Mellom demokrati og ytringsfridom: James Buchanan og det radikale høgre i USA

Alt-right-rørsla er på offensiven i USA. Ei omdiskutert ny bok fortel historia om det amerikanske radikale høgre.

Det alter­na­tive høgre. Alt-right. Eit omgrep som på kort tid har glidd inn i dagleg­tal­en, sær­leg sidan det amerikanske pres­i­dent­valet i novem­ber 2016 og ter­roren under Unite the Right-demon­strasjo­nen i Char­lottesville, Vir­ginia i august i år.

Mel­lom 24. og 27. sep­tem­ber skulle foreninga The Berke­ley Patri­ot ha arrangert ei såkalla Free Speech Week (FSW) på byens uni­ver­sitet, eit særs kon­tro­ver­sielt ini­tia­tiv i etter­døn­ningane av Char­lottesville og det valdelege samanstøytet mel­lom Trump-tilheng­jarar og Antifa i Berke­ley i slut­ten av august. Den siste månaden har uni­ver­sitetsmiljøet føre­budd seg på alt det denne veka ville innebere: avlyst under­vis­ning, pub­lis­er­ing av ei lang liste med gjen­stander som ville vore for­budt å ta med på cam­pus, og ein over­hen­gande fare for utøv­ing av vald.

Det er nærlig­g­jande å sjå dette arrange­mentet som eit reint pr-fram­støyt frå den pro­fil­erte alt-høgre-pro­vokatøren Milo Yiannopou­los – ein av dei inviterte taler­ane – noko ein kom­men­tar i avisa San Fran­cis­co Chron­i­cle og har gjort (Yiannopou­los vart opphave­leg invitert i feb­ru­ar men føre­draget vart då avlyst). Saman med han skulle og Don­ald Trump sin tidle­gare rådg­je­var Steve Ban­non vore, samt kom­men­ta­toren Ann Coul­ter. Veka var delt inn i tem­a­tiske bolkar som “Fem­i­nism Aware­ness Day,” “Islam­ic Peace and Tol­er­ance Day,” og “Mario Savio is Dead.”

Om artikkelfor­fat­teren
Asb­jørn Grøn­stad er pro­fes­sor ved Insti­tutt for infor­masjons- og medieviten­skap, UiB. Grøn­stad er for tiden gjestepro­fes­sor og Ful­bright Fel­low ved Depart­ment of Film and Media, UC Berkeley.

Min­dre enn eit døgn før det heile skulle føregå vart arrange­mentet avlyst. Hov­ud­per­so­n­en Yiannopou­los duk­ka rett nok opp på cam­pus søndag 24. sep­tem­ber og snakka foran rundt 50 tilhøyrarar, noko som må kunne seiast å vere noko av eit antik­li­maks. Det høyr­er med til his­to­ria at The Berke­ley Patri­ot har kla­ga uni­ver­sitetet inn til justis­de­parte­mentet for brudd på ytringsfridomen.

Den sym­bol­ske effek­ten av at ytre høgre isce­ne­set ei ytrings­fridomsveke akku­rat ved Berke­ley-uni­ver­sitetet er vidare åpen­bar nok. Det var her, som første stad i USA, at stu­den­tane vin­teren 1964–65 tilk­jem­pa seg ret­ten til å dri­ve poli­tisk kom­mu­nikasjon og aktivisme på cam­pus. Sjølv om stu­den­trørsla den gongen sloss for ein generell poli­tisk ytrings­fridom, var ho og tyde­leg situert på ven­stresi­da, med røter i borgarrettigheitsrørsla.

Det har vorte sagt og skrive myk­je om det alter­na­tive høgre den siste tida, om main­stream­ing av syn­spunkt som for kort tid sidan vart rek­na som ytter­leg­gåande, om Bre­it­bart News, white suprema­cy, anti-fem­i­nisme, rasemes­sig pro­fi­ler­ing og så vidare. Men kvar kjem eigent­leg alt dette frå? Kva er dei ide­ol­o­giske røtene til alt-right-rørsla?

Det radikale høgre mobilis­er­ar: Her eit fakkel­tog i Char­lottesville 11. august 2017.

Mot­sett av det ein skulle tru, så var ikkje valet av Trump til pres­i­dent på nokon måte den gal­vaniserande hendin­ga for det alter­na­tive høgre i USA. Snarare var dette eit forstyrrande ele­ment i ein langsik­tig og diskré plan for å set­je attende det amerikanske demokrati­et. Dette skriv Nan­cy MacLean, his­to­riepro­fes­sor ved Duke Uni­ver­si­ty, i det som må vere ei av årets mest sen­trale men og polariserande akademiske pub­likasjonar, den allereie sterkt omdiskuterte Democ­ra­cy in Chains: the Deep His­to­ry of the Rad­i­cal Right’s Stealth Plan for Amer­i­ca (Pen­guin, 2017). Boka er ført i pen­nen av ein spe­sial­ist på sosiale rørsler i USA men er kan­skje mest ei idéhis­torisk fram­still­ing av det lib­er­tar­i­an­is­tiske tankegod­set slik det vert defin­ert av økonomipro­fes­soren og nobel­prisvinnaren (frå 1986) James McGill Buchanan (1919–2013).

Nan­cy MacLean sin bok har skapt ny debatt om alt-right-rørsla.

James Buchanan: Ideologen

Soga om Buchanan tar til midt på 1950-talet, då han fekk støtte av rek­tor Col­gate White­head Dar­d­en Jr. til å etablere eit nytt forsk­ingssen­ter for poli­tisk økono­mi og sosial­filosofi ved Uni­ver­si­ty of Vir­ginia, eit sen­ter som i til­legg fungerte som ein ten­ke­tank for lib­er­tar­i­an­is­men. MacLean argu­menter­er godt for at det går ei direk­te ide­ol­o­gisk line frå Buchanan til vår tids alter­na­tive høgre.

Den his­toriske kon­tek­sten for Buchanan sin visjon var Brown v. Board of Edu­ca­tion, høg­sterettsavg­jer­da som i 1954 gjorde slutt på seg­regering i den offentlege skulen. Denne skapte så myk­je harme mel­lom kon­ser­v­a­tive poli­tikarar i Vir­ginia at dei rett og slett tru­ga med å stenge sku­lar som innret­ta seg. For kon­ser­v­a­tive intellek­tuelle som Buchanan, som kom frå Ten­nessee, hand­la ikkje stri­den om den gjen­nom­gri­pande rasis­men bak seg­regeringa som kul­turell prak­sis men der­i­mot om det dei opp­fat­ta som ei uak­sept­abel svekking av del­statens ret­tigheit­er. At lib­erale frå nord­statane skulle dik­tere poli­tikken i Vir­ginia og andre sørstatar var noko Buchanan tok personleg.

I til­legg var han provosert over dei auka statlege omkost­ningane som deseg­regerte sku­lar ville innebere; slik han såg det, måtte dei vel­ståande i sør, i form av sti­gande skat­tar, betale rekninga for ei poli­tisk endring dei var imot i utgangspunk­tet. Forsk­ingssen­teret til Buchanan hadde som ambisjon å utvinne idéar og teori som kunne slå kraft­fullt tilbake mot ein stadig meir under­trykk­jande liberalisme.

Buchanan sitt sen­ter opp­nådde ikkje så myk­je i det korte løp. Dei neste åra av amerikan­sk his­to­rie styr­ka motkreftene seg betrak­te­leg, i form av mel­lom anna den stadig meir vitale bor­gar­ret­tigheit­srørsla, Bar­ry Gold­wa­ter sitt solide valned­er­lag i 1964, gen­erasjon­skam­p­en på 1960-talet, stu­den­top­prøret, fem­i­nistrørsla, mobilis­eringa mot Viet­namkri­gen, og miljøvernrørsla.

Ikkje nok med det, heller ikkje repub­likan­sk poli­tikk var i nær­leiken av å imøtekomme Buchanan sine ide­al. Under Nixon este stat­sap­pa­ratet ut og the Envi­ron­men­tal Pro­tec­tion Agency vart etablert. I Rea­gan sin reg­jer­ingspe­ri­ode vaks stat­sun­der­skotet. Og sjølv den omstrid­de pro-seg­regerings­gu­vernøren George Wal­lace støt­ta offent­leg penge­bruk så lenge den kom dei kvite til gode.

Foto: Atlas Net­work Offi­cialcba

James M. Buchanan, økonom og ide­olog for det radikale høgre.

Men, og dette er ein av MacLean sine hov­ud­hy­pote­sar, i eit lengre per­spek­tiv fram­står Buchanan som den kan­skje mest sen­trale ide­l­o­giske kjel­da til forsøket frå det radikale høgre på å under­grave det amerikanske demokrati­et. The Cen­ter for the Study of Pub­lic Choice, som vart grunnlagt i 1956, vart etterk­vart ein leverandør av idéar og arbei­d­skraft til ulike insti­tusjonar finan­siert av den inn­fly­telses­rike finans­man­nen og mil­liardæren Charles Koch (som også, kom det fram av kon­fi­den­sielle brev frå slut­ten av 1990-talet, sprøy­ta inn mid­lar i Buchanan sitt sen­ter): the Cato Insti­tute, the Her­itage Foun­da­tion, Amer­i­cans for Pros­per­i­ty, the State Pol­i­cy Net­work, the Tax Foun­da­tion, the Com­pet­i­tive Enter­prise Insti­tute, og fleire andre. Dette er organ­isas­jonar som arbei­der med å påverke juridiske opp­fat­ningar og prak­sis i alt frå helse­poli­tikk til våpenkon­troll (noverande visepres­i­dent Mike Pence har fart­stid i fleire av desse).

Framveksten av det radikale høgre

I løpet av dei siste 6–7 åra har “fruk­tene” av denne lang­varige og stille mobilis­eringa tatt til å man­i­festere seg på fleire vis.

Eit av dei første teik­na var det som skjed­de i Wis­con­sin og i New Jer­sey i 2011. I Wis­con­sin lukkast guvernør Scott Walk­er med å stramme inn forhan­dlingsret­tar for offent­leg tilsette, og i New Jer­sey gjekk guvernør Chris Christie til åtak på lær­erane. I statar som Iowa, North Car­oli­na, Louisiana og Mis­sis­sip­pi forsøk­te GOP-poli­tikarar (repub­likaner­ar) å kon­trollere uni­ver­site­ta (mel­lom anna yns­ka ein enkelte stad­er å fjerne tenure-ord­ninga), og rek­torar som nek­ta å samar­bei­de vart fjer­na. Kut­ta i offent­leg utdan­ning vart meir aggres­sive enn før, sam­stun­des som ein pres­sa gjen­nom skat­te­fritak for privatskular.

Lov­forslag med det føremålet å gjere det vanskel­e­gare å stemme vart hyp­pige (til dømes gjen­nom å redusere antalet lokaler for føre­handsstem­ming i demokratiske bydel­er og strøk med sterk afro-amerikan­sk og/eller lati­no-dom­i­nans), og i peri­o­den 2011–2012 vart over 180 lover ret­ta inn mot låglønte og minorite­tar intro­duserte. Seinare kom kam­pan­jen mot Oba­ma sin Afford­able Care Act.

Ein del av denne aktiviteten spring ut av arbei­det til ei tankesmie med band til Koch. The Amer­i­can Leg­isla­tive Exchange Coun­cil pro­duser­er kvart år hun­drevis av lovutkast for repub­likan­er­ane, med eit gjen­nom­slag på 20 pros­ent. Det hand­lar mel­lom anna om ting som avskaffing av kli­matil­tak, pri­va­tis­er­ing av offentlege insti­tusjonar, endring av skat­tereglar, ned­kjemp­ing av fag­foreningar, og utvi­da full­mak­ter for poli­ti­et mot ulovlege immi­grantar. I boka si spekulerer MacLean fak­tisk på om dette rep­re­sen­ter­er ein koordinert kam­pan­je med det med­vitne for­mål å øyde­leg­gje USA sine poli­tiske institusjonar.

Skat­te­leg­ging av dei rike er feil for­di det er umoral­sk å stjele fruk­tene frå andre sitt arbeide

Eit vik­tig poeng for MacLean er at dei som no har tatt styringa over GOP ikkje berre er almin­nelege neolib­erale mark­nad­skap­i­tal­is­tar, og at dei filosofiske leiest­jernene ikkje er “the usu­al sus­pects” som Ayn Rand, Mil­ton Fried­man, Adam Smith eller Friedrich A. Hayek. Det nye amerikanske radikale høgre vil tru­leg attende til oli­garki­et, til styre­formene i statar som Vir­ginia før 1954.

Ide­olo­gen til dette pros­jek­tet, foru­tan Buchanan sjølv, er John C. Cal­houn frå South Car­oli­na (på hans tid den rikaste stat­en i lan­det), man­nen Richard Hof­s­tadter ein gong kalla “the Marx of the mas­ter class1Richard Hof­s­tadter, The Amer­i­can Polit­i­cal Tra­di­tion and the Men Who Made It, New York: Ran­dom House, 1948..” Cal­houn, som var vise-pres­i­dent både under John Quin­cy Adams og Andrew Jack­son og seinare sen­a­tor, var ein Yale-utdan­na, mono­man og svært mis­likt strateg som spe­sialis­erte seg på skat­teop­prør. Til liks med Buchanan var han opp­tatt av å ivare­ta den økonomiske minoriteten sine ret­tar, og som Buchanan meinte han at demokrati­et som styre­form var ueigna til å forsvare fridom i ein snev­er finan­siell for­stand. I Cal­houn sin reduk­sjon­is­tiske filosofi står klassekon­flik­ten mel­lom skat­tepro­dusen­tar og skat­tekon­sumen­tar sentralt.

Over eit hun­dreår seinare over­tar og vidareutviklar Buchanan desse per­spek­ti­va, både i si akademiske og aktivis­tiske verk­semd. Sær­leg opp­tatt var han av den uinnskren­ka mak­ta den føderale reg­jeringa har til å få dei vel­ståande til å betale for ten­ester dei sjølve er imot, som til dømes betre sku­lar, nyare lære­bøk­er, og fleire emne for afro-amerikanske elevar.

Steve Ban­non, Trumps tidle­gare sjef- og valkamp­strateg, er ein av leiarskikkel­sane i alt-right-rørsla.

Slik Buchanan, og Cal­houn før han, forstod det, hand­la kam­p­en for eit fritt sam­funn om fridomen til å kunne bli rik utan offent­leg innbland­ing. Skat­te­leg­ging av dei rike er feil for­di det er umoral­sk å stjele fruk­tene frå andre sitt arbei­de. Å verne om rik­dom var difor, slik Buchanan såg det, å verne om indi­videt. Men eit inter­es­sant trekk ved dette idéu­ni­ver­set er at fien­den som vert utpei­ka ikkje er poli­tikarar eller advokatar men kollek­tivet; det vil seie sjølve førestill­inga om at poli­tiske mål berre kan opp­nås om fleire bor­garar går saman og organ­is­er­er seg. Ikkje over­raskande var såleis arbei­der­rørsla og bor­gar­ret­tigheit­srørsla mel­lom hov­ud­mot­stan­darane for Buchanan.

I den typen diskré aktivisme som Buchanan rep­re­sen­ter­er er det ikkje lenger vik­tig kven som lagar spel­ereglane. Poenget er at reglane kan endrast, og målet er å etablere juridiske bindin­gar av per­ma­nent art for statsapparatet.

Tid­leg på 1970-talet fan­ga Buchanan sitt arbei­de inter­es­sa til før nem­nde Koch, som ba om hjelp til sitt Cato Insti­tute og til pla­nen om å red­de kap­i­tal­is­men frå det grådi­ge demokrati­et. Koch finan­sierte også The Lib­er­tar­i­an Par­ty, som gjekk til val mot Rea­gan i 1980 med broren David som kan­di­dat. MacLean legg vekt på at hem­meleghald må ha vore eit modus operan­di for folk som Buchanan og Koch, for­di dei var inn­forstått med at dei støt­ta inter­essene til eit lite min­dretal av befolkinga – den såkalla eine pros­en­ten – og såleis ikkje kunne vinne gjen­nom argu­menter åleine.

Det gam­le repub­likanske par­ti­et er his­to­rie, og det nye alter­na­tive høgre er atskil­leg råare på alle punkter

Det sen­trale, skjulte trekket Koch sitt lag føre­tok var å ta over det repub­likanske par­ti­et, ein pros­ess som skaut fart frå slut­ten av 1990-talet og framover. Dei poli­tiske idéane til dette laget er radikale snarare enn kon­ser­v­a­tive. For­di lib­er­tar­i­an­er­ane var såpass få, trengte dei ein base av kon­ser­v­a­tive som kunne rekrut­terast gjen­nom felles sak­er; mel­lom anna forsøk­te ein å dra med det religiøse seg­mentet, trass i at Buchanan som mange lib­er­tar­i­aner­ar var ateist. Lojaliteten til dette nye høgre går ikkje til GOP, og fleire tradis­jonelle repub­likaner­ar har mista setet sitt grun­na uly­dighet mot det nye regimet.

Det kan godt vere, skriv MacLean, at ein er så vant til å betrak­te det amerikanske poli­tiske land­skapet langs demokrat-repub­lika­nar-aksa at det har gjort oss blinde for det som eigent­leg er på ferde. Det gam­le repub­likanske par­ti­et er his­to­rie, og det nye alter­na­tive høgre er atskil­leg råare på alle punkter.

Ei anti-demokratisk rørsle

For MacLean rep­re­sen­ter­er denne over­takinga av GOP ikkje noko min­dre enn eit femtekolon­neå­tak på det amerikanske demokrati­et. Trek­ka er fleire: man­ge­len på trans­parens, strate­gien som går ut på å gjere det nor­male poli­tiske sys­temet dys­funksjonelt, og vis­shei­ta om at sak­ene aldri vil vinne støtte hjå majoriteten. Ei slik rørsle lik­nar ikkje på ei klas­sisk sosial rørsle men rep­re­sen­ter­er noko ill­e­vars­lande og usunt.

Men nett då denne rørsla hadde som mest momen­tum skjed­de det noko Koch og hans allierte ikkje hadde rek­na med – Trump vart USA sin 45. pres­i­dent. Ikkje berre er han ingen lib­er­tar­i­an­er, men hans økonomiske visjon står langt unna det ein kan kalle Buchanan-skulen. Trump vil verne den nasjonale indus­trien, han er imot kutt i social secu­ri­ty, han vil bygge ut veg­nettet og attpåtil lage ein enorm mur. Som repub­likan­sk pres­i­dent ham­nar Trump mel­lom to fun­da­men­talt ulike tilnær­min­gar til økonomisk poli­tikk, John May­nard Keynes sin utjamn­ingsmod­ell og Calhoun/Buchanan sin ekstreme libertarianisme.

Cal­houn og Buchanan tar i og for seg ikkje feil når dei påstår at det finst ein kon­flikt mel­lom visjo­nen om økonomisk fridom og demokrati­et. Majorite­tar vil nød­vendigvis bruke den poli­tiske pros­essen til å betre sine vilkår. Mange fram­steg opp gjen­nom his­to­ria har krevd skat­te­leg­ging: offent­leg utdan­ning; byg­ging av veg­ar, bruer og tunel­lar; utvikling av indus­tri; fore­byg­ging av fat­tig­dom; og diverse miljøtil­tak, for å nemne noko. Prob­lemet er at Buchanan sitt syn er grunn­leg­g­jande anti­demokratisk og at det er i ferd med å sementere seg hjå det alter­na­tive høgre i USA. Iro­nisk nok vert pop­ulis­tiske kjerne­fenomen som xeno­fo­bi, anti-fem­i­nisme og kunnskaps­forakt nyt­ta som inn­mat i denne anti­demokratiske pølsa.

Når folk som Yiannopou­los og Ann Coul­ter vit­jar ein allereie uro­leg cam­pus som Berke­ley, fun­ger­er dei ikkje berre som ein katalysator for poten­sielt valdelege kon­frontasjonar, men og som nyt­tige idio­tar for eit demokrat­i­fiendt­leg pro­gram dei neppe anar kon­sekven­sane av.

Foto: Wiki­me­dia Com­monscb

Mario Savio under en demon­strasjon for ytrings­fri­het uten­for Sproul Hall, Berke­ley i 1966.

Berkeley og ytringsfridomsrørsla

Under dei første store demon­strasjo­nane ved Sproul Hall på Berke­ley-uni­ver­sitetet i desem­ber 1964 vart nesten 800 av dei 4000 deltakande stu­den­tane arrestert, inklud­ert Mario Savio, leiaren for Free Speech-rørsla. Det var hans forsøk på å støtte Stu­dent Non­vi­o­lent Coor­di­nat­ing Com­mit­tee (SNCC), ein av nøkkelor­gan­isas­jo­nane til bor­gar­ret­tigheit­srørsla, på cam­pus som på sett og vis rep­re­sen­terte starten på ytrings­fridom­srørsla. Massear­restasjo­nane avfødte endå større demon­strasjonar, noko som på nyåret 1965 førte til at fleire av stu­den­tane sine krav vart inn­frid­de. Uni­ver­sitet­skansler Edward Strong trakk seg i mars same år som føl­gje av all uroa.

Når dagens kansler Car­ol Christ nyleg opp­mo­da uni­ver­sitetssam­fun­net om å akseptere dei inviterte pro­vokatørene, hand­lar det mel­lom anna om å respek­tere arven frå Savio si tid. Men den gong var spørsmålet om ytrings­fridom uløy­se­leg knyt­ta til bor­gar­ret­tigheit­srørsla og arbei­det for større diver­sitet i eit då myk­je meir homogent uni­ver­sitetsmiljø. Ver­diane til Yiannopou­los og sen­trale aktør­er innan det alter­na­tive høgre er eit trugsmål mot det mang­faldet som eit sunt demokrati må bestå av og som gir mein­ing til sjølve omgrepet ytringsfridom.

***

MacLean, alt-right og kritikken: Debatten om boka

Boka til MacLean har i løpet av som­maren gener­ert ein større diskusjon i avis­er og sosiale medi­er i USA, og for­fattaren har kan­skje ikkje uven­ta blitt sterkt kri­tis­ert av høgresi­da. I ein artikkel for The Chron­i­cle of High­er Edu­ca­tion imøtegår ho ein del av kritikken.

Slik eg opp­fat­tar denne kri­tikken, går innvendin­gane sær­leg på to ting: at MacLean over­driv rol­la til Buchanan som sjef­side­olog for den mod­erne lib­er­tar­i­an­is­men i USA, og at åtaket på det poli­tiske sys­temet ikkje er det ho kallar ein “stealth plan” men noko som pågår meir openlyst. Ein treng ikkje vere del av det alter­na­tive høgre for å sjå, der­som ein les boka, at MacLean flør­tar med kon­spir­asjon­steo­ri­ar. Men det er sam­stun­des tyde­leg nok at denne ten­densen er eit utslag av det lit­terære grepet for­fattaren nyt­tar i fram­still­inga, som på svært vel­luk­ka vis gir eit i utgangspunk­tet tørt idéhis­torisk stoff ein sterk nar­ra­tiv puls. Om ho strekk tolkinga av Buchanan vél langt, så er boka også basert på eit svært grundig og omfat­tande arki­var­bei­de som gir belegg (om ikkje fasit) for lesin­ga av Buchanan.

Mi eiga vur­der­ing er at for­fattaren i alle fall ikkje er heilt på jordet når det gjeld pås­tanden om lib­er­tar­i­an­is­men har hatt ein “stealth plan.” Dei mange eufemis­mane Buchanan nyt­ta ved forsk­ingssen­teret sitt peikar til dømes i den ret­ning, og det same gjer reak­sjo­nane til ein del av dei kon­ser­v­a­tive repub­likan­er­ane som dei siste åra har blitt skyve ut. Argu­mentet til MacLean har­moner­er og med den nok­så van­lege opp­fat­ninga, kan­skje sær­leg frå europeisk side, at så mange amerikanske vel­jarar stem­mer imot sine eige inter­ess­er. Til slutt, sjølv om MacLean kan ha bom­ma på enkelte punk­ter, så endrar ikkje det på det overord­na per­spek­tivet i boka.

TEMA

L

ibertar
ianisme

1 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

1 KOMMENTAR

  1. Marit Killi says:

    Glim­rende gjen­nom­gang av Mac leans bok som jeg ennå ikke har lest. Har imi­dler­tid lyt­tet til fore­drag hun har hatt om boka. Og hun nevn­er her nettver­ket av høyr­eradikale ten­ke­tanker inter­nasjon­alt, og som er langt fra opprik­tige om sin agen­da. I Norge har vi vår egen vari­ant Civi­ta som er del av dette nettver­ket. Atlas Net­work som finan­sieres av bla a Koch brø­drene. I dette nettverk­er fins uhum­skheter som Heart­land Foun­da­tio­nen som finan­sier­er alter­na­tiv kli­maforskn­ing kun for å så tvil om viten­skaplig forskn­ing og anbe­falinger om kutt i utslipp.

til toppen