­la, ver­ta sen­de i eksil eller drep­ne grun­na dei­ra arbeid. Anna Polit­kovs­ka­ja er det mest kjen­de eks­tre­me døme. Her ute­luk­kar ein på ingen måte at også jour­na­lis­tar med ei sterk loja­li­tet til sty­res­mak­te­ne vel å sen­su­re­re seg også utan å ver­ta direk­te moti­ver­te av frykt.

Vage lover

Dei sis­te åra har det også vor­te intro­du­sert uli­ke lover som er med på å opne opp for at sty­res­mak­te­ne kan stram­me til jern­gre­pet om lan­dets media og om ytrings­fri­do­men. Ved hjelp av ei svært vag for­mu­le­ring av sen­tra­le omgrep og fak­to­rar resul­te­rer des­se love­ne i ei ytter­le­ga­re inn­skren­king av ytrings­fri­do­men i lan­det. Medie­inn­hald, på TV så vel som på papir og radio, samt enkelt­per­son­ars ytrin­gar på nett i form av blog­gar eller bru­kar­kon­to­ar på sosia­le medi­um, har enda opp som målskive. 

22. juli 2014 sig­ner­te pre­si­dent Putin ei ny lov som krev at infor­ma­sjon kring ytrin­gar og bru­kar­in­for­ma­sjon på sosia­le nett­verk skal lag­rast på ser­ve­rar lokalt i Russ­land. På den­ne måten vil Kreml kun­ne vere i stand til å sten­gje ute hei­le sosia­le medi­um som sprei­er infor­ma­sjon i det rus­sis­ke sam­funn som strir med sty­res­mak­te­nes lin­jer. Det­te vil kun­ne vere ein rea­li­tet i lan­det fyrst i 2016.

Tid­le­ga­re intro­du­ser­te Putin ei anti-ter­ror­lov og lov om eks­tre­mis­me kor kon­troll­or­ga­net Ros­kom­nad­zor over­va­ker både rus­sis­ke medi­um på nett og papir så vel som den gene­rel­le inter­nett­bru­ken i lan­det. Kon­troll­or­ga­net har mel­lom anna mak­ta til å sten­gje nett­sta­der som sprei­er inn­hald vur­dert som eks­tre­mis­tisk eller ska­de­leg, utan at lova utdju­par sjøl­ve defi­ni­sjo­nen av kva dei vur­de­rer som eks­tre­mis­tis­ke ytrin­gar eller ska­de­leg innhald.

Ros­kom­nad­zor er også ansvar­leg for å fjer­ne bru­kar­kon­to­ar på sosia­le nett­verk som sprei­er ska­de­leg inn­hald. Her er det alle­reie gjort flei­re for­søk på å set­je i stand avta­lar med mel­lom anna Face­bo­ok og Twit­ter om å gje rus­sis­ke sty­res­mak­ter full kon­troll over rus­sis­ke bru­kar­kon­to­ar. Fore­lø­pig er det hel­ler liten vel­vil­je å sjå frå både Face­bo­ok og Twit­ter. Sli­ke intro­duk­sjo­nar og hand­te­rin­gar av lov­verk, samt ei igno­re­ring og utnyt­ting av and­re lover, er ikkje direk­te nytt ver­ken i Russ­land eller for rus­sis­ke sty­res­mak­ter. Like­vel vert det ei stor utford­ring for dei få kri­tis­ke instan­sa­ne i sam­fun­net å arbei­de rundt og unn­gå des­se love­ne for å kun­ne for­mid­le alter­na­ti­ve per­spek­tiv til samfunnet.

Ei kritisk røyst i uavhengige medium

Det er lett å for­stå kor­leis både Free­dom House og Repor­ters Wit­hout Bor­ders vur­de­rer til­stan­den til rus­sis­ke medi­um som svært alvor­leg og meir eller mind­re ufrie. Like­vel er det sen­tralt å påpei­ke at ein også finn kri­tikk av regi­met, også blant media loja­le til styresmaktene. 

Den størs­te instan­sen som til­byr alter­na­ti­ve og svært kri­tis­ke vur­de­rin­gar av sen­tra­le pro­ses­sar og feno­men i det rus­sis­ke sam­funn, er den uav­hen­gi­ge medie­sek­to­ren. I den­ne sen­tra­le, men svært avgren­sa grup­pa finn ein media som er fri frå poli­tisk og øko­no­misk påverk­nad frå både sty­res­mak­ter og eiga­rar. Vest­le­ge jour­na­lis­tis­ke ideal står svært sterkt i den gjen­nom­snitt­le­ge uav­hen­gi­ge jour­na­lists dag­le­ge verk­semd, og des­se masse­me­dia og dei­ra til­høy­ran­de jour­na­lis­tar er nokre av svært få instan­sar i lan­det som kan til­by eit mang­fal­dig og kri­tisk medie­inn­hald til samfunnet. 

Eg ser i dag ein ny gene­ra­sjon av jour­na­lis­tar som brenn for dei ideal og ver­di­ar som er del av dei­ra pro­fe­sjo­nel­le liv i rus­sis­ke media. Dei søkjer san­nin­ga og sli­ke jour­na­lis­tar spe­lar ei nøk­kel­rol­le for å frem­je øns­ke om end­ring i sam­fun­net. (Nadezh­da Azh­gik­hi­na i den Rus­sis­ke Journalistunion).

Trass i ei rela­tivt liten rekke­vid­de saman­lik­na med meir popu­læ­re nasjo­na­le masse­me­dia, har den uav­hen­gi­ge medie­sek­to­ren vor­te lagt mer­ke til både i sitt heim­land og på inter­na­sjo­nalt plan. Høgt pri­sa for sine kri­tis­ke og ana­ly­tis­ke saker og vink­lin­gar kring tema rek­na som tabu i det rus­sis­ke sam­funn, er sli­ke medi­um og jour­na­lis­tar eit klårt lys­punkt i ei elles så under­trykt og eins­for­mig medie­røynd. Utford­rin­ga­ne står dag­leg på dør­stok­ken med søks­mål, trugs­lar, over­fall og kva ver­re er for des­se jour­na­lis­ta­ne. Like­vel over­døy­ver sam­funns­an­sva­ret fryk­ta for repre­sa­li­er og moti­ve­rer dei til å hal­de fram med si verksemd.

Den gene­rel­le jour­na­lis­tik­ken i Russ­land er i dag hel­ler basert på PR og pro­fitt enn å bekym­re seg med å fyl­le jour­na­lis­tis­ke ideal. Difor er vår jobb vor­ten enno vik­ti­ga­re for å kun­ne til­by sam­fun­net alter­na­ti­ve vink­lin­gar og kri­tis­ke saker sjølv om det kan inne­bære ein viss risi­ko. (Yuri, uav­hen­gig journalist).

Også den spen­te situa­sjo­nen i Ukrai­na har ført med seg eit stør­re press på rus­sis­ke masse­me­di­um til å føl­gje sty­res­mak­te­nes lin­jer når det kjem til dei­ra dek­king av uro­leg­hei­ta­ne i nabo­lan­det. Det­te er sty­res­mak­te­nes for­søk på å inn­hen­te ein viss kon­troll over kva bile­te av Ukrai­na og den pågå­an­de kri­sa som vert pre­sen­tert for det rus­sis­ke folket.

Om kri­sa i Ukrai­na og den til­syne­la­tan­de vek­san­de kløf­ta mel­lom Russ­land og Ves­ten held fram med å eska­le­ra, sam­stun­des som sty­res­mak­te­ne står fritt til å hal­de fram slik dei gjer i dag, lover det ikkje godt for ytrings­fri­do­mens alle­reie så despe­ra­te posi­sjon i landet.
Den gene­rel­le jour­na­lis­tik­ken i Russ­land er i dag hel­ler basert på PR og pro­fitt enn å bekym­re seg med å fyl­le jour­na­lis­tis­ke ideal. Difor er vår jobb vor­ten enno vik­ti­ga­re for å kun­ne til­by sam­fun­net alter­na­ti­ve vink­lin­gar og kri­tis­ke saker sjølv om det kan inne­bære ein viss risi­ko. (Yuri, uav­hen­gig journalist).

TEMA

J

ournali
stikk

117 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen