Den farlege karikaturen

Ein skarp penn, ein vittig strek og ein uredd redaktør gjorde Ragnvald Blix til ein av våre fremste avis- og karikaturteiknarar gjennom tidene.

«For at være en god Karikaturteg­n­er maa man være kold som Is lige oven­for alle Meninger og Per­son­er. Sym­pa­ti­er eller Antipati­er eksis­ter­er ikke. Frem­for alt ingen Respekt for Autoriteter, Tra­di­tion­er eller nogen som helst i Himlen, ikke engang for noget i Helvede.»

(Rag­n­vald Blix)

Den satiriske karikaturteikninga har ei lang fart­stid i europeisk presse. Det første dedik­erte satire­bladet såg dagens lys i Frankrike i 1830, og her heime har fenomenet sine røt­ter frå midten av 1800-talet. Bladet Kryd­seren (1849–1859) bana veg, og sidan opp­sto ei rekke meir eller min­dre tungt illus­tr­erte vit­tigheits­blad med tit­lar som Vikin­gen, Kor­saren, Humoris­ten, Hvepsen, Tyri­hans og Exlex. Sist­nem­nde vart skipa og redi­gert av avis­teiknaren Rag­n­vald Blix (1882–1958), som for øvrig også hadde vore redak­tør i Tyrihans.

Rag­n­vald Blix var son av pro­fes­sor, kyrk­jem­i­nis­ter og salmedik­tar Elias Blix. Karikaturkun­sten lærte han svært tid­leg, og var langt på veg auto­di­dakt. Store delar av sitt liv tilbragte han i utlandet, mel­lom anna i Køben­havn, Göte­borg, München og i Paris. Likev­el skulle han få stor bety­d­ing som satirikar og opin­ions­dan­nar i den norske offentleghei­ta gjen­nom heile den første halvde­len av 1900-talet.

Hylla av Mark Twain

Mona Lisa (Illustrasjon: R. Blix / Ragnvald og Ida Blix' Fond)

Mona Lisa
(Illus­trasjon: R. Blix / Rag­n­vald og Ida Blix’ Fond)

I Paris fekk han sitt inter­nasjonale gjen­nom­brot i 1905, etter utstill­inga av ei sam­ling karikat­u­rar av kjende verk frå Lou­vre. Utstill­inga førte til opp­standelse i ei rekke Paris-avis­er, sær­leg på grunn av eit særs harselerande portrett av Mona Lisa, men blei godt mot­tatt av pub­likum. Blant beun­drarane var den amerikanske for­fattaren Mark Twain, som i svært rosande orde­lag uttryk­te sin begeistring i eit per­son­leg brev. Blix sjølv syntes ikkje å ha vore kom­fort­a­bel med den vald­same mot­takinga: «De lo, og lat­teren var ikke alltid fin i kan­ten. Et øye­b­likk ble jeg rådvill. Det var ikke komik­er jeg ville være», utta­la han i ettertid.

Det var der­i­mot poli­tisk satirikar han skulle bli, og Blix sine karak­ter­is­tiske strekar blei for alvor kjend for den norske all­mennhei­ta same år – midt i union­sop­pløysin­ga – då han gav ut jule­heftet Broder­folkenes Farvel. I eit kraftig oppg­jer med hyk­leriske poli­tikarar som kom «dras­sande med eit nytt fyrste­hus», blei dei norske reg­jer­ingsmedlemmene portr­ert­tert på særs uflat­terande vis – utan ein tråd på kroppen.

Under sitt opphald i Tysk­land, og gjen­nom heile den første verd­skri­gen, teik­na han for det tyske vit­tigheits­bladet Sim­pli­cis­simus. Bladet hadde lenge kjem­pa for inter­nasjon­al avspen­ning, men gjekk seinare over  «til å bli en nasjon­al krigstrompet» — dette iføl­gje Blix sjølv. Hans teikningar vart etter kvart smit­ta av den tyske agi­tasjo­nen, før han — og bladet — mot slut­ten av kri­gen igjen frem­ma fred­stankens sak.

Tilbake i Noreg i 1918 var han involvert i opp­starten av det fellesnordiske og par­tiuavhengige satirema­gasinet Exlex, kor han i kom­pani med stor­leikar som Sig­urd Hoel og Georg Bran­des ret­ta sin kvasse blyant mot alle sider. Men gul­lalderen for vit­tigheits­bladene var for­bi, og det ambisiøse bladet heldt berre ut i to årgan­gar. Blix søk­te seg til dags­pres­sa for å kunne over­leve som poli­tisk teik­nar. Han tok til å levere ei teikn­ing i veka til tre store skan­di­naviske avis­er, både i Noreg (Tidens Tegn, seinare Dag­bladet), Dan­mark (Berlingske Tidende) og Sverige (Sven­s­ka Dag­bladet, seinare Göte­borgs Han­dels- og Sjö­fart­stid­ning). Slik blei han, slik for­fattaren Sig­urd Hoel uttryk­te det, til ein nordisk insti­tusjon. I peri­o­den kunne han skilte med lesar­tal høgare enn kan­skje nokon annan pub­li­sist i Norden.

Sjølv om avisene i utgangspunk­tet utstyrte Blix med ein fri penn, blei han ved fleire høve føre­handssen­sur­ert frå redak­sjonelt hald. Til dømes skjed­de dette då Berlingske Tidende, av omsyn til den danske dron­ninga, valde å kutte ut ei teikn­ing av den avsat­te kro­n­prins­es­sa i Tysk­land. Dette trass i at den frit­ta­lande Blix gjekk med på å slanke kro­n­prins­es­sa kraftig, og attpåtil erstat­te «det skidt hun gaar i» med ein «chik ridedragt».

Rasande Göring

Trass i ein kort­varig flørt med den tyske keis­ar­mak­ta under den første ver­den­skri­gen, er det  likev­el Blix’ anti­nazis­tiske teikningar fram mot — og ikkje inst under — okku­pasjo­nen som har gitt han etter­mælet som den første nordiske avis­teiknaren av inter­nasjon­alt for­mat, og som ein av «de to store» saman med Olaf Guld­brans­son. Blix hadde opplevd Hitler allereie i 1922 under ein folke­tale i München, og åtte år seinare trådte han for første gong fram som fig­ur i hans teikningar. «Deretter slapp han ikke Hitler av syne før denne omsider kreperte i sin bunker i 1945», mer­ka den svenske for­fattaren Kjell Hjern seg mange år etter.

Den tyske stats­mak­ta såg med uro på Blix sin satire. Dette kom først til uttrykk i 1933, då riksmin­is­ter Her­mann Göring sendte inn ein rasande protest til Han­del­stid­nin­gen i Göte­borg. Telegram­met kom på prent, og framgår slik i ei norsk oversetting:

Jeg pro­test­er­er på det skarpeste mot de uttalelser om den tyske rik­skansler som er trykket i Deres avis av fredag den tred­je feb­ru­ar i spal­ten I dag. Som det svenske folks opprik­tige venn ser jeg slike skitne uttalelser som en alvorlig fare for de hjertelige slek­t­skaps­forbindelser mel­lom de to folk. Før det innledes videre for­føyninger, ber jeg om å få vite om Deres redak­sjon for fremti­den kom­mer til å gripe inn mot slike uttalelser.

Heldigvis for Blix var Han­del­stid­nin­gen redi­gert av den mek­tige pro­fes­soren og anti­nazis­ten Torgny Segerst­edt, som allereie samme år hadde rap­portert om kon­sen­trasjon­sleirane i Tysk­land. Segerst­edt akta på ingen måte å føye seg etter Görings trugsmål­s­lik­nande anbefalingar:

[…] Den som leser ved­k­om­mende akt­stykke, vil uten videre forstå at det kunne opp­stå tvil om dets ekthet. Vi har rik­tig­nok ikke hatt noen over­drevne forstill­inger om den nåværende tyske reg­jer­ings døm­mekraft, men dette telegram vit­ner om en sinnstil­stand som vi dog ikke ville ha tiltrodd noen av dens medlem­mer. Herr riksmin­is­ter Göring behager å beteg­ne seg som det svenske folks opprik­tige venn. Det finnes nok kretser i Sverige som vil god­ta denne vennskaserk­læring. Likev­el betakker den altoverveiende del av det svenske folk seg for herr Görings vennskap. Den har sym­pa­ti for det tyske folk, men ikke for den ret­ning som nå er i ferd med å styrte dette tyske folk ut i nye ulykker […]

Jeg kan sagtens more mig over en god karikatur af mig selv, men Hitler er en fornærmelse. (Ragnvald Blix, Ragnvald og Ida Blix' fond)

Jeg kan sagtens more mig over en god karikatur af mig selv, men Hitler er en fornærmelse.
Illus­trasjon: R. Blix / Rag­n­vald og Ida Blix’ fond

«Det er vår opprik­tige mening at herr Hitler er en fornærmelse», stad­fes­ta Segerst­edt avs­lut­ningsvis, og mark­erte dermed sin tilslut­ning til sjølve punch­lin­ja i Blix sin vit­seteikn­ing. Denne totalt kom­pro­miss­lause hald­ninga blei ikkje delt av alle hans skan­di­naviske kol­leger. Tre år seinare – i 1936 – blei Blix’ ytringsrom i Dan­mark kraftig innsnevra, då Berlingske Tidende på anbe­fal­ing frå det danske utan­riksmin­is­teri­um avgjorde aldri meir å pub­lis­ere teikningar av kon­gen av Italia, Mus­soli­ni eller Hitler.

Utan­riksmin­is­teri­et stod under eit vald­samt press i denne tida. Skal me tru ei uttal­ing frå direk­tøren, var 99 pros­ent av kla­gene dei mot­tok frå Tysk­land og Italia grun­na i net­topp Rag­n­vald Blix sine anti­nazis­tiske og antifascis­tiske satireteikningar.

I eksil med pseudonym

Blix sin siste teikn­ing før kri­gen stod på prent i Dag­bladet 6. april 1940. Berre vek­er etter Tysk­lands invasjon av Noreg 9. april tok han seg over gren­sa til Sverige, og tok raskt kon­takt med redak­tør Torgny Segerst­edt. Frå hausten byr­ja han igjen til å levere vekentlege avis­teikningar til Han­del­stid­nin­gen, frå no av under pseu­do­nymet Stig Höök. Her heime blei teikningane under kri­gen spreia av den ille­gale avisa Hånd­slag – som sannsyn­legvis nådde ut til fleire hun­dre tusen nord­menn kvar veke. Begge stad­er fort­sat­te han fram til kri­gens slutt, stadig med spiss brodd mot total­i­tarisme i all sin form – det vere seg i Tysk­land, Italia, Sov­jet eller Noreg. Hans kan­skje aller vik­ti­gaste og min­n­everdi­ge karikatur – i alle fall sett med eit his­torisk tilbake­b­likk – førestiller Vid­kun Quis­ling. Teikninga ber tit­te­len «I audi­ens hos Hitler», og syn­er Quis­ling medan han fram­før­er ein naz­i­hels­ing til ein tysk sol­dat. Den korte rep­likkvek­slin­ga går føre seg slik:

- Jeg er Quisling! - Og Navnet?  Illustrasjon: R. Blix / Ragnvald og Ida Blix' fond

— Jeg er Quis­ling!
— Og Navnet?
Illus­trasjon: R. Blix / Rag­n­vald og Ida Blix’ fond

- Jeg er Quisling!

- Og Navnet?

Ein god satire krev mot og integritet. Den skal kunne sparke oppover, og den skal kunne sparke hardt. Dette er heilt i tråd med Blix’ per­son­lege mot­to, som i debat­tane etter ter­rorå­taket i Paris har fått ein velfor­tent renes­sanse i fleire norske medier:

«For at være en god Karikaturteg­n­er maa man være kold som Is lige oven­for alle Meninger og Per­son­er. Sym­pa­ti­er eller Antipati­er eksis­ter­er ikke. Frem­for alt ingen Respekt for Autoriteter, Tra­di­tion­er eller nogen som helst i Himlen, ikke engang for noget i Helvede.»

PS: Vis­st­nok bidrog Blix’ teikn­ing sterkt til å etablere quis­ling som eit inter­nasjon­alt syn­onym for landssvik.

Kjelder:

Ben­card, Ernst Johan: «Blix, en anti­au­toritær satirik­er», Rag­n­vald og Ida Blix’ fond. 

Berentsen, Bre­do: Skarpt sett — his­to­rien om vit­tighet­s­pressen i Norge. Andresen & Buten­schøn, Oslo. 1999.

Hjern, Kjell: Blix — ver­den­spoli­tikken gjen­nom 50 år i karika­turens speil. H. Aschehoug & Co, Oslo. 1982.

TEMA

O

ffentli
ghet

91 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen