Politisk reklame har ein særskilt styrke talar, debattar og kronikkar ikkje har: Høvet til å bruke lyd og bilete i samspel. Særskilt bilete og film har ei viktig rolle i politikarane sine reklamebodskap. Men blir dei dei berre brukt for å fange interessa til publikum, eller kan dei også formidle overtydande argumentasjon? Ein tenker vanlegvis på argumentasjon som noko som skjer ved hjelp av ord, men ein kan også argumentere med bilete. Kan det også vere at visuelle argument i visse tilfelle kan vere betre, til dømes meir overtydande, enn kva tekst og tale kan?
Biletet sin særeigne styrke
Eg meiner at visuelle argument har visse høve til å vere overtydande som skil seg frå høva verbale argument har. Slike moglegheitar blir kalla affordances av kommunikasjonsforskarar, eit ord som kanskje kan bli omsett til rådigheiter eller rådvelde. Tanken er at ulike medium råder over ulike høve og føremon: Om eg skal leggje fram eit abstrakt resonnement, er det meir nøyaktig og etterretteleg dersom eg brukar språket, og kanskje til og med skrift; dersom eg skal formidle korleis mamma ser ut, er det både meir effektivt og meir nøyaktig å syne fram eit fotografi.
Jens Kjeldsen har skrive om bilete sine fire retoriske kvalitetar, noko eg les som ei utforsking av bilete sine rådvelde frå eit retorisk perspektiv. Korleis kan bilete sine kvalitetar bli nytta for å overtyde? I masteroppgåva mi forska eg på korleis dei fire retoriske kvalitetane kan bli utnytta til å formidle overtydande visuell argumentasjon i politiske reklamefilmar, meir spesifikt i tilfelle der det blei brukt ein visuell metafor.
Visuelle metaforar – Høgres helsekø
Ein metafor er å forstå noko, eit måldomene, gjennom noko anna, eit kjeldedomene, og ein visuell metafor blir kommunisert ved hjelp av bilete. Dei fire kvalitetane Kjeldsen skil mellom er nærvær, realisme, umiddelbarheit og semantisk fortetting. Eg fann samspelet mellom nærvær og realisme særskilt interessant.
La oss se på Høgre sin reklamefilm om helsekøar frå 2009. Filmen visualiserar den velbrukte metaforen helsekø – ein metafor som blir brukt av både polikarar og media, gjev over 55 000 treff i søkemotorar og til og med har gjeve namn til ei kampanjenettside. Å vente på helsetenester blir her forstått som å stå i kø, og i videoen ser me pasientar ståande i ein fysisk kø. Vidare fortel ein voiceover oss at helsekøane blei kraftig redusert under den borgarlege regjeringa som styrte frå 2001–2005, sidan ho opna opp for at staten kunne kjøpe plassar på private klinikkar – for å vokse att når den raudgrøne regjeringa fjerna denne praksisen i 2005. Korleis køane veks og krympar ved dei ulike regjeringsskifta blir tydeleg visualisert.
Kvaliteten nærvær blir godt brukt i filmen. Nærvær, ifylgje Kjeldsen, dreier seg om å skape ei oppleving hjå tilskodaren som om dei opplevde den avbilda situasjonen sjølv. Det er ikkje slik at alle bilete har nærvær, tvert om må det ei rekkje kunstgrep til.
Å skape kontakt, involvere tilskodaren i biletet, er eitt av dei. Fleire stadar i videoen er synsvinkelen slik at det verkar som om me sjølv står i køen og ser korleis den strekk seg ut bakover. Dessutan kikkar aktørane oss ofte rett i augene medan dei snakkar, som om dei vender seg til oss personleg. Me opplev køen sjølv, den vedkjem oss.
Nærvær, realisme og kjensler
Eit anna grep er at filmen er konkret. Me ser verkelege menneske i alle aldrar og former. Det konkrete skapar ikkje berre nærvær, det skapar også kvaliteten realisme. Eit realistisk bilete er eit truverdig bilete, og det truverdige her ligg i nettopp variasjonen av menneske. Her ser me ein liten gut som er tydeleg lei, ei kvinne med eit spedbarn, ein middelaldrande mann som ser ut som om han har store smerter, og til og med ei eldre dame som ikkje står i kø, men har måtta setje seg ned. Me får presentert all den lidinga helsekøane skapar på eit realistisk, truverdig vis. Dessutan får me demonstrert korleis køane blir kortare når dei borgarlege inntek regjeringskontora, som ei fylgje av at det er fleire dører å stille seg i kø for – og vidare korleis dei raudgrøne sperrer desse dørene slik at køane veks att. Ei slik visualisering kallar Kjeldsen for visuell kronologi, ei visuell framstilling som ikkje er eit fotografi, men eit slags diagram som syner ei utvikling ved hjelp av illustrasjonar og slik fungerar som eit slags prov.
Så, desse bileta vekkjer kanskje nokre kjensler hjå tilskodaren, og dei illustrerar ei utvikling på ein effektiv og forståeleg måte. Vel og bra, men korleis medverkar dette eigentleg til effektiv argumentasjon?
Aggressiv argumentasjon?
For det fyrste er det ganske openbart ein god del – ganske aggressiv – verbal argumentasjon i denne videoen. Det blir gjort klart at helsekøane blei redusert under den borgarlege regjeringa for så å vokse att under den raudgrøne, me blir tilbode ei forklaring på kvifor det er slik, og dei raudgrøne sin helsepolitikk blir kalla unødvendig, urettferdig, og usosial. Reklamen er altså eit tydeleg åtak på venstresida, kanskje særskilt Arbeidarpartiet, men det som gjev filmen styrke er at det verbale åtaket blir støtta av eit smart bruk av den utslitne metaforen «helsekø», og at denne smarte bruken avheng av bileta sine retoriske kvalitetar.
Metaforar kan nemleg bli nytta argumentativt. Ein metafor vil alltid innebere eit visst perspektiv på det metaforiserte som kan bli utnytta, og den særskilte fordelen med metaforar er at dei, rett nok dersom dei er gode, kan skape veldig rike perspektiv: Ei rekkje konnotasjonar i form av t.d. verdiar, kjensler og årsak verknad-samanhengar kan bli overført frå metaforens kjeldedomene til metaforens måldomene. Eit artig døme er frå britisk EU-debatt på 90-talet, der EU og Maastricht-traktata ofte blei omtala som eit tog som Storbritannia stod i fare for å miste. Denne metaforen overfører både årsaks-verknadssamanhengar, til dømes at dersom ein rekk toget (signerar Maastricht-traktata og slik meldar seg inn i EU) kjem ein fram dit toget går (Europa si framtid), verdiar (vanlegvis er me interesserte i å rekke toget), og scenario som kan skape kjensler – toget går sjølv om ein passasjer ikkje blir med, altså kunne Storbritannia bli ståande åleine att på plattformen medan Europa køyrde inn i framtida. Thatcher klarte å vri denne metaforen til sin eigen fordel, ved å seie at “det er liten vits i å gå på toget dersom det køyrer i feil retning”…
Å vente på helsetenester = å stå i kø
Når «å vente på helsetenester» blir forstått som «å stå i kø», er den mest openberre eigenskapen om blir overført ubehaget ved å stå i ein kø. Sidan «helsekø» er ein slitt metafor er det truleg at denne konnotasjonen ikkje dukker så lett opp hjå publikum når ein les eller høyrer ordet, men ved å framstille køen på film klarer Høgre å gjere ubehaget realistisk og nærværande for oss att. Dette ubehaget blir nytta som ein grunn, eller eit argument, til å bytte regjering: Arbeidarpartiet skapar lange helsekøer, og å stå i helsekø får folk til å lide – difor bør du stemme på Høgre, som vil gjere noko med problemet og har synt før at dei får det til.
Slik dette argumentet blir framstilt visuelt i videoen, med nærvær og realisme, får det meir tyngde enn det «tilsvarande» verbale argumentet ovanfor. Jens Kjeldsen hevdar at dette er ein av styrkane til visuell argumentasjon: Det er alltid mange gode grunnar både for og mot dei fleste politiske sakar, og me er nøydd til å ta eit val om kva grunn som bør vere den viktigaste, kva som er det tyngste argumentet. Å skape nærvær er det viktigaste middelet ein retor kan nytte for å framheve sitt argument som viktigare enn andre argument. Ved å understreke den menneskelege lidinga visuelt, formidlar videoen eit meir tungtvegande argument for at det er naudsynt å bytte regjering.
Bilete og film kan altså vekkje til live ein død metafor på eit slikt vis at den kan vere med på å formidle tungtvegande argumentasjon. Eg meiner at det visuelle også kan ha ei annan interessant rolle: Måten nærvær og realisme let oss oppleve metaforen på, nærast på eit direkte vis, kan føre til at me aksepterar delar av perspektivet metaforen skapar som me ikkje ville akseptert dersom metaforen hadde blitt verbalt framstild.
Moralsk forarging
I Høgre sin video blir helsekø-metaforen naturalisert ved at me ser pasientar stå i ein fysisk kø. Me får difor erfare at ein del ting som typisk kan skje når me ventar i kø, også skjer med pasientane som ventar på helsehjelp, mellom anna at køen blir merkbart kortare når det blir fleire stadar å stå i kø, og at vissse menneske snik i køen. Ifylgje retorikarane Perelman og Olbrechts-Tyteca har døde metaforar som “helsekø” eit viktig retorisk føremon: Dei er ein del av våre vanlege referansar, så perspektivet dei innfører vil i ein høg grad allereie vere akseptert. Dersom dette er rett, tyder det at folk flest vil gå med på at det å vente på helsetenester er å stå i ein kø. Likevel trur eg at folk flest ikkje så lett går med på heile pakka. Det er nemleg ein rekkje sider ved det å stå i kø som ikkje alle vil vere samde i kan bli overført til det å vente på helsetenester. I denne samanhengjen er særskilt køsniking viktig. Kan ein eigentleg snike i helsekøen? Det blir framstilt slik i filmen: Me ser ein mann som har råd til å betale for å sleppe å vente, og me ser – i sakte film – korleis han gjeng forbi den lange lina med ventande pasientar, som ser på han med dels lengtande, dels sinte blikk. Samstundes snakkar voiceoveren om korleis Arbeiderpartiet sin politikk skapar eit klasseskilje mellom dei som kan betale seg ut av helsekøen, og dei som ikkje kan. Eg meiner det er ganske klart at både voiceover og bilete formidlar ei moralsk forarging over både dei som snik i helsekøen, og ikkje minst dei som har lagt til rette for det – den raudgrøne regjeringa. Denne moralske forarginga kjem til dels frå metaforen – det er barnelærdom at me ikkje skal snike i køen.
Tilsløring?
Men det går an å utfordre dette perspektivet, fyrst og fremst ved å peike på ein viktig skilnad: Ventetida for dei som ikkje kan betale seg ut av helsekøen blir ikkje lengre fordi ein riking kjøper privat behandling – kanskje den faktisk blir kortare sidan han ikkje tek opp plass i det offentlege helsevesenet. Dette blir tilslørt av å presentere ein helsekø som ein fysisk kø, og eg vil hevde at denne tilsløringa blir vanskelegare å leggje merke til når metaforen er visuell: Nærvær og realisme let oss erfare metaforen som reell, den blir eit liksom-prov, slik at me også lettare aksepterar nye metaforiske koplingar som me kanskje hadde vore skeptiske til dersom me hadde fått dei presenterte i eit verbalt resonnement.
Visuell argumentasjon har meir enn berre ei teoretisk interesse: Partia brukar stadig meir ressursar på politisk reklame, og filmane blir meir profesjonelle og smarte. Å forstå korleis lyd, bilete og språk verkar saman, og kva deira særskilte kvalitetar er, blir viktigare og viktigare for å forstå korleis ein stor del av politisk kommunikasjon verkar retorisk, både så me kan bli meir kompetente kritikarar av det me ser, og så me kan utnytte visuelle medium for det dei er verdt for å skape ein betre offentleg samtale der me tek meir enn berre det skrevne og talte ordet på alvor som viktig, rasjonelt og nyttig.